16. oktober 2024

Den 34. utgåva av Nordvest Maraton vart ein stor suksess

Det kunne kanskje ha vore litt mindre vind enkelte stader, så forholda var ikkje 100 prosent optimale. Men ut frå den sterke påmeldinga (ikkje minst sterke etterpåmeldinga) og dei tilbakemeldinga vi fekk frå deltakarane ser det ut som årets Nordvest Nordvest vart ein braksuksess.

Som vanleg var det ikkje absolutt alle som påmelde som møtte opp, men av ein eller annan grunn var det mange som etterpåmelde seg i år.

Så vi enda faktisk opp med heile 87 deltakarar (85 som fullførte, 65 av dei på halv).

Ut frå deltakinga på heil og halv, som vi har statistikk for heilt tilbake til starten i 1991, var årets løp faktisk det åttande beste med omsyn til deltaking – av 34 moglege.

Ikkje verst med så mange andre liknande løp som blir arrangert i dag.

På heilmaraton var det 15 startande. Alle kom i mål, noko som faktisk ikkje er heilt vanleg på så lange løp.

Vinnar for menn vart ikkje heilt uventa Hilmar Kråkenes frå Velledalen. Han var også den einaste som sprang under tre timar.

Vi har ein mistanke om at litt mindre vind langs Snipsøyrvatnet kunne gjort tidene jamt over noko betre. Men slikt får ein ikkje gjort noko med i utandørsidrett…

På biletet (tatt av Stig Hole) ser vi forresten Kråkenes saman med Karl Idar Vik frå Syvde IL og Joachim Olsvik frå ÅFIK. Dei vart alle kretsmeistrar i forskjellige klassar.

Beste kvinne på heil vart Siv Grethe Hoff frå Bergsøy IL (foto under, også av Hole), som slo Anna Pedersen frå Wakefield Harriers med relativt liten margin til eit så langt løp å vere.

Åtte av dei 15 deltakarane gjorde seg fortent til KM-medalje. Dette var:

U20: Gull til Emil Olai Hasund og sølv til Mats Falk Skodjevåg. At to så unge karar gjer det så sterkt er kanskje det aller mest imponerande i dag! (Etter sigande er Skodjevåg den yngste som har fullført heilmaraton her nokon gong, og det på ei svært imponerande tid. Folk forstår sikkert kven tanta er…)

Menn 40-44 år: Gull til Karl Idar Vik.

Menn 45-49 år: Gull til Hilmar Kråkenes og sølv til Stian Skretting.

Menn 50-54 år: Gull til Joachim Olsvik.

Menn 55-59 år: Gull til Paul Johan Undheim.

Kvinner 50-54 år: Gull til Siv Grethe Hoff.

Halvmaraton for menn vart ikkje uventa dominert av Ørsta/Volda-området, Hareid og Velledalen.

Løparar frå Ørsta og Volda tok faktisk fem av dei seks øvste plassane. Ikkje uventa vart Sjur Haug best av alle. Han tok ikkje den mykje omsnakka Nordvest-rekorden på distansen, men ut frå forholda er det jo uansett enormt å springe på 1.12,08, eit hav framfor alle andre.

Jan Endre Rise vart beste Hareid-løpar på ein sterk fjerdeplass. Einar Orten Trovåg (Hareid IL) og Christer Paulsen (Hjørungavåg IL) sneik seg også inn på topp 15.

Beste kvinne på halvmaraton vart i år som i fjor Jodi Brautaset. Sissel Kleven frå Hasundgot vart nummer to.

Også kjekt å sjå at Hareid-duoen Cathrin Elvanes og Oda Renate Midtflø er tilbake i konkurranseform etter fødslar – og begge kom godt under to timar.

Ei stjerne i margen også til Dag Snipsøyr som fullførte halvmaraton som feltets eldstemann!

Mykje kunne sikkert vore nemnt. Vi får ikkje plass til alt i ein post som denne.

Men vi minner om at vikebladet.no har fleire fine reportasjar frå løpet. Vi reknar med kondis.no også kjem med noko etter kvart.

Dessutan har vi mange foto på vår eigen facebook-profil (Hareid IL Nordvest Maraton). Takk til Stig Hole, Torstein Holstad Sivertsen og Øystein Orten.

Vi skal få takka fleire viktige personar etter kvart. Vi har også litt statistikk på lur. Men no som vi nærmar oss Lotto-trekninga her på laurdagskvelden set vi strek for i dag.

Resultata ligg her.

Takk for i år så langt til deltakarar, arrangørar og publikum!

Sjekk som sagt Facebook-sida vår også søndag…