21. november 2024

No kan du melde på lag til Grendacupen

Utesesongen er nettopp over. Det betyr at fokuset er retta over mot innandørssesongen. Høgdepunktet her for dei fleste på desse kantar er Grendacupen, dei Hareid-baserte five a side-turneringa som blir arrangert i Hareidhallen 28. og 29. desember.

Grendacup-komiteen hadde møte torsdag kveld, og allereie i dag (fredag) blir det opna for påmelding:

Reglar og påmelding 2023 – Hareid IL

Grendacupen vart arrangert for første gong i 1994. Dei første åra var det ein Hjørungavåg-basert gjeng som leia turneringa. Hareid IL ved Harald Møller tok over turneringa i 2000 og arrangerte den fram til 2008, då ein gjeng med Kristian Angelsen i spissen tok over. Dei leia turneringa fram til 2016.

Så følgde nokre år med forskjellige Grendacup-styre.

Etter to pauseår grunna korona var turneringa tilbake i fjor. Det meinte mange var ein stor suksess, med fleire seniorlag enn siste året før koronaen (dessverre litt få ungdomslag – men det kan vi få gjort noko med i år) og god stemning i hallen.

Som i fjor er det Sindre Breivik som er Grendacup-general. Han har med seg over 20 medhjelparar. Nokre bidreg i førebuingane til cupen. Andre bidreg under sjølve turneringa – det vere seg i sekretariat, speakerbod, inngangsparti, kioskansvarlege og mykje anna. (Og ein del bidreg sjølvsagt både før, under og sikkert etter cupen også.) I tillegg bidreg seniorspelarane i Hareid IL i ulike viktige roller.

I 1994 var det berre éin klasse. I 1995 kom damene med. I 2000 var det også ein eigen ungdomsklasse. I 2012 kom det også med ein eigen klasse for ungdom jenter.

Alle desse klassane blir med i år også (og kanskje blir det showkamp for dei yngre også…?).

Vi ber om at alle les reglane grundig før dei melder på lag.

Det er gjort nokre mindre justeringar både i kor mange spelarar ein kan melde på, pluss spelereglane under sjølve cupen.

Vi kjem sjølvsagt med mykje meir informasjon, det vere seg mimring eller nyheiter om kven som har meldt seg på, fram mot den absolutte påmeldingsfristen 11. desember (aller, aller siste frist!).

Men alle kan no trygt starte å ringe (eller tekste) rundt og samle inn folk til sine lag.

Hugs at det er viktigare å vere med enn kor godt ein gjer det. Og det blir delt ut fleire premiar enn sjølve gullpokalane…

Vel møtt! Girri, girri!