22. desember 2024

Adelskalenderen oppdatert: To mann inne på topp 35

Då er adelskalenderen til a-lag menn oppdatert igjen, slik den har blitt gjort etter kvar sesong sidan oppstarten i 1946 (!).

Vagn Scheide Mork tronar framleis på topp, sjølv om ikkje fekk nokon kampar i år heller (det var nære på i august…).

Ingen som fekk kampar i år er inne på topp 30, men Ruben Kenneth Brandal og Nauris Driksna har flytta seg oppover til høvesvis 32. og 34. plass. Som vi ser under har begge gode sjansar til å runde 200 kampar neste år.

Ørjan Engen Grimstad og Gustav Bjørlykke Kløvning har tredje og fjerde flest kampar av dei som var på bana i år.

Femte flest har Martin Nikolai Longva, som no står med 101 kampar. Han kan dermed vente seg ein fin pokal på årsfesten seinare i november (om vi klarer å memorere kvar på klubbhuset vi har gøymt vekk desse pokalane – det er ikkje kvart år dei er framme).

Vi ser også at Ole André Kragset og Kim Alvestad har gode sjansar til å runde 100 kampar neste sesong.

Adelskalenderen er forresten også relevant med omsyn til Grendacupen.

For spelarar som ikkje har budd tre år i kommunen kan ein nemleg bli rekna som hareidsdøling dersom ein anten står registrert i Hareid IL i dag (og har spelt kampar i år) eller har bikka 50 kampar (for anten a-lag, b-lag, c-lag eller til saman).

Men dette må vi nesten kome tilbake til seinare i veka.

Grendacup-komiteen samlast for første gong denne hausten no på torsdag. Og dei har myndigheit til å fastsetje årets reglement før det blir opna for påmelding seinare i november.

Vi takkar forresten Ola Kalvø Vattøy for også i år å ha oppdatert adelskalenderen.

Det blir forresten også jobba med å oppdatere Hareid 2 sin 11-ar-adelskalender. Vi satsar på å kome tilbake til den seinare.