21. november 2024
Den «faste» kompisgjengen stiller lag i år også. Frå venstre: Lars Mork, Mikal Haanes, Martin Longva og Kjetil Knotten. Nede til venstre: Fredrik Aursnes, Kristoffer Riise og Aksel Bakken. I tillegg er Ådne Andersen, Andreas Nærø og Sjur Gjerde med i år.

Mann oppvokst i Torkelvegen (25 år) har meldt på lag til Grendacupen!

Det har kome inn fire nye påmeldingar dei siste par dagane og alle er meldt på i herreklassa.

Av dei laga kan vi nemne at den «faste» kompisgjengen som har gått både under namnet «Torkelvegen» og i år «Yx» har meldt seg på Grendacupen 2021.

Dei har i år med seg desse spelarane: Fredrik Aursnes, Ådne Andersen, Martin Longva, Sjur Gjerde, Kristoffer Riise, Mikal Haanes, Kjetil Knotten, Aksel Bakken, Andreas Nærø og Lars Mork.

Elles har «Spiller bare ball som ping pong» med Daniel Jacobs i spissen meldt seg på. Det har også «Ninja» og «Jasanje» gjort.

Sistnemnte med lokalspelarar som brødrene Nikolas og August Brandal i tillegg til nokre gode og unge Høddspelarar i Syver Skeide, Andreas Televik og Andreas Fjørtoft. Den siste på laget er Jenarthanan Jeyathas.

Vi oppfordrar fleire lag å melde seg på. Særleg damelag og ungdomslag, både i jente og guteklassa.

NB! Fristen for å melde på lag går ut førstkomande fredag!!