Arbeidsgruppa til Nordvest Maraton hadde møte tysdag kveld, og her kjem litt info som du kan ha bruk for før Nordvest Maraton 24. august.
Det meste av relevant informasjon skal rett nok ligge her på heimesida. Men vi svarer her likevel ut nokre spørsmål som folk brukar å lure på.
Deltakarpremie: Alle som fullfører får medalje med eit fint lokalt motiv.
Det blir elles 1/3 premiering i alle klassar, inntil topp tre per klasse.
Det er eiga premiering for KM på heilmaraton.
Premieutdeling etter løpet: Blir i andre etasje på klubbhuset.
Sekretariat: Opnar klokka 09.30 på løpsdagen. (Også dette i andre etasje på klubbhuset)
Her hentar ein «chip» og startnummer.
Deltakarane bør helst møte seinast 30 minutt før start.
Påmelding: Førehandspåmeldinga per internett blir avslutta torsdag 21.00. Etter dette blir det ikkje mogleg å melde seg på digitalt. Men ein kan kome på løpsdagen og melde seg på i sekretariatet. Men ver då obs på eventuell kø.
Betaling skjer på følgjande måte:
Betaling til bankkonto: 3910 57 13774
Du kan også bruke Vipps: 117085
Pris:
350 kroner for heilmaraton
250 kroner for halvmaraton
250 kroner for mosjon utan tid
(NB. Har du heilårslisens kan du trekke frå 50 kr. Opplys om det når du betalar.)
Garderobar: Opnar også 09.30 på løpsdagen.
Vi har dusj til alle.
Toalett: Både i garderobane og på andre sida av klubbhuset (blir merka).
Kiosk: På klubbhuset i andre etasje.
Starten: Som vanleg startar heil 11.00 og halv 12.45. I klassen mosjon utan tid kan ein starte når ein vil, men det vanlege er å starte samtidig med heil klokka 11.00.
Løypa: Er som vanleg merka. Både med skilt kvar kilometer og med piler i asfalten/grusen på punkt der ein skulle vere i tvil. På heilmaraton spring ein to rundar rundt stadion i starten, tre halvvegs og éin til slutt. Halvmaraton startar med to rundar og blir avslutta med éin på stadion. Speaker vil også minne løparane på dette før start.
Drikkestasjonar: Bigset bedehus, Kvammen og Røyset (ca. 5, 10 og 15 kilometer) + inne på stadion (så undervegs i løpet blir det altså tre drikkestasjonar for halv og sju for heil).
Resultatliste: Tidene vil kome på RaceTracker. Lenke til listene vil kome her på sida og på Facebook når det nærmar seg.
Dekning: Vi kjem til å legge ut ein del bilete på Facebook-profilen vår, i tillegg til å ha ei lita oppsummering her på sida etter løpet. Om nokon ikkje vil bli fotografert, ta kontakt med oss. Vi reknar også med det kjem reportasjar på kondis.no og diverse lokale aviser etter løpet.
Noko meir folk lurer på?
Send oss gjerne ei melding på Facebook-profilen vår.
Hjartelege velkomne til Hareid laurdag 24. august!