Nytt tilbod - Basistrening

Postet av Guro Kalvø Vattøy den 23. Okt 2025

 NYTT TILBOD – BASISTRENING FOR ALLE! 


Ja, du las riktig: for ALLE! Ung eller vaksen, trent eller utrent, dame eller mann. Tilbodet er ope for heile idrettslaget, også for deg som ikkje høyrer til ei gruppe i dag eller ikkje har eit anna tilbod å gå til i idrettslaget. 

Måndag 03. november startar vi opp fast basistrening kvar veke, heilt fram til påske. Kvar økt varer i 45 minutt og blir leia av dei to erfarne instruktørane Hege Holstad og Guro Kalvø Vattøy. Desse sørger for variert, motiverande og kjekk trening, med fokus på allsidigheit, meistring og godt humør!

I starten vil opplegget vere ei form for styrkesirkel, og så kjem vi til å mikse og trikse litt etter kvart, slik at treninga held seg både kjekk og variert.
⭐ Kvifor bli med?
- Passar for ALLE nivå . Du deltek på dine eigne premissar
- Trygt og sosialt miljø
- God, variert og effektiv trening, utan prestasjonspress
- Perfekt for både mosjonistar, aktive utøvarar og alle som vil røre litt meir på seg 

Vi ønsker å skape ein arena der heile bygda kan samlast på tvers av alder og nivå. Dette handlar om fellesskap, glede og bevegelse, og vi håper DU vil bli med! 

Låg terskel
Det einaste som krevjast er medlemskap i idrettslaget (400 kr per år). Du treng berre treningsklede og drikkeflaske (og ei lita matte om du har), resten ordnar vi! Link til innmelding i Hareid IL: https://club.spond.com/landing/signup/hareididrettslag/form/EDB2BD6594C640C7A6E2C6E7397B4269

Oppstart 03. november kl. 19.30 i Hareidhallen. Du treng ikkje å melde deg på nokon plass. Her er det berre å møte opp!
Hjelp oss gjerne ved å dele innlegget og ta med ein venn - eller tre!

Har du spørsmål? Kontakt Guro Kalvø Vattøy på daglegleiar@hareidil.no eller på tlf 41232556.

Siste fra Guro Kalvø Vattøy