Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Hareid Idrettslag 12. mars 2025 kl 18.00 i festsalen på klubbhuset, Myravegen 12.
Sakliste:
1. Godkjenne dei som har røysterett
2. Velje dirigent(ar)
3. Velje protokollførar(ar)
4. Velje to medlemmer til å underskrive protokollen
5. Godkjenne innkallinga
6. Godkjenne saklista
7. Godkjenne forretningsordenen
8. Handsame årsmeldinga frå idrettslaget
9. Handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet og meldinga frå revisor
10. Handsame forslag og saker
11. Fastsette medlemskontingent og treningsavgift
12. Vedta budsjettet til idrettslaget
13. Handsame organisasjonsplanen til idrettslaget, herunder opprette ny volleyballgruppe og sjå på organisering av badmintongruppe
14. Endre signatur for hovudstyret
14. Gjere følgjande val:
a) styre med leiar, nestleiar, 3-6 styremedlemmer og 2 varamedlemmer
b) kontrollutval med 2 medlemmer og minst 1 varamedlem
c) representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantane
d) valkomité med leiar, to medlemmer og éin varamedlem
e) eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget
Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemmene skal veljast samla. Deretter skal varamedlemmene veljast samla. Der det blir valt fleire varamedlemmer, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.
15. Engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.
Saker som ein ynskjer handsama må vere styret i hende innan 25. februar 2024.
Årsmøtedokumenta vert gjort tilgjengelege på hareidil.no seinast 5. mars 2024.
Hareid IL
Hovudstyret