3. desember 2024
Jublar for ny turnhall. frå venstre: Elisabeth Kvalsund Kopperstad, Helene Hasund, Frøya Worren, Helene Kvalsund, Borghild Oline Holstad og Linn Urke Bilde tatt av Sunnmørsposten ved Jarle Mordal.

Ny turnhall!!

Hareid Idrettslag hadde i går, onsdag, eit ekstraordinært årsmøte der dei vedtok å bygge ny turnhall med ei kostnadsramme på kr. 20,6 millionær kroner.

Dette er ein gledens dag for heile idrettslaget, for denne turnhallen vil kome alle til gode. Som Linn Urke sa under årsmøte i går: «dette er ein basishall, ikkje ein turnhall». Turnen vil veldig gjerne få eit samarbeid med alle gruppene i idrettslaget slik at alle får bruke turnhallen 🙂

Harald Møller orienterte forsamlinga om prosjektet og alt arbeid dei har gjort til no og arbeid dei kjem til å gjer framover.

  • – Det blir byggestart i mars 2022 og vi håpar at hallen skal stå ferdig til opning på idrettslagets 100-årsdag; 28 desember neste år. Sjølve turnhallen blir på 750 m², en sokalla mellomstor basishall. Etter at Hadarhallen er kome opp, samt kunstgrasbane og friidrettsanlegget er oppgradert, var det no turngruppas tur til å få realisert sin hall, sa Møller før han orienterte om kva hallen består av.