Hareid IL har mange eldsjeler som legg ned ein enorm innsats, trening for trening, veke etter veke, år etter år.
I desse tunge tider der det er ekstra vanskeleg å halde oppe motivasjonen for mange, ønskjer Hareid IL å setje ekstra pris dei frivillige som held hjula i gang.Vi startar derfor opp prisen «månadens frivillige». Kven fortener denne prisen for april? Send inn forslag på mail (daglegleiar@hareidil.no) eller på melding (47362493)…innan 2. mai.
Det kan både vere ein person som har gjort ein ekstra god innsats i februar, eller ein person som har gjort ein god innsats over lenger tid – også i april. Det kan vere ein trenar, ein lagleiar, ein styremedlem eller kven som helst. Det er same kva idrett personen styrer på med. Personen treng ikkje nødvendigvis å vere knytt til ei spesiell gruppe heller. Ingen forslag er for dårlege. Det viktigaste er at vedkomande brenn for Hareid IL!
Hugs å sende inn forslag innan 2.mai, så annonserer vi vinnaren måndag 3.mai. Vinnaren vil bli hedra med ein fin statuett 😀