Påmeldinga til Nordvest Maraton har opna

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Jul 2025

Den 35. utgåva av Nordvest Maraton 23. august nærmar seg med stormskritt.

No har vi opna for førehandspåmelding til det populære løpet.

Du finn all mogleg informasjon om løpet og påmeldingsskjema under Nordvest Maraton i menyen over her på hareidil.no.

Du kan også melde deg på direkte i skjemaet her.




Siste: KM på Hareid i år også

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Jun 2025

I fjor vart KM på heilmaraton lagt inn under Nordvest Maraton. Det skjedde etter påtrykk frå lokale langdistanseløparar, og at kretsen sa ja til dette.

Og i år har det same skjedd.

Så no kan du vinne KM-gull, -sølv eller -bronse i di aldersklasse på Hareid 23. august.

Meir info kjem når påmeldinga opnar 1. august.

Men vi kan allereie no slå fast at det blir premiering i desse klassane: 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

Dei som deltek i KM må vere medlem i ein klubb som er medlemmar i friidrettskretsen i Møre og Romsdal.

Ein må ikkje delta i KM for å delta på heilmaraton i Norvest Maraton. Alle er like velkomne. Men at vi hadde KM gjorde nok at deltakartalet på heil distanse i fjor vart det høgaste sidan 2014.

Les gjerne meir om løpet her på heimesida. Påmeldingsinfo kjem altså 1. august.

Biletet over: Tre av dei beste på heilmaraton i fjor som alle sikra seg KM-gull i ulike klassar. Frå venstre: Joachim Olsvik (Ålesund FIK), Karl Idar Vik (Syvde IL), Hilmar Kråkenes (Velledalen IL). Sistnemnde vann også sjølve løpet. Foto: Stig Hole/Hareid IL

Under: Emil Olai Hasund, som vart kretsmeister i U20-klassen i fjor. Foto: Stig Hole/Hareid IL




Nordvest Maraton i medvind – blir arrangert for 35. gong

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Apr 2025

Ingen andre maraton på Sunnmøre har halde det i gang like lenge samanhengande, og pilene peikar oppover. Årets løp går laurdag 23. august.

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger. Detaljert løypeskildring finn ein på heimesida.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 33 år, men har opplevd veldig god framgang dei siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det (127) var ny rekord! Både 2021- og 2022-utgåvene av løpet kom inn på topp seks-lista over dei best besøkte utgåvene.

I 2023 kom det ein liten dupp, noko som truleg skuldast at det var nærare 30 grader – og kollisjon med andre arrangement.

I fjor peika pilene derimot oppover igjen, med 82 deltakarar på heil og halv distanse. Deltakartalet på heil distanse var gledeleg nok det beste på 10 år.

Det blir i år som dei fire siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Under: Ein av dei faste deltakarane i nyare tid, Andreas Røren, blir heia inn til «æresrunda» rundt stadion som avsluttar løpet.

Hafsås i tet

Det viktigaste med Nordvest Maraton er jo sjølvsagt å få med seg breidda.

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33,03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i 2021. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28,08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i 2021 var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje nokon prøver seg på Skogen sin «uslåelege» rekord i år? Eller kanskje prøver Haug seg igjen? I fjor var han tilbake frå eit langvarig avbrekk og sprang inn på 1.12,08.

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av fleire lokale eldsjeler. Fleire av, som Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde og Henning Røyset, har «alltid» vore med.

Også ei rekkje andre personar bidreg på ulike måtar før og under arrangementet.

Påmelding

Påmeldinga i år startar 1. august. Følg med på https://www.hareidil.no/pamelding/.

Førehandspåmeldinga stenger klokka 21.00 torsdag 21. august. Det er mogleg å melde seg på i sekretariatet på løpsdagen, men det beste er om flest mogleg melder seg på i god tid.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av beste tredjedel i kvar klasse – inntil tre premiar i kvar klasse.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det, frå klokka 11.00.

Vel møtt!

PS. Følg gjerne med på formelle og meir uformelle oppdateringar på Facebook-side «Hareid IL Nordvest Maraton» fram mot løpet.

Under: Tre spreke karar på heilmaraton i fjor: Joachim Olsvik, Karl Idar Vik og vinnaren Hilmar Kråkenes. Foto: Stig Hole




Årsmøtepapir Hareid IL – 26. mars 2025

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Mar 2025

Hovudstyret

Fotball

Turn

Friidrett

Handball

Trimgruppa

Nordvest Maraton

Badminton

Vedlegg: