Om løpet
Grimstadvatnet Rundt inngår i Hareid vinterkarusell med løp 1. laurdag i november, desember, januar og februar. Det vil sei 4 løp tilsaman. Løpet er eit landevegsløp på 7,8 km som går for det meste på asfalt. Løypa er relativt flat. Det fyrste løpet i karusellen vart arrangert 5. desember 1981. Det 110. løpet gjekk av stabelen i november 2008.
Det er samla premiering etter 4. og siste løp i februar. For å kunne få premie må ein ha gjennomført minimum 3 av 4 løp. Poengsummen i dei tre beste løpa tel (etter rangeringa 10-9-8-7 etc). Dei med 4 løp får 4 bonuspoeng.
Starttid:
Kl 14.00 ved Hareid klubbhus.
Påmelding:
På Hareid klubbhus frå klokka 13.00 .
Startkontingent:
20 år og eldre: kr 100,-. Yngre enn 20 år: kr 50,-.
Garderobe:
Hareid klubbhus.
Kontaktperson:
Gry Håbakk Rise