Påmeldinga til Nordvest Maraton har opna

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Jul 2025

Den 35. utgåva av Nordvest Maraton 23. august nærmar seg med stormskritt.

No har vi opna for førehandspåmelding til det populære løpet.

Du finn all mogleg informasjon om løpet og påmeldingsskjema under Nordvest Maraton i menyen over her på hareidil.no.

Du kan også melde deg på direkte i skjemaet her.




Siste: KM på Hareid i år også

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Jun 2025

I fjor vart KM på heilmaraton lagt inn under Nordvest Maraton. Det skjedde etter påtrykk frå lokale langdistanseløparar, og at kretsen sa ja til dette.

Og i år har det same skjedd.

Så no kan du vinne KM-gull, -sølv eller -bronse i di aldersklasse på Hareid 23. august.

Meir info kjem når påmeldinga opnar 1. august.

Men vi kan allereie no slå fast at det blir premiering i desse klassane: 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

Dei som deltek i KM må vere medlem i ein klubb som er medlemmar i friidrettskretsen i Møre og Romsdal.

Ein må ikkje delta i KM for å delta på heilmaraton i Norvest Maraton. Alle er like velkomne. Men at vi hadde KM gjorde nok at deltakartalet på heil distanse i fjor vart det høgaste sidan 2014.

Les gjerne meir om løpet her på heimesida. Påmeldingsinfo kjem altså 1. august.

Biletet over: Tre av dei beste på heilmaraton i fjor som alle sikra seg KM-gull i ulike klassar. Frå venstre: Joachim Olsvik (Ålesund FIK), Karl Idar Vik (Syvde IL), Hilmar Kråkenes (Velledalen IL). Sistnemnde vann også sjølve løpet. Foto: Stig Hole/Hareid IL

Under: Emil Olai Hasund, som vart kretsmeister i U20-klassen i fjor. Foto: Stig Hole/Hareid IL




Nordvest Maraton i medvind – blir arrangert for 35. gong

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Apr 2025

Ingen andre maraton på Sunnmøre har halde det i gang like lenge samanhengande, og pilene peikar oppover. Årets løp går laurdag 23. august.

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger. Detaljert løypeskildring finn ein på heimesida.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 33 år, men har opplevd veldig god framgang dei siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det (127) var ny rekord! Både 2021- og 2022-utgåvene av løpet kom inn på topp seks-lista over dei best besøkte utgåvene.

I 2023 kom det ein liten dupp, noko som truleg skuldast at det var nærare 30 grader – og kollisjon med andre arrangement.

I fjor peika pilene derimot oppover igjen, med 82 deltakarar på heil og halv distanse. Deltakartalet på heil distanse var gledeleg nok det beste på 10 år.

Det blir i år som dei fire siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Under: Ein av dei faste deltakarane i nyare tid, Andreas Røren, blir heia inn til «æresrunda» rundt stadion som avsluttar løpet.

Hafsås i tet

Det viktigaste med Nordvest Maraton er jo sjølvsagt å få med seg breidda.

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33,03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i 2021. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28,08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i 2021 var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje nokon prøver seg på Skogen sin «uslåelege» rekord i år? Eller kanskje prøver Haug seg igjen? I fjor var han tilbake frå eit langvarig avbrekk og sprang inn på 1.12,08.

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av fleire lokale eldsjeler. Fleire av, som Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde og Henning Røyset, har «alltid» vore med.

Også ei rekkje andre personar bidreg på ulike måtar før og under arrangementet.

Påmelding

Påmeldinga i år startar 1. august. Følg med på https://www.hareidil.no/pamelding/.

Førehandspåmeldinga stenger klokka 21.00 torsdag 21. august. Det er mogleg å melde seg på i sekretariatet på løpsdagen, men det beste er om flest mogleg melder seg på i god tid.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av beste tredjedel i kvar klasse – inntil tre premiar i kvar klasse.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det, frå klokka 11.00.

Vel møtt!

PS. Følg gjerne med på formelle og meir uformelle oppdateringar på Facebook-side «Hareid IL Nordvest Maraton» fram mot løpet.

Under: Tre spreke karar på heilmaraton i fjor: Joachim Olsvik, Karl Idar Vik og vinnaren Hilmar Kråkenes. Foto: Stig Hole




Statistikk er oppdatert. Takk for i år!

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Aug 2024

I fjor vart det ikkje store endringar på statistikkane, med varmt vér og ein liten dupp i deltakinga.

I år var det både fleire deltakarar og kaldare, noko som gjorde at det vart ein del endringar i statistikken i år.

Statistikken er faktisk delt inn i heile ni kapittel, og du kan navigere deg fram sjølv under «Nordvest Maraton» i menyen over (eller på sida) her.

Her kjem ei oppsummering av endringane på lista:

Heilmaraton:

* Hilmar Kråkenes frå Velledalen IL, gårsdagens vinnar, går inn på 13. plass på totalrankinga.

* Langt frå alle som deltok på heilmaraton for menn persa, men både Stian Skretting, Joachim Olsvik og Slawomir Lesniak klatra på lista.

* Gårsdagens to deltakarar for kvinner, Siv Grethe Hoff og Anna Pedersen, går inn som nummer ni og ti på samanlagtlista.

* Hilmar Kråkenes går også inn på sjuandeplass på rankinga for menn 45-49 år (med andre ord er dette ein klasse med mange som er gode på heilmaraton).

* Joachim Olsvik går inn på andreplass gjennom tidene i klasse 50-54 år. Olsvik slår her ganske mange kjende fjes frå maratonmiljøet opp gjennom åra, blant anna Helge Hafsås og Helge Fuglseth. Samtidig dett her Dag Harald Moldskred frå Hareid IL ut av topp 10-lista her.

* George Domaille frå Wakefield Harriers går inn på femteplass i klasse 17-34. Arve Haugland forsvinn dermed ut av topp 10-lista.

Halvmaraton:

* Blant kvinnene ser vi at Sissel Kleven frå Hasundgot IL klatrar frå tiande- til niandeplass for kvinner 45-49 år.

* Blant karane var det faktisk berre éin av dei seks fremste som persa i denne løypa, nemleg Sverre Hoggen. Han går opp på 20. plass på totalrankinga.

* Hoggen går samtidig inn som nummer åtte på rankinga for 35-39 år.

* Vidare persa ikkje Stian Nedrelid, men som alle andre blir han eldre. Og tida hans i går held til ein tredjeplass i den sterke klasse 45-49 år. Dette betyr samtidig at Hareid IL-legenda Gunnar Aursnes, som stod på drikkestasjon på Bigset i går, fell ut av topp 10-lista. Tida til Aursnes kom allereie i det første året løpet vart arrangert, i 1991.

* Per Inge Bjørnestad frå Velledalen IL går inn på femteplass i klasse 50-54. Også her fell Dag Harald «Dæja» Moldskred ut av topp 10-lista (!).

* Bjørn Ole Vassbotn hadde førsteplassen i klasse 55-59 år og har den framleis etter gårsdagens løp. Men han forbetra tida han hadde i denne klassen.

* I klasse 60-64 år går Bjørn Arve Brune inn på tiandeplass.

* For dei over 65 var Arild Stokke allereie inne på topp 10-lista, men tida hans i går gjer at han klatrar frå åttande- til sjetteplass.

OBS! Om nokon ser feil i statistikkane, så gjer vel i å kontakte oss på innboks på Hareid IL Nordvest Maraton på Facebook.

**

Vel, dette blir det siste innlegget frå redaksjonen i denne omgang.

Vi tenkte at vi skulle lage ei liste over alle som hjelpte til unders gårsdagens arrangement. Men i og med det var såpass mange som var med, og som ofte igjen hadde med seg sine etterkomarar osv., så ser vi at vi ikkje klarer å lage ei sånn liste utan stor fare for å gløyme nokon.

Så vi tenker berre at vi seier tusen takk til alle som bidrog. De veit kven de er!

Noko som er lettare å ramse opp er dei som sat i Nordvest Maraton sitt styre, eller arbeidsgruppe om du vil. For den har dei siste sju-åtte åra bestått av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Kristian Angelsen, Henning Røyset, Bjarte Sunde og Einar Orten Trovåg.

Ei spesiell stor takk til Vidar Vollsæter som har vore løpsgeneral alle 34 åra løpa har gått.

Enkelte i styret har signalisert at dei no går av, men slik vi forstår stemninga blir det nok løp neste år også. Vi skal hugse at fire av dei fem siste løpa er inne på topp åtte-lista over løpa med best deltaking sidan starten i 1991, så det er ingen tvil om at Nordvest Maraton er inne i ein god stim.

At såpass mange unge deltek på både heil- og halvmaraton no ser ut til å bety at løpet har klart å kome seg gjennom eit generasjonsskifte på deltakarlista.

No kan det hende vi gløymer nokon i farta, men vi er faktisk usikre på om det var ein einaste deltakar i går som har delteke i Nordvest Maraton meir enn 15 gonger (sjølv om både Jan Endre Rise og Andreas Røren nærmar seg).

Vel. No let vi arrangørane få kvile litt. Så brukar dei som regel å samlast i oktober og deretter presentere ein dato og nokre planar for neste års løp.

Tusen takk til alle som deltok og heia i år, og ikkje minst alle som deltok med store og små oppgåver på arrangørsida!

(På fotoet over ser vi to av dei store Tartanmandag-profilane i aksjon: Sverre Hoggen (til venstre) og Stian Nedrelid. Begge har altså hevda seg sterkt på topplistene våre. Foto: Stig Hole)




Den 34. utgåva av Nordvest Maraton vart ein stor suksess

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Aug 2024

Det kunne kanskje ha vore litt mindre vind enkelte stader, så forholda var ikkje 100 prosent optimale. Men ut frå den sterke påmeldinga (ikkje minst sterke etterpåmeldinga) og dei tilbakemeldinga vi fekk frå deltakarane ser det ut som årets Nordvest Nordvest vart ein braksuksess.

Som vanleg var det ikkje absolutt alle som påmelde som møtte opp, men av ein eller annan grunn var det mange som etterpåmelde seg i år.

Så vi enda faktisk opp med heile 87 deltakarar (85 som fullførte, 65 av dei på halv).

Ut frå deltakinga på heil og halv, som vi har statistikk for heilt tilbake til starten i 1991, var årets løp faktisk det åttande beste med omsyn til deltaking – av 34 moglege.

Ikkje verst med så mange andre liknande løp som blir arrangert i dag.

På heilmaraton var det 15 startande. Alle kom i mål, noko som faktisk ikkje er heilt vanleg på så lange løp.

Vinnar for menn vart ikkje heilt uventa Hilmar Kråkenes frå Velledalen. Han var også den einaste som sprang under tre timar.

Vi har ein mistanke om at litt mindre vind langs Snipsøyrvatnet kunne gjort tidene jamt over noko betre. Men slikt får ein ikkje gjort noko med i utandørsidrett…

På biletet (tatt av Stig Hole) ser vi forresten Kråkenes saman med Karl Idar Vik frå Syvde IL og Joachim Olsvik frå ÅFIK. Dei vart alle kretsmeistrar i forskjellige klassar.

Beste kvinne på heil vart Siv Grethe Hoff frå Bergsøy IL (foto under, også av Hole), som slo Anna Pedersen frå Wakefield Harriers med relativt liten margin til eit så langt løp å vere.

Åtte av dei 15 deltakarane gjorde seg fortent til KM-medalje. Dette var:

U20: Gull til Emil Olai Hasund og sølv til Mats Falk Skodjevåg. At to så unge karar gjer det så sterkt er kanskje det aller mest imponerande i dag! (Etter sigande er Skodjevåg den yngste som har fullført heilmaraton her nokon gong, og det på ei svært imponerande tid. Folk forstår sikkert kven tanta er…)

Menn 40-44 år: Gull til Karl Idar Vik.

Menn 45-49 år: Gull til Hilmar Kråkenes og sølv til Stian Skretting.

Menn 50-54 år: Gull til Joachim Olsvik.

Menn 55-59 år: Gull til Paul Johan Undheim.

Kvinner 50-54 år: Gull til Siv Grethe Hoff.

Halvmaraton for menn vart ikkje uventa dominert av Ørsta/Volda-området, Hareid og Velledalen.

Løparar frå Ørsta og Volda tok faktisk fem av dei seks øvste plassane. Ikkje uventa vart Sjur Haug best av alle. Han tok ikkje den mykje omsnakka Nordvest-rekorden på distansen, men ut frå forholda er det jo uansett enormt å springe på 1.12,08, eit hav framfor alle andre.

Jan Endre Rise vart beste Hareid-løpar på ein sterk fjerdeplass. Einar Orten Trovåg (Hareid IL) og Christer Paulsen (Hjørungavåg IL) sneik seg også inn på topp 15.

Beste kvinne på halvmaraton vart i år som i fjor Jodi Brautaset. Sissel Kleven frå Hasundgot vart nummer to.

Også kjekt å sjå at Hareid-duoen Cathrin Elvanes og Oda Renate Midtflø er tilbake i konkurranseform etter fødslar – og begge kom godt under to timar.

Ei stjerne i margen også til Dag Snipsøyr som fullførte halvmaraton som feltets eldstemann!

Mykje kunne sikkert vore nemnt. Vi får ikkje plass til alt i ein post som denne.

Men vi minner om at vikebladet.no har fleire fine reportasjar frå løpet. Vi reknar med kondis.no også kjem med noko etter kvart.

Dessutan har vi mange foto på vår eigen facebook-profil (Hareid IL Nordvest Maraton). Takk til Stig Hole, Torstein Holstad Sivertsen og Øystein Orten.

Vi skal få takka fleire viktige personar etter kvart. Vi har også litt statistikk på lur. Men no som vi nærmar oss Lotto-trekninga her på laurdagskvelden set vi strek for i dag.

Resultata ligg her.

Takk for i år så langt til deltakarar, arrangørar og publikum!

Sjekk som sagt Facebook-sida vår også søndag…