Handballen kom i gong etter 2. verdskrigen – i 1946 – med damelag. Opptil 50 deltok på treningane den fyrste tida.
I alle dei tre gullalder -åra 1950-51-52 blir Hareid kretsmeistrar i Sunnmøre handballkrets si øvste klasse og tapte ikkje ein einaste kamp. Aktiviteten blir lagt ned i 1953 – og kjem ikkje i gong igjen før i 1971, med eit damelag. Det hanglar nokre år, og så er det slutt igjen.
Den tredje handballepoken med damelag kom i 1984/85, og no blir det for fyrste gong også sett i gong med rekrutteringshandball. Men etter 2-3 år er det dessverre slutt igjen.
Den fjerde handball-epoken blir innleia med utvidinga av idrettshallen ved Hareid ungdomsskule og arbeidet kjem i gang att i 1994. Men denne gongen berre med yngre lag. I denne fjerde bolken har det vore jamn aktivitet – i fyrste rekke med jentelag. Å stille damelag, som i tidlegare tider, lykkast ikkje i denne perioden, etter at bygda fekk full hall.
Den siste tida (frå 2013) har handballen hatt aukande rekruttering, og det er grunn til å tru denne positive trenden held fram. Det er no opp i mot 100 medlem totalt i handballgruppa. Vi har både damelag som stiller i 5. divisjon. I tillegg har vi også 5 aldersbestemte lag.