Sjølv om vi er utanfor sesong skjer det mykje i fotballgruppa for tida. Her er noko av det som kan vere interessant for fleire å vite:
- Måndag klokka 20.00 blir det møte om damelaget på møterommet på klubbhuset. Alle som anten er interesserte i å ha ei større eller mindre rolle rundt laget – eller som berre har råd om kva som er lurt å gjere framover – er hjarteleg velkomne!
- Kven som skal trene J15 neste år er klart. Ottar Eiksund Røyset blir hovudtrenar, medan Geir Børre Røyset, Ole Kristian Øvrelid og Per Håkon Kleppe blir hjeleptrenar. Siw-Monica Brandal blir lagleiar, sannsynlegvis saman med ein person til. Planen er å stille både 11-ar- og sjuarlag.
- Det er elles klart at Johs Riise blir hjelpetrenar på juniorlaget neste år, medan Peter Liavåg tek ein sesong til som lagleiar. Dette er to rutinerte karar som vil styrke apparatet rundt hovudtrenar Anders H. Pilskog. Juniorlaget er meldt på kvalifiseringa til 1. divisjon i vinter.
- Både G16 og juniorlaget hadde møte denne veka. Medan juniorlaget akkurat har starta si oppkøyring, så startar G16 på nyåret. G16 har på plass ein hjelpetrenar og tre lagleiarar. Det blir jobba med å få både ein hovudtrenar og ein ekstra hjelpetrenar på plass til oppkøyringa startar.
- Styret har konstituert den sportslege leiinga for sesongen 2022. Og her er det ikkje snakk om éin sportsleg leiar, men fem! Her er ansvarsfordelinga:
Sportsleg leiar barnefotball: Kim-Tore Husøy. Nestleiar: Anders Eidsvik - Sportsleg leiar ungdomsfotball: Einar Orten Trovåg Nestleiar: Håvard Knudsen Bjåstad
- Sportsleg leiar seniorfotball menn: Emil Johannes Dahlen Folkestad
- Sportsleg leiar seniorfotball kvinner: Cecilie Skeide (Her kan nestleiarar supplerast etter avtale)
- Sportsleg leiar keeparar: Silja Øvrelid Nestleiar: Håvard Knudsen Bjåstad
- I tillegg har dagleg leiar ein del sportslege oppgåver.
God helg og girri, girri!