Vinnarar av haustlotteriet
Postet av Guro Kalvø Vattøy den 26. Nov 2025
Gratulerer til alle årets vinnarar i Hareid IL Fotball sitt lotteri!
Hareid IL Fotball vil rette ei stor takk til alle som har støtta klubben gjennom årets lotteri. Engasjementet frå både spelarar, foreldre, frivillige og lokalsamfunnet betyr mykje for drifta av fotballgruppa og for at vi kan halde fram med å skape gode aktivitetstilbod for barn og unge i Hareid. Vinnarane vert kontakta fortløpande av klubben for overlevering av premiar.
Den rette trekninga vart gjennomført av Renate Lillebø, Rita Dimmen, Kristian Angelsen og Sindre Breivik.
Tusen takk igjen til alle som har bidrege. Støtta er med på å styrke klubben og fotballgleda i bygda!
– Hareid IL Fotball

Siste fra Guro Kalvø Vattøy
Årsmelding fotball
26.11.2025
Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt
05.11.2025