For å sikre eit trygt og godt miljø for barn, ungdom og menneske med utviklingshemming, følgjer Hareid IL retningslinjene frå Norges idrettsforbund (NIF) når det gjeld politiattest.

Kven må levere politiattest?

Alle som har oppgåver i idrettslaget som inneber eit tillits- eller ansvarsforhold til mindreårige (under 18 år) eller menneske med utviklingshemming, skal levere politiattest. Dette gjeld både tilsette, frivillige og andre som har verv eller oppgåver for laget, uavhengig av medlemskap.

Eksempel på roller der politiattest er påkrevd:

  • Trenarar og assistenttrenarar for barn og ungdom

  • Frivillige med ansvar for grupper eller enkeltpersonar under 18 år

  • Personar som deltek på reiser eller arrangement med overnatting

  • Dommarar som regelmessig dømmer kampar med deltakarar under 18 år

  • Styreleiar, dagleg leiar og styremedlem dersom rolla medfører kontakt eller ansvar for mindreårige

Personar under 15 år kan ikkje få politiattest, då dei er under den kriminelle lågalderen.

Slik går du fram for å levere politiattest

  1. Gruppeleiar og/eller trenar melder inn alle i si gruppe som har roller i idrettslaget som treng politiattest til politiattestansvarleg.
    Lista skal innehalde namn, e-post, telefonnummer og rolle i laget.

  2. Politiattestansvarleg registrerer personen i Min Idrett og tildeler rett rolle. Ved roller som krever politiattest vil søknad om krav til å innhente politiattest initierast.

  3. Personen vil motta ein e-post om den tildelte rolla og eventuelle krav som må oppfyllast før godkjenning.

  4. Politiattestansvarleg behandlar søknaden, og dei blir registrert i systemet (attesten vil ikkje bli lagra eller oppbevart).

Gyldigheit og nye roller

Ein politiattest er berre gyldig for det laget og den rolla attesten er søkt for. Dersom du tek på deg eit nytt verv i eit anna idrettslag, må du søke om ny attest.

Spørsmål?

Kontakt politiattestansvarleg i idrettslaget
Namn: Guro Kalvø Vattøy
E-post: daglegleiar@hareidil.no
Telefon: 412 32 556