KM på Hareid også i 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Des 2021

I 2021 var Nordvest Maraton for første gong også kretsmeisterskap for Møre og Romsdal – i alle klassar både på heil og halv distanse.

Slik blir det også i 2022. Det kan vi lese av friidrettskretsen si terminliste.

Under KM-delen av Nordvest Maraton i 2021 vart det delt ut 26 medaljar. Vi tippar det fort kan bli fleire i 2022, for dagen før løpet i år fekk arrangørane kjennskap til at nokre klubbar i Møre og Romsdal ikkje var medlemmar av friidrettskretsen – slik at dei som representerte desse ikkje var aktuelle for KM-delen. Kven som er medlemmar og ikkje skal vi nok kunne finne ut i langt betre tid i 2022.

Men dette og mykje meir skal vi nok kome tilbake til i god tid før løpet går 20. august 2022.

I mellomtida: Set av datoen! Og ha ei retteleg god jul!




Det BLIR Grimstadvatnet rundt i januar

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Des 2021

Trass i koronasituasjonen så går det tredje løpet i vinterkarusellen Grimstadvatnet rundt nesten som normalt 8. januar.

Les info frå leiar i friidrettsgruppa, Odd Erling N. Eriksen, her:

a) Det vil være startpuljer á 15 utøvere.
Startene vil gå med et par minutters mellomrom, første pulje 1400. 
Om noen ønsker en spesiell startpulje, må de gi beskjed om dette til undertegnede senest torsdag 6. kl. 2359, så setter vi opp puljene deretter.
b) Om du er bosatt på Hareidlandet: Ingen garderobe; du må dra hjem for å dusje. Toaletter vil dog være tilgjengelige.
Om du kommer lenger borte fra vil garderobene være tilgjengelige for dusj og skift ETTER løpet. 
Det er imidlertid kun mulig å ha to utøvere i hver garderobe av gangen, og det må være noen minutter ventetid mellom hvert garderobebesøk – first come, first serve.
Det kan med andre ord bli en stund å vente før man får tatt den etterlengtede dusjen, men det skyldes altså det-som-går, og vi må prioritere de som har en lang hjemvei!
c) Vi oppfordrer STERKT til at man betaler med Vipps. Registrering og utdeling av startnummere vil foregå i kiosken på stadion fra 1230 løpsdagen.
d) Dette blir moro, korona til tross!
Vennlig hilsen,

                 Odd Erling N. Eriksen




Fyrverkerisal Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Des 2021

Hareid IL (turn og fotball) skal selje fyrverkeri før nyttårsaftan.

Vi vil stå på torgplassen ved trafikkterminalen, so det skal ikkje være problem med å sjå oss 😀

Her er dagane og tidspunkta vi vil stå der:

Tysdag 28.desember Frå kl. 12-18
Onsdag 29.desember Frå kl. 12-18
Torsdag 30.desember Frå kl. 11-20
Fredag 31.desember Frå kl. 10-15

Vedlegg:




Tidenes beste sesong for dei langtspringande (trur vi)

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Des 2021

I år som i fjor prøver vi å oppsummere sesongen for langdistanseløparane til Hareid IL. Dette er jo ikkje ei eiga gruppe, men utøvarar som trenar litt her og der og konkurrerer for Hareid IL. Men vi har etter beste evne prøvd å lage ei slags oppsummering for desse utøvarane sin 2021-sesong.

På kvinnesida er det utvilsamt «all time high» blant toppane, og det skuldast sjølvsagt at Therese Falk melde seg inn i Hareid IL for litt over eitt år sidan.

På 24-timersløp tom sette ho først ny nordisk rekord med 254 kilometer i september. I november vart det både nordisk og europeisk rekord – og dessutan nest beste prestasjon av ei kvinne i verda nokon gong – då Therese sprang 261 kilometer på Bislett.

Det er berre å bøye seg i det som er! Og Therese Falk har også hatt ei rekkje andre gode prestasjonar i år.

I juni vann ho eit 100-kilometersløp i Bergen. Therese har også vunne og tatt løyperekord i «vanleg» maraton både på Møgster og under Nordvest Maraton på Hareid i august.

Blant dei aller beste på herresida var det også uvanleg mykje å glede seg over i år. Etter mange gode sesongar hadde Jan Endre Rise sitt aller beste år i år.

Mellom anna sprang han heilmaraton på 2.50,36 i London. Det er den beste heilmaratonen nokon frå Hareid har sprunge på mange år, kanskje i det heile på 2000-talet? Odd Elvanes har etter det vi veit klubbrekorden på 2,43, men det var i Berlin i 1993. Elvanes har også vore under 2,50 etter eit par gonger etter det, men meiner sjølv dei løpa var på 90-talet.

Jan Endre kom også under 1,20 på halvmaraton i år. Han fekk tida 1.18,52 og vart nummer tre i det utsette Ålesund maraton som gjekk i september.

I nyare tid var det berre Einar Orten Trovåg frå Hareid IL som hadde vore under 1,20 (1.19,32 i 2018) på halvmaraton, men den prestasjonen vart slått to gonger på kort tid. For berre eit par timar etter at Jan Endre kom i mål i Ålesund passerte Henrik Hareide Holstad målstreken i Oslo. Han fekk tida 1.17,23 og smadra sin eigen pers med over seks minutt. Og ikkje berre det. Tida til Henrik er også gjeldande kretsrekord i Møre og Romsdal for dei under 22 år.

No er det ting som tyder på at Henrik melder seg inn i ein klubb i Oslo etter denne sesongen, men vi ønskjer han uansett lykke til vidare same kva han gjer. Det har i alle fall vore veldig kjekt å følgje 20-åringen framma Hovden i år.

Både Jan Endre og Henrik har også ei rekkje andre gode prestasjonar i år enn dei som allereie er nemnde. Jan Endre vann 5-kilometeren under Ålesund nyttårsmaraton for snart eit år sidan. Vidare har han blitt nummer to i Stadionmila på Hareid i august og har to andreplassar i Grimstadvatnet rundt. Jan Endre vart også kretsmeister i sin klasse i Nordvest Maraton.

Henrik vann også sin klasse under Fornebuløpet i september. Han fekk tida 35,34 i den 10 kilometer lange løypa. I tillegg kjem ein tredjeplass i Snipsøyrvatnet rundt.

Vi kan også nemne at Jan Endre og Henrik vart høvesvis nummer éin og to under den uoffisielle Hareid-meisterskapen i halvmaraton i mai, som var eit koronatilpassa arrangement for dei som var busette i kommunen.

Nummer tre vart Einar Orten Trovåg på ei grei tid godt under 1,30 i den tøffe løypa inn til Snipsøyr og tilbake, men det var også det einaste løpet han rakk i ein svært skadeutsett sesong.

Håvard Bolstad Banne (som bur i Ålesund, men konkurrerer for Hareid IL) har også hatt ein sesong plaga av skadar, men sprang under 1,31 i den tøffe løypa på Vartdal i mai.

Så er det sikkert mange andre menn som spring for Hareid IL som kunne vore nemnt – og som vi ikkje får nemnt – men vi kan i farta nemne at veteranane Dag Snipsøyr og Øystein Orten tok KM-medaljar i halvmaraton i sine klassar (men ikkje gull, slik Jan Endre Rise og Therese Falk også gjorde).

Ein som kanskje bør nemnast er rett nok Dag Harald Moldskred, som var Hareid IL sin beste på heilmaraton i 2020. Han låg også an til ein ny god heilmaraton under Nordvest Maraton, men sprang feil og fekk ikkje godkjent tida si.

På kvinnesida er det ikkje berre Therese Falk som fortener å bli nemnt. Cathrin Elvanes har gjennomført to solide halvmaraton på Hareid i år, i tillegg til å vere jamn deltakar i dei andre mosjonsløpa.

Oda Renate Midtflø har så vidt vi har sett ikkje delteke i så veldig mange løp, men vart nummer tre i Grimstadvatnet rundt i november på 34,08 og var også beste kvinne frå Hareid IL i Snipsøyrvatnet rundt.

Det kan jo hende at nokre kjem til å springe nyttårsmaraton i romjula. Men vi tek allereie no sjansen på å påstå at dette er den beste sesongen nokon gong for langdistanseløparane i Hareid IL.

Det har vore gode sesongar før også, men når var det sist tre frå Hareid IL som presterte så godt på dei lengste distansane som Therese Falk, Jan Endre Rise og Henrik Hareide Holstad? Vi veit ikkje…

Vel blåst!

PS 1. Vi prøver å oppdatere diverse statistikk. Lista over dei beste halvmaratonløparane får Hareid IL per år ser no slik ut: 2013: Joar Gjerde. 2014-2016: Jan Endre Rise. 2017-2019: Einar Orten Trovåg. 2020: Jan Endre Rise. 2021: Henrik Hareide Holstad

Heilmaraton menn: 2020: Dag Harald Moldskred. 2021: Jan Endre Rise.

Halvmaraton kvinner: 2019: Vivian Johansen. 2020: Astrid Andersen. 2021: Cathrin Elvanes

Heilmaraton kvinner: 2021: Therese Falk

PS 2. Når vi har laga denne artikkelen har vi berre inkludert dei som melder seg på til løp med Hareid IL som oppført klubb. Om ein til dømes er medlem i Hareid IL, men skriv til dømes «Snipsøyrdalen springelag» som klubb, så er ein ikkje med her. Det kan sjølvsagt også vere at det er folk rundt om i landet (eller verda) som deltek i løp og som registrerer seg som medlemmar i Hareid IL – og som vi ikkje veit om. Då får vi berre oppmode om at det snart er på tide å helse heimatte’ snart 🙂




Grendacupen 2021 er avlyst.

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Des 2021

Etter at dei nye tiltaka frå regjeringa kom i går, og etter ein samtale med kommuneoverlegen, ser vi ingen anna moglegheit enn å avlyse årets Grendacup.

Det blir andre året på rad cupen blir avlyst på grunn av Covid-19. Dette er meget surt, men vi satsar på at det blir eit heilt fantastisk arrangement neste år då Hareid IL feirar 100 år.

Vi ønskjer alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!




Festsalen på klubbhuset stengt inntil vidare.

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Des 2021

Med dei nye tiltaka som kom i går stenger vi festsalen for utleige inntil vidare.

Vi håper «perioden» vi er inne i no snart vil være over slik vi kan opne den igjen.

Inntil vidare håper vi folk er forsiktige og følgjer råda regjeringa har kome med.




Mann oppvokst i Torkelvegen (25 år) har meldt på lag til Grendacupen!

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Des 2021

Det har kome inn fire nye påmeldingar dei siste par dagane og alle er meldt på i herreklassa.

Av dei laga kan vi nemne at den «faste» kompisgjengen som har gått både under namnet «Torkelvegen» og i år «Yx» har meldt seg på Grendacupen 2021.

Dei har i år med seg desse spelarane: Fredrik Aursnes, Ådne Andersen, Martin Longva, Sjur Gjerde, Kristoffer Riise, Mikal Haanes, Kjetil Knotten, Aksel Bakken, Andreas Nærø og Lars Mork.

Elles har «Spiller bare ball som ping pong» med Daniel Jacobs i spissen meldt seg på. Det har også «Ninja» og «Jasanje» gjort.

Sistnemnte med lokalspelarar som brødrene Nikolas og August Brandal i tillegg til nokre gode og unge Høddspelarar i Syver Skeide, Andreas Televik og Andreas Fjørtoft. Den siste på laget er Jenarthanan Jeyathas.

Vi oppfordrar fleire lag å melde seg på. Særleg damelag og ungdomslag, både i jente og guteklassa.

NB! Fristen for å melde på lag går ut førstkomande fredag!!




Hareid damelag tek ny sats

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Des 2021

Dei siste par åra har Hareid sitt a-lag for kvinner (eller berre damelaget om du vil) blitt leia av Bård Grimstad, Kjell Arne Øvrelid, Ørjan Engen Grimstad, Kevin Aarvik Hestholm (keepertrenar) og Lena K. Hansen (lagleiar). Dei signaliserte for ei tid sidan at dei ikkje går på ein ny sesong. Vi takkar dei så mykje for utrøytteleg innsats i ein tung periode sterkt prega av koronsituasjonen!

No tek damelaget ny sats. Eit komplett trenarteam er ikkje på plass enno, men etter eit møte måndag kveld vart det klart at Beate Rise Gaasø, Silja Øvrelid og Cecilie Skeide har tatt på seg å vere hjelpetrenarar i større eller mindre grad. Det blir jobba med å ferdigstille trenarteamet utover i månaden.

Men uavhengig av det blir det kalla inn til førjulstreningar for både nye og gamle spelarar. Dei blir avvikla i Hadarhallen søndag 12. desember klokka 18.00 og torsdag 16. desember klokka 19.30.

Damelagsstallen var noko tynn denne hausten, så ein håper at ein del nye og/eller tidlegare spelarar kjem til desse øktene, slik ein kan få ei større treningsgruppe i 2022. Nokre «eksterne» skal allereie ha stilt seg positive til å vere med. I tillegg blir det flytta opp spelarar frå eigen J15-stall.

Så har du lyst sjølv til å vere med på desse øktene, eller kjenner andre som er gira, så er det berre å spreie den glade bodskapen!

(Kva speleform og kva divisjon ein ønskjer å stille i blir det ikkje tatt stilling til før i januar.)




Skak og Vikebakk til topps, sistnemnde etter sekundstrid mot Rise

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Des 2021

Grimstadvatnet rundt har 40. årsjubileum i vinter. Og i dag gjekk den andre av dei fire utgåvene.

35 løparar stilte til start, noko som som vi må seie er godkjent. Først og fremst grunna glatte forhold, dernest fordi det som regel alltid er svakare påmelding i desember enn dei andre løpa.

Best av kvinnene vart Louise Skak. Mange hugsar henne sikkert frå tidlegare, mellom anna som vinnar (og lenge rekord-haldar) i Nordvest Maraton. Skak fekk tida 31,39 i dag.

I herreklassen vart det svært dramatisk. Jan Endre Rise frå Hareid IL har vore nære å vinne Grimstadvatnet før og har ei rekkje topplasseringar, men aldri gått heilt til topps. Det hadde heller ikkje Knut Vikebakk frå Hareidsdølen Triatlon, trass i mange gode løp dei siste åra.

Dermed låg det i korta at vi ville få ein ny vinnar i herreklassen i dag. Desse karane følgde kvarandre heile løpet, men heilt på slutten var det Vikebakk som hadde mest å gi. Han fekk tida 28,56, seks sekund betre enn Rise. Uansett godt jobba av sistnemnde, som har slite med skadar tidlegare denne veka.

Fullstendig resultatliste blir lagt ut på Facebook (Hareid IL) seinare i dag.

På Facebook ligg det også ein bildeserie.

Neste løp går laurdag 8. januar. Vel møtt!




Ymse sportsleg nytt frå Hareid-fotballen

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Des 2021

Sjølv om vi er utanfor sesong skjer det mykje i fotballgruppa for tida. Her er noko av det som kan vere interessant for fleire å vite:

  • Måndag klokka 20.00 blir det møte om damelaget på møterommet på klubbhuset. Alle som anten er interesserte i å ha ei større eller mindre rolle rundt laget – eller som berre har råd om kva som er lurt å gjere framover – er hjarteleg velkomne!
  • Kven som skal trene J15 neste år er klart. Ottar Eiksund Røyset blir hovudtrenar, medan Geir Børre Røyset, Ole Kristian Øvrelid og Per Håkon Kleppe blir hjeleptrenar. Siw-Monica Brandal blir lagleiar, sannsynlegvis saman med ein person til. Planen er å stille både 11-ar- og sjuarlag.
  • Det er elles klart at Johs Riise blir hjelpetrenar på juniorlaget neste år, medan Peter Liavåg tek ein sesong til som lagleiar. Dette er to rutinerte karar som vil styrke apparatet rundt hovudtrenar Anders H. Pilskog. Juniorlaget er meldt på kvalifiseringa til 1. divisjon i vinter.
  • Både G16 og juniorlaget hadde møte denne veka. Medan juniorlaget akkurat har starta si oppkøyring, så startar G16 på nyåret. G16 har på plass ein hjelpetrenar og tre lagleiarar. Det blir jobba med å få både ein hovudtrenar og ein ekstra hjelpetrenar på plass til oppkøyringa startar.
  • Styret har konstituert den sportslege leiinga for sesongen 2022. Og her er det ikkje snakk om éin sportsleg leiar, men fem! Her er ansvarsfordelinga:
    Sportsleg leiar barnefotball: Kim-Tore Husøy. Nestleiar: Anders Eidsvik
  • Sportsleg leiar ungdomsfotball: Einar Orten Trovåg Nestleiar: Håvard Knudsen Bjåstad
  • Sportsleg leiar seniorfotball menn: Emil Johannes Dahlen Folkestad
  • Sportsleg leiar seniorfotball kvinner: Cecilie Skeide (Her kan nestleiarar supplerast etter avtale)
  • Sportsleg leiar keeparar: Silja Øvrelid Nestleiar: Håvard Knudsen Bjåstad
  • I tillegg har dagleg leiar ein del sportslege oppgåver.

God helg og girri, girri!




MELD DOKKE PÅ GRENDACUPEN 2021!!

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Des 2021

No er det berre 8 dagar igjen til påmeldingsfristen for årets Grendacup går ut. Det betyr at det hastar med å få meldt på lag!

Det går rykte om at mange «kjende» Grendacuplag er inne i den siste fasen med å skaffe spelarar og at dei snart vil melde seg på.
Husk at vi har opna Old Boys klasse. Her er det berre å hive seg rundt å melde på lag!!

Steik kor vi gler oss til romjul og Grendacup igjen!

Påmelding: Påmelding Grendacup 2021 (google.com)





Nest best i verda

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Nov 2021

Det høyrest nesten for utruleg ut til å vere sant, men Hareid IL har den nest beste utøvaren i ei friidrettsøving nokon gong!

Og det uansett aldersklasse…

Det var sist helg Therese Falk sprang heile 261,170 kilometer under Bislett 24-timars i Oslo.

Det var ikkje berre ny personleg, norsk, nordisk og europeisk rekord.

No viser oppdatert statistikk at Falk er nest beste kvinne på 24-timersløp nokon gong.

Berre Camille Herron frå USA har nokon gong sprunge lenger på 24 timar. Det har Herron gjort to gonger: 270.116 og 262,192.

Vi har vanskeleg for å setje ord på denne prestasjonen til Therese Falk. Men i mangel på det så får vi om ikkje anna gratulere henne med den enorme prestasjonen!




Nominert til årets draumetrenar

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Nov 2021

Neste helg skal Sunnmøre fotballkrets dele ut prisen til «årets draumetrenar».

Av 50 trenarar som har delteke i «Draumetrenaren» er Anders H. Pilskog frå Hareid IL ein av tre nominerte kandidatar.

Dei to andre er Thomas Bjermeland frå Spjelkavik IL og Anis Pajevic frå Brattvåg.

Anders H. Pilskog har dei to siste åra vore juniortrenar i Hareid IL, noko han også skal vere neste år.

I tillegg er han engasjert i barnefotballen og som journalist her på sida og på Facebook-sida vår – for å nemne noko.

Vi gratulerer Anders med nominasjonen!




A-laget har starta oppkøyringa

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Nov 2021

Hareid sitt a-lag (for menn) har så vidt kome i gang med oppkøyringa til neste sesong, eller rettare sagt det trenar Hans Gisle «Kisse» Holstad kallar den aktive avkoplingfasen.

Så langt har laget trena tre måndagar i Hadarhallen, der det har stått fotballtennis og vanleg spel på programmet.

Elles har ein del av spelarane trena styrke med Hege Holstad på Aktivsenteret eit par gonger. Ei gruppe på fem-seks mann har også tatt seg to-tre joggeturar med innlagde drag.

Så langt er stemninga god, men som på slutten av denne sesongen ser det ut som stallen er noko tynn.

På biletet ser vi seks av dei sju i det nye støtteapparatet.

Frå venstre: Hans Gisle Holstad, Vidar Vollsæter, Knut Helge Hovden, Vagn Scheide Mork, Ola Kalvø Vattøy og Lars Petter Bjørlykke.

Gullvald Kløvning var ikkje til stades då biletet vart teke, men rykta seier at han har vore blant dei ivrigaste under styrketreningane på Aktivsenteret.




Årets spelar for tredje gong

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Nov 2021

Her kjem den tredje og siste saka frå årsfesten til seniorfotballen sist helg (i alle fall med mindre biletet av laget som vann EOT sin quiz dukkar opp – det har vi ikkje funne blant bileta Anders Pilskog tok).

Vi kan med dette gratulerer Martin Nikolai Longva som årets spelar på a-laget!

Midstopparen vann prisen også i 2014 og 2018, og det betyr at den tidlegare basketballspelaren blitt årets spelar tre av dei fire «skikkelege» sesongane han har spelt for Hareid (Ruben-Kenneth Brandal vann i 2019).

Prisansvarleg Ola Kalvø Vattøy kunne under årsfesten nemne at Longva denne gongen vann prisen hårfint framfor den solide keeperen Rikard J. Osnes.

Longva blir forresten den andre dette tusenåret som har blitt årets spelar på Hareid a-lag tre gonger. Kim-Tore Husøy (2004, (delt i) 2006 og 2010) har klart det same.

Prisen som årets unge spelar gjekk derimot som seg hør og bør til ein fersking. 16-åringen Gabriel Olav Peterson har i likskap med Longva spelt mest midtstoppar. Her har Hareid ein lovande spelar som fort kan ta ytterlegare steg neste år. Vi gratulerer prisvinnaren så mykje!

Det vart elles heider til Ola Kalvø Vattøy og Petter Haddal Worren.

Sistnemnde vart som vi tidlegare har meldt toppscorar i denne ampurterte sesongen.

Vattøy fekk derimot pokal for å ha passert 100 kampar.

Elles fekk det avtroppande støtteapparatet heider.

Sjølv om sesongmålet om å halde plassen vart nådd på svært dramatisk vis så høver det å takke alle involverte for sesongen. Så gler vi oss allereie til å følgje dette laget neste år!




«Lensmannen» årets spelar på Hareid 2

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Nov 2021

Vi køyrer på med fleire saker frå årsfesten til seniorfotballen sist helg.

Vi gratulerer Ole André «Lensmannen» Nevstad Kragset med prisen som årets spelar!

Han fekk også denne prisen i 2015, og er den andre i moderne tid som har blitt kåra til årets Hareid 2-spelar to gonger. Den første var Antoni Gardshol.

Tradisjonen tru mottok «Lensmannen» prisen i bar overkropp.

Som vi har meldt tidlegare vart evigunge Kurt Haddal toppscorar for dette laget.

Apropos ungdom vart det ikkje delt ut pris til årets unge spelar, rett og slett fordi dei ikkje hadde nokon. Dei aller, aller fleste som var i aksjon i haust var minst 30 år.

Heider var det også til to av dei frå støtteapparatet som var til stades: Eiliv-Tore Howlid og Kenneth Nicolaisen.

Hjelpetrenar Emil Johannes Dahlen Folkestad var ikkje til stades. Vi får takke han her og no!

Totalt sett vel blåst av laget som vart Hareid ILs første kretsmeistrar i fotball på fire år!




Moldskred årets spelar på damelaget

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Nov 2021

Sist helg hadde seniorlaga i Hareid-fotballen årsfest. Mellom anna stod utdeling av prisar på programmet.

Sandra Moldskred (biletet) vart årets spelar på damelaget, medan Andrea Holstad Grimstad vart årets unge spelar.

Hilde Årsbog Bjåstad vart toppscorar (også i heile 4. divisjon), medan Hanna Holstad Grimstad (via faren) og Shaajeena Jeyathas fekk pokalar for å ha runda 50 kampar.

Heider vart det også til dei som var til stades frå støtteapparatet, som i år har bestått av Bård Grimstad, Kjell Arne Øvrelid, Lena K. Hansen, Ørjan Engen Grimstad og Kevin Aarvik Hestholm.

Til neste sesong får laget i alle fall eit delvis nytt trenarteam/støtteapparat, noko sportsleg utval jobbar med i desse dagar.

Fleire bilete frå prisane til damelaget finn du på Facebook.

Kven som fekk prisar på herrelaget og Hareid 2 kjem vi tilbake til seinare.

Inntil vidare takkar vi damelaget for god innsats i år. Dei fekk ei bra plassering på øvre halvdel i 4. divisjon.

Girri, girri!




To nye lag påmelde Grendacupen

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Nov 2021

Sidan forrige oppdatering har to nye lag meldt seg på årets Grendacup. Begge dei to laga finn ein herreklassa, og går under namna Gjeng og Gyazo. Her kjem ein kort presentasjon av dei to laga.

Begge desse to laga har mange spelarar med mykje Grendacup-rutine, til tross for at dei fleste framleis er ganske so unge.

Det første laget vi ser nærmare på, er Gjeng. Her finn vi spelarane: Even Bjåstad, Filip Varhaug, Jeivant Jayaram, Geir Børre Røyset, Andreas Fure, Adrian Haraldsvik og William Valde Bigset. Vi har hatt eit svært uformelt intervju med ein av spelarane på dette laget. Han seier at dei framfor alt er med for å ha det kjekt, men trur samtidig at dersom det meste klaffar, so kan dei bite god i frå seg, og overraske mange!

Det andre laget ein skal sjå på er det som no kan begynde å reknast som eit klassisk Grendacup-lag, nemleg Gyazo. Dei har deltatt fleire år no, med same namn, og mange av dei same spelarane. Desse spelarane er i år: Tarje Dimmen Riise, Håvard Mork Breivik, Ola Heltne Nilsen, Andreas Nesset Jr, Markus Hareide, Bastian Rasmussen, Herman Heimland og Henrik Hareide Holstad. Vi ser at dei blant anna har to spelarar som har spelt i 2. divisjon i år, i Håvard Mork Breivik (Brattvåg) og Ola Heltne Nilsen (Hødd). Bortsett frå sistenemnde so er det og berre spelarar som enten spelar for Hareid IL, eller som har gjort det fram til i sommar. Utan å vite kva fleire lag som kjem til å melde seg på, so blir vi overraska om ikkje Gyazo går inn i turneringa som ein av dei store favorittane.

No håper vi at endå fleire lag melde seg på turneringa i løpet av helga!




Nicolaisen ny leiar i Hareid IL Fotball – også fleire nye styremedlemmar

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Nov 2021

Tysdag kveld vart det halde årleg møte i fotballgruppa. 35 medlemmar møtte fram.

Det betydde at det vart godt engasjement på møtet. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vedtok årleg møte mellom anna at FFO-ordninga skal tilbake (eventuelt ei idrettsfritidings-ordning på tvers av idrettane om ønskjeleg) og at ein har mål om å få lyst ut ei stilling som spelarutviklar i løpet av vinteren. Ein stillingsprosent på mellom 20 og 40 er antyda.

Tradisjonen tru skulle det også veljast eit nytt styre. Etter to år som leiar går Anders Riise av etter årleg møte. Vi takkar han så mykje for innsatsen!

Ny leiar er Kenneth Nicolaisen. Kanskje eit nytt namn for mange, sidan han kom flyttande frå Stavanger for under to år sidan. I år har han vore spelande lagleiar på Hareid 2. Nicolaisen har lang erfaring frå både fotball og handball. Yrkesmessig har han mest erfaring frå logistikk.

Vi ønskjer Nicolaisen lykke til som ny leiar!

Fem av dei som sat i det avtroppande styret blir med vidare: Anders Eidsvik (nestleiar), Sindre Breivik (anlegg), Silja Øvrelid (utstyr), Solveig Husby (arrangement) og Terje Giskeødegård Balsnes (økonomi).

Dei siste fem-seks månadane har Hareid IL Fotball hatt eit sportsleg utval. Dette utvalet blir i alle fall inntil vidare avvikla. I staden skal fire personar i styret (+ vara) jobbe med sport.

Desse personane blir Emil Johannes Dahlen Folkestad, Einar Orten Trovåg, Cecilie Skeide, Kim-Tore Husøy og Håvard Knudsen Bjåstad (vara).

Dei tre førstnemnde sat i sportsleg utval i år. Husøy var på si side i a-lagstrenar, medan Bjåstad var a-lagsoppmann. I tillegg hadde og har begge roller i den aldersbestemte fotballen.

Av dei seks nye som kjem inn i styret er fem nye, medan Einar Orten Trovåg har noko slikt som ni års styreerfaring frå tidlegare. Dermed blir han den nest mest erfarne styremedlemmen etter Sindre Breivik.

Ei nærare arbeidsfordeling mellom dei sportslege styremedlemmane blir truleg presentert etter første styremøte – som truleg blir neste veke.

(Vi kan også nemne at det skal veljast inn ein varamedlem til. Det ligg i korta at det blir ei dame.)

Vi ønskjer det nye styret lykke til!

Girri, girri!




Første damelag påmeldt!

Postet av Hareid Idrettslag den 19. Nov 2021

Haalands fruer blei første damelag som meldte seg på årets Grendacup!

Det er ikkje kven som helst, det er nemleg vinnarane frå Grendacupen 2019. Klarer damene å forsvare tittelen frå 2019?

I 2019 heite laget «Egenverdi», men har i år gått for ein litt annan vri, nemleg Haalands fruer som sjølvsagt kan refererast til Haaland himself. Kjem Erling å ser på fruene sine under Grendacupen?

Laget består av følgande spelarar: Kethleen Lorenzo Alstadsæter, Anna Nerland Aaahjem, Vilde Sundnes Sundal, Andrine Nevstad, Cecilia Bakke, Jenny Gjerde og Silje Bjåstad.

Vil du melde på lag, følg lenka her: Påmelding Grendacup 2021 (google.com)




Ny turnhall!!

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Nov 2021

Hareid Idrettslag hadde i går, onsdag, eit ekstraordinært årsmøte der dei vedtok å bygge ny turnhall med ei kostnadsramme på kr. 20,6 millionær kroner.

Dette er ein gledens dag for heile idrettslaget, for denne turnhallen vil kome alle til gode. Som Linn Urke sa under årsmøte i går: «dette er ein basishall, ikkje ein turnhall». Turnen vil veldig gjerne få eit samarbeid med alle gruppene i idrettslaget slik at alle får bruke turnhallen 🙂

Harald Møller orienterte forsamlinga om prosjektet og alt arbeid dei har gjort til no og arbeid dei kjem til å gjer framover.

  • – Det blir byggestart i mars 2022 og vi håpar at hallen skal stå ferdig til opning på idrettslagets 100-årsdag; 28 desember neste år. Sjølve turnhallen blir på 750 m², en sokalla mellomstor basishall. Etter at Hadarhallen er kome opp, samt kunstgrasbane og friidrettsanlegget er oppgradert, var det no turngruppas tur til å få realisert sin hall, sa Møller før han orienterte om kva hallen består av.




O2-snapparane er Grendacupen sitt første påmelde lag

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Nov 2021

Årets aller første lag er påmeldt Grendacupen 2021 – og det er ingen andre enn det tradisjonelle laget «O2-snapparane». Her kjem ein kort presentasjon av laget.

Laget er påmeldt i herreklassa, og består av følgjande spelarar: Torstein Holstad Sivertsen, Anders Egge Brandal, Christian Korshaug, Gabriel Olav Peterson, Isak Gabriel Skotheim, Kristoffer Flø, Oliver Sulebakk Sylte, Stian Brandal og Ulrich Kurseth.

Ein ser altso at dette laget består av ei god blanding ulike typar spelarar. Vi har til dømes Christian Korshaug og Gabriel Olav Peterson, som begge har spelt for Hareid A-lag og G19 denne sesongen. So finn vi det som må kunne reknast som deira største stjerne, Isak Gabriel Skotheim, som har spelt ein god del i 2. divisjon for Hødd denne sesongen. Ellers er det fleire spelarar med meir rutine, som har deltatt på Grendacupen svært mange gongar, og verkeleg veit kva det dreiar seg om.

No blir det spanande å sjå kven dei neste laga som meld seg på blir!

Lenkja til det finn du her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSe1TSbI8i5fAPsy5MDyes6JZMt6rltNa0caL9nrZ5_2wORy6g/viewform?fbclid=IwAR0uBx2Zzll9_aOOY8EPe1DO5I_Y-ba8fqSaHQPJjy7HZQyWrjy1fqtMwDo




Siste nytt om reglar knytt til Old Boysklassa

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Nov 2021

Førre veke blei det klart at det er mogleg å stille lag i Old boysklassa under Grendacupen 2021.

Med den publiseringa kom det nokre reaksjonar/tilbakemeldingar. Blant anna om alderskravet som vi hadde på 40 år.

Der har vi gått ned til at du kan være 35 år og fortsatt delta i denne klassa, men du må være «mosjonist» og ikkje spele i divisjonssystemet. Ein kan maksimum være 10 spelarar på laget og påmeldingsavgifta blir på kr. 1000,- per lag. I denne klassa gjeld ikkje «utlendingsregelen».

Når det gjeld å spele alle kampane på same dag har vi nødt til å sjå på kor mange lag ein blir når påmeldingsfristen går ut. Vi kan ikkje sei om den klassa blir gjennomført over ein eller to dagar enda.

Vi har uansett stor tru på at dette blir ei populær klasse, både for spelarane som deltek og for publikum 🙂

Ein kan lese alt av reglar og påmelding her: Reglar og påmelding 2021 – Hareid IL




Slik kan du vinne Grimstadvatnet rundt utan å kome først i mål

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Nov 2021

Den nesten to år lange pause sidan sist utgåve av Grimstadvatnet rundt har gjort at redaksjonen svikta på (minst) eitt punkt då vi annonserte vinterens karusell:

Vi gløymde nemleg å informere om poengreglane.

For du treng slett ikkje å kome først i mål for å vinne Grimstadvatnet rundt.

Etter det fjerde løpet første laurdagen i februar er det samling på klubbhuset, og då skal det kårast vinnarar (og i ein del klassar også andre- og tredjepremiar) i alle aldersklassar.

Men for å kunne vinne må du ha delte i minst tre av løpa.

Det betyr at det ikkje gjer noko om du ikkje var med i november, dersom du deltek i desember, januar og februar.

Slik er reglane:

Poengsummen i dine tre beste løp (dersom du har fire) tel.

Vinn du klassen din får du 10 poeng. Blir du nummer to får du 9 poeng – og så vidare.

Skulle du delta i alle fire løpa får du fire bonuspoeng.

For å ta eit eksempel:

Får du plasseringane 1, 2, 3 og 4 i din klasse gjennom vinteren får du 31 poeng (10+9+8+4) (fjerdeplassen blir stroken, men du får fire plusspoeng.)

Eit anna eksempel:

Deltek du tre gonger og får plasseringane 1, 3 og 4, så får du 25 poeng (10+8+7).

Forstod du ingenting av dette?

Møt opp, spring så fort du kan og møt opp på avslutninga i februar uansett!

Og slik det er sagt: Det er fullt mogleg å delta éin eller to gongar i løpet av vinteren også…

Neste løp er laurdag 4. desember.

Vel møtt!

(Biletet: Olger B. Pedersen frå Dimna IL vann november-løpet og dermed også sin klasse – noko som sikra han 10 poeng.)




Pressemelding Grendacupen 2021!

Postet av Hareid Idrettslag den 11. Nov 2021

Endeleg er vi i gong igjen etter eit par år med pandemi.
Vi har fått ein del tilbakemeldingar om at Grendacupen er savna og vi er ganske sikre på at mange vil ta turen innom Hareidhallen i romjula for å sjå litt action igjen!

Påmeldinga har våre open ei drøy veke, og det har allereie kome inn eit par påmeldingar.

Nytt av året er at vi skal ha ei Old boys klasse. Her kan dei som er 40år++ melde seg på. Her gjeld ikkje «utlendingsregelen». Dette har vi stor tru på at vil trekke enda fleire til Hareidhallen, både lag og tilskodarar. Eit lite obs her er at vi treng minimum 6 lag for at vi skal klare å gjennomføre dette.

Vi har også auka «utlendingsregelen» frå 3 til 4 personar. Vi har fått nokre tilbakemeldingar om at folk ikkje klarer å stille lag om det berre er lov med 3 «utlendingar» på laget. Om det blir skivebom, går vi tilbake til 3 neste år, men vi har lyst å prøve ut 4 for å sjå om vi klarer å få med fleire lag.

Her kan ein melde på lag: https://docs.google.com/…/1FAIpQLSe1TSbI8i5fAP…/viewform

Og her kan ein lese meir om reglane: https://www.hareidil.no/reglar-og-pamelding-2021/

Vi gler oss veldig til romjula og Grendacupen, og det reknar vi med fleire gjer!
På bilete ser de eit knippe av Grendacupstyret.




Innkalling og saksliste til omframt årsmøte 2021

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Nov 2021

Til medlemmer i Hareid Idrettslag

Sakliste og saksdokument til omframt årsmøte 2021 i Hareid Idrettslag

Styret viser til innkalling til omframt årsmøte i annonse i VB/VP 29.10.2021.

Årsmøtet vert halde den 17. november 2021 kl. 19 i Festsalen på klubbhuset, Myravegen 12.

Sakliste for årsmøtet:

Sak 1: Godkjenne dei med stemmerett

Sak 2: Godkjenne innkallinga

Sak 3: Godkjenne saklista

Sak 4: Val av dirigent

Sak 5: Val av referent

Sak 6: Val av to medlemmer til å underskrive protokollen

Sak 7: Bygging av turnhall

Saksdokument ligg ved.

Med helsing
Hovudstyret i Hareid IL

Vedlegg:




Borghild Oline Holstad er teken ut til Norgesfinala i turn!!

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Nov 2021

Holstad er teken ut til Norgesfinala i turn som skal haldast i Lørenskog 20. og 21.november.

Det er veldig mange år sidan Hareid hadde nokon gymnastar som vart teken ut til dette. Sist vi hadde det var når Helene Kvalsund (som no er trenar) var aktiv turnar. Veldig gledeleg at Hareid klarer å få fram slike talent. Det sei litt om den jobben alle trenarane legger ned, sjølv med dårlege fasilitetar.

Holstad driv også med friidrett, der er ho også i norgestoppen i si aldersklasse. Litt av eit talent vi har i Borghild 😀

Vi gratulerer Borghild so mykje og ønskjer ho masse lykke til 😀

Borghild i aksjon under KM.



Vellykka KM-helg for turnarane.

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Nov 2021

I helga som var blei det arrangert KM i turn i Hareidhallen, og for ei helg det blei!!

Både laurdagen og søndagen kunne vi endeleg invitere folk til Hareidhallen for å sjå turn på høgt nivå igjen. Det var aktivitet og engasjement gjennom heile helga. Vi vil takke alle som tok turen, og takk til alle som var med å bidrog i tida før, under og etter arrangementet. Utan dokke hadde det ikkje blitt noko KM 😀

Her kjem nokre av resultata frå helga:

Plasseringar
Rekrutt 11:

  1. Madeleine Almli Moldskred, Hareid
  2. Emilie Brune Slettebakk, Hareid
  3. Tora Hovden, Hareid

Rekrutt 12:

  1. Live Husø Johanssen, Hødd
  2. Madelen Djupvik, Hødd
  3. Siren Kvalsvik Slinning, Hødd

Klasse 1:

  1. Hili Bjørg Scharf, Tomrefjord
  2. Elida Øvrelid Breivik, Hareid
  3. Selma Tarberg, Hødd

Klasse 2:

  1. Elina Tarberg, Hødd
  2. Aina Utgård, Hødd
  3. Borghild Holstad, Hareid

Klasse 3:

  1. Pernille Eiken Fosse, Hødd
  2. Silje Eiken Vatne, Hødd

Resten av resultata kan de finne her: Live Score – Sport Event Systems

Rekrutt og stigegymnastane Aspirantane (dei aller fleste deltok på si første konkurranse)



Takk til Hødd – Hareid blir i 4. divisjon

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Nov 2021

Spennande vart det, men Hødd 2 rykkjer opp til 3. divisjon etter å ha slått N/R-vinnaren Tomrefjord 4-2 over to kampar.

Gratulerer! Og takk for hjelpa!

For resultatet betyr at Hareid får spele i 4. divisjon også neste år, etter å ha passert Valder i siste serierunde på målforskjell og dermed sikra seg den (fram til i dag) usikre 11. plassen.

Hareid kan no skilte med å ha spelt i anten øvste krinsserie eller ein regional serie samanhengande heilt sidan 2001. Så vidt vi kan telje i farta er det berre SIF, Spjelkavik og Volda som kan skilte til noko liknande – i tillegg til dei stabile topplaga AaFK og Hødd.

Men fleire gonger har Hareid vore veldig nær nedrykk. Både i 2009, 2019 og no i år held Hareid seg fordi avdelingsvinnaren vinn kvaliken mot vinnaren av Nordmøre/Romsdal-avdelinga.

Så la oss håpe det ikkje blir like spennande neste sesong!

Oppkøyringa startar forresten allereie i morgon. Eller det vil seie; det er perioden som nyetrenar Hans Gisle «Kisse» Holstad så fint kallar «aktiv avkopling» som startar no.

På programmet i morgon står ei lysbetont økt med fotballtennis og five-a-side-fotball. Så får vi sjå om det dukkar opp anna innhald i øktene etter kvart…

Girri girri! (Og igjen takk til Hødd 2!)

(PS. Biletet som ligg ved må vere typisk for årets haustsesong – med fleire sentrale spelarar utanfor bana.)




Dimna-utøvarar til topps i første løp

Postet av Hareid Idrettslag den 6. Nov 2021

47 deltakarar stilte til start i den første utgåva av Grimstadvatnet rundt på 21 månader.

Løparar frå Dimna IL vann begge klassane.

Olger B. Pedersen persa og klarte 25.50, noko som gjer han til den 12. beste i dette løpet nokon gong (han hadde frå før 16. plassen). Pedersen har slite mykje med skadar dei siste åra, så at han persa i dag var inga sjølvfølgje – men desto kjekkare!

Gledeleg var det også at Jan Endre Rise frå Hareid IL persa seg med rundt eit minutt og tok andreplassen på tida 27.13. Dette var eit av mange høgdepunkt i det som har vore ein strålande sesong for mr. Rise. Eit godt bevis på at ein kan gjere store sportslege framsteg sjølv om ein er oppe i 40-åra.

Dameklassen var det Maria Ringstad som vann, no med tida 31.39. Ho klatrar dermed frå 12. til sjuandeplass på kvinnelista.

Arrangørklubben hadde også ei pallplassering blant damene, der Oda Renate Topphol Midtflø vart nummer tre.

Kort oppsummert var det god deltaking og godt humør over heile linja. Ikkje minst kjekt å sjå både mange nye og mange gamle løparar. Neste løp går om fire veker.

Fullstendig resultatliste og mange bilete frå dagens løp ligg på Hareid IL sin facebookprofil.

Takk for i dag og god helg vidare!




Klart for påmelding til Grendacupen 2021!

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Nov 2021

Då er Grendacupen endeleg tilbake og vi opnar opp for påmeldingar frå i dag av.

Det er nok mange som har savna den faste plassen å være i romjula, nemleg i Hareidhallen, men no er det endeleg klart for ei ny runde med Grendacupen igjen, den 27. i rekka.

Alt som gjeld reglar og påmelding har vi samle på denne sida: Reglar og påmelding 2021 – Hareid IL

Trykk deg inn der for å lese om reglane og sjølvsagt for å melde på lag 😀

Vi ser fram til å fylle Hareidhallen saman med dokke igjen! Girri Girri!!

Påmelding kan også skje gjennom denne lenka: Påmelding Grendacup 2021 (google.com)




Ny toppscorar for Hareid a-lag

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Nov 2021

Statistikken for den ampurterte sesongen til Hareid sitt herrelag er no ferdig.

Sesongen bestod av 14 kampar, 11 seriekampar og tre treningskampar.

Nykomaren Petter Haddal Worren var ein av to som spelte alle kampane. Han vart også lagets toppscorar på første forsøk med fem mål, av desse fire i serien.

Det spørst om dette er første gongen ein frå Haddal blir toppscorar for Hareid a-lag. På 2000-talet kan vi i alle fall kome på at Hareid har hatt toppscorar frå Brandal (August Brandal), Hareid (Ruben-Kenneth Brandal, Martinus Røyset Bakken, Christer Adrian Mork), Hjørungavåg (Even Hansrud), Bigset (Kim-Tore Husøy), Dimna/Hasund (Georg Eikrem Olsen), Vågsøy (Ronny Jørgensen), Fosnavåg (Thor-Ove Brekke), Åheim (Runar Stranden) og Ulsteinvik (Bjørge Worren, Ola Kalvø Vattøy, Remi Helleseth) – men no viser det seg altså at dei kan score mål på Haddal også.

Nest mestscorande vart William Valde Bigset med fire mål.

Gustav Bjørlykke Kløvning var den andre som spelte alle kampane.

Spelarstatistikk: Rikard Osnes (13-0), Herman Heimland (3-0), Gabriel Olav Peterson (13-0), Ørjan Engen Grimstad (10-0), Martin Nikolai Longva (12-2), Nauris Driksna (12-0), Andreas Nesset jr (4-0), Tarje Dimmen Riise (3-0), Markus Hareide (2-0), Fredrik Andresen (1-0), Johannes Knardal (11-0), Ola Kalvø Vattøy (6-0), Daniel Hüttner Pilskog (10-0), Håkon Thormodsæter (5-0), Iver Skeide (4-0), Kristen Haddal Røssevoll (4-0), Kim Andre Lid Alvestad (13-3), Gustav Bjørlykke Kløvning (14-1), Petter Worren (14-5), Sebastian Hansen Bjørlykke (12-1), William Valde Bigset (11-4), Ruben Kenneth Brandal (10-0), Bartek Balawender (1-0), Christoffer Ottesen (1-0), Adolphus Jacobs (6-0), Natnael Belay (3-0), Håvard Knudsen Bjåstad (3-0), Christian Korshaug (9-0), Benjamin Riise Erdal (7-0), Joar Møller (3-0), Lars Roar Holstad (2-0) og Bastian Rasmussen (3-0).

Av desse debuterte følgjande i år (eller dei to kampane som vart spelt vinteren 2020): Heimland, Peterson, Knardal, Pilskog, Skeide, Røssevoll, Worren, Balawender, Ottesen, Jacobs, Belay.

Statistikkføraren (som også er dagleg leiar og påtroppande lagleiar for a-laget – skal vite) har også oppdatert adelskalenderen.

Den viser ingen endringar på dei 28 øvste plassane. Joar Møller har med sine tre kampar i år derimot klatra frå 30. til 29. plass. Møller debuterte for a-laget allereie i 2003. No står han med imponerte 214 kampar (og ikkje fullt så imponerande fire mål).

Dei som elles spelte i år og som har passert 100 a-kampar er: Andresen (161), Driksna (157), Brandal (152), Holstad (145), Grimstad (122), Vattøy (106).

Ingen passerte 100 kampar i år, men Gustav Bjørlykke Kløvning står med 95 kampar og bør dermed kunne gjere seg fortent til ein pokal i løpet av treningskampane i vinter.

Ein fullstendig adelskalender blir etter planen lagt ut om ikkje altfor mange dagane.

I mellomtida: Heia Hødd 2!




Johs Christian Riise er månadens frivillige for oktober

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Nov 2021

Johs er månadens frivillige for oktober!!

Han får nok ikkje denne utmerkinga kun på grunn av innsatsen i oktober, men heller for alle dei åra han har lagt ned i frivillig arbeid her på anlegget til Hareid IL 😀

Johs er ein stor ressurs som vi set stor pris på. Han har våre innblanda i ei eller anna rolle for fotballen i over 20 år. Det er mange barn og unge som har nytt godt av innsatsen og engasjementet som han har lagt ned 🙂

Gratulere so mykje med prisen! Fult fortent 😀




55-åring vart toppscorar for Hareid 2

Postet av Hareid Idrettslag den 1. Nov 2021

Statistikken etter Hareid 2 sin relativt korte sesong (seks kampar) er ferdig.

Den viser at toppscorar vart 55 år gamle (56 i januar skal vite) Kurt Haddal vart lagets toppscorar med 13 mål.

Som lagets lagleiar og statistikkførar Kenneth Nicolaisen seier det: – Her har Hareid fått fram eit talent ein kan få glede av i mange sesongar framover!

Det er forresten Kurt vi ser til høgre på biletet med draktnummer 9 (Hareid-spelaren til venstre er Odd-Magne Brandal).

Nest mestscorande vart Joakim Skarbø med åtte mål. Han var også ein av tre som spelte alle kampane.

Full statistikk:

Ole André Nevstad Kragset (4/3), Kenneth Nicolaisen (4/7), Are Olav Riise (4), Benjamin Slettebakk (6/4), Eiliv-Tore Howlid (5), Emil Johannes Dahlen Folkestad (3/1), Fredrik Fagerli Abrahamsen (5/6), Jan Robin Haraldsvik (3), Karol Jaszewski (6/1), Odd-Magne Brandal (5/2), Ulrich Kurseth (3/1), Joakim Skarbø (6/8), Oskar Fevang (1/2), Kristen Haddal Røssevoll (5/4), Ola Kalvø Vattøy (2/5), Lars Petter Bjørlykke (2), Daniel Reite (3), Kurt Haddal (5/13)

Som vi melde i går vart Hareid 2 kretsmeistrar i år, og sidan sesongen vart såpass kort melder fotballkretsen at ein berre treng om å ha vore på bana i éin kamp for å kunne kalle seg kretsmeister i år. Så vi gratulerer til alle 18!

Adelskalenderen for sjuarfotball er også oppdatert. Både kampar frå då sjuarlaget har heitt Hareid 2 og Hareid 3 er tatt med, men ikkje frå den sesongen sjuarlaget heitte Hjørunavåg2/Hareid3 (2014), sidan det var Hjørungavåg IL som organiserte laget då.

Her er topp 10 på adelskalenderen (kampar/mål):

Odd-Magne Brandal (28/15), Fredrik Fagerli Abrahamsen (20/35), Benjamin Slettebakk (19/14), Håvard Bolstad Banne (17/15), Emil Johannes Dahlen Folkestad (16/1), Thor A. Barstad Gulbrandsen (15/1), Daniel Reite (14/5), Kevin Øvrelid (14/26), Martinus Warholm (14/2), Lars Bastian Reite (13/8)

Andre målsnikar: Eirik Walunet Brandal (10/20), Ivar André Aadland (6/20)




Ikkje for seint å sende inn foto til jubileumsboka

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Okt 2021

Men det begynner å haste…

Neste år fyller Hareid IL 100 år. Som seg hør og bør kjem det ei eiga jubileumsbok, og komiteen som jobbar med boka har no halde det gåande i over eitt år. Utkast til det meste av tekst er på plass. Mange hundre foto er samla inn. Statistikk har det også blitt jobba mykje med, spesielt for fotball og friidrett. I desse dagar blir det til dømes jobba med å hente inn statistikk for (den amputerte) fotballsesongen 2021. Det har også blitt samla inn nokre tekstar frå andre enn dei som sit i komiteen

Utover vinteren og våren vil nok komiteen prioritere redigeringsarbeid, korrekturlesing og etter kvart det grafiske. Det finst også ein plan om å ta bilete av alle som er aktive medlemmar i 2022.

Om nokon skulle sitje på historiske bilete som komiteen burde vurdere, så er det likevel ikkje for seint. Men det begynner å haste.

Ein ser at det til dømes er få tilgjengelege foto frå rundt tusenårskiftet, truleg fordi mange då gjekk over til å bruke digitale kamera – men det var før det var vanleg å legge desse ut på nettet.

Men alt er av interesse, både lagbilete, portrett av viktige personar, bilete av sosiale samlingar og turar, actionfoto osv.

Så brenn du inne med bilete frå dei 99 første åra til Hareid IL som du trur andre kan ha interesse av å sjå, så send til ei av desse adressene:

leivarne.grimstad@gmail.com

hansgisle@hotmail.com

olav.sindre.rise@gmail.com

trovaag@gmail.com




Hareid 2 endeleg kretsmeistrar

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Okt 2021

Dei har prøvd mange gongar, både i 11-ar og sjuarfotball. Søndag vart Hareid 2-gruppa endeleg kretsmeistrar.

Det skjedde etter ein storsiger borte mot Hjørungavåg i sjuarserien. Om vi såg rett vann Hareid heile 12-2, etter blant anna tre mål kvar av Kurt Haddal og Joakim Skarbø. Ein god Daniel Reite i Hareid-buret tok det meste som kom frå Arthur Hareide og Co. på Hjørungavåg. Sigeren var uansett aldri trua.

Med dette vann Hareid 2 seks av seks kampar i sjuarserien i haust. Jonas Pilskog Pedersen, som også spelte kampen for Hjørungavåg, delte ut KM-pokalen til Hareid-kaptein Emil Johannes Dahlen Folkestad etter kampen.

Den siste tiårsperioden har Hareid 2 og 3 ei rekkje gonger vore nære på å ta KM-tittelen. Blant anna har laget tre andreplassar i Søre-avdelinga i 6. divisjon. Eine året var Hareid likt i poeng med avdelingsvinnaren. Eit anna år hadde nok Hareid vunne avdelinga om ikkje eitt av motstandarlaga i ein avgjerande kamp spelte med ulovlege spelarar.

I sjuarserien enda Hareid som nummer to eller tre både i 2015, 2016 og 2017. I 2019 vann Hareid sju av åtte kampar, men deltok berre i hautsesongen – og kunne dermed ikkje vinne KM-gull.

Så då var altså på tide at det skjedde i dag. Dette er elles det første KM-gullet til Hareid IL i fotball sidan 2017, då damelaget vann 4. divisjon.

Hareid 2 har som tidlegare meldt for lengst begynt å planlegge neste sesong, noko som kanskje betyr 11-arfotball.

Men inntil vidare får karane sutte på KM-karamellen. Gratulerer!




Hareid IL og Aktiv trening Hareid har inngått samarbeidsavtale.

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Okt 2021


Vi kan med dette meddele at vi har inngått ein samarbeidsavtale med Aktiv trening Hareid. Denne avtalen innebærer at alle aktive medlemmar i Hareid IL kan inngå medlemskap til kr. 280,-per mnd 🙂

Det er 50% rabatt på etablering og ingen bindingstid. Det blir utvida treningsmoglegheit med nøkkelkortfunksjon frå det året man fyller 16 år.

OBS! Dersom personen er under 18 år må ein foresatt stå som betalar og ha godkjent avtalen.
Då er det berre å hive seg rundt med treninga for alle som er medlem i Hareid IL 😀

Aktiv trening har fått ei liste med alle medlemmane i klubben.
Vil du bli medlem kan du trykke deg inn på denne lenka og følgje instruksane der: https://club.spond.com/landing/signup/hareididrettslag




Månadens frivillige for oktober.

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Okt 2021

Kven fortenar prisen månadens frivillige for oktober?

Akkurat det kan du være med å bestemme. Send inn ditt forslag til dagleg leiar på mail (daglegleiar@hareidil.no) eller mobil (47362493).

Den som får flest nominasjonar blir kåra til månadens frivillige for oktober 🙂

Vinnaren blir offentleggjort neste veke.




Har deltatt i 42 av 42 utgåver

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Okt 2021

Kor mange løp i Norge som har eksistert lenger samanhegande enn Snipsøyrvatnet rundt veit vi ikkje.

Det vi derimot veit er at André Gjerde (biletet) har delteke i 42 av 42 utgåver av det tradisjonsrike landevegsløpet. Ikkje verst! Gjerde er åleine om denne bragda, etter at det for nokre få år sidan var fem som hadde vore med alle åra.

Det var tett på 60 deltakarar i laurdagens løp. Det blir rekna som veldig bra, sidan det som seg hør og bør har blitt arrangert veldig mange både gamle og nye løp etter at samfunnet opna opp igjen tidlegare i år.

Lars Martin Melheim (41,08) frå Olden og Jodie Brautaset frå Åmdal (54,13) vann løpet. Melheim si tid er den sjette beste nokon gong!

Hareid IL sine to kanonar på herresida, Henrik Hareide Holstad og Jan Endre Rise, vart høvesvis nummer tre og fire i herreklassen.

Oda Renate Topphol Midtflø vart fjerde beste kvinne.

Sjå alle resultata her.

Det ligg mange foto ute på Hareid IL sin facebook-profil.

Takk for denne gongen, så snakkast vi under Grimstadvatnet rundt om 12 dagar.




Siste veka med kampar på Hareid for i år

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Okt 2021

Då går vi inn i siste veka med kampar på Hareid for i år.

Under finn du oversikta over kampane 🙂

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Måndag 18.30 Hareid kuling Bergsøy Hadarhallen G12
Tysdag 18.30 Hareid Rollon Hareid kgb G19 2.div
Tysdag 20.00 Hareid2 Haddal Hadarhallen Menn 7ar
Onsdag 18.30 Hareid2 Hødd2 Hadarhallen G13
Onsdag 18.30 Hareid Herd Hareid kgb J15 2.div



Endeleg klart for vinterkarussel

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Okt 2021

Sist vinter skulle vinterkarusellen Grimstadvatnet rundt ha blitt arrangert for 40. gong. Slik gjekk det ikkje. Men no ligg alt til rette for jubileum og fire artige løp på Hareid denne vinteren.

Grimstadvatnet rundt-karusellen har alltid bestått av fire løp, som med få unntak har gått første laurdagane i november, desember, januar og februar. Etter løpet i februar er det premieutdeling på klubbhuset.

Løpet er på 7,7 kilometer og skulle dermed passe mosjonistar i alle aldrar. Ikkje for langt og ikkje for kort!

Første løp i 40-årsjubileet går laurdag 6. november. Januarløpet er lagt til 8. januar (1. januar held ein heilag). Elles er det første laurdagen som gjeld også i november og februar.

Etter den gode deltakinga i Snipsøyrvatnet rundt i det helga er det håp om at mange også finn vegen til Hareid desse løpa. Det viktigaste er å delta, men nokre få vil kanskje prøve å kome med på topp 20-listene:

1. Ådne Andersen, 22.39
2. Marius Bakken, 22.50
3. Jan Magne Breivik, 25.00
4. Jørn Helge Egset, 25.03
5. Robert I. Kleppe, 25.21
6. Petter Nørve, 25.24
7. Terje Gautvik, 25.34
8. Kristian Nedregård, 25.37
9. Joachim Brandal Tranvåg, 25.41
10. Arnfinn Oksavik, 25.44
11. Frank Otto Meinseth, 25.48
12. Jan Ove Pilskog, 25.55
13. Kamal Talil, 25.56
14. André Hammerø Løseth, 26.01
15. Thomas Molnes, 26.02
16. Olger B. Pedersen, 26.10
17. Odd Elvanes, 26.17
18. Andreas Vangsnes, 26.18
19. Knut Innselset, 26.19
19. Ole Per Måløy, 26.19

1 Ragnhild Kvarberg 26.51
2 Trine Pilskog 27.05
3. Ingrid Festø 28.59
4. Jenny Stokevåg Berg 30.29
5. Veslemøy Hausken 30.34
6. Karete Nasset 31.23
7. Kristine Engeset 31.40
8. Audhild Bakken Rognstad 31.41
9. Hege Holstad 31.49
9. Ingrid Holstad 31.49
11. Ingunn Eikrem Olsen 31.58
12. Maria Ringstad 32.11
12. Vendel Snipsøyr 32.11
14. Astrid Bratthaug Sørset 32.16
15. Kathrine Rørtveit 32.18
16. Oda Renate Midtflø 32.19
17. Norunn Dimmen 32.26
18. Jodi Brautaset 32.33
19. Bente Årflåt 33.03
20. Silje Fjørtoft 33.08
20. Camilla Svoren, 33.08

Praktisk info:

  • Frammøte ved klubbhuset, der det også er garderobar.
  • Påmeldinga skjer der, men du kan også melde deg på på førehand ved å bruke nummeret 909 41 263 eller mailadressa odderi@gmail.com. Hugs namn, fødselsår og klubb (eller kvar du kjem frå).
  • Du kan bruke VIPPS til å betale. Nummeret finn du ved frammøte. Men du kan også betale kontakt om nødvendig.
  • Startavgifter: Senior kr. 100/løp, Junior 50/løp. I tillegg kjem lisens (40kr for senior; 30kr for junior født 2008 eller tidligare – dekker heile karusellen)
  • Påmeldinga startar klokka 12.30 før løpa.

Då står det berre igjen å ønske dykk velkomne til Hareid!

PS. Det ligg mange foto frå Snipsøyrvatnet rundt i helga på Hareid IL si facebook-side. Sjå ikkje vekk frå at det kan kome foto frå Grimstadvatnet rundt der etter eitt eller fleire av løpa i vinter…




A-lagskabalen er klar: Kisse gjer comeback

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Okt 2021

Først av alt ønskjer vi å takke Kim-Tore Husøy for innsatsen han har lagt ned som trenar dei to siste åra. Ingen Hareid-trenar har nokon gong hatt større utfordringar enn han har hatt denne perioden. Koronasituasjonen har gjort at treningane har blitt stoppa og starta opp igjen fleire gongar, og fram til i sommar har det heile tida vore usikkert når seriespelet ville starte opp igjen. Samtidig forsvann nesten heile Hareid sin gyldne 2001-generasjon denne sommaren, spelarar som hadde danne ei svært spennande stamme i laget om det hadde blitt seriespel i 2020 eller våren 2021. Korleis det hadde gått om desse hadde fått spelt får vi dessverre aldri svar på.

Etter ein lovande start mot Emblem har det deretter blitt mykje motgang i serien. Mange eittmålstap har det blitt. Mange fortent – andre etter utur. Flyt har det i alle fall ikkje vore! Uansett: Kim-Tore Husøy har trass i motgangen klart å halde oppe humøret heile vegen, og vi takkar han så mykje for den framifrå innsatsen han har lagt ned desse to tøffe åra! 

Allereie i sommar var det klart at Husøy var uaktuell som Hareid-trenar utover denne sesongen. For nokre veker sidan starta dermed jakta på ein erstattar. Og tidlegare denne veka var det klart at erstattaren blir sjølvaste Hans Gisle Holstad. «Kisse» er ein av Søre Sunnmøres mest meritterte trenarar gjennom tidene. I tillegg til å trene Hødd i to periodar, Bergsøy (nesten opprykk til nivå to), Kongsvinger og aldersbestemte landslag har han trena Hareid a-lag i periodane 1979-1982, 1984-1985, 1989, 1994 og 2013-2014. Det betyr at Kisse blant anna var trenar då Hareid for første gong rykte opp til nivå tre i 1980, og det var han som bygde opp igjen Hareid etter den svært tunge 2012-sesongen. Det skulle vere unødvendig å nemne at han også har landets høgaste trenarutdanning. Vi er svært glade for at Kisse no har tatt på seg å trene moderklubben igjen!

Styreleiar Anders Riise seier at han ønskjer Kisse tilbake som a-lagstrenar: – Eg føler meg trygg på at Hareid IL har fått ein kapasitet med mykje verdifull erfaring som vil ta laget til nye høgder!

Trenarløysinga elles også er av det lokale slaget. Hjelpetrenarar blir Vagn Scheide Mork, Lars Petter Bjørlykke og Vidar Vollsæter. Bjørlykke bur i likskap med Kisse på Holstad, men er eigentleg frå Selje. Han har spelt på fleire seniorlag på Nordvestlandet og har i fleire år trena aldersbestemte lag på Hareid. Ein svært kompetent ressurs. Flyttar vi oss litt lenger fram i dalen og til Grimstad finn vi Vagn Scheide Mork, mannen som toppar Hareid sin adelskalender.  Han har også vore anten hjelpetrenar eller sidestilt hovudtrenar for Hareid i 2009, 2012 og 2016 – og i fleire sesongar også keepertrenar. Sidan 2016 har Mork trena aldersbestemte lag. Vidar Vollsæter – som vi finn på det andre side av Holstad, på Gjerde, har vore i trenarteamet sidan 2013. Han er også lege, noko som også vil kome laget godt til nytte.

Elles i teamet vil vi finne to karar frå Snipsøyrdalen: Knut Helge Hovden og Gullvald Kløvning. Hovden har vore materialforvaltar sidan 2001 og var ikkje i tvil om å gå på endå ein sesong. Kløvning, som i likskap med Mork har lang fartstid som keeper, har denne sesongen hjelpt a-laget med masasje og mykje anna på kampane. Også han var ikkje i tvil då han fekk spørsmål om å gå på ein sesong til.

Den sjuande i neste års støtteapparat er den einaste som ikkje er busett i Hareid, men derimot eit bakkeløp frå kommunegrensa. Ola Kalvø Vattøy er også dagleg leiar i Hareid IL (og i haust også sportsleg leiar), og kjem neste år til å vere lagleiar i staden for å spele sjølv.

Hareid IL Fotball er svært nøgde med å få på plass eit godt støtteapparat. No veit vi enno ikkje kva divisjon det blir neste år, men satsinga skal uansett halde 4. divisjonsnivå. Og allereie 4. november blir det informasjonsmøte om neste sesong. Og ikkje lenge etter det set Kisse i sving sin tradisjonelle «aktive avkoplingsperiode». Så her gjeld det berre å henge med i svingane. Girri, girri!

PS. Det høyrer også med å takke Ørjan Engen Grimstad og Håvard Knudsen Bjåstad for innsatsen i år. Grimstad har dei to siste åra vore hjelpetrenar både på damelaget og herrelaget, sjølv om han store delar av denne perioden har budd i Ålesund, der han framleis bur. Det har ofte blitt travle dagar med to treningar per kveld. Ei slik løysing er ikkje aktuell neste år, men vi er glade for at Grimstad er veldig positiv til å bli med vidare som spelar. Dei som såg kampen mot Valder i går vart minna om kor mykje fotball det er i han. Håvard Knudsen Bjåstad har i likskap med Grimstad slite mykje med skadar i haust. Kanskje mykje derfor glei han inn i rolla som lagleiar for a-laget, der han har gjort ein formidabel jobb. No er håpet at Bjåstad held seg skadefri og stiller som spelar neste år, i tillegg til rolla han skal ha som trenar for 13- og 14-årslaget. Vel blåst!




Nedtaking av fjellpostar.

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Okt 2021

Vi minner om at årets fjellorienteringspostar står ute til og med komande søndag 24. oktober. Frist for innlevering av utfylte kart er søndag 31. oktober. Det blir premieutdelings-seremoni på klubbhuset torsdag 18. november.




Hareid tapte i årets siste heimekamp

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Okt 2021

Hareid spelte forrige fredag årets siste heimekamp, då dei tok imot Bergsøy.

Dessverre for Hareid sin del so vann Bergsøy, og stillinga blei tilslutt 0-3. Alle dei tre måla kom i 1. omgong, og målskorarane var Nils-Erik Engen (2 mål) og Bendik Frøysa.

I 2. omgong var Hareid litt betre, og klarte å holde ballen meir i laget. Men dei store sjansane uteblei, og då også måla.

No rettast alt fokus mot årets siste kamp, borte mot Valder. Dersom Hareid vinn denne kampen, går dei forbi Valder på målforskjell, og tek steget vekk frå sisteplass. Dermed vil det framleis vere håp om å halde seg i divisjonen – men då må vinnaren av den lokale 4. divisjon vinne kampen mot vinnaren av 4. divisjon i Nordmøre og Romsdal.

Akkurat denne kvalikk-kampen kan ikkje Hareid gjere noko med, men dei har altso først gjere jobben og ta tre poeng no på fredag. Lykke til!

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Gustav Bjørlykke, Martin Longva, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Sebastian Hansen Bjørlykke, Johannes Knardal, Petter Worren, Bastian Rasmussen, Kim-Andre Lid Alvestad – Kristen Haddal Røssevold.

Innbyttarar: Stian Roset, Håvard Knudsen Bjåstad, Christian Korshaug, Christoffer Ottesen, Gabriel Olav Peterson, Benjamin Riise Erdal, Adolphus Jacobs.

Hareid sine tre beste spelarar:

*** Martin Longva

** Nauris Driksna

* Gabriel Olav Peterson




Trenarteamet for Hareid 2 i 2022 er klart

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Okt 2021

Hareid 2 er framleis ikkje ferdige med denne sesongen, men har allereie planen klar for den neste.

Sportsleg utval er svært nøgde med å kunne meddele at Eiliv-Tore Howlid (biletet) held fram som Hareid 2-trenar komande sesong. Howlid var a-spelar med nokre avbrekk heilt frå 1994 til 2019, og i fleire år også hatt styre- og trenaroppgåver. Han vart Hareid 2-trenar framfor 2021-sesongen. Meininga var å stille 11-arlag i år, men grunna koronasituasjonen og all usikkerheita rundt den vart det sjuarlag. Det har gått svært bra med fire av fire sigrar. Tek Hareid 2 fire poeng på dei to siste kampane blir dei krinsmeistrar.

Med seg i trenarteamet får Howlid som i år med seg Emil Johannes Dahlen Folkestad. Han har tidlegare vore både hjelpetrenar på Hareid 2 i tre sesongar og dessutan trena juniorlaget. Han har også spelt på a-laget.

Kontinuitet blir det også på lagleiarsida. Kenneth Nicolaisen går nemleg også på ein ny sesong. Han er ukjent for mange, sidan han relativt nyleg har flytta frå Stavanger til Hareid. Men Kenneth har allereie blitt ein godt likt mann i miljøet og ein som brenn for Hareid-fotballen.

Totalt sett meiner sportsleg utval at utsiktene til Hareid 2 neste år er veldig gode. Hareid 2-leiren melder sjølve om godt frammøte på treningane utover hausten og ein stall som ser betre og sterkare ut enn på lenge. Målet neste år er å stille 11-arlag.

Hareid 2 har faktisk stilt minst eitt lag i seriesystemet sidan 2009 (minus i 2011). Mange vil nok seie at det har vore eit overraskande stabilt tilbod gjennom åra. Koronakrisa gav nok laget ein knekk, men no er dei altså på veg tilbake i full fart.

Vi ønskjer først og fremst Hareid 2 lykke til med fullføringa av denne sesongen – og lykke til med oppkøyringa når den tid kjem.




Kjekt med handballskule!

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Okt 2021


Måndag til onsdag denne veka har det våre handballskule her på anlegget.
Der har alle deltakarane fått prøvd seg på mange ulike øvingar og sjølvsagt mykje spel! 😀


Det har våre god aktivitet og mykje engasjement alle dagane.


Stor takk til alle som har blitt med som arrangør rundt handballskulen, utan dokke ingen handballskule 😀




Herd var for effektive for Hareid

Postet av Hareid Idrettslag den 11. Okt 2021

Hareid tok på fredag imot serieleiar Herd på Hareidsmyrane KGB. I store delar av 1. omgong var Hareid på høgde med serieleiarane, men på slutten av omgongen viste Herd kor effektive dei var foran motstandaren sitt mål – og kampen var difor meir eller mindre avgjord før 2. omgong.

Hareid kom til den første store sjansen i det 5. minutt. Då prøvde Petter Worren å plassere ballen i motsatt kryss frå kanten av 16-metaren, men Herd-keeperen varta opp med ei god redning, og fekk slått ballen til corner.

7 minutt seinare, i det 12. minutt, gjekk bortelaget opp i leiinga. Dei utnytta at Hareid ikkje fekk klarert ballen midt på sin eigen banehalvdel. Plutseleg var ein Herd-spelar åleine med keeper Rikard Osnes, han runda so keeper, og plasserte ballen enkelt inn til 0-1.

Men det tok berre eit minutt før Hareid utlikna. Heimelaget slo då frå midtbana ei lang pasning bak forsvarsrekka til Herd. Bortelaget sitt forsvar var svært passive i denne situasjonen, for det såg ut som dei hadde god tid, og berre kunne vente til at ballen trilla inn til keeper. Det Herd ikkje forsto før det var for seint, var at Kim-Andre Lid Alvestad kom springande i ei ekstremt høg fart. Han sprang so fort at han plutseleg, litt ut av ingenting, var først på ballen, og fekk pirka den til side for Herd-keeperen. Laga var då like langt.

Etter utlikninga var Hareid fullt på høgde med Herd i ei lengre periode, og hadde også eindel ball. Rett før pause skulle likavel Herd komme til å avgjere mykje av kampen. Dei utnytta då to gonga på rad feil frå Hareid defensivt – og auka leiinga til 1-2 og 1-3 i det 40. og 43. minutt.

Etter pause, i det 53. minutt, såg det ut som om Herd skulle auke leiinga si. For då dømde hovuddommar straffe til bortelaget. Men keeper Rikard Osnes ville det anneleis, og varta opp med ei vakker redning på straffa til Herd. Etter denne redninga var det hvertfall liten tvil om kven som skulle bli Hareid sin beste spelar.

Sjølv om Rikard Osnes hindra straffa å gå i mål, var han sjanselaus på å redde avslutninga i det 66. minutt, som førte til 1-4. Det blei då slått eit godt innlegg frå Herd si venstreside, som blei heada kontant i mål frå kort avstand.

Etter dette målet var kampen dessverre heilt avgjort. Likavel skjedde det noko veldig positivt frå Hareid si side i det 75. minutt. Då bytta hovudtrenar Kim-Tore Husøy nemleg inn Bartek Balawender, som berre 15 år gammal fekk debuten sin for A-laget. Vi gratulerar so mykje!

Dei siste 15 minutta spelte Hareid då med ei backlinje der alderen på spelarane var 15 år (Bartek Balawender), 15 år (Gabriel Olav Peterson), 26 år (Martin Longva), og 16 år (Daniel Hüttner Pilskog). Dette viser hvertfall at det finst mange svært unge og lovande spelarar i klubben!

Kampfakta

Tilskodarar: ca. 50

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna (Sebastian Hansen Bjørlykke), Gabriel Olav Peterson, Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog – Johannes Knardal, Gustav Bjørlykke (Bartek Balawender), William Valde Bigset (Adolphus Jacobs), Petter Worren (Benjamin Riise Erdal), Kim-Andre Lid Alvestad (Christian Korshaug) – Ruben Kenneth Brandal (Kristen Haddal Røssevold)

Hareid sine tre beste:

*** Rikard Osnes

**Kim-Andre Lid Alvestad

*Martin Longva




Barn – ikkje brud!

Postet av Hareid Idrettslag den 11. Okt 2021

Barn – ikkje brud!

Hareid idrettslag og Hareid kommune treng bøsseberarar til TV-aksjonen søndag 24.oktober.

TV-aksjonen i år går av stabelen søndag 24.oktober, og i år blir det også tradisjonelle bøsser, i tillegg til alle dei digitale som blei nytte i fjor 🙂
Vi har eit mål om å dekkje heile kommunen med bøsseberarar, men då treng vi 60 personar som kvar går med bøsse i om lag to timar.

I fjor blei Hareid kommune den beste kommunen i fylket (23.besre kommunen i Noreg). Då samla vi inn 72.22kr per innbyggar – og det var faktisk over 4kr meir enn neste kommune på fylkeslista som var naboane våre i Ulstein kommune. Den bragda håper vi å gjenta i år også! 😀

Kan du tenkje deg å gå med bøsser? – Meld deg på her: https://blimed.no/engasjer-deg/privatpersoner/

Vil du gi allereie no, kan du gjere det via Vipps til 2133 eller kort.

Her er Hareid IL si digitale bøsse: https://www.spleis.no/project/190732

I år er det Plan Internasjonal som får dei innsamla midla. Dei skal dei nytte i kampen mot barneekteskap – derfor slagordet «Barn – ikkje brud».

Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom TV-aksjonen skal vi i år saman gi jenter moglegheita til å velje si eiga framtid.

Målet med årets aksjon er å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger.

Til dømes blir meir enn halvparten av alle jenter i Bangladesh gifta bort før dei fyller 18 år. Dette skjer trass lover som forbyr barneekteskap. Tradisjon og kultur trumfar dessverre ofte nasjonale lovar.

TV-aksjonen skal jobbe for at jenter får halde fram skulen, at barn, unge og vaksne får opplæring i jenter sine rettar og likestilling. Vi vil også arbeide for å sikre at lovane i landa beskyttar barn frå å bli gifta bort.

Midlane som blir samla inn i TV-aksjonen skal mellom anna:

  1. Gi jenter relevant yrkesopplæring og opplæring i entreprenørskap.
  2. Støtte ungdomsgrupper og lokale organisasjonar i deira kamp mot barneekteskap.
  3. Drive opplysingkampanjar lokalt for å få ut informasjon om at barneekteskap er forbode.
  4. Arrangere foreldrekurs i omsorg og ikkje-valdeleg oppdraging
  5. Trene helsepersonell og lærarar i seksuell og reproduktiv helse.
    Les meir om kva pengane går til her: https://blimed.no/aktuelt/dette-gaar-pengene-til/



Haustferie betyr få kampar

Postet av Hareid Idrettslag den 11. Okt 2021

To kampar på anlegget denne veka 🙂

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Fredag 18.30 Hareid Bergsøy Hareid kgb 4.div menn
Søndag 17.00 Hareid Vigra Hareid kgb 4.div kvinner



Pilskog forlengar med Hareid IL Fotball

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Okt 2021

Sportsleg utval er glade for å informere om at Anders H. Pilskog har skrive under på ein ny eittårskontrakt som juniortrenar i Hareid IL Fotball.

Pilskog tok over som hovudtrenar for juniorlaget vinteren 2020, same året han fylte 17 år. Trass i sin unge alder har han vist seg som ein svært kompetent trenar. Han skal ha hovudæra for at juniorlaget har tatt store steg dei to siste åra, etter at laget hadde lege brakk eit par år før det.

Pilskog nyt stor respekt i miljøet og sportsleg utval er svært glade for at han har signert ein ny kontrakt. No er målet at juniorlaget tek ytterlegare steg neste år. Med ein så god trenar og ei lovande spelargruppe har vi stor tru på at det skal skje.

Det er håp om at ein hjelpetrenar for juniorlaget kan vere på plass neste veke.

***

Sportsleg utval kan elles informere om at trenarkabalane for neste års smågutelag er klare:

G13: Hovudtrenar: Cecilie Skeide. Hjelpetrenarar: Roger Hauknes, Jan Ove Hareide, Sigbjørn Nordstrand. Lagleiar: Evelyn Røren.

G14: Hovudtrenar: Joar Gjerde. Hjelpetrenarar: Hogne Grimstad, Jan Endre Rise, Gustav Bjørlykke Kløvning, Håvard Knudsen Bjåstad. Lagleiar: Olav Korshaug + sannsynlegvis ein til.

I tillegg til at G13- og 14-gruppene trenar og spelar kampar kvar for seg skal det også vere eit felles trenings- og kamptilbod for ei gruppe spelarar som kjem i tillegg til dette. Håvard Knudsen Bjåstad og Gustav Bjørlykke Kløvning er ansvarlege for dette.

Planen er å totalt stille to niarlag og eitt 11-arlag neste år, men dette kan forandre seg inn mot påmeldingsfristen i vinter.

Sportsleg utval er svært godt nøgde med den gode kontinuiteten og dei solide trenarressursane som blir å sjå på smågutelaget neste år.

No må både juniorlaget, smågutelaga og alle andre lag i Hareid-fotballen få konsentrere seg om å fullføre denne sesongen på best mogleg måte.

Etter at denne sesongen er slutt startar oppkøyringa for smågutelaga og juniorlaga. Sportsleg utval har bestemt at oppstart for G16 først blir gjort ved nyttår. Dette fordi det per dato trengst meir informasjon om kor stor spelarmengda blir på dette laget neste år.

I november og desember trenar gutar f. 2007 med G14 og gutar f. 2006 med juniorlaget.




Her er den nye heimesida til Nordvest Maraton

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Okt 2021

I mange år har Nordvest Maraton hatt ei eiga heimeside. Men no har det tradisjonsrike løpet fått sin eigen seksjon på Hareid IL sine heimesider. All relevant informasjon frå den gamle nettsida er med over til denne. Vi håper at sida no ser litt penare ut, men det står igjen litt finpuss før vi er heilt nøgde. Uansett: Klikk deg vidare i menyen over her for å sjå på statistikk og anna interessant frå 31 år med Nordvest Maraton.




Kampar i veke 40

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Okt 2021

Nye kampar på Hareid i veke 40 🙂

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Tysdag 18.30 Hareid tornado Vartdal Hareid kgb 9ar G12
Onsdag 18.30 Hareid Spjelkavik Hareid kgb 9ar J15 2.div
Torsdag 18.30 Hareid Stranda Hareid kgb G16 2.div
Fredag 18.30 Hareid Herd Hareid kgb 4.div menn
Søndag 14.00 Hareid Skodje/Ellingsøy Hareid kgb J13 2.div



Hødd 2 slo Hareid i lokaloppgjeret

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Okt 2021

I lokaloppgjeret mellom Hødd 2 og Hareid på Høddvoll so gjekk heimelaget inn som store favorittar – og dessverre for Hareid so innfridde Hødd 2, og vann tilslutt 2-0. Men Hareid gjor det vanskeleg for Hødd 2 i store perioder av kampen, og kan ta med seg eindel til neste kamp, som er mot serieleiar Herd.

Det var tydeleg frå då start av at Hareid sin kampplan var å liggje og forsvare seg lavt og kompakt, for å gjere det so vanskeleg som mogleg for Hødd 2 å skape sjansar. Når Hareid so vann ballen skulle dei gå på raske omstillingar. Defensivt fungerte denne kampplanen ganske bra, for Hødd 2 skapte ganske lite i 1. omgong.

Det vil seie, den fungerte heilt til det 44. minutt – for då skulle heimelaget ta leiinga. Hareid låg då som vanleg lavt, og vann ballen plutseleg i midtbaneleddet. Men Hødd var svært aggressive i presset, og vann tilbake ballen innen nokre få sekund. Då var Hareid i ubalanse, og det var store rom på Hareid si venstreside. Hødd utnytta dette, og spelte ein ball ut til høgrekanten til Hødd, Kristoffer Stranden. Innanfrå kanten av 16-meteren avslutta han knallhardt, Rikard Osnes var på ballen, men klarte ikkje å hindre at den gjekk i mål.

Dermed gjekk laga til pause med 1-0. I ein omgong der Hødd 2 hadde skapt nokre sjansar, og Hareid endå færre.

Til 2. omgong prøvde Hareid å vere litt meir offensive, og fleire spelarar blei med på kontringane deira. Nokre få minutt etter pausa so fekk Hareid ei av desse kontringane, då Kim-Andre Lid Alvestad blei spelt gjennom. Han var forbi heile forsvaret til Hødd 2, og hadde berre keeper Mattias Grimstad igjen. Men då tek linjedommar opp flagget, for han hevda at det var offside. Vikebladet si tv-sending viste derimot at dette var feil avgjerlse, for Kim-Andre Lid Alvestad var onside då pasninga blei slått. Men det var lite å gjere med den avgjersla, og spelet fortsatte.

I det 71. minutt auka Hødd 2 leiinga si. Då kombinerte dei seg fint langs venstrekanten sin, og Nikolas Brandal slo eit godt innlegg til Tobias Hatløy framfor mål. Ingen Hareid-spelar rakk å plukke han opp, og han fekk difor ein enkel jobb med å plassere inn ballen til 2-0.

Hareid sleit med å skape noko særleg av sjansar etter dette, og kampen enda med 2-0 siger til heimelaget.

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Gustav Bjørlykke, Gabriel Olav Peterson, Martin Longva, Nauris Driksna – Sebastian Hansen Bjørlykke (William Valde Bigset), Johannes Knardal, Håkon Grimstad Thormodsæther, Petter Worren (Kristen Haddal Røssevold), Kim-Andre Lid Alvestad (Daniel Hüttner Pilskog) – Ruben Kenneth Brandal

Hareid sine tre beste:

*** Rikard Osnes

** Johannes Knardal

*Martin Longva




Hareid G19 vann knapt borte

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Sep 2021

På måndag tok Hareid G19 den lange turen til Brattvåg stadion for å møte samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy/Ravn 2. Hareid var det førande laget i svært lange perioder av kampen, men klarte «berre» å skore to mål, men det var likavel nok til siger.

Juniorlaget til Hareid opna kampen klart best, og holdt ballen godt i laget frå start av. Etter seks minutt fekk bortelaget belønning for den gode starten. Då slo midtstoppar Benjamin Riise Erdal ei god bakromspasning mot Sebastian Hansen Bjørlykke, som sprang frå heimelaget sitt forsvar. Han mottok so ballen inne i 16-meteren, og frå skrå vinkel so avslutta han, slik at skotet gjekk rundt keeper, og til 0-1 leiing.

Etter målet kom Brattvåg/Norborg/Harøy/Ravn 2 meir inn i kampen, både fordi dei sjølve blei betre, men og fordi Hareid spelte dårlegare enn på starten. Men Hareid forsvarte seg framleis ganske greit, å motstandarlaget skapte dermed ikkje særleg mykje.

Rett før dommaren blåste av til pause auka Hareid leiinga si, og målet kom litt ut av ingenting. For Hareid hadde ikkje skapt altfor mange sjansar sidan forrige skoring, men plutseleg kom Nidal Shahoud fri med ballen inne i motstandaren si boks, og fekk pirka inn ballen til 0-2. Det var dermed stillinga då laga tok pause.

I 2. omgong heva Hareid seg igjen, og tok på nytt kontroll over kampen. Dette førte og til at dei skapte fleire sjansar. Dei to målscorarane, Sebastian Hansen Bjørlykke og Nidal Shahoud, kom blant anna til nokre store sjansar, men Hareid makta ikkje å skore fleire mål denne kampen.

Det gjor derimot heimelaget i det 73. minuttet, og stillinga var då 1-2. Resten av kampen blei då plutseleg ganske spennande, hvertfall mykje meir spennande enn Hareid hadde ønska. Men karane forsvarte seg godt, og Brattvåg/Norborg/Harøy/Ravn 2 skapte svært lite dei siste minutta av kampen. Dermed vann Hareid fullt fortent 1-2, og kunne ta med seg tre viktige poeng heim.

Girri, girri!

Lagoppstilling: Stian Roset (Ivar Oskar Røyset Brandal) – Bartek Balawender, Benjamin Riise Erdal, Gabriel Olav Peterson (Laurits Dimmen Riise), Eskil Bjørlykke Nausteng (Daniel Hüttner Pilskog) – Nidal Shahoud, Laurits Dimmen Riise (Estifanos Micael, Andreas Knardal), Johannes Knardal (K) – Sondre Holstad, Sebastian Hansen Bjørlykke, Christoffer Ottesen (Emil Olai Hasund)




Datoane for Grimstadvatnet rundt

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Sep 2021

Sist vinter vart det ikkje noko av den tradisjonsrike løpskarusellen, men no er det på an igjen. Vanlegvis går dei fire løpa første laurdagane i november, desember, januar og februar. Men sidan første laurdag i januar i år er 1. januar blir det ei endring der. Datoane blir dermed 6. november, 4. desember, 8. januar og 5. februar, opplyser friidrettsgruppa. Meir info kjem når det lid på (sjekk også Facebook-eventen). Før vi kjem til 6. november skal det også gjennomførast eit anna svært slitesterkt mosjonsløp: Snipsøyrvatnet rundt 23. oktober. Det finn du info om lenger nede på sida her. Vel møtt!




Datoen for Nordvest Maraton er klar

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Sep 2021

I 2022 blir Nordvest Maraton arrangert laurdag 20. august. Mykje meir info kjem etter kvart, men inntil vidare gjeld det berre å halde av datoen.

Følg oss gjerne også på Facebook, anten på sida Hareid IL Nordvest Maraton eller på eventen Nordvest Maraton 2022.




Kampar i veke 39

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Sep 2021

Her er oversikta over kampane i veke 39 🙂

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Måndag 18.30 Hareid tornado Volda grøn Hareid kgb G12 9ar
Tirsdag 18.30 Hareid vestavind Gurskøy gul Hareid kgb 5ar G10
Tirsdag 18.30 Hareid blå Ørsta rød Hadarhallen G08
Tirsdag 18.30 Hareid nordavind Vanylven Hareid kgb 7ar G10
Tirsdag 18.30 Hareid blå Hødd kvit Hareid kgb 5ar G09
Onsdag 20.00 Hareid 2 Larsnes Hadarhallen 9ar Menn 7ar
Torsdag 18.30 Hareid 2 Sunnylven Hadarhallen 9ar G13
Fredag 18.30 Hareid Ørsta Hareid kgb G13 2.div
Søndag 14.00 Hareid Bergsøy Hareid kgb G12
Søndag 16.00 Hareid Volda Hareid kgb J15 2.div



Hareid damelag vann stort mot Bergsøy

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Sep 2021

På laurdag spelte Hareid damelag borte mot Bergsøy på Havila Stadion. Dette var deira femte kamp i årets 4. divisjon, og før kampen sto dei med ein siger og tre tap. Men i denne kampen løysna det verkeleg for Hareid, og dei vann tilslutt stort.

Det var derimot Bergsøy som opna kampen best, og det tok berre eit minutt før Bergsøy gjekk opp i leiinga. Ni minutt seinare, i det 10. minutt, so reduserte Hareid, då Helene Sjåstad Kleppe skora Hareid sitt første mål for dagen.

I det 26. minutt gjekk Hareid opp i leiinga, då skora Hilde Årsbog Bjåstad direkte frå corner. Etter dette såg Hareid seg aldri tilbake, og då dommaren blåste av kampen var stillinga 1-11.

Målscorarar var Helene Sjåstad Kleppe x2, Hilde Årsbog Bjåstad x4, Shaajeena Jeyathas x2, Hann Holstad Grimstad x3.

Lagoppstilling: Andrine Myrene Teigene, Hanna Holstad Grimstad Sandra Sarabanathan Moldskred, Andrea Holstad Grimstad, Hilde Årsbog Bjåstad, Shaajeena Jeyathas, Helene Sjåstad Kleppe, Andrine Gaasø og Caroline Nykrem Korshaug. Benk Anne-Liv Holstad




Hareid tapte heime mot Norborg/Brattvåg 2

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Sep 2021

Nok ein gong enda det med eit surt eitt-målstap for Hareid A-lag i 4. divisjon. Denne gongen blei stillinga 1-2 heime mot Norborg/Brattvåg 2.

Det skulle vise seg å bli ein svært hendelserik start på kampen, og Hareid var det laget som opna best. For etter berre 6 minutt spelt fekk heimelaget frispark rundt 25 meter frå mål. Petter Worren tok frisparket, og fekk draumetreff. Ballen gjekk i ein vakker bue over muren, og rett i mål, og stillinga var dermed 1-0 til Hareid.

Berre tre minutt seinare, i det 9. minutt, meinte Hareid-spelarane at dei skulle fått sjansen til å auke leiinga, då dei hevda dei blei snytt for straffe. Men dommar valgte å la spelet fortsette. I staden skulle Brattvåg få straffe i det 13. minutt. Sett med Hareid-auge so virka det straffesparket billeg, for det var då ein Norborg/Brattvåg 2-spelar som sparka Petter Worren rett i foten, då han prøvde å skyte. Men dommaren bestemme, og frå 11 meter var bortelaget sin spelar sikker, og stillinga var dermed 1-1.

Etter dette skapte både Hareid og Norborg/Brattvåg 2 nokre store sjansar, men det blei ikkje fleire mål før pause, og laga gjekk dermed i garderobene med stillinga 1-1.

I 2. omgong var det Hareid som skapte den første store sjansen. Kim-Andre Lid Alvestad tok ballen med seg hurtig framover langs kanten. Han slo so eit hardt innlegg langs bakken, forbi keeper, og ballen var på vei til Ruben Kenneth Brandal to meter frå mål. Men ein forsvarar kom skliande inn og fekk klarert vekk ballen.

I det 60. minutt skora bortelaget sitt andre mål for kvelden. Då drege eine angriparen seg forbi fleire Hareid-spelarar og ned til dødlinja, før han so slår eit knallhardt innlegg langs bakken. Der står ein Norborg/Brattvåg 2-spelar umarkert, og får pirka inn ballen til 1-2.

Etter dette må Hareid nok ein gong jage ei utlikning. I tidlegare kampar har Hareid hatt problem med å skape særleg med sjansar, men no skapte dei svært mange etter bortelaget sitt andre mål.

Berre to minutt etter målet kom kanskje Hareid sin største sjanse. Då slo Petter Worren ei god gjennombruddspasning til Kim-Andre Lid Alvestad. Han runda keeper, og avslutta med venstrefoten. Ballen var på vei mot mållinja, men ein forsvarar kom skliande inn, og fekk stoppa ballen. Hareid-spelarane ga tydleg beskjed om at dei meinte at ballen blei stoppa med handa, men dommaren var av ei anna meining, og lot spelet fortsette.

Seinare i kampen var Ruben Kenneth Brandal involvert i to store nesten-sjansar. Først på eit innlegg der han akkurat ikkje fekk heada ballen, og so seinare då han chippa eit innlegg på bakre stolpe, som var decimeter frå å treffe ein lagkamerat.

Men Hareid klarte ikkje å omsetje sjansane til skoringar, og difor enda kampen med nok eit surt 1-2 tap.

Kampfakta

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Gabriel Olav Peterson, Ørjan Engen Grimstad, Nauris Driksna – Johannes Knardal (Sebastian Hansen Bjørlykke, Kristen Haddal Røssevold), Petter Worren, Gustav Bjørlykke (Ola Kalvø Vattøy), Daniel Hüttner Pilskog (Christian Korshaug) – William Valde Bigset (Kim-Andre Lid Alvestad), Ruben Kenneth Brandal, Bastian Rasmussen

Hareid sine tre beste:

*** Petter Worren

**Rikard Osnes

* Gabriel Olav Peterson




Hareid tapte borte mot SIF/Hessa

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Sep 2021

Hareid spelte på fredag bortekamp mot SIF/Hessa, og også denne kampen enda det med tap. Nok ein gong var det ganske jamnt i sjølve spelet, men heimelaget skapte fleire sjansar, og var effektive – difor enda kampen med 3-0 siger til SIF/Hessa.

Frå forrige kamp, heime mot Hovdebygda, gjor Hareid ei endring på startoppstillinga. Ut gjekk Daniel Hüttner Pilskog, og inn kom William Valde Bigset, som hadde vore ute med sjukdom.

SIF/Hessa starta også kampen klart best, og kom til ein stor sjanse etter berre seks minutt spelt, men skotet sneik seg utanfor. Sju minutt seinare, i det 13. minutt, skulle derimot heimelaget skore sitt første mål. Dei angreip på høgresida, og fekk tilslutt slått eit innlegg inn foran mål. Hareid klarte ikkje å klarere ballen, og tilslutt fekk ein SIF/Hessa-spelar kontroll på ballen, og avslutta frå kort hald, slik stillinga var 1-0.

Omkring 20 minutt seinare, i det 35. minutt, auka heimelaget leiinga til 2-0. Eit nytt godt innlegg blei slått inn frå høgresida. Hareid-forsvaret fekk ikkje klarert ballen no heller, og ballen blei i staden liggande inne i 16-meteren, nesten heilt stille. På bakre stolpe lurte ein SIF/Hessa-spelar, som fekk pirka ballen relativt enkelt inn til 2-0.

Til 2. omgong tok Hareid fleire taktiske grep, og endra blant anna formasjon slik dei spelte med tre forsvarsspelarar, og fekk fleire spelarar høgre opp i bana. Om det var formasjonsendringa eller innstillinga som gjor det er usikkert, men Hareid var hvertfall betre etter pause.

For Hareid skapte i denne omgongen fleire store sjansar, der Kim-Andre Lid Alvestad og Ruben Kenneth Brandal kom til dei to aller største. Men heimelaget sin keeper redda begge skota, og Hareid klarte dermed ikkje å redusere.

Heilt på tampen av kampen, i det 87. minutt, auka SIF/Hessa leiinga til 3-0 på straffe, og då var kampen definitivt over.

No håper vi verkeleg at det skal snu på fredag, når Hareid tek imot Norborg/Brattvåg 2 på heimebane.

Men då treng laget all mogleg støtte frå publikum – so ta gjerne turen på fredag!

Kampfakta:

Lagoppstilling:

Rikard Osnes – Gustav Bjørlykkke Kløvning (Ola Kalvø Vattøy), Gabriel Olav Peterson (Sebastian Hansen Bjørlykke), Martin Longva, Nauris Driksna – Ørjan Engen Grimstad, Ruben Kenneth Brandal, Kim-Andre Lid Alvestad (Benjamin Riise Erdal), Petter Worren, Johannes Knardal – William Valde Bigset (Christian Nykrem Korshaug).

Hareid sine tre beste:

*** Johannes Knardal

** Rikard Osnes

* Nauris Driksna




Nye spennande kampar denne veka.

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Sep 2021

Nye spennande kampar denne veka. Spelarane treng di støtte, kom på kamp og støtt dei 😀

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Tysdag 18.00 Hareid tornado MSIL grønn Hadarhallen G12 9ar
Tysdag 18.30 Hareid MSIL Hareid kgb J15 2.div
Onsdag 18.30 Hareid raud Ørsta svart Hadarhallen G09
Torsdag 18.30 Hareid Ørsta Hareid kgb G11
Torsdag 18.30 Hareid/Hjørungavåg Vartdal Hareid kgb J12
Fredag 18.30 Hareid Norborg/Brattvåg 2 Hareid kgb 4.div



Snipsøyrvatnet rundt for 42. gong

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Sep 2021

Hareid IL arrangerer 23. oktober Snipsøyrvatnet rundt for 42. gong. Dette er det lengstlevande mosjonsløpet på Sunnmøre og truleg eitt av dei eldste i Norge.

Med ei løype på om lag 12,5 kilometer har løpet vist seg å vere noko for ein kvar smak, ikkje for kort
og ikkje for langt.
Løpet har altså blitt arrangert kvar haust sidan 1980.
Grimstadvatnet rundt, som også Hareid IL arrangerer, starta året etter, i 1981.
Men i motsetning til Grimstadvatnet rundt, som går fire gonger kvar vinter, går Snipsøyrvatnet rundt
berre éin gong i året.

Eit breiddearrangement
Fleire som deltek under Snipsøyrvatnet rundt har det som ein fast tradisjon og deltek ikkje i andre
idrettskonkurransar elles i året.
Men målet til Hareid IL er at både folk frå Søre Sunnmøre og andre stader i landet og verda skal delta
– same om dei er i kjempeform eller om dei berre mosjonerer ein sjeldan gong. Her er alle like
velkomne!

– Dette er eit breiddarrangement for folk i alle aldrar uavhengig av form og treningsgrunnlag, seier
leiar i friidrettsgruppa i Hareid IL, Odd Erling N. Eriksen.


Gjæve topp 20-lister
Her gjeld det altså å konkurrere med seg sjølv. Kanskje gjer du det betre enn i fjor? Kanskje er
forfallet minka sidan i fjor? Eller kanskje fullfører du løpet for første gong? Kanskje klarer du å jogge
alle partia sett vekk frå Ulsetbakken?
Ein kan likevel ikkje kome vekk frå at nokre deltek for å få gode tider. Og dei er jo det tradisjonelt
mange av, både av lokale folk og deltakarar frå andre kantar av landet.
Nedst i denne pressemeldinga legg vi topp 20-tidene både for menn og damer. Nokre har sikkert
ambisjonar om å springe seg inn på dei listene.

Utan koronaereglar?
Fjorårets løp vart noko prega av koronasituasjonen. I år satsar ein på at alt er ved det normale med omsyn til garderobar, premieutdeling og kafeteria, opplyser Odd Erling N. Eriksen. Men for å vere på den sikre sida vil arrangørane likevel kome med oppdatert info om dette når det lid på. Følg med vidare på Facebook!
Påmelding skjer på Hareid klubbhus frå kl. 12.30. Løpet startar og sluttar på Bigset, om lag tre
kilometer frå klubbhuset.
Startavgift for juniorarar er 100 kr (pluss evt. 20 kr i eingongslisens om du ikkje har heilårslisens for løp utanfor bane.) (Junior er for dei fødde i 2002 og yngre.)
For seniorarar er prisen 150 kroner (+ evt. 30.).

Vel møtt til ein kjekk ettermiddag på rundt Snipsøyrvatnet 17. oktober!

****

Topp 20-listene (takk til Torbjørn Ole Johansen Frost Widnes for oppdatering):

Menn:
39:10 Skogen Oddbjørn
40:35 Bjørdal Arild
40:56 Innselset Knut
40:58 Nedregård Kristian
41:03 Vartdal Jostein
41:15 Høydahl Sigve
41:18 Johansen Øystein Jarl
41:21 Meinseth Frank Otto
41:22 Galtung Hans Petter
41:32 Christiansen Tom
41:47 Kleppe Robert Idar
41:50 Bouchane Abdelkarim
41:57 Helland Magne
41:58 Megrund Marcus
42:16 Vartdal Karl Johan
42:23 Egset Jørn Helge
42:28 Breivik Jan Magne
42:28 Nedregård Svein Oskar Støvring
42:38 Hurlen Steinar
42:38 Melheim Lars-Martin

Kvinner:
46:41 Pilskog Trine
49:14 Wennemo Oda
50:14 Brande Tonje
50:59 Johansen Rigmor Ulstein
52:08 Nesset Karete
52:52 Hjelle Grethe
53:04 Dimmen Norunn
53:46 Rognstad Audhild Bakken
54:00 Olsen Ingunn Eikrem
54:17 Ryste Kari-Anne T.
54:35 Midtflø Oda
54:42 Snipsøyr Vendel
55:09 Vollsæter Maria
55:32 Holstad Hege
55:44 Håskjold Ingrid
0:55:47 Andersen Elise
0:56:01 Woxholth Nora
0:56:08 Nesheim May
0:56:21 Innselset Helga
0:56:34 Vattøy Maria

Topp tre sidan 2009 under:

2009:
Menn: 1. Joar Moldskred (Dimna IL), 47,08. 2. Martin Hauge-Nilsen (Kondis), 47,08. 3. Dag Harald Moldskred (Hareid IL), 47,35. Kvinner: 1. Norunn Dimmen (Dimna IL), 56,06. 2. Ingunn Eikrem Olsen (Hasundgot). (Tid pluss tredjeplass manglar her.)

2010:
Menn: 1. Fredrik Sjølie (Voldapersarane), 46,25. 2. Jan Ketil Vinnes (Ålesund), 47,10. 3. Joar Moldskred (Hakallestranda kondisjon), 47,17.
Kvinner: 1. Norunn Dimmen (Dimna IL), 56,12. 2. Liv Astrid Langnes, 1.05,00. 3. Mette Nedreberg (Bergsøy), 1.06,26.

2011:
Menn: 1. Kristian Nedregård (Ålesund), 41,07. 2. Kewoldebirhan (Volda/Eritrea), 43,39. 3. Jan Ketil Vinnes (Ålesund), 44,37. Kvinner: 1. Tonje Brande (Ålesund FIK), 51,11. 2. Vendel Snipsøyr (Hareid IL), 55,16. 3. Aurora Midtflø (Hareid IL), 56,47.

2012:
Menn: 1. Kristian Nedregård (IL Tyrving), 40,58, 2. Tewolde Okbagergish (Volda), 43,56. 3. Joachim Tranvåg (Brandal), 45,16. Kvinner: 1. Tonje Brande (Ålesund FIK), 50,14. 2. Ingvild Vartdal (IL Hødd), 1.03,25. 3. Sølvi Løvøy, 1.03,45.

2013:
Menn: 1. Kristian Nedregård (Spjelkavik og omegn FIK), 42,38. 2. Ådne Andersen (Hareid IL), 48,32. 3. Hallstein Saunes (IL Hødd), 48.34. (Nedregård vann sin andre vandrepokal.)
Kvinner: 1. Kari-Anne Tryggestad Ryste (Sunnylven IL), 54,17. 2. Sølvi Løvøy (Ulstein VGS), 58,09. 3. Tove Fagervold, 61,27.

2014:
Menn: 1. Kristian Nedregård (Spjelkavik og omegn FIK), 42,03. 2. Martin Hauge-Nilsen (Kondis), 46,56. 3. Gjermund Midtbø (Skarphedin), 47,03. Kvinner: 1. Sølvi Løvøy (Ulsteinvik), 1.02,01. 2. Irene Rødseth (Gursken IL), 1.06,46. 3. Cecilie M. Bakken (Gurskøy), 1.06,56.

2015:
Menn: 1. Kristian Nedregård (Spjelkavik om omegn FIK), 44,02. 2. Fredrik Hovdevik (Åheim IL), 46,15. 3. Are Uran (Havørn), 47,28. Kvinner: 1. Fride Møller Flatin (Dimna IL), 1.00,16. 2. Sølvi Løvøy (Ulstein VGS), 1.06,02. 3. Cecilie Bakken (Gurskøy IL), 1.06,46.

2016:
Menn: 1. Olger B. Pedersen (Dimna IL), 44.58. 2. Are Uran (Havørn), 46,40. 3. Lars Petter Bjørlykke (Puls og pils/Hareid), 46,45. Kvinner: 1. Marit Lillestøl (Gjerdsvika), 1.06,31. 2. Cinitia Overvåg (Hareid), 1.10,34. 3. Susanne Støvring Nedregård (Spjelkavik Friidrett), 2.28,13.

2017:
Menn: 1. Marcus Megrund (IL Valder), 43,15. 2. Kristian Nedregård (Spjelkavik og omegn FIK), 45,20. 3. Einar Orten Trovåg (Hareid IL), 46,17. Kvinner: 1. Audhild Bakken Rognstad (NTNUI), 53,46. 2. Elise Andersen (Drammen), 55,47. 3. Oda Renate Midtflø (Hareid IL), 56,26.

2018:
Menn: 1. Marcus Megrund (IL Valder), 41,59. 2. Asgeir Bakken Rognstad (Emblem IL), 43,40. 3. Einar Orten Trovåg (Hareid IL), 45,58.
Kvinner: 1. Beate Helseth (Team Helseth), 1.02,01. 2. Vivian Johansen (Hareid IL), 1.04,12. 3. Marit Lillestøl (Gjerdsvika), 1.08,15.

2019:
Menn: 1. Kristian Nedregård (Spjelkavik og omegn) 42,35. 2. Sigve Høydahl 43,11. 3. Kamal Talil (Dimna IL) 44,20.(Tredje vandrepokal til Nedregård)
Kvinner: 1. Oda Wennemo (Byåsen IL) 49,16. 2. Monica Thorsen 1.00,32. 3. Beate Helseth (Team Helseth) 1.00,52.

2020:
Menn: 1. Sigve Høydal (Bærums Verk) 44,26. 2. Hilmar Kråkenes (Almenning IL) 45,19. 3. Jan Endre Rise (Hareid IL) 45,36.
Kvinner: 1. Oda Renate Midftlø (Hareid IL) 54,36. 2. Nora Woxholth (NTNUI Ålesund) 56,01. 3. May Nesheim (Velledalen IL) 56,08.




Open dag – Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Sep 2021

Hareid IL vil «feire» at idretten nesten er tilbake til normalen. Dette vil vi gjer ved å arrangere ein open dag for alle, om du er medlem eller ikkje 😀

Alle som deltek vil få moglegheita til å teste/prøve ut alle idrettane Hareid IL har å tilby frå kl. 11-14 laurdag 25.september.

Alle som deltek vil få servert frukt undervegs og får ein liten premie på slutten av dagen 🙂

Hiv deg rundt å meld på din unge! Dette blir bra!!

https://isonen.com/event/cktmrd2azik2s0d68v9pm0cv6




Her kjem den nye heimesida til Nordvest Maraton

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Sep 2021

Meir info kjem i haust.




Månadens frivillige for september

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Sep 2021

Etter ein liten sommarferie er vi tilbake med månadens frivillige 😀

Kven meina du er månadens frivillige for september månad?

Send inn eit namn med ei lita grunngjeving til Ola Kalvø Vattøy, enten på mobil (47362493) eller mail (daglegleiar@hareidil.no) 🙂

Dei som har fått prisen før er Linn Urke, Bård Grimstad og Arill Larsen!




Nye kampar denne veka.

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Sep 2021

Ny veke betyr nye kampar for dei aldersbestemte laga våra.

Her har du oversikta 🙂

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Tysdag 18.30 Hareid raud Volda gul Hadarhallen G08
Tysdag 18.30 Hareid Langevåg 2 Hareid kgb G19 2.div
Onsdag 18.30 Hareid 2 Herd 2 Hareid gras G13
Onsdag 18.30 Hareid raud Volda gul Hadarhallen G09
Søndag 14.00 Hareid Skodje/Ellingsøy Hareid kgb J13 2.div




Nytt surt tap heime mot Hovdebygda

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Sep 2021

Hareid A-lag spelte på fredag årets femte seriekamp, denne gongen heime mot Hovdebygda. Før kampen sto Hareid med ein siger og tre tap, og dessverre for Hareid so kom det fjerde tapet no, etter at Hovdebygda vann 0-1.

Det var Hareid som starta kampen best, og tok tidleg kontroll over ballen. Iver Skeide hadde tatt turen heim frå Bergen denne helga, og spelte frå start for Hareid som sentral offensiv midtbanespelar. I 1. omgong var han svært viktig for at Hareid klarte å holde ballen i laget.

For dette var første gongen sidan Emblem-kampen der Hareid klarte å halde i ballen over ei lengre periode på motstandaren sin banehalvdel, og det førte til at Hareid skapte fleire halvsjansar. Blant anna hadde Ruben-Kenneth Brandal eit frispark i god skot-posisjon, men skotet gjekk dessverre litt over.

Den største sjansen til Hareid før pause kom i det 32. minutt. Då slo midtstoppar Martin Longva ei lang pasning inn i bakrom. Kim-Andre Lid Alvestad sprang på den, men for dei fleste tilskodarar såg det ut som om keeper kom til å vere først på ballen. Men Lid Alvestad ga seg ikkje, og rakk akkurat å få ei tå på ballen før keeper. Ballen gjekk i ein fin bue over keeper, men dessverre for Hareid eit lite stykke til side for mål.

Dette var den einaste skikkelege sjansen til Hareid i 1. omgong, men Hovdebygda på si side var farlege på fleire kontringar, og skapte vel det som må kunne reknast som to store sjansar før dommaren blåste av til pause.

I 2. omgong kom dessverre ikkje Hareid opp på same nivå som før pause. A-laget sleit no meir med å holde ballen i laget i lengre perioder, slik dei klarte i 1. omgong. Likavel skapte Hareid nokre farlegheiter. I det 59. minuttet slo blant anna Ruben Kenneth Brandal ei svært god gjennombrotspasning inn i 16-meteren til Ørjan Engen Grimstad. Han skulle til å ta med seg ballen vidare mot mål, for han var eigentleg foran Hovdebygda sin nærmaste forsvarsspelar. Men Ørjan Engen Grimstad blei so takla, og mista tilslutt ballen. Frå vår posisjon såg det ut som om Hovdebygda-spelaren traff foten til Engen Grimstad, og ikkje ballen, men dommar valgte å ikkje dømme straffespark.

Åtte minutt seinare, i det 59. minutt, var det istaden Hovdebygda som skulle gå opp i leiinga. Hovdebygda fekk eit billeg frispark på kanten av 16-meteren til Hareid. Frisparket blei slått inn på bakre stolpe, der ein frå bortelaget vann duellen, og kunne heade ballen i mål til 0-1.

Hareid prøvde nok ein gong å presse på for utlikning etter dette, men klarte dessverre ikkje å skape særleg med sjansar. Difor enda kampen med nok eit knepent tap.

Kampfakta

Tilskodarar: ca. 50

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna, Gabriel Olav Peterson (Lars Roar Holstad), Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog (Sebastian Hansen Bjørlykke) – Ruben Kenneth Brandal (Ola Kalvø Vattøy), Petter Worren, Gustav Bjørykke (Johannes Knardal), Iver Skeide (Joar Møller), Kim-Andre Lid Alvestad – Ørjan Engen Grimstad

Hareid sine tre beste:

*** Iver Skeide

** Martin Longva

* Ruben-Kenneth Brandal




Nye spennande kampar denne veka.

Postet av Hareid Idrettslag den 6. Sep 2021

Ny veke, og med det nye spennande kampar på anlegget.

Ta turen å støtt laga 😀

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Måndag 18.30 Hareid Volda/Hovdebygda Hareid kgb G19 2.div
Tysdag 18.30 Hareid Vartdal blå Hadarhallen G09
Tysdag 18.30 Hareid Spjelkavik Hareid kgb J13 2.div
Tysdag 18.30 Hareid Hødd kanon Hareid gras G10
Onsdag 18.30 Hareid 9ar Hødd 2 Hareid kgb J15 2.div
Onsdag 18.30 Hareid Ørsta rød Hadarhallen G09
Onsdag 20.00 Hareid 2 Bergsøy 2 Hadarhallen Menn 7ar
Torsdag 18.30 Hareid Bergsøy 2 Hareid kgb G13 2.div
Torsdag 18.30 Hareid Hasundgot kvit Hadarhallen G12
Fredag 18.30 Hareid Stordal/Stranda Hareid gras 4.div kvinner
Fredag 18.30 Hareid Hovdebygda Hareid kgb 4.div menn
Laurdag 14.00 Hareid/Hjørungavåg Bergsøy Hareid kgb J12



Hareid tapte nok ein gong med eit mål

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Sep 2021

Hareid har no spelt fire kampar i 4. divisjon. Tre av kampane har dessverre enda med tap. Der det seinaste tapet kom i går, etter at stillinga blei 3-2 borte mot Larsnes/Gursken, på River Plate Stadion.

Kampen starta klart best for Larsnes/Gursken, for etter eitt minutt hadde dei allereie hatt ein enorm dobbeltsjanse. Først kom ein L/G-spelar åleine med keeper Rikard Osnes, men han varta opp med ei svært god redning, og fekk slått ballen til corner. Denne corneren blei også svært farleg, for ein Larsnes/Gursken spelar får avslutta, og skyt ballen i tverrliggjaren.

Larsnes/Gursken fortsatte å skape fleire svært store sjansar i opninga, men på nesten mirakuløst vis so skorar ikkje heimelaget.

I det 25. minuttet er det i staden Hareid som skal gå opp i leiinga. Då får nemleg bortelaget ein corner, som Petter Worren slår inn i feltet. Den blir først heada ut av 16-meteren av ein Larsnes/Gursken spelar, men i returrommet venta Kim-Andre Lid Alvestad, som skal komme til å skåre eit kunstmål. På førstetouchet sitt, so dunkar han til på halvvolley, omkring 18 meter frå mål. Ballen går so i ei nydeleg bane til motsett kryss, via tverrliggjaren og inn.

Etter målet hadde Hareid ei betre periode, der dei klarte å kontrollere kampen ei stund. Men dette skulle vise seg å bli ein kamp der dødballar kom til å avgjere det heile. Og då skal ikkje det meir til enn at L/G får ein corner, før det blir mål. I det 39. minutt skjer dette, corneren blir slått inn på bakre stolpe, og so heada inn igjen i feltet. Der er Steffen Moltu svært sterk, og headar ball inn til stillinga 1-1.

Like etter utlikninga er Hareid framme på ei kontring. Kim-Andre Lid Alvestad spring seg fri i bakrommet, og slår ei pasning inn til William Valde Bigset, som no er innanfor 16-meteren. Han avsluttar, men ei god L/G-takling blokkerar skotet. Valde Bigset vinn ballen tilbake igjen, og driblar seg litt til sida, han blir so takla igjen, uten at det ser ut som forsvararen er for mykje på ballen. Ballen trillar so bort til Johannes Knardal, som so blir dragd ned. Hovuddommar dømmer først straffe, men etter ein prat med linjedommaren endrar han seg. Seinare i kampen får ein høyre at fleire Larsnes/Gursken-spelarar var svært letta over at dommaren ombestemte seg, då dei sjølv meinte det var straffe. Men nok om det, dommaren dømmer, og laga gjekk til pause med 1-1.

Etter pause er det Larsnes/Gursken som går opp i leiinga. I det 58. minuttet får heimelaget nok ein corner, og Rekdal får gå opp relativt åleine på bakre, og headar ball inn via tverrleggjaren til 2-1.

13 minutt seinare aukar heimelaget leiinga, og som ein kanskje kan tippe, so blir denne også skåra etter ein dødball. Hjørnesparket blir først klarert av Hareid, men L/G står godt etter, og kjem seg ned på høgresida. Hareid er dessverre for passive i presset på ballførar, og dei får slått inn eit godt innlegg på bakerste. Der får L/G-angriparen ein enkel jobb med å heade inn 3-1 målet.

No såg det veldig tøft ut for Hareid, men dei ga seg ikkje. Berre 4 minutt seinare, i det 75. minutt, skulle bortelaget nemleg redusere, og sjølvsagt var også dette på dødball. Petter Worren slår eit frispark ca. 35 meter frå mål, langs eine sidelinja, inn i boksa. Ingen av L/G-forsvarane plukkar opp Hareid sine løp på bakre stolpe, og Gustav Bjørlykke «spring» dermed berre ballen inn til 3-2.

Det var dermed liv igjen i kampen, og Hareid pressa litt meir på mot slutten. Men dei store sjansane blei ikkje skapt, og Hareid fekk dermed ikkje utlikna før dommaren blåste av kampen.

Dette blei altso det tredje tapet for Hareid, og fellesnemnaren for alle kampane er at Hareid har tapt med minst mogleg margin, med eitt mål…

No er det ny kamp neste fredag, heime mot Hovdebygda. Då håper vi på eit betre resultat for Hareid!

Lagoppstilling:

Rikard Osnes – Nauris Driksna (Håvard Bjåstad), Gabriel Olav Peterson, Ørjan Engen Grimstad, Daniel Hüttner Pilskog (Joar Møller) – Andreas Nesset, Petter Worren, Johannes Knardal (Sebastian Hansen Bjørlykke), Gustav Bjørlykke (K), Kim-Andre Lid Alvestad – William Valde Bigset

Hareid sine tre beste:

(Ingen enkel jobb å plukke ut tre, men vi gjer eit forsøk…)

*** Kim-Andre Lid Alvestad

**Gustav Bjørlykke

* Rikard Osnes




Kampar på anlegget denne veka.

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Aug 2021

Mange kampar på anlegget denne veka. Ta gjerne turen for å støtte lokale Hareidstølingar 😀

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Tysdag 18.30 Hareid Nordavind Volda Svart Hareid KGB 7ar A G10
Tysdag 18.30 Hareid Vestavind Åmdal Hareid KGB 7ar B G10
Tysdag 18.30 Hareid Blå Volda Svart Hadarhallen 5ar A G08
Tysdag 18.30 Hareid Raud Ørsta Kvit Hadarhallen 5ar B G08
Onsdag 18.30 Hareid Volda 2 Hareid KGB 9ar G13 2.div
Torsdag 18.30 Hareid 2 Vartdal Hareid KGB 9ar G13
Torsdag 19.55 Hareid Brattvåg/Norborg/Ravn Hareid KGB G16 2.div
Laurdag 14.00 Hareid Volda Grøn Hareid KGB 7ar G11
Søndag 14.00 Hareid Tornado Spjelkavik Rød Hareid KGB 9ar G12



Strålande resultat under Ørstaleikane i helga!

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Aug 2021

I helga vart Ørstaleikane gjennomført og vi kan trygt sei at utøvarar frå Hareid IL gjor seg bemerka!!

2 av 4 bestemannspremiar til Hareid! 😀
Gratulerer med dei gode resultata!!




Hareid tapte på overtid

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Aug 2021

Hareid spelte på fredag årets tredje kamp i 4. divisjon, heime mot Langevåg. Kampen kjem framfor alt til å bli hugsa for det utenomsportslege – men her skal vi prøve å oppsummere det sportslege, som enda med at Langevåg vann etter ei skoring langt på overtid.

Dei første 30 minutta av kampen hadde Hareid mest ball, men Langevåg forsvarte seg ganske bra, samtidig som Hareid var for upresise med dei siste pasningane. Difor skapte Hareid svært få skikkelege sjansar første del av omgongen. Langevåg på si side skapte derimot meir den første halvtimen. Dei hadde framforalt tre store sjansar. Hareid sitt forsvar fekk akkurat klarert to av sjansane. Den tredje sjansen var eit skot frå ein Langevåg-spelar innanfor 16-meteren, men heldigvis for Hareid sneik skotet seg utanfor bortre stolpe.

I det 31. minutt kom derimot Hareid til sin første skikkelege sjanse, og den var til gjengjeld enorm. Martin Longva vinn ballen, og headar den direkte til Petter Worren inne på Hareid sin banehalvdel. Han tek med seg ballen eit lite stykke oppover, før han slår ei strålande gjennombrotspasning til William Valde Bigset. Han tek med seg ballen inn til kanten av 16-meteren, og slår so ei god pasning rett in framfor mål, der Kim-Andre Lid Alvestad kjem springande, med ein Langevåg-spelar i ryggen. Han avsluttar på eit touch frå 5-8 meter, men skotet blir redda av keeper. Han gir likavel retur, og denne er også Kim-Andre Lid Alvestad først på. Han hiv seg fram, og denne avslutninga frå ein meter treff innsida av tverrliggaren, og ut.

I staden for at Hareid gjekk opp i leiinga på denne sjansen, so var det Langevåg som skulle skore kampens første mål fem minutt seinare. Langevåg slår då ei fin pasning inn i 16-meteren, bak Hareid sitt forsvar. Langevåg-spelaren tek med seg ballen rundt Herman Heimland, som kjem ut frå linja, og skyt ballen kontrollert inn frå relativt skrå vinkel. Daniel Hüttner Pilskog kjem skliande inn på linja for å prøve å avverje målet, men kjem akkurat for seint.

Dermed gjekk dei to laga til pause med stillinga 0-1.

I 2. omgong hevar Hareid seg, og pressar meir og meir på. Heimelaget skaper fleire brukbare sjansar, men utlikninga kjem først i det 67. minuttet på straffe. William Valde Bigset er den som skal ha mest skryt for å ha skaffa straffa. Hareid-spissen gjer nemleg ein strålande jobb i det defensive arbeidet, og vinn ballen frå ein Langevåg-spelar inne på Hareid sin banehalvdel. Han tek so med seg ballen forbi fleire motstandarar, og kjem seg langt inn i Langevåg sin 16-meter. Derifrå avsluttar han frå skrå vinkel, men skotet blir blokkert av ein forsvarar. På returen er derimot Kim-Andre Lid Alvestad, som driblar seg forbi ein forsvarar, før han so blir felt. Dommaren vel då å dømme straffe. Frå 11-meteren er Petter Worren sikker, og skorar sitt andre mål for sesongen. Dermed er det 1-1 og det er verkeleg liv i kampen.

Ti minutt seinare skjer den svært omtalte situasjonen frå kampen. Der ein Langevåg-spelar uttalar seg rasistisk mot ein av Hareid-spelarane. Hareid IL har allereie uttalt seg om denne situasjonen, og treng difor ikkje å seie so mykje meir – vårt synspunkt er svært tydleg. Hovuddommar bestem seg hvertfall for å vise ut Langevåg-spelaren, og resten av kampen spelar Hareid med ein mann meir.

Hareid pressar på etter dette, og i det 90. minutt kjem Hareid til ein enorm sjanse. Petter Worren slår ein god corner inn i feltet, som Martin Longva er først på med panna. Keeper reddar headinga, men må gi retur. Etter mykje duellar og rot inne i feltet, får Gabriel Olav Peterson avslutta frå to-tre meter, skotet er utakbart for keeper, men treff innsida av tverrliggaren, og so ned, før ballen tilslutt blir klarert.

I staden for at Hareid skulle gå opp i leiinga, so får Langevåg eit frispark eit stykke inn på Hareid sin banehalvdel fleire minutt på overtid. Langevåg flyttar opp mykje folk, og frisparket blir slått langt inn i 16-meteren til Hareid. Der blir mykje rot inne i feltet, men det endar med at Langevåg vinn fleire duellar, og tilslutt får heada ballen i mål, til stillinga 1-2.

Målet blir blant det aller siste som skjer i kampen, og Hareid får ikkje sjansen til å utlikne. Det endar difor med eit ekstremt surt tap.

Kampfakta

Tilskodarar: Rundt 100-150 stykk.

Lagoppstilling: Herman Heimland – Nauris Driksna, Gabriel Olav Peterson, Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog (Christian Korshaug) – Petter Worren, Gustav Bjørlykke (K), Kim-Andre Lid Alvestad, Ruben Kenneth Brandal (Adolphus Jacobs (Ørjan Engen Grimstad)), Sebastian Hansen Bjørlykke (Joar Møller) – William Valde Bigset

Hareid sine tre beste:

*** Gabriel Olav Peterson

** William Valde Bigset

* Gustav Bjørlykke Kløvning




Hareid Idrettslag står opp mot rasisme

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Aug 2021

I går kveld, under kampen mellom Hareid og Langevåg opplevde ein av Hareidspelarane å få slengt rasistiske tilrop etter seg.

Rasisme høyrer ikkje heime nokon plass, heller ikkje på ei fotballbane. Spelaren det var retta mot er veldig lei seg og nedfor. Han får no hjelp og støtte frå klubben.

Langevåg IL har kome med ein beklagelse og dei tek avstand frå den heilt uakseptable oppførselen til spelaren sin. Gi rasisme rødt kort!!




Hareid-Rollon enda i knepet tap

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Aug 2021

Hareid tok i går imot Rollon til årets første heimekamp i 4. divisjon. Det skulle vise seg å bli ein svært jamn kamp, der Rollon, som gjekk inn som favorittar, drog det lengste strået, og vann 0-1.

Det tok ikkje lange tida før ein såg at dette kunne komme til å bli ein jamn kamp. For dei første minutta låg Hareid kompakt og forsvarte seg, og tillot at Rollon fekk ha mykje ball. Men Hareid forsvarte seg godt, og Rollon skapte eigentleg svært lite. Hareid på si side prøvde derimot å gå direkte på kontringane då dei vann ballen, og prøvde ofte å spele den bak Rollon sitt forsvar. Men det var ikkje berre Hareid som forsvarte seg godt i store delar av kampen, for det gjor også Rollon, og det var difor få store sjansar ein kunne rapportere om dei første 20 minutta.

I det 24. minuttet skulle derimot det første og einaste målet i kampen kome – og dessverre for Hareid sin del so var det Rollon som fekk juble. Då kombinerte høgrekanten og høgrebacken til Rollon seg forbi venstresida til Hareid, slik Rollon-spelaren fekk tid til å slå eit godt innlegg inn i feltet. Der inne var Emil Solnørdal først på ballen, og heada den inn bak ein sjanselaus keeper. Stillinga var dermed 0-1.

Hareid kvikna litt til etter Rollon si skoring, og var oftare langt oppe på Rollon sin banehalvdel. Spesielt Kim-Andre Lid Alvestad, som spelte til høgre som ein av tre offensive midtbanespelarar, skapte mykje av Hareid sine farlegheiter, mykje takket vere si høge fart og vilje til å true i bakrom. I det 29. minutt skulle han skape Hareid sin største sjanse. Då vinn Hareid ballen høgt opp i bana. Petter Worren mottek den, og slår ei strålande pasning i bakrom til Alvestad som kjem i høg fart på høgresida. Han tek med seg ballen innover i bana, forbi fleire Rollon-spelarar. Rett utanfor 16-meteren skyt han med venstrefoten, men dessverre for Hareid går ballen like over motsatt kryss.

Hareid var det laget som pressa på til pause, men bortsett frå nokre halvsjansar til frå Kim-Andre Lid Alvestad, so sleit Hareid med å skape moglegheiter som kunne føre til mål. Dette skulle vise seg å bli utfordringa også i 2. omgong.

Utover i 2. omgong tok Hareid meir og meir over kampen, men Rollon forsvarte seg godt, samtidig som dei ikkje var heilt ufarlege i angrepa sine. Etter rundt 60 minutt spelt var det nærmaste Hareid kom ein skikkeleg sjanse når Natnael Belay, etter ei god pasning frå Gustav Bjørlykke Kløvning, drog seg innover og forbi fleire Rollon-spelarar slik han var innom skothald. Men skotet gjekk eit stykke over mål.

Etter rundt 65 minutt spelt bytta hovudtrenar Kim-Tore Leirbekk Husøy inn Adolphus Jacobs, Benjamin Riise Erdal og Christian Korshaug.

Dei siste 15-20 minutta blei Rollon spelt stadig lavare i bana, og Hareid fekk meir og meir ball, og det blei eit tydlegare press for redusering. Hareid fekk blant anna fleire gode moglegheiter til å flytte fram mykje folk på dødballar, som Petter Worren ofte slo inn med høg kvalitet. Men ikkje heller her blei dei store sjansane skapte, det var berre nesten gong på gong.

Då dommaren blåste av kampen var stillinga difor 0-1, og bortelaget fekk med seg alle tre poenga over fjorden. Men Hareid skal ta med seg at dei gjor ein relativt god kamp, mot eit lag som er forventa å kjempe i toppen i haust. I denne kampen hadde Hareid også ute fleire viktige nøkkelspelarar, som forhåpentlegvis snart er tilbake. Aller helst allereie på fredag, då Hareid tek imot Langevåg på Hareidsmyrane KGB. Då satsar vi på at Hareid spelar nok ein god kamp, og forhåpentlegvis kan ta med seg tre svært viktige poeng.

Kampfakta

Lagoppstilling: Rikard Johannes Osnes – Daniel Hüttner Pilskog (Christian Korshaug), Martin Longva, Gabriel Olav Peterson, Nauris Driksna – Ola Kalvø Vattøy (Natnael Belay (Adolphus Jacobs)), Gustav Bjørlykke Kløvning (K), Johannes Knardal, Petter Worren, Kim-Andre Lid Alvestad (Benjamin Erdal Riise) – William Valde Bigset

Tilskodartal: omkring 150-200

Hareid sine tre beste:

*** Martin Longva: nok ein svært solid kamp av midtstopparen. Ekstremt viktig for den defensive tryggleiken i laget. Vann duell etter duell, både i lufta og langs bakken. Også farleg på offensive dødballar.

**Gabriel Olav Peterson: 15-åringen får sine aller første stjerner. Spelte sin andre kamp som midtstoppar i skadefråværet til Ørjan Engen Grimstad. Han vinn svært mange duellar, utnyttar farta si defensivt, og tørr også å ta med seg ballen opp fleire gongar. Vanskeleg å tru Gabriel Olav Peterson berre er 15 år etter denne kampen – framtida er lys!

*Kim-Andre Lid Alvestad: Det er han som skapar det aller meste av Hareid sine farlegheiter offensivt. Berre målpoeng mangla for at Alvestad skulle få fleire stjerner.




Hareid storspelte mot Emblem i serieopninga

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Aug 2021

Hareid A-lag fekk ein draumestart på årets 4. divisjon, borte mot Emblem. For i den første teljande kampen på over 20 månadar, so klaffa verkeleg det aller meste for Hareid. Laget forsvarte sitt eige mål nesten feilfritt, og var svært gode framfor Emblem sitt – og då dommaren blåste av kampen var stillinga 0-5 mellom Emblem og Hareid.

At serieopninga skulle vise seg å bli til ein skikkeleg storsiger, det var det nok få som hadde trudd, verken so mange spelarar eller i støtteapparatet. Men at Hareid-laget ønska å vinne, det var det liten tvil om, og det viste dei frå start av. Etter sju minutt skapte Hareid sin første store sjanse. Ein corner blir då berre halvveis klarert ut frå Emblem si boks, og William Valde Bigset vinn ballen, tek den med seg slik han får avslutta frå omkring 16 meter, og skyt den langs bakken, rett i høgre stolpe, og ut.

Berre fem minutt seinare treff Hareid stolpen igjen. Ei lang pasning blir først slått opp på Ruben Kenneth Brandal, som etter over 20 månadar endeleg skal få vise litt av magien sin igjen. For der dei aller fleste enten hadde prøvd å dempa ballen med hovudet eller brystkassa, so løftar han like so greit opp eine foten, slik den er på høgde med eige hovud, og tek ned ballen på den måten slik ballen ligg perfekt framfor han, på ein måte som berre han kan. Deretter slår han ei pasning til Kim-Andre Lid Alvestad, som kjem i full fart framover. Han tek med seg ballen nokre meter, før han skyt frå ca. 25 meter. Ballen er på vei rett i høgre kryss, men Emblem sin keeper vartar opp med ei meisterleg redning, og får slått ballen i stolpen og ut.

Då det var spelt 25 minutt skapte Emblem sin første skikkelege sjanse, og den var verkeleg stor. For plutseleg er Emblem sin eine angriparar åleine med keeper Rikard Johannes Osnes. Osnes kjem ut og gjer målet so lite som mogleg, og held seg samtidig på beina heilt til Emblem-angriparen avsluttar. Heldigvis for Hareid reddar han skotet meisterleg, og held Hareid inne i kampen.

I staden for at Emblem gjekk opp i leiinga på den store sjansen, so var det Hareid som gjekk rett i angrep, og denne gongen skulle bortelaget få utteljing. Ruben Kenneth Brandal utfordrar ein Emblem-forsvarar på kanten av 16-meteren, tek tunnel på han, og tek seg vidare innover i boksa. Han slår so ei pasning i føta til William Valde Bigset, han dreg seg til høgre, slik han akkurat får nok tid til å avslutte, omkring 10 meter frå mål, og plasserar ballen uttakbart i høgre hjørne bak keeper. Stillinga er dermed 0-1 etter 26 minutt spelt.

Berre 6 minutt seinare, i det 32. minutt, skal Hareid auke leiinga si. Då får Hareid nemleg eit frispark ca. 35 meter frå Emblem sitt mål, eit godt stykke ut på høgre sida. Hareid flyttar då mykje spelarar fram på denne dødballen, og Ruben Kenneth Brandal slår ballen inn i feltet. Det er derimot ein Emblem-spelar som vinn ballen, og headar den nokre meter ut. Men her, ca. 20 meter frå mål, vinn Martin Longva ballen. Han dempar den på brystkassa, og på heilvolley skyt han den rett i høgre kryss, til 0-2. Eit skikkeleg kunstmål, som fort kjem til å vere ein svært sterk kandidat til årets mål når vi summerar opp sesongen 2021!

Det ser ut som stillinga kjem til å vere 0-2 når laga går til pause, men banens bestemann, William Valde Bigset, har andre planar på overtida av 1. omgong. For han krigar med seg ballen langt inn i 16-meteren. Keeper kjem ut for å prøve å ta ballen, men hovuddommar vurderar det som om han tek meir spelar enn ball, og dømmer dermed straffe til Hareid. Petter Worren, som forresten spelte sin første offisielle kamp for Hareid, går opp for å ta straffa. Han er heilt rolig, og plasserar ballen enkelt nede i venstre hjørne. Stillinga var dermed 0-3 til pause.

Petter Worren rett før han skyt straffesparket sikkert i mål.

Til 2. omgong gjor Hareid to bytte. Ut gjekk Daniel Hüttner Pilskog, og inn kom Johannes Knardal. Ruben Kenneth Brandal gjekk også ut, og inn for han kom Sebastian Hansen Bjørlykke. Ein kunne tru at det Emblem skulle komme ut til 2. omgongen å opptre på ein heilt anna måte, og blant anna presse mykje høgare. Men sjølv om dei gjor visse forandring, blant anna eit formasjonsbytte, so påverka ikkje det Hareid so altfor mykje. For Hareid spelte seg ut i dei fleste situasjonar, og gav Emblem svært få sjansar.

Hareid var også det laget som skapte den første store sjansen i 2. omgong. I det 62. minutt drog William Valde Bigset seg ned til dødlinja inne i feltet til Emblem, han slo so ballen inn mellom keeper og forsvaret. Der kom Johannes Knardal sklidande inn i full fart, men dessverre for Hareid var foten hans to størrelsar for små.

Sjølv om det ikkje blei mål på den sjansen, skulle 0-4 målet berre komme to minutt seinare. Då mottek William Valde Bigset ballen på venstresida, eit lite stykke inn på Emblem sin banehalvdel, etter ei pasning frå Martin Longva. Valde Bigset tek like so godt med seg ballen 30-40 meter fram, forbi og rundt alle Emblem-spelarar, inn i 16-meteren, og plasserar ballen leikande lett til side for keeper. Rett og slett eit svært vakkert mål!

Men Hareid var framleis ikkje ferdige med å skåre. For i det 68. minutt skulle publikum på Emblem Stadion få vere vitne til nok eit nydeleg mål, mest sannsynleg til størst glede for dei tilreisande supporterane. Kim-Andre Lid Alvestad såg nemleg ut til å ha blitt inspirert av Valde Bigset sitt mål berre nokre minutt tidlegare. For Lid Alvestad mottok ballen eit lite stykke inn på Emblem sin banehalvdel, på høgresida. Han tok med seg ballen framover, i høg fart. Fleire Hareid-spelara tok gode løp rundt han, og drog med seg fleire motspelarar med seg. Dermed var det berre for Kim-Andre Lid Alvestad å fortsette framover, å drible seg forbi spelar etter spelar. Tilslutt var han langt inne i Emblem sin 16-meter, då runda han ein siste spelar, før han roleg plasserte ballen til side for keeper med venstrefoten. Endå eit vakkert mål!

Etter dette var kampen definitivt over, og dei siste 20 minutta var det ikkje veldig mykje å rapportere om. Anna enn at Rikard Osnes varta opp men ei fin redning på slutten av kampen.

Om ein skal prøve å oppsummere kampen, so må ein hvertfall kunne slå fast at Hareid fekk ein draumestart på årets 4. divisjon. Det er svært vanskeleg å seie kor gode eller eventuelt svake Emblem er samanlikna med andre lag i divisjonen, men som hovudtrenar Kim-Tore Husøy sa rett etter kampslutt, so er det berre å innstille seg på at måndagens heimekamp mot Rollon kjem til å bli betydleg tøffare.

Det kjem til å bli ei svært spennande veke for Hareid, som har kamp både måndag og fredag neste veke. Vi satsar på at karane fortset på same måte i desse kampane!

Girri, girri!

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Nauris Driksna, Martin Longva, Gabriel Olav Peterson, Daniel Hüttner Pilskog (Johannes Knardal) – Gustav Bjørlykke (Adolphus Jacobs), Ola Kalvø Vattøy (Christian Korshaug), Ruben Kenneth Brandal (Sebastian Hansen Bjørlykke) – Kim-Andre Lid Alvestad (Benjamin Riise Erdal), William Valde Bigset, Petter Worren

Hareid sine tre beste spelara:

*** William Valde Bigset: skåra to mål, og skaffa straffesparket som føre til 3-0. Har også eit skot i stolpen.

** Martin Longva: Utruleg viktig for at Hareid held nullen denne kampen. God i duellspelet, både langs bakken og i lufta. Skåra også eit fantastisk mål.

* Petter Worren: I sterk konkurranse med Kim-Andre Lid Alvestad får Worren ei stjerne. Skåra på straffesparket, men framfor alt svært viktig i spelet.


Skriven av: Anders Hüttner Pilskog




Hareid – Rollon er utsett

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Aug 2021

På fredag skulle eigentleg A-laget spele årets første 4. divisjonskamp, heime mot Rollon. Men denne kampen har no blitt utsett, då ein Rollon-spelar har testa positivt for koronaviruset, og heile laget er sett i karantene.

Ein håper at kampen istaden blir spelt den 23. august. Vi kjem tilbake med meir når alt er spikra.




Tine fotballskule

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Aug 2021

Det nærmar seg Tine fotballskule som tek til måndag 9.august. Vi har valt å skyve påmeldingsfristen til onsdag 4.august, so det er fortsett mogleg å melde på ungen/ungane sine. Påmelding skjer via dette skjema: https://club.spond.com/landing/courses/hareididrettslag/2BC82D1A9E544396B201A147AF1C640F

Litt info rundt fotballskulen:

Fotballskulen er for dei i aldersgruppa 6-12 år (født 2015-2009). Det vil forgå måndag til torsdag frå kl. 10-14. Deltakarane vil få frukt og drikke kvar dag, ei t-skjorte, ein treningsbag og eit diplom. Instruktørane vil være spelarar frå damelaget, jr-laget og gutelaget.

Vi gler oss!!




Natnael Belay klar for Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Jul 2021

Endå ein ny spelar er no klar for Hareid IL A-lag, Natnael Belay har nemleg signert for klubben.

Natnael Belay melder overgong frå Hødd IL, der han i fjor spelte sju kampar for G19 i 1. divisjon.

20-åringer er ein offensiv spelar, som kan spele på fleire posisjonar, men trivast nok aller best på ein kant. Derifrå kan han utnytte sine styrkjer best, som blant anna er ei høg toppfart og god akselerasjon, i tillegg til ein funksjonell teknikk og vilje til å utfordre ein mot ein.

Natnael Belay blir eit godt tilskot til treningsgruppa, og vi satsar på at utviklinga has fortsett i Hareid.

Vi ønskjer Natnael velkommen til Hareid IL!

Girri, girri!




Hareid fekk utfordra seg mot tøff motstand

Postet av Hareid Idrettslag den 10. Jul 2021

Hareid A-lag spelte i går bortekamp mot 3. divisjonslaget Spjelkavik. Som venta var det eit svært godt fotballag Hareid møtte, og ein merka at Spjelkavik har enda på øvre halvdel av 3. divisjon dei siste tre åra. Sluttresultatet blei 4-1 siger til heimelaget. Hareid må likavel kunne seie seg fornøgd med delar av kampen, og framfor alt innsatsen spelarane la ned. Spesielt med tanke på at tre av måla til heimelaget kom på dødballar.

Kampen byrja med at Spjelkavik tok kommandoen frå start av, og det tok berre litt over eit minutt før dommaren dømde straffespark til heimelaget. Då hadde venstrekanten til Spjelkavik starta eit løp inn i feltet til Hareid, han mottok so ballen i høg fart, og tok den med seg forbi høgreback Gabriel Olav Peterson. Peterson rakk dessverre ikkje å trekke til seg foten i denne situasjonen, og felte dermed Spjelkavik sin nummer 17 innanfor 16-meteren. Keeper Rikard Osnes hadde lita moglegheit å redde straffesparket, og stillinga var dermed 1-0.

Andreas Nesset med ballen i beina.

Etter målet fortsatte Spjelkavik å presse på, men Hareid forsvarte seg godt. Dei hadde små avstandar mellom ledda, og alle spelarane jobba svært hardt for kvarandre. For det skal verkeleg Hareid ha skryt for, kvar og ein la ned ein ekstremt innsats, og sprang både fort og lenge.

Takket vere Hareid sitt forsvarsarbeid so skapte ikkje Spjelkavik so mange sjansar gjennom det vanlege spelet, men på dødballar var dei farlege. Etter 11 minutt var dei svært nære å auke leiinga til 2-0 på ei heading frå ein corner, men Daniel Hüttner Pilskog klarerte ballen på streken.

Då det var spelt 35 minutt kom derimot neste mål til Spjelkavik. Heimelaget fekk nok ein corner, denne blei klarert, men Spjelkavik sto etter og slo eit nytt innlegg frå motsatt side. På bakre stolpe sto dei Spjelkavik-spelar, som ingen hadde plukka opp, og han fekk dermed ein enkel jobb med å auke leiinga til 2-0.

Berre tre minutt seinare blei Hareid nok ein gong straffa på corner. Denne gongen blei innlegget slått inn på første stolpe, Hareid får ikkje klarert, og ein Spjelkavik-spelar skyt ballen istaden knallhardt i nettaket til 3-0 leiing.

Dette var også stillinga til pause.

Hareid skulle vise seg å prestere mykje betre i 2. omgang. Dei klarte no å halde på ballen i litt lengre perioder, og fekk med seg fleire menn på kontringane.

Etter 54 minutt spelt skulle Hareid få utteljing for dette. Då blei det nemleg slått opp ei lang pasning på Sebastian Hansen Bjørlykke langs høgrekanten. Han tok med seg ballen eit godt stykke opp langs kanten, før han slo eit hardt og lavt innlegg til Tarje Dimmen Riise framfor mål. Tarje Dimmen Riise avsluttar direkte frå ca. 15 meter, og ballen går i tverrliggaren og ut. Fleire av tilskodarane trudde no at sjansen var over, men Petter Worren rekk akkurat å slenge seg fram for å få ei tå på returen, og ballen trillar dermed i bortre hjørne, slik at stillinga er 3-1.

Iver Skeide feirar saman med Petter Worren.

Tolv minutt seinare, i det 66. minutt, aukar Spjelkavik nok ein gong leiinga, til 4-1. Endå ein gong er det på eit innlegg som ikkje blir klarert, og frå relativt nært hald skyt ein Spjelkavik-spelar ballen hardt i mål bak keeper.

Før dommaren blæs av kampen skapar Hareid ein stor dobbeltsjanse. Hareid tek nok ei kontring heilhjerte, og fleire spelarar blir med. Iver Skeide og Petter Worren kombinerar seg fint fram, der det endar med at sistenemnte hælsparkar ballen i bakrom til Iver Skeide. Skeide kjem då åleine med keeper frå litt skrått hald, han prøvar å «curle» ballen i lengste, men keeper vartar opp med ei god redning, og avvergar til corner. Denne corner blir og svært farleg, då ballen dett ned i føta til kaptein Gustav Bjørlykke inne i feltet. Han dunkar til, men ballen går akkurat til side for mål.

Etter dette blir ikkje det skapt so altfor mykje meir av sjansar, og dommaren blæs då av kampen til stillinga 4-1.

Det var liten tvil om at Spjelkavik var det farlegaste laget, men Hareid fekk likavel jobba og lært mykje gjeldande defensiv organisering, og vist at dei kan vere farlege når dei kontrar.

Hareid sin klart beste spelar i denne kampen var midtstoppar Martin Longva, som klarerte og vann duell etter duell. Longva viste med denne kampen at han kjem til å bli ein ekstremt viktig spelar for A-laget også denne sesongen.

I tilegg skal keeper Rikard Osnes få skryt for å ha vore ein viktig og tydleg leiar kampen gjennom, og han varta også opp med fleire gode inngripande i feltet.

Lagoppstilling: Rikard Osnes – Gabriel Olav Peterson, Ørjan Engen Grimstad, Martin Longva, Daniel Hüttner Pilskog (Natnael Belay) – Andreas Nesset, Gustav Bjørlykke (K), Petter Worren – Håkon Thormodsæther (Tarje Dimmen Riise), Sebastian Hansen Bjørlykke (Håvard Knudsen Bjåstad), Iver Skeide.

Girri, girri!




Kva har skjedd i Idrettslaget den siste månaden?

Postet av Hareid Idrettslag den 1. Jul 2021

Vi kan trygt sei at det har våre ein ganske hektisk juni månad vi no legg bak oss. Kampane i barne- og ungdomsfotballen har kome i gong igjen, friidrettsgruppa har våre på KM i Molde, påmeldingane til både Tine fotballskule og Nordvest Maraton strøymar inn og det har våre svært stor aktivitet på det flotte anlegget vårt!!

Ein glad gjeng som deltok på KM i Molde.

Alt dette er vi svært fornøgde med og vi ser fram mot ein endå betre seinsommar/haust. Frå 14.august av vil det bli ekstratreningar for dei som er mellom 12-16 år. Desse treningane vil gå kvar laurdag kl. 11-12.30. Dei er leda av Gustav Bjørlykke og Håvard Bjåstad. I tillegg vil det bli keepertrening på desse øktene. Det vil være for spelarar i alderen 10-16 år.

Det har også kome på plass eit sportsleg utval (SU) som skal ha ansvar for trenarkabalane, hospitering, keepertreningar, grasrottrenarkurs etc. Dei som sit i det utvalet er Ola Kalvø Vattøy, Cecilie Skeide, Einar Orten Trovåg, Emil Folkestad, Espen Beiermann, Anders Mork, Eiliv Tore Howlid og Benjamin Slettebakk.

På bilete: Benjamin Slettebakk, Einar Orten Trovåg, Emil Folkestad, Anders Mork, Espen Beiermann og Eiliv Tore Howlid. Ikkje på bilete: Cecilie Skeide og Ola Kalvø Vattøy

Som sagt så har påmeldingane til både Tine fotballskule og Nordvest Maraton strøymt inn, men det er plass til mange fleire.
Therese Falk har meldt sin ankomst til Nordvest Maraton, so det er berre å melde seg på for å måle krefter med ei som verkeleg kan å springe! Påmelding: http://www.nordvestmaraton.no/paamelding

Therese Falk kjem for å delta på Nordvest Maraton, kjem du?

Tine fotballskule er for dei i alderen 6-12 år (2015-2009), og vil bli gjennomført 9.-12.august kl. 10-14 kvar dag. Deltakarane vil få gratis lunsj kvar dag pluss ein treningsbagg og ei t-skjorte. Meir info og påmelding finn du her: https://club.spond.com/landing/courses/hareididrettslag/2BC82D1A9E544396B201A147AF1C640F/main_products

Det blir også turnhall på Hareid i jubileumsåret 2022 då Hareid Idrettslag fyller 100år! Det vart tidelgare i månaden klart at Hareid formannskap sa ja til å hjelpe med finansieringa av turnhall og gje dispensasjon for bruk av matjord. Det vart også klart at HIL skal få leige tomt til den nye turnhallen 😀

Tilrådinga frå kommunedirektøren var at dei skulle få kjøpe tomta for 50 000 kroner. Men etter framlegg frå ordføraren vart det vedteke at kommunen skal inngå festekontrakt med idrettslaget på minst 30 år, på same vilkår som Vikingparken. Det vil seie at dei skal betale ei krone i året for leiga. Formannskapet gav kommunalsjef for Samfunnsutvikling mynde til å underteikne avtalen på vegne av Hareid kommune.

Vi må også ta med at A-laget herrar spelte sin første kamp på 16 månadar tidlegare i veka. Der spelte dei mot Hovdebygda i ein kamp dei gjekk serianes ut av med ein 2-1 seier. Målscorarar var William Valde Bigset og Sebastian Bjørlykke!

Til slutt vil vi ønskje alle ein god sommar! Vi ser fram til mykje kjekk aktivitet rett etter sommaren 😀




Hareid A-lag vann årets første kamp

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Jun 2021

Hareid A-lag spelte i går sin første kamp på langt over eit år. Det blei ein treningskamp borte mot Hovdebygda, som Hareid vann 2-1 etter nokre dramatiske sluttminutt – mykje takka vere ein svært god aksjon av ein debutant.

Med tanke på kor lang tid det hadde gått sidan Hareid sist hadde spelt ein kamp, so var det knytta stor spenning til korleis spelet ville sjå ut, både blant publikum og i laget. Men då dommaren blåste i gong kampen, var det Hareid som tok kommandoen. Sjølv om ikkje alle touch og pasningar satt, so klarte Hareid å holde ballen mykje i laget den første perioda av kampen.

Etter seks minutt kom og den første store sjansen. Då kombinerte høgreback Gabriel Olav Peterson, som fekk sin debut for A-laget i denne kampen, seg fint opp langs sida. Han kom seg ned til dødlinja, der han ei slo eit innlegg 45 grader ut til Ruben Kennet Brandal, han fekk kontroll på ballen, men dessverre for Hareid gjekk avslutninga over.

Då klokka viste 30 minutt spelt kom derimot skåringa for Hareid. Etter ei god gjennombruddspasning til William Valde Bigset, so mottok han ballen og utfordra backen til Hovdebygda på venstrekanten sin. Etter ei vakker og effektiv overstegsfinte var Valde Bigset forbi forsvararen. Han kom åleine med keeper med litt skrå vinkel, men plasserte ballen enkelt i nærmaste hjørne. Stillinga var då 0-1 til Hareid.

Her feirar målscorar William Valde Bigset saman med Kim-Andre Lid Alvestad og Andreas Nesset.

Etter skåringa til Hareid kom Hovdebygda meir inn i kampen. For fem minutt etter målet kom ein Hovdebygda-spelar åleine med keeper, men keeper Rikard Osnes fekk avverga til corner etter ei flott redning. Men på denne corneren skulle Hovdebygda utlikne. Corneren blei slått bak i feltet, og heada inn igjen mot mål. Hareid hadde ein spelar på linja, som var borti ballen, men fekk akkurat ikkje klarert den vekk. Dermed var stillinga 1-1. Dette var også stillinga til pause.

Til 2. omgong gjor hovudtrenar Kim-Tore Leirbekk Husøy to bytte, inn med Sebastian Hansen Bjørlykke for Kim-Andre Lid Alvestad, og inn med Herman Heimland for RIkard Osnes. Dette blei dermed Heimland sin aller første kamp for Hareid.

Hareid tok nok ein gong kommandoen frå start i denne omgongen, og allereie etter tre minutt skåra Hareid. Etter ein dødball blei Ørjan Engen ståande åleine, og plasserte ballen enkelt i mål. Men dommaren annulerte målet for offside, til store protestar frå Hareid, som poengterte at ballen kom frå motspelar. Stillinga var dermed fortsatt 1-1.

Rett etter dette kom Hareid til ein ny stor sjanse. Nysigneringa Petter Worren drog seg innover i bana, forbi fleire motspelarar, og avslutta frå ca. 16 meter, men skotet sneik seg dessverre like over mål.

Etter dette gjor Kim-Tore Leirbekk Husøy fleire bytter, slik at alle dei 21 spelarane han hadde tatt med seg skulle få speletid.

Fem av spelarane som «varma opp», f.v.: Daniel Hüttner Pilskog, Markus Hareide, Tarje Dimmen Riise, Håkon Thormodsæther, Iver Skeide.

Hareid fortsette å skape fleire halvsjansar og farlegheiter utover i 2. omgong, men neste enorme sjanse kom ikkje før i det 84. minutt. Då slo debutanten Iver Skeide ei fantastisk gjennombruddspasning til Sebastian Hansen Bjørlykke, som kom heilt åleine med keeper. Men keeper varta opp med ei god redning, og stillinga var fortsatt 1-1.

Nokre minutt seinare foretok Hareid sitt siste bytte i kampen. Då fekk nemleg Adolphus Jacobs sin debut for A-laget, då han bytta med Andreas Nesset. Dette viste seg å vere eit svært smart bytte av hovudtrenar Leirbekk Husøy. For på overtida fekk Jacobs ballen på midtbana, og bestemte seg for å føre den framover. Han kombinerte mykje styrke med ein del fart, og kom seg forbi fleire Hovdebygda-spelarar. Då han nesten var inne i 16-meteren såg det ut som om Hovdebygda hadde klart å få kontroll på ballen, men Jacobs kriga seg nok ein gong forbi motspelar, og snappa med seg ballen inn i 16-meteren. Då blei Adolphus Jacobs takla bakifrå, og dommaren blåste klart i fløyta, og peika på straffemerket. Sebastian Hansen Bjørlykke gjekk opp for å ta straffa. Han sendte keeper eine veien, og plasserte ballen roleg i motsatt hjørne.

Hovdebygda makta ikkje å utlikne i det siste minuttet som var igjen, og Hareid vann dermed kampen 1-2. Kim-Tore Leirbekk Husøy oppsummerte kampen som ei svært god gjennomkøyring. For her var det mykje ein kan ta med seg vidare i treningsarbeidet fram til sesongstarten i midten av august.

Lagoppstilling: Rikard Osnes (Herman Heimland) – Gabriel Olav Peterson (Fredrik Andresen), Ørjan Engen, Martin Longva (Markus Hareide), Nauris Driksna (Daniel Hüttner Pilskog) – Andreas Nesset (Adolphus Jacobs), Gustav Bjørlykke (Tarje Dimmen Riise), Petter Worren (Håkon Thormodsæther) – Kim-Andre Lid Alvestad (Sebastian Hansen Bjørlykke), Ruben Kenneth Brandal (Johannes Knardal), William Valde Bigset (Iver Skeide).

(Stor bileteserie nedst)

Vi gratulerer Herman Heimland, Iver Skeide, Daniel Hüttner Pilskog, Gabriel Olav Peterson, Adolphus Jacobs, Johannes Knardal og Petter Worren med debut for Hareid A-lag!

Debutantane: F.v.: Johannes Knardal, Adolphus Jacobs, Herman Heimland, Iver Skeide, Daniel Hüttner Pilskog. Manglar på biletet: Petter Worren og Gabriel Olav Peterson.

Girri, girri!




Arill Larsen månadens frivillige!

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Jun 2021

Arill Larsen er månadens frivillige

Arill har våre trenar i snart 30 år (!!) og er framleis veldig engasjert som det den dag i dag.
Det å være friidrettstrenar innebærer å ha trenar- og ferdigheitskompetanse på mange ulike øvingar, og det har Larsen!

I tillegg til å alltid vere tilstede på dei faste treningene, legg han opp til ekstra treningar for dei som ønska det inn mot konkurransar. Han er alltid positiv og oppmuntrande og får utøvarane til å føle meistring. Ein mann som alltid er der, og som legg ned mange timar arbeid i friidretten, uten å fremme seg sjølv!

Gratulere so mykje med prisen, Arill!




Petter Worren har signert for Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Jun 2021

Hareid IL har gleda av å kunne presentere endå ei nysignering, Petter Worren har nemleg blitt ein del av Hareid A-lag.

Den 22 år gamle spelaren kan bekle fleire posisjonar, men kjem mest sannsynleg til å bli brukt mest på midtbana for Hareid.

Petter Worren er fostra i Hødd IL, og har spelt 10 kampar i 4. divisjon for Hødd 2, og 20 kampar for same lag i 3. divisjon. Han spelte i klubben fram til 2019, då han melde overgong til Herd. Der spelte han 15 kampar i 3. divisjon. Dette er altso ein spelar med mykje erfaring frå både 3. -og 4. divisjon, som forhåpentlegvis kjem til å bli ein svært viktig spelar for Hareid til hausten.

Velkommen, Petter!

Girri, girri!




Hareid J13 avslutta vårsesongen med svært jamn kamp

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Jun 2021

Sesongens andre seriekamp for Hareid IL jenter 13 år enda med uavgjort 1-1 heime mot Emblem. Kampen blei spelt tirsdag 22.juni på stor 9er bane.

Emblem starta kampen best, og skåra det første målet etter berre 4 minutter. Etter det var kampen var jamn, men Hareid var det laget som skapte flest sjansar. I slutten av 1.omg skulle dette gi resultat, då Lisa Rolfsrud utlikna for Hareid.


2. omgong var jamn, men Emblem var det laget som skapte flest store sjansar. Heldigvis for Hareid stod keeper svært godt imot. Hareid J13 har ingen fast keeper og rullerer derfor på oppgava, dermed ekstra imponerande av keeper.

Etter denne kampen er vårsesongen over for Hareid sine jenter 13 år. Laget har spelt trekampar, ein treningskamp mot Hødd og to seriekamper. Ein seier, ein uavgjort og eit tap.




KM i Molde

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Jun 2021

17 raske og sterke gutar og jenter frå Hareid reiste til KM i Molde i helga, med den største troppa på veldig mange år 🙂


Det enda med 12 krinsmeistertitlar, og ei lang rekkje aldersbestemte rekordar og klubbrekordar.
Peter Olav Pilskog Bitocchi, som var favoritt til fleire av øvingane, måtte stå over med skade, og gjorde at jentene dominerte resultatlista.

Synne Selvåg Larsen vart krinsmeister på 60m, 200m og lengde for jenter 12, og Anna Maria Pilskog Bitocchi i stav for jenter 13 😀

I klassa jenter 14 fekk vi fire krinsmeistrar: Ane Rise Brandal i høgde og stav, Anna Maria Kostaris i slegge og Oline Krokeide i kule. I klassa jenter 15 år gjorde Borghild Oline Holstad reint bord på 80m hekk, 100m, 200m og lengde, og du verda kor det går unna når ho trykker ned gasspedalen. Ny pers og flytting av hennar eigen klubbrekord på 200m med sju tidelsekund til 25.66, og ei betring av persen i lengde med nesten ein halv meter, noko som gjorde at ho tangerte klubbrekorden på 5.41 frå 2001!!

I høgde sette Ane Rise Brandal ny klubbrekord med 1.53, etter å ha jakta den gjennom sesongen, i tillegg sette ho klubbrekord i den litt sjeldne øvinga stav med 2.10! 😀




Sportsleg utval på plass

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Jun 2021

Då er sportsleg utval (SU) endelig på plass.

Namna og deira arbeidsoppgaver er som følger:

Ola Kalvø Vattøy: Kontaktperson opp mot fotballstyret. Papirarbeid. Keeperutvikling/keepertrening. Grasrottrenarkurs.

Einar Orten Trovåg: Kontaktperson for hospitering 13 år og opp til senior.

Eiliv-Tore Howlid og Anders Mork: Trenarkabal senior.

Benjamin Slettebakk og Emil Johannes Dahlen Folkestad: Trenarkabal 13-19 år.

Cecilie Skeide: Trenarkabal J15/16 og damelaget.

Espen Beiermann: Kontaktperson hospitering 6-12 år.

På bilde er ikkje Ola og Cecilie, men dei er med i SU.




Hareid J15 sterkt deltakande i den nye filmen Bortebane

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Jun 2021

Bortebane – filmen som i disse dagar går på kino, er J15 laget til Hareid sterkt deltakane i.

Dei er faktisk det laget som slår ut eit av laga som har hovudrolla i filmen (eit lag frå Kina). Vi har no filmstjerner i klubben 😉

Litt om filmen:

Vennskap, flørting, spenning, seire og tap – Norway Cup setter ungdommane på prøve også utanfor fotballbanen.


Anna, Fred, Khalidi, Yu og Afnan vil alle vinne Norway Cup. Dei har trent eit heilt år under fjella på Sunnmøre, på stuegolvet i Palestina og i varmen i Brasil. Vi følger dem gjennom kvalifisering, lette og vanskelege kamper, i møte med urettferdige dummara, masete foreldre, nye vennar og kanskje ein flørt.


Feelgood-film frå Norway Cup om vennskap, fotball, sursøtt godteri og ein opplevelse for livet!

Ein påminnelse om kva fotball bør handle om! Rørande feelgood-film om gleder, samhald, sorger og erfaringar – også for dei som ikkje liker fotball.
Passer for 10-15 år.




Sesongens første seriekamp for J13

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Jun 2021

Hareid J13 – Ørsta J13 (3-1) 3-1

Sesongens første seriekamp for Hareid IL jenter 13 år endte med 3-1 siger.
Kampen blei spelt onsdag 16.juni på stor 9ar bane.

Ørsta skåra første målet, men Hareid kom tilbake. Alle måla kom i 1 omgang og blei skåra av Lisa Rolfsrud, Sigrid Drevland Brandal, Wiktoria Pierzynovska.

På bilde ser man jublande glade Hareids jenter!

Bilde bak fra venstre:

Alida Grøttå, Andrine Hestad Brekke, Sigrid Brandal Drevland, Julie Sjåstad Kleppe, Nathalie Isabella Brandal, Anna Louise Holstad, Lisa Utgård Rolfsrud, Elvira Stamnes

Foran fra venstre:
Wiktoria Pierzynovska, Anna Maria Pilskog Bitocchi, Annie Grøttå, Thanura Premakumar, Pranaya Selva, Andrea Nesset Kvalsund, Kristine Severine Lillebø.


Ada Strømsjordet og Lone Bigset Finvik ikkje med på bildet.




Iver Skeide klar for Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Jun 2021

Hareid IL har gleda av å kunne presentere Iver Skeide som ny Hareid-spelar. Den unge og lovande 18-åring kjem til Hareid frå Hødd, der han har spelt fram til no i karrieren.

Iver Skeide er ein svært lovande spelar, som trivst best sentralt på midtbana. Til trass for sin unge alder har han allereie spelt 20 kampar i 4. divisjon for Hødd 2, og har notert seg for to mål. Dette er altso ein spelar som kjenner nivået i divisjonen godt, og som kjem til å bidra til å heve nivået til Hareid A-lag både i trening og i kamp.

Då han blei spurt om sine store styrkjer som fotballspelar, trekte han fram god teknikk og eit godt overblikk. For Iver Skeide var med Hareid G19 på kamp på måndag, i treningskampen borte mot Bergsøy. Og der fekk han verkeleg vist fram den gode teknikken og overblikket sitt, då han på 45 minutt noterte seg for målgjevande på begge Hareid sine mål i den omgangen.

No håper Iver Skeide at breiddefotballen snart opnar opp igjen, og at det snart blir lov med kampar, slik han får debuten sin for A-laget so raskt som mogleg!

Velkommen Iver!

Girri, girri!




Hareid G19 spelte uavgjort i svært dramatisk kamp

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Jun 2021

Hareid G19 spelte i går kveld treningskamp borte mot Bergsøy. Det skulle vise seg å bli ein svært dramatisk kamp, som svinga fram og tilbake, og til sist enda 4-4.

Hareid gjekk til pause med 1-2 leiing, etter mål av Simen Bellen og Sebastian Hansen Bjørlykke. Dette målet til Bjørlykke ser du på videoen under, og må vel kunne reknast som ei heilt ok straffe?

Etter pause starta Bergsøy best, og etter halvspelt 2. omgong leia heimelaget 4-2. Men Hareid avslutta kampen svært godt, og etter nye mål av Simen Bellen og Sebastian Hansen Bjørlykke var stillinga 4-4, noko som også blei sluttresultatet.

Dette var som sagt ein svært jamn kamp, mot eit godt lag, der Hareid viste at dei har mykje spennande å byggje vidare på!

Lagoppstillinga: Eskil Grimstad Kirkebø (Stian Roset) – Bartek Balawender (Iver Skeide), Benjamin Riise Erdal, Markus Hareide (Gabriel Olav Peterson), Ole Martin Liavåg (Daniel Hüttner Pilskog) – Johannes Knardal, Adolphus Jacobs (K) (Christian Korshaug), Andreas Nesset – Simen Bellen (Robel Berihu), Sondre Holstad, Sebastian Hansen Bjørlykke (Natnael Belay)




Kven er månadens frivillige for juni?

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Jun 2021

Det er no mogleg å nominere personar som har stått på, ikkje berre i juni, men også over ei lengre periode for Hareid Idrettslag.

Har du ein person du vil nominere? Då er det berre å sende inn nominasjonen til daglegleiar@hareidil.no eller på mobil (47362493). Det er fint om de kan legge ved ein liten begrunnelse på kvifor akkurat den personen fortenar prisen.

Vinnaren vil bli offentleggjort i løpet av veke 26.




Sponsing frå Kaffe-Partner AS

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Jun 2021

Vi kan i dag meddele at vi har blitt sponsa med ei Xerox kopimaskin og ein LIO 2 instant kaffemaskin frå Kaffe-Partner AS.

Det var selgar Ole Magnor Clausen-Bekken som tok kontakt å ville veldig gjerne sponse Hareid IL med både ei kopimaskin og ei kaffemaskin. Det set vi veldig pris på og er kjempefornøygd med produkta.

XPM.no og Kaffe-Partner er ein del av same lokale selskapsgruppe og dei er størst i Midt-Norge på kontormaskiner som:

  • Kaffemaskiner og vannkjølere
  • Kopi/multifunksjon/print maskiner
  • AV utstyr som Touch skjermar osv

Om andre skulle være interessert i nokon av produkta som dei tilbyr er det berre å ta kontakt med Ole Magnor Clausen-Bekken på mobil: 966 20 508 eller på e-post: ole-magnor@kaffe-partner.no

LIO 2 INSTANT Xerox WC 7845



Fredrik Aursnes med A-landslagsdebut!

Postet av Hareid Idrettslag den 6. Jun 2021

Where it started…

Where it is going…

Lagbilde-debut med Hareid a-lag i 1997.

A-landslagsdebut for Norge i dag.

Gratulerer så mykje, Fredrik Aursnes!

Stolte ta deg!

Lagbilde-debut med Hareid a-lag i 1997.



Hareid G19 spelte treningskamp mot Hasundgot i nydeleg sommarvær.

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Jun 2021

Hareid G19 spelte i går årets første treningskamp, heime mot Hasungot.
Hareid spelte ein svært god kamp, og vann tilslutt med heile 10-1. Mange spelarar imponerte, men om ein berre skal nemne to so kan ein trekke fram keeper Eskil Grimstad Kirkebø og Bartek Balawender. Begge spelte ein svært god kamp, og då må ein huske på at desse spelarane fortsatt berre er 14 år!

Målscorar: Natnael Belay – 3 mål, Sondre Holstad – 2 mål, Sebastian Bjørlykke – 2 mål, Simen Bellen, Markus Hareide, Johannes Knardal.

Lagoppstilling: Eskil Grimstad Kirkebø – Bartek Balawender (Laurits Dimmen Riise), Markus Hareide (Tarje Dimmen Riise), Benjamin Riise Erdal, Ole Martin Liavåg (Eskil Naustenget Bjørlykke) – Johannes Knardal (Sebastian Bjørlykke), Adolphus Jacobs, Andreas Nesset – Natnael Belay, Sondre Holstad, Simen Bellen (Robel Berihu).

Girri, girri!




Fotballen rullar endeleg igjen!!

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Jun 2021

G9 har siste veka spelt tre kampar. Første kamp var mot Hasundgot.

Samtlege spelarar vart med og det var stor stas å få delta i kamp igjen. Det enda med 10-3 siger.

Etter det har vi delt laget litt og møtt Bergsøy borte i helga og Moltu/Tjørvåg borte i går. Først vann vi 14-5 mot Bergsøy på flotte Havila stadion.

I går var vi på Moltu sitt nye flotte anlegg og spelte i varmen. Det enda med 12-4 seier og alle spelarane i troppa har fått mykje speletid.

G9 er 14 spelarar til saman. Treningsoppmøte har igjennom covid vår på over 90 % på kvar trening. At kampane no rullar er veldig kjekt.

Spelarane viser igjen mykje av det vi har terpa på i trening. No ser vi fram mot nye kampar samt minuturnering neste helg på Høddvoll.




Bård Grimstad – Månadens frivillige

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2021

Bård Grimstad – Månadens frivillige for mai.

Bård har lagt ned mange timar for idrettslaget i mange år. Han har trena mange lag, også fleire lag per år, og fortenar all hyllest for den jobben han legger ned for idrettslaget!!

Hareid IL set veldig stor pris på å ha Bård rundt idrettslaget, og vil med dette vise kor takknemlege vi er for å ha han her.

Bård vil også takke dei støttespelarane han har hatt rundt seg i alle dei år, men spesielt i fjor og i år vil han takke Kevin Aarvik Hestholm, Lena Kathrin Hansen, Ørjan Engen Grimstad og Kjell Arne Øvrelid.

Gratulere so mykje med prisen!!

Hareid damelag 2020.



Hummel blir ny utstyrsleverandør

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2021

Hareid IL byter utstyrslevrandør frå Umbro til Hummel.

Styret informerer om at Hummel blir ny utstyrsleverandør til alle gruppene i idrettslaget.

Dette er nøye vurdert av fleire grupper og avgjersla er teken med tanke på gode fordelar for klubben og gunstigare prisar på drakter og klubbkolleksjon til medlemmane. Hummel har produkter i god kvalitet og egner seg godt for våre aktivitetar.

Avtalen trer i kraft frå 1.januar 2020 og er ein 3-års avtale.

Lokal forhandlar blir Sport1 på Hareid.




Fjelltrimmen 2020 – Premieseremoni

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2021

Fjelltrimmen 2020 – Premieseremoni.

Denne er i år avlyst grunna Covid-19.

Premier er innkjøpte og vi har dei klar til utlevering neste veke. Styret vil ta ein dugnad på å levere ut premiane, om ein ikkje ynskjer å hente dei sjølv hjå ein av styremedlemane. Resten sender vi.

Trekninga av dei 6 gevinstane vil vi gjere den 12. november. Dei som vinn vil få gevinsten sin på samme måte som premien.

Vi beklagar at det ikkje vert premieutdeling i år, men vi kjem tilbake neste år!




Linn Urke månadens frivillige for april

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2021

Då er vinnaren av månadens frivillige kåra, og det blei Linn Urke som stakk av med prisen for april!!

Linn legg ned utruleg mykje tid og energi for alle turnarane i Hareid IL. Ho er trenar for fleire av gruppene, ho sit i styret, har ansvar for alt av utstyr og ho motiverar og støttar både turnarane og trenarane!

Hareid IL set enormt pris på den jobben Linn gjer! Gratulere so mykje med prisen for april!

PS: Det er no mogleg å sende inn forslag til månadens frivillige for mai




Første utandørsstemne på Høddvoll

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2021

Søndag stilte 34 utøvarar frå Hareid til årets første utandørsstemne på Høddvoll. Ei lang rekkje sterke prestasjonar viser at vi har fleire svært gode utøvarar, og ein stor underskog av utøvarar på veg opp!

Spesielt sterkt var løpet til Synne Selvåg Larsen som berre 12 år gamal sprang på 27,95 på 200 meter og knuste den aldersbestemte rekorden på distansen med 2,7 sekund!

Nærmast som vanleg sette også Borghild Oline Holstad to aldersbestemte rekordar i si klasse, J15, med 12,77 på 100m og 26,32 på 200m. Begge rekordar som har stått i over 25 år. Sistnemnde også klubbrekord uansett klasse!!

Peter Olav Pilskog Bitocchi, som i fjor tok Audun Gardshol sin 14-årsrekord på 60 meter, sprang i dag inn til 11,87 på 100m, trass i at han sprang aleine. Dette ville ha slått Gardshol sin G15-rekord om det ikkje hadde vore for mykje medvind. Desse «uslåelege» Gardshol-rekordane har stått i over 50 år. I høgde J14 fortsette Ane Rise Brandal å flytte persen sin, denne gong til 1,49. Berre 3cm frå klubbrekorden uansett klasse. Eg kunne ha nemnd mykje meir!!




Påmelding Tine Fotballskule 2021

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Mai 2021

Påmelding Tine Fotballskule!

Då er det mogleg å melde seg på Tine Fotbalskule 2021.
Alt du treng å gjer for å melde på ungen din er å følgje lenka⚽️

Er det spørsmål rundt påmeldinga er det berre å ta kontakt med dagleg leiar (47362493).
Vi gler oss veldig!!

Sprei bodskapet til alle du trur vil delta!! Ditte blir kjekt!

Spond Club




Vi er TINE Fotballskule-arrangør!!

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Mai 2021

Hareid IL Fotball har gleda av å invitere til Tine Fotballskule frå 9.-12.august⚽

Dette gjeld for aldersgruppa 6-12 år og vil være måndag-torsdag frå kl. 10-14.

Meir info rundt påmelding kjem rett over helga.

Vi gler oss!!




FREDRIK AURSNES PÅ LANDSLAGET!!

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Mai 2021

FREDRIK AURSNES PÅ LANDSLAGET!!

Fredrik Aursnes vart i dag tatt ut på landslaget som skal møte Luxembourg og Hellas første veka i juni!

Aursnes har vore svært sentral for Molde over lengre tid og det er veldig fortent at han får sjansen på landslaget no.

Vi ønskjer Fredrik lykke til på landslagssamlinga!!




Etablerer vêrstasjon

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Mai 2021

Trimgruppa i Hareid IL skal etablere vêrstasjon på Skafjellet i samband med attreising og oppgradering av varden.

Skafjellet er i alle årstider eit av dei mest populære turmålet på Hareidlandet




Dato for årsmøter i HIL 2021

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Mai 2021

Følgande oversikt for årsmøter i gruppene og HIL

  • 04.02.21 Trimgruppa (kl. 18.30)
  • 08.02.21 Turngruppa (kl. 19.00)
  • 15.02.21 Handballgruppa (kl. 19.00)
  • 18.02.21 Friidrettsgruppa (kl. 20.00)
  • Fotballgruppa har endå ikkje avklart dato.
  • 18.03.21 Hovudlaget HIL (kl. 19.00)




Eit løft for Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Mai 2021

I 2022 er det 100 år sidan Hareid Turnlag vart skipa. Sidan då har namnet blitt endra til Hareid Idrettslag, men turngruppa er framleis ein svært aktiv del av idrettslaget.

Men aktiviteten har sine utfordringar, der tenlege lokale er det største hinderet turngruppa må over. No er håpet at 100-årsgåva til Hareid IL kan bli ein eigen turnhall og målet er at denne skal stå klar til 100-årsjubileet 28. desember 2022.

Les heile artikkelen på vikebladet.no




Hareid IL er kretsmeister i FIFA21

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Mai 2021

Etter ei nervepirrande finale mot Tjørvåg, som endte med 2-0 siger, kunne Hareid sleppe jubelen laus og kalle seg kretsmeitser i FIFA21! 

I helga blei dei siste kampane i kretsmeisterskapet i FIFA 21 spelt. Hareid var godt representert med tre lag. Hareid2 gjekk til slutt av med sigeren og kan kalle seg kretsmeister på Sunnmøre. 

Dei er med det kvalifisert til NM som vil foregå på Ullevål Stadion i løpet av mars. 

På bilete ser du Greger Skuseth Flatmark, som spelte på lag med Eivind Akslan Leikanger, som ville representere Hareid IL sidan dei ikkje hadde moglegheit for å delta på eit lag frå Ålesund! 

Dei to andre laga som deltok var Hareid, med Andreas Nesset Jr og William Valde Bigset og Hareid3 med Iben Andre Breivik og Daniel Jacobs. Dei kom på høvesvis 6. og 10.plass! 

Tusen takk for innsatsen til alle laga og gratulere til vinnarlaget!! 




Therese Falk kjem «heim»

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Mai 2021

Ny gladnyheit! Therese Falk kjem «heim». Therese Falk vann NM-gull i 24-timarsløp i 2015, 2017 og 2019, og NM-gull på 100km ultraløp i 2018. I september 2020 satte ho ny nordisk rekord på 24-timars løp. Therese Falk representerer Hareid IL.




Årleg møte i fotballgruppa gjennomført

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Mai 2021

Tirsdag den 9. mars gjennomførte fotballgruppa sitt årlege møte. No gjenstår berre årsmøte i hovudlaget, der blant anna eit nytt styre til fotballgruppa skal presenterast og vedtakast. 

Det årlege møtet starta med ei oppsummering av 2020-sesongen frå nestleiar i styret, Anders Eidsvik. Han var og ordstyrar under møtet, ettersom styreleiar Anders Riise deltok via Teams frå Oslo. Eidsvik fortalde at styret sitt arbeid har, som so mykje anna, blitt sterkt påverka av pandemien. For grunna pandemien har styret berre gjennomført sju møter, noko som er litt mindre enn under eit vanleg år. Men sjølv om styret hadde nokre utfordringar under året, so var det og mykje positivt som Anders Eidsvik ønska å framheve.

For det beste og viktigaste som skjedde under 2020 var sjølvsagt opninga av Hadarhallen. Viktigheita av denne hallen slik som 2020 utvikla seg, har vist seg å ha vore heilt avgjerande for å kunne halde aktiviteten for born og unge oppe. 

Ein anna ting som har vore svært gledande for styret, fotballgruppa, og heile idrettslaget, er tilsetjinga av Ola Kalvø Vattøy som dagleg leiar. Dette har i følgje styret bidratt til ei mykje betre drift av fotballgruppa og idrettslaget. 

Anders Eidsvik og styret ønskte og å gi skryt til seniorgruppa, som har lagt ned svært mange timar med dugnad både i Hadarhallen, men og ellers.

Årsmeldingane frå kvart enkelt lag blei som alltid gått gjennom, og det var spesielt ein positiv ting som stakk ut her. Nemleg det at i løpet av året so har tilbodet for jenter som ønskjer å spele fotball, blitt mykje betre! Dette er svært gledande.

Reknskapet for 2020, og budsjettet for 2021, blei og gått gjennom på møtet. Ei utfordring økonomiansvarleg i styret, Terje Giskeødegård Balsnes, opplyste om, var at dei to seinaste rapportane om reknskapet for 2020 viste svært ulike tal. Den første rapporten for reknskapet som styret fekk, viste eit underskot. Medan rapporten som kom same dag som årsmøtet blei haldt, viste til eit overskot på litt over 200 000 kr. Ettersom desse to rapportane var so ulike, skal desse tala reviderast og kvalitetssikrast før årsmøtet i hovudlaget torsdag den 18. mars. 

Valnemda informerte under møtet at deira forslag til nytt styre endå ikkje var ferdig, og at dei dermed kjem til å presentere dette forslaget på årsmøtet i hovudlaget.

Vi ser difor fram til hovudlaget sitt årsmøte torsdag den 18. mars, og håper at so mange som mogleg deltek. Møtet blir digitalt, og det er berre å ta kontakt med dagleg leiar for å kunne delta. 




Trekning førstkomande torsdag

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Mai 2021

😁🙌🏻✌🏽

På torsdag vil trekninga av Fredrik Aursnes si Champions League drakt,Anders Hjelle Øiestad sitt måleri, eit Hareidsskjerf og ein Hareidscaps frå 80-tallet take stad😁😁🙌��🙌��Det er forsett mogleg å være med i trekninga! Det du treng å gjere for å være med i trekninga er å kjøpe ein andel på baneeigarveggen i Hadarhallen.

Ta kontakt med dagleg leiar på Mail (daglegleiar@hareidil.no) eller på telefon (47362493)✌��✌��PS: Trekninga vil bli direktesendt på Hareid IL sin Facebookprofil førstkomande torsdag. Nøyaktig tidspunkt vil vi kome tilbake til.




Månadens frivillige

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Mai 2021

Hareid IL har mange eldsjeler som legg ned ein enorm innsats, trening for trening, veke etter veke, år etter år.

I desse tunge tider der det er ekstra vanskeleg å halde oppe motivasjonen for mange, ønskjer Hareid IL å setje ekstra pris dei frivillige som held hjula i gang.Vi startar derfor opp prisen «månadens frivillige». Kven fortener denne prisen for april? Send inn forslag på mail (daglegleiar@hareidil.no) eller på melding (47362493)…innan 2. mai. 

Det kan både vere ein person som har gjort ein ekstra god innsats i februar, eller ein person som har gjort ein god innsats over lenger tid – også i april. Det kan vere ein trenar, ein lagleiar, ein styremedlem eller kven som helst. Det er same kva idrett personen styrer på med. Personen treng ikkje nødvendigvis å vere knytt til ei spesiell gruppe heller. Ingen forslag er for dårlege. Det viktigaste er at vedkomande brenn for Hareid IL! 

Hugs å sende inn forslag innan 2.mai, så annonserer vi vinnaren måndag 3.mai. Vinnaren vil bli hedra med ein fin statuett 😀