16. september 2024

Nordvest Maraton har auka populariteten igjen – her kjem deltakarliste og resultat

(Deltakarane blir lagt inn i RaceTracker seint fredag kveld her.

På den same sida kan du følgje resultata laurdag.)

Torsdag kveld klokka 21.00 stengde førehandspåmeldinga til Nordvest Maraton 2024.

Då var talet på påmelde 75.

Om dette blir det endelege talet til slutt er det ein auke på heile 16 frå i fjor, og det kan bli eit av dei 10 best besøkte løpa i arrangementet si 34 år lange historie (meir om det lenger nede).

Sidan talet på maratonarrangement i Møre og Romsdal har eksplodert dei siste åra, så seier arrangørane seg truleg godt nøgde med det.

I år er det til dømes (så vidt vi veit minst) fem løp i Romsdal som har halvmaraton på programmet, noko som truleg er grunnen til at det nesten ikkje er påmelde deltakarar frå Romsdal og Nordmøre i år (berre éi førehandspåmelding derifrå).

Det er i det heile sterk sunnmørsdomimans blant dei påmelde, med nokre slengarar frå Nordfjord og Austlandet.

Om det har å gjere med at Nordvest Maraton i år er KM på heilmaraton eller ei vitast ikkje, men det er i alle fall ein merkbar auke i talet på deltakarar på heil distanse i år. I år er talet 15 – så langt.

Ikkje sidan 2014 har talet på deltakarar her vore over 14.

Dei aller, aller fleste som melder seg på registrerer seg med klubb eller adresse. Vi har derfor ein påliteleg statistikk over kvar deltakarane kjem frå.

Vi merkar oss at Hareid IL har med to deltakarar på heil distanse, begge på KM-delen: Emil Olai Hasund (junior 18-19 år) og Stian Skretting (menn 45-49 år).

Dessverre er Hareid IL sin store løpsprofil Henrik Hareide Holstad ute med skade i år.

Men totalt sett er Hareid kommune godt representerte i år, samanlikna med den skuffande deltakinga i fjor.

Inkludert Hareid IL, berre Hareid eller Hjørungavåg IL er talet på Hareid-deltakarar per no 13.

Tidlegare i veka skreiv vi at det var fleire påmelde deltakarar frå utlandet enn Ulstein (fire mot to). Men ein deltakar frå Tyskland har trekt seg, så det blir tre deltakarar frå utlandet (pluss eventuelle etterpåmeldingar) og per no åtte frå Ulstein.

Etter Hareid og Ulstein legg vi merke til at Velledalen IL og ulike variantar av Ørsta IL og Ørsta-baserte Tartanmandag er godt representerte.

Ein av dei aller siste som melde seg på var forresten Sjur Haug frå Ørsta IL/Tartanmandag, som vann halvmaraton her både i 2020 og 2021. Han har også den nest beste tida på halvmaraton under Nordvest Maraton nokon gong.

Av tidlegare vinnarar ser vi også at blant andre Karl Idar Vik frå Syvde IL (vann heilmaraton i 2021) og Jodi Brautaset frå Ørsta (fleire gonger vinnar på halvmaraton er påmelde i år).

Totalt såg det slik ut då fristen for førehandspåmelding gjekk ut:

Halvmaraton: 55 (i fjor 44)

Heilmaraton: 15 (i fjor 10)

Mosjon utan tid: 5 (i fjor 5)

Det er alltids nokre få som melder seg på i sekretariatet på løpsdagen. Samtidig er det ikkje uvanleg at nokon får strekk på oppvarminga (er du plaga med dette; ikkje varm opp!) og ikkje kjem seg til startstreken.

Men vi kan minne om at om vi skulle klare 72 deltakarar på heil og halv (som vi har statistikk for tilbake til starten i 1991; mosjon utan tid kom først med i 2020) så vil løpet kome inn på topp 10-lista over dei med flest deltakarar i løpet si no 34 år lange historie.

Då gler vi oss til laurdag. All praktisk informasjon er å finne på denne sida. Og skulle du lure på noko, kontakt oss gjerne på Hareid IL Nordvest Maraton si innboks på Facebook.