Det er berre fire veker og éin dag til startskotet går, så no begynner det alvorleg å nærme seg seinsommarens store høgdepunkt på søre Sunnmøre.
Derfor passar det fint at påmeldinga til årets løp har starta.
Du finn skjemaet i menyen eller her.
Legg merke til at førehandspåmeldinga blir avslutta klokka 21.00 torsdag 22. august, altså to dagar før løpet.
Ein kan (gebyrfritt) melde seg på også i sekretariatet på løpsdagen, men då må ein ta høgde for at det kan bli litt kø.
Elles oppmodar vi alle om å utforske alt vi har under «Nordvest Maraton» i menyen på denne sida. Der ligg løypeskildring, generell informasjon, statistikk og mykje anna. (Det ligg også informasjon i sjølve påmeldingsskjemaet).
Vi kjem også med jamne mellomrom med oppdateringar på Facebook-sida vår Hareid IL Nordvest Maraton . Det inkluderer både relevant informasjon og meir uformell førehandsinfo.
Skrik også ut i innboksa på Facebook-sida dersom nokon har spørsmål om løpet.
Lykke til og vel møtt når den tid kjem!
NB. Vi har fått spørsmål frå nokre delatakarar om Nordvest Maraton i år kan arrangere KM for heilmaraton, sidan det ikkje var på Vartdal i år (dei hadde halv). Vi har søkt kretsen om dette, og avventar svar derifrå. Vi oppdaterer når vi veit meir.