Medlemskontingent, treningsavgift og lisens

Når du blir medlem i idrettslaget vårt, kan det vere greit å vite skilnaden mellom medlemskontingent, treningsavgift og lisens. 

Medlemskontingent 

Kontingenten er ei generell avgift for å vere medlem av idrettslaget, og må være betalt for kunne delta i våre tilbud. For å bli medlem må du betale medlemskontingent og du blir medlem når fyrste kontingent er betalt.

  • Det er ei årleg avgift som alle som er medlem av idrettslaget må betale.

  • Alle medlemmar betaler kr 400 per år, med ein makspris på kr 800 for familiar (pris per 2025). 

  • Beløpet er likt for alle medlemmane i idrettslaget, uavhengig av alder eller gruppe.

  • Kontingenten går til drifta av laget på eit overordna nivå, som for eksempel: forsikringar, drift. administrasjon, aktivitetstilbod, arrangement og generell utvikling av idrettslaget.

Treningsavgift 

  • Treningsavgifta gjeld for den konkrete undergruppa eller idrettsgreina du deltek i.

  • Avgifta dekker kostnader som forsikring, dommarar, seriespel, cupar, kurs og vedlikehald av anlegg. 

  • Prisane varierer frå gruppe til gruppe. Informasjon om eksakt treningsavgift finn du under dei ulike gruppene på nettsida


Lisens

  • I enkelte idrettar må det betalast lisens til særforbundet for å kunne delta i konkurransar.

  • Lisensen inneheld ofte forsikring som kjem utøvaren til gode ved eventuelle skadar.


Ved å betale begge bidreg du til at idrettslaget kan tilby eit trygt og godt aktivitetstilbod til alle medlemmar.