Tussa og Hareid IL har forlenga samarbeidet og signert sponsoravtale for tre nye år. Tussa har i ei årrekkje støtta idrettslaget på Hareid, som har 766 aktive medlemmar fordelt på fotball, handball, friidrett og turn.
- Vi har eit godt samarbeid med Hareid IL og er glade for å kunne støtte opp under aktiviteten til eit av dei største idrettslaga på søre Sunnmøre. Hareid IL sin visjon om å vere stolt av Hareid, å vere inkluderande og skape eit trygt og godt fellesskap og oppvekstmiljø, går godt saman med Tussa sin visjon og mål. Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet og trivsel i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.
Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid Idrettslag, er svært nøgd med å forlenge avtalen med Tussa. - Vi er svært godt nøgd med at Tussa vil være med på laget i tre nye år. Støtta vi får frå dei er heilt avgjerande for at vi kan gi barn og unge eit godt idrettstilbod her på Hareid.
Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for barn- og ungdomsaktivitet på søre Sunnmøre, både innanfor kultur, musikk og idrett. Dei siste åra har over 100 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre.