21. november 2024

I år kan du bli kretsmeister under Nordvest Maraton

Nordvest Maraton blir arrangert på Hareid laurdag 24. august i år for 34. gong.

Det har tidlegare i år blitt arrangert KM på halvmaraton på Vartdal.

Nordvest Maraton fekk spørsmål frå aktuelle deltakarar om å arrangere KM på heilmaraton, noko friidrettskretsen har sagt ja til.

Det blir dermed moglegheit til å bli kretsmeister i heilmaraton på Hareid i år, slik det også var i 2021 og 2022.

Klassane er desse: 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

Dei som deltek i KM må vere medlem i ein klubb som er medlemmar i friidrettskretsen i Møre og Romsdal.

Påmeldingsskjemaet som allereie har lagt ute ei stund er no oppdatert: https://www.hareidil.no/pamelding/ 

Dei som allereie har meldt seg på heilmaraton og som har registrert seg for ein klubb i Møre og Romsdal, treng ikkje om å gjere noko.

Dersom nokon som allereie er påmelde vil endre til klubb i Møre og Romsdal, så ta kontakt med arrangørane.

Fotoet: Nummer 2 og 1 i KM på heilmaraton menn 40-44 år i 2021, Øystein Mårstøl, Ørsta IL og Karl Idar Vik, Syvde IL.