Grendacup-comebacket vart ein braksuksess

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Des 2022

Vi skal ikkje påstå at den 27. utgåva av Grendacupen var tidenes beste, men det var heilt klart ei av dei beste.

Kor vidt ei turnering er ein suksess eller ei spørst sjølvsagt kva kriterium du legg til grunn, og kven du spør.

Mange vil kanskje legge mest vekt på korleis det gjekk med sitt lag sportsleg, eventuelt det laget dei heldt med. Andre er mest opptekne av å ha ein god plass på tribunen og tilgang på gode varer i kiosken. Atter andre er mest opptekne av dømminga eller kvar næraste ispose ligg. Ingenting blir perfekt, verken i VM eller i lokale turneringar.

Men ut frå ei rekkje kriterium har arrangørane all grunn til å seie seg nøgde med denne utgåva av Grendacupen. For det første var det uklart kva standing cupen hadde blant folket etter tre års pause. Den usikkerheita kunne vi fort avskrive. Det skulle sjølvsagt ha vore med nokre fleire ungdomslag, men det var med fleire seniorlag enn før koronaen. Og om det ikkje var tilskodarrekord kan det ikkje ha vore langt unna heller.

Vidare var det relativt jamt sportsleg nivå og ein heil haug med spennande kampar. Det oppstod ei rekkje twistar undervegs i turneringa i fleire klassar. Dessutan var showkampen eit populært innslag. Det same var loddsalet med blant anna ei signert Benfica-drakt i potten. Og etter litt trøbbel med anlegget dag 1 laga gjengen i speakerboda god stemning utover i turneringa.

Vi skal ikkje i denne omgang gå gjennom heile turneringa sportsleg. Mykje er allereie meldt på Facebook-profilen vår og på mylivescore.no (sjekk også vikebladet.no). Men kjapt og gale:

  • For ungdom jenter var det etter gruppespelet ingen som trudde noko anna enn at GoalDiggers skulle vinne. Men i finalen var det Liggeunderlaget som var i best slag og vann 2-1. Anna Maria Pilskog frå vinnarlaget vart årets spelar. Det er idrettsgenar i den familien…
  • For ungdom gutar var det favorittlaget Ballalaika som vann, men dei fekk bra motstand både i finalen og i fleire kampar i gruppespelet. Årets spelar vart Martin Vik frå vinnarlaget.
  • Som Skribenten Bygdedyret hadde tippa vart det ein ganske jamn dameklasse, men med Here For The Exercise som knapp vinnar. Dei slo det Helvig/Årsbog Bjåstad-dominerte laget Siste Liten 4-3 i finalen. Dermed vart det ingen åttande Grendacup-triumf for Martha Helvig Omdal i denne omgang, noko som i tilfelle ville ha vore rekord uansett kjønn. Anna Aahjem vart ikkje uventa årets spelar, i tillegg til å bli toppscorar.
  • Blant karana kunne Karjana tatt sin tredje triumf sidan 2016. Men eit heilt nytt Grendacup-lag stakk av med det vi får seie var ein fortent siger til slutt. Dei har fått mykje tyn for namnet sitt, men det var altså Hardbarka Alkisa som vann 4-2 i finalen mot Karanje. I motsetning til fleire av dei andre laga som kom langt viste vel eigentleg aldri Hardbarka Alkisa spesielle svakheitsteikn denne turneringa. Daniel Notanes Brandal frå vinnarlaget vart kåra til beste spelar.
  • Den som smilte aller breiast var derimot truleg Christian Nykrem Korshaug. I tillegg til at han var spelande lagleiar for vinnarlaget stakk han av med Benfica-drakta i lotteriet. Etter kampslutt signaliserte Christian kjapt at han i løpet av eit par-tre år kjem til å ha vunne Grendacupen fleire gongar enn onkel Per Ståle Nykrem.

Sjekk elles Facebook-profilen vår for liste over dei andre prisvinnarane.

Men vi vil nytte dette høvet, når vi først skal runde av eit hektisk år for fotballgruppa i Hareid IL, til å nemne at Anders Eidsvik vart kåra til årets eldsjel. At fotballgruppa har hatt eit positivt år med mykje engasjement, der mange trekk i same retning, er det fleire som skal ha æra for. Men få har vel engasjert seg så breitt som Eidsvik, der han har involvert seg både i sportslege, adminstrative og anleggsmessige nyvinningar. Tusen takk for årets innsats, Anders! Så håper vi årets Grendacup kan danne grunnlaget for endå eit godt år for fotballgruppa i 2023.

Men først må arrangørane og spelarane få kvile seg til over helga. Godt jobba av alle saman! Og tusen takk også til dommarar, publikum og sponsorar.

Vi ønskjer alle eit godt nyttår!

Og følg med på Facebook-profilen vår for fleire bilete frå Grendacupen utover nyttårshelga.




Bygdedyret sine Grendacup-vurderingar

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Des 2022

Tidlegare i dag publiserte vi mykje nødvendig informasjon om Grendacupen. Her kjem mykje du slett ikkje treng om å vite før turneringa startar. Vi har nemleg sleppt fri ein gammal Grendacup-skribent!

Skribenten «Bygdedyret», som kom med høgst subjektive Grendacup-vurderingar i mange år fram til og med 2016, gjer nemleg i likskap med sjølve cupen comeback i år. Som alle veit så får Bygdedyret vite alt som skjer i bygda, men evnene til å tolke informasjonen han/ho/hen får inn er av og til litt haltande. Ingenting i vurderingane er altså sant, men alt kunne ha vore det. Lykke til med årets turnering!

Innleiing:

Skeptikarane tok feil. Heldigvis. Grendacupen er framleis liv laga. Mange var skeptiske til om det var mogleg å få Grendacupen på føtene igjen etter tre år utan cup. Men påmeldinga viser at det faktisk er fleire seniorlag i år enn i 2019. Det hadde neppe nokon trudd for eit par-tre veker sidan. Skåret i gleda er at det er litt få ungdomslag. I grunnen er ikkje det så rart. Dei færraste som er i målgruppa i år har spelt Grendacup tidlegare, så dei har ikkje så nært forhold til turneringa som dei eldre har. Men det kjem seg nok til neste år, sjølv om dei truleg bør vurdere å hente tilbake til nokre gamle reklametiltak, som å henge opp tradisjonelle plakatar på ungdomsskulane.

Men nok alvor no. La oss gå i gang med årets vurderingar!

(Kriteria er greie. Tre lag i kvar herrepulje går til mellomspel. Der går to av tre i kvar mellomspel-pulje vidare til kvartfinale. (Ein tek ikkje med seg poeng i gruppespelet vidare, som i handball-meisterskap. Altså kan ein bli nummer tre i si pulje dag 1 og likevel ha gode sjansar for kvartfinale.) Fire av fem damelag går til semifinale. Altså blir eitt lag eliminert. Ungdommane spelar dobbel serie, med ein serie kvar dag – før dei to beste laga møtest i finalen. Skribent «Bygdedyret» føler seg for gammal til å vurdere ungdommane. I ein kjapp kommentar seier han at Markus Hareide er den yngste hareidsdølingen han kan namnet på (før han juksa litt ved å bruke fotball.no under desse vurderingane).)

Herreklassen:

Gruppe PS:

Dette er ei tøff pulje. Tre av desse laga kjem fort langt i turneringa.

1. Gyazo

Eit lag der mange er opptatt av å strø ballar, medan andre er mest opptekne av strøsand-situasjonen i bygda (ja, eg tenkjer på deg, Markus). I tillegg har dei langdistansefantomet Henrik Hareide Holstad og hip hop-entusiasten Bastian Rasmussen. Gyazo kan fort vinne heile turneringa. Dei vinn i alle fall denne gruppa.

Sjå opp for: T. Riise. Kjem nok til å selje seg dyrt i romjula, for salet startar ikkje før på nyåret!

Profilen: SoMe-kongen Markus Hareide

Usikkerheitsmomentet: Om Tupac endeleg gjenoppstår og kjem med ny plate i romjula, blir det nok lite vi ser av Bastian Rasmussen i Hareidhallen.

2. Best uten Fredrik

Litt usikkert kven Fredrik dei snakkar om. Fredrik Abrahamsen? Andresen? Bøe? Steen? Skavlan? Han prinsen i Danmark? I alle tilfelle er det ikkje sikkert dette laget blir så verst. Dei skal visst nok ha signert både Ruben Kenneth Brandal og fleire til på tampen her. Martin Longva er framleis ein god fotballspelar. Og Lars Mork har på sine eldre dagar begynt å satse på langdistanse, såpass at han kan kompensere for meterane Ruben Kenneth og Marton Muren selekterer vekk.

Sjå opp for: Sjur Gjerde – god innekeeper.

Profilen: Ruben Kenneth Brandal. Ikkje lenger profil som fotballspelar, men som konstituert kommunalsjef.

Usikkerheitsmomentet: Marton Muren – god til å takle, men det var dette med å treffe ball og ikkje mann.

3. Sygjing

Blir det endeleg Grendacup-gull på denne gjengen, eller må dei sygje på den sure karamellen igjen? For å vere heilt ærlege så er dette eit lag som kan gå heile vegen om (spesielt) William Valde Bigset har skrudd inn stillet. Ifølgje fotball.no er både Bigset og dei fleste andre på laget her «inaktiv spiller med statistikk». Klarer dei i romjula å vere litt aktive og legge vekk fokuset på statistikk, så kan dette blir retteleg bra. Men det følest ikkje ut som eit sikkert bet, for å bruke eit halv-engelsk uttrykk.

Sjå opp for: Even Bjåstad er eit levande gult kort. Og i år må ein sone for to gule i denne turneringa. (Les meir om reglane ein annan plass her på sida.)

Profilen: Martin Løset. Ein av Norges beste inne-keeperar på 90-talet. Comeback med Flø IL i år.

Usikkerheitsmomentet: Mange spelarar med mykje brylkrem her. Kan slå begge vegar.

4. O2-snapparane

Laget vart starta då Snapchat vart populært, og det å snappe seg sjølv på joggetur var det heilt store. Med nokre heiderlege unntak har det blitt meir Snapchat enn trening av O2-opptak på denne gjengen siste åra. Kan setje opp eit greitt five a side-lag, men har hamna i den klart tøffaste pulja og ryk nok rett ut.

Profilen: Ole André «Lensmannen» Kragset er ikkje den du vil i duell med om du kan velje fritt.

Profilen: Torstein Holstad Sivertsen. Ikkje som spelar eller lagleiar, men som lodd-ansvarleg i Grendacup-styret.

Usikkerheitsmomentet: Skulderskada til «Lensmannen». Må han spele med fatle?

Gruppe PT:

Det vart ikkje old boys-klasse i år, men dette er old boys light-pulja. Fire av fem lag kan kategoriserast som nesten-old boys-lag. Utvilsamt den pulja Bygdedyret ser mest fram til å følgje første dag. For her er det mange lag vi ikkje ser så mykje av utpå dag to.

1. Karanje

Vinnarar i 2016 og 2019. Har fort turneringas beste spelar i Ole Monrad Alme. Spørsmålet er kor vidt dei ikkje-profesjonelle på laget her har heldt forma ved like sidan sist turnering.

Sjå opp for: Venthan Ketheeswaran. Har aldri klart å kome tidsnok til verken ei trening eller ein kamp gjennom eit langt fotball-liv. Men sjå bort til inngangsdøra eit par minutt ut i kampane til Karanje, så dukkar han nok opp.

Profilen: Moped-Martin Mork Breivik. Kunne ha blitt verkeleg god om han ikkje hadde satsa så mykje på mekking i 16-17-årsalderen.

Usikkerheitsmomentet: I 2016 stod nybakt Hareidstrenar Stig Andor Engen som ein levande vegg då førstekeeperen vart skada (eller var det utvist?). Det enda med lagets første gull i herreklassen. Kjem dei til å setje opp Stig på dommarkortet, sånn berre i tilfelle…?

2. Holemix

Holemix har allereie vunne Grendacupen – altså når det kjem til det taktiske spelet før turneringa. Har prøvd å hevde at dei slit på alle frontar og at det berre er så vidt dei klarer å lag. Men med to blad Holstad Grimstad og ein kjapp Bjørkykke på topp treng berre ein av dei «gamle» holemixarane om å vere i form for at dei skal klare å stille eit bra five a side-lag. Holemix vinn ikkje sjølve turneringa, men bør faktisk klare ein kvartfinale – eller deromkring.

Sjå opp for: Lars Roar Holstad si evne til å rive ned bord i sekretariatet. Underskrivne var dessverre ikkje i hallen på det aktuelle tidspunktet den spesielle hendinga skjedde. Men ifølgje informerte kjelder Bygdedyret har møtt i området rundt Hareid drosjesentral skal Kisse junior ha slengt fleire motspelarar over borda i sekretariatet slik at borda knakk på midten. Heldigvis var faren ordførar på den tida, og nye bord vart kjøpt inn over kulturbudsjettet.

Profilen: Svenn Erik Holstad Warholm. Nærare utdjuping skulle vere unødvendig.

Usikkerheitsmomentet: Vi skulle til å skrive at det var litt usikkerheit rundt kor vidt Tor Henning Andersen er ein bra nok keeper på dette nivået i dag. Men så såg vi at vi hadde lese feil etternamn.

3. Stavangerkameratene

Berre så de veit det: Grendacup-laget Stavangerkameratene har mykje til felles med popgruppa Stavangerkameratene: Dei var best rundt år 2016! Det skal gå an å lage eit bra five a side-lag basert på denne troppen, men dei har neppe kondisjon nok til å hevde seg når det begynner å drage seg til utover dag to.

Sjå opp for: Dømminga. Med både dagleg leiar og halve fotballstyret på dette laget er det i praksis dette laget som betalar honorara til dommarane. Treng ikkje om å vere ei ulempe.

Profilen: Kenneth Nicolaisen – i rolla som Kjartan Salvesen på banketten!

Usikkerheitsmomentet: Må absolutt Georg Eikrem Olsen ha si daglege økt på Aktivsenteret før kampane, og korleis vil det eventuelt slå ut på parketten?

4. Larvene

Ingen i turneringa slår Larvene på rutine i denne cupen. Her er det mange som har vunne turneringa mange gonger. Problemet deira er at det er nokre år sidan sist, for dei fleste her ganske nøyaktig ni år sidan.

Sjå opp for: Per Ståle Nykrem sine jubelscener – dersom han får noko å juble for.

Profilen: Larva Hareide (står ikkje oppført i troppen, men reknar med han har ei rolle rundt laget)

Usikkerheitsmomentet: Kjem Peter Paus til å spele i den grå pysj-buksa si i år også?

5. G2015

Eit lag som starta som trenargruppa til G2015, men som tilsynelatande har utvida utvalskriteria etter kvart. Vi må rett nok ta eit lite atterhald her, då her kan vere ein del lausungar inne i biletet som vi ikkje kjenner opphavet til. Kim-Tore Husøy var nok tiltenkt rolla som keeper her, men etter at sjølvaste Karl Johan Fjelle vart kjøpt inn frå Krædene i siste liten blir nok Husøy vist til ein plass på benken. Laget må stole på at Kurt Haddal (bestefar til spelar fødd i 2005) scorar i same tempo som før Sunnmørsposten slo stort opp at han var den mest målhungrige spelaren på Sunnmøre. Men er det eventuelt godt nok?

Sjå opp for: Målfeiringane til Kurt Haddal. Nesten like bra som måla hans!

Profilen: Karl Johan Fjelle, som altså har blitt kjøpt frå Krædene for ein ukjent sum (kræder).

Usikkerheitsmomentet: Sklitaklingane til Geir Børre Røyset. Held dei same nivå som før?

Gruppe PU:

I motsetning til den førre pulja vi vurderte er dette reine konfirmantfesten! Heile tre lag basert på spelarar frå Hareid junior, i tillegg til to som ikkje er så reint gamle dei heller.

1. Urtedram

Urtedram?!? Hadde det vore så vel! Uavhengig av kva spelarane har hatt i koppen sidan sist utgåve av Grendacupen så er dette eit lag som kan og kanskje bør gå heile vegen. Ei solid blanding av noverande og tidlegare Hareid-spelararar. Sjølv om århundrets sikraste opprykk rauk for «Katten» og Sæbø IL i år, så har han neppe blitt så mykje dårlegare enn han var for Hareid i 2021. Og då var han bra! Om Kristoffer Stranden held eit nivå i nærheita av det han hadde på Hareid i vår så er han topp tre beste spelarar i hallen i romjula.

Sjå opp for: Platesamlinga til Oliver Sulebakk Sylte. Mykje solid norsk pop frå 80-talet!

Profilen: Hareids neste ordførar har han blitt kalla, Håvard «Bernt-Håvard» Knudsen Bjåstad. Om han ikkje vinn turneringa kjem han nok til å halde den beste takketalen!

Usikkerheitsmomentet: Arbeidstidene til Joakim Berge Sæther. Sette i år ny hareidsrekord (og det seier sitt) i forfall til kamp på grunn av jobb. Får han tid til å kome til Hareid i romjula mellom vaktene?                                 

2. FC Joga Bonito

Det laget som melde seg på sist, men dette er slett ikkje noko dårleg lag. Har fleire spelarar som held bra 4. divisjonsnivå. Er truleg også det laget med størst geografisk spreiing. Her er det både Bergsøy- og Skarbøvik-relaterte namn i troppen. Hareidsdølingen Arsene Gitego skal ironisk nok opp mot Sæbø-målvakt «Katten» Osnes. Vi seier ikkje meir!         

Sjå opp for: Maks Czyz, såkalla toppkommentator på Hareid IL sin Facebook-profil.

Profilen: Sjølvsagt Kim sa la Bim Alvestad

Usikkeheitsmomentet: Tidlegare lynkjapp Hareid-spiss Isak Standal Kristoffersen. Står registrert med kampar for Mauseidvåg og Solevåg i år. Høgt toppnivå.                  

3. Hjøa

Av tre svært juniorprega lag i denne pulja ser desse ut til å vere dei med mest seniorerfaring.

Sjå opp for: Stian Roset. Ikkje på grunn av keeperferdigheitene (dei er bra dei også!), men på grunn av el-sparke-sykkelen han køyrer rundt med. Bra det ikkje er fotoboksar på gangvegen.

Profilen: Daniel Hüttner Pilskog. Vart ein profil på a-laget før han hadde spelt ein einaste a-kamp!

Usikkerheitsmomentet: Er Olavius Bjåstad Vikebakk like stor fan av Grendacupen som onkel Bjørn Vegard Bjåstad i si tid var, og kanskje framleis er?

4. Skilandslaget

Eit lag som i grove trekk består av Hareid a-lag sin innbytarbenk frå haustesesongen som var + Vagn Scheide Mork. Sistnemnde har fleire deltakingar i turneringa enn alle andre på laget til saman, og kanskje vel så det. Scheide Mork er nemleg den einaste som har delteke i Grendacupen alle år sidan 1994. Berre to sigrar har det blitt. Den tredje kjem ikkje i år. Om ikkje anna får dei yngre medspelarane lære seg eitt og anna om «foooookus!!».

Sjå opp for: Natnael Belay. Hadde beste scoringssnitt av alle på Hareid a-lag i 2022. To mål på éin kamp!

Profilen: Nidal Shahoud. Ein a-kamp for Hareid og like mange raude kort!

Usikkerheitsmomentet: Raffat. Har ikkje han noko etternamn?

5.  Fargerike   

Litt usikkert om dette er eit fargerikt lag eller om det er bedriftslaget til Otto Holstad og Co. I alle tilfelle er dette turneringas yngste herrelag. Erfaringsmessig treng dei nok eit år eller to til på seg før dei kan kjempe om avansement.

Sjå opp for: Amund Riise

Profilen: Victor Peterson

Usikkerheitsmomentet: Eskil Grimstad. Om det er han vi trur det er, son til tidlegare friidrettsprofil Elisabeth, så er det mykje idrett i guten. Men det kan vere fleire som heiter Eskil Grimstad, så dette er eit usikkerheitsmoment.

Gruppe PV:

1. Hardbarka alkisa FC

Sannsynlegvis Grendacup-historias mest misvisande lagnamn. For alkisar er dei ikkje. Men hardbarka? Tja, vi får sjå. Eit lag med mykje bra både frå Hareid, Ulstein og Ålesund. God keeper i Endal. Televik junior har sikkert lært eitt og anna frå faren om å vere feilvendt spiss. Om laget klarer å bli samspelte så vinn dei turneringa på ein god dag. Om ikkje anna vinn dei gruppa si.

Sjå opp for: Ferjeruta! For Petter Worren må på jobb før kampane. Klarer han å rekke ei ferje såpass han får spele?

Profilen: Spelande lagleiar Christian Korshaug fekk seg ein ny vår som ving på Hareid i vår. Men å halde styre på denne gjengen samtidig som han skal spele sjølv blir ei anna type utfordring, som det heiter på fint.

Usikkerheitsmomentet: James Kenneth Sjåstad hadde sin strålande sesong for Hareid. Men i Hareidhallen har han ikkje bakrom å springe i.

2. Sewey

Dette ser ut til å vere restane av laget til Ivergarden fram på Grimstad, pluss nokre høddarar og Hareid-vingen Erlend Skeide. Olai Bjørdal rykte opp til 1. divisjon med Hødd i år (ni minutt speletid er meir enn 0!). God keeper i Mattias Grimstad. Sewey blir nok bra. Semifinale-kandidat.

Sjå opp for: Erlend Skeide. God sesong for Hareid, men med tanke på mål losna det ikkje før i siste serierunde. Om han held fram i det sporet blir han skummel.

Profilen: Mattias Grimstad (strengt tatt er vel alle grimstingar profilar ifølgje dei sjølve, men vi kan i denne omgang trekke fram han her)

Usikkerheitsmomentet: Utlendingskvota. Marginane kan neppe vere dei aller største her?

3. Kvil dej

Kvil dej var ikkje så verst i si tid. Har blant anna vore tapande finalist. Og det med omtrent same tropp som dei har meldt på her. Minuset er at denne gjengen ikkje har vore dei mest aktive i fotballsamanheng under koronaperioden. Unntaket er den eine kampen Kevin Hestholm spelte for Larsnes/Gursken i fjor!

Sjå opp for: Georg Rise Gaasø. Har hatt eit godt brukt klippekort ned på Aktivsenteret siste året. Kan bli skummel!

Profilen: Arild Hånes. Ikkje ei like stor Grendacup-legende som storebroren (Oddbjørnatoren), men like fullt ikkje ein du ser fram til å møte på parketten.

Usikkerheitsmomentet: Kevin Hestholm kjøpte inn eit heilt nytt sett med regnklede då han gjorde comeback for Larsnes/Gursken i fjor. Skal han bruke det i romjula også?

4.  Trygves disipler

Vi skreiv at Fargerike er det yngste laget i turneringa, men det er mogleg at desse er omtrent i same alderssjikt. Har ein del bra Hareid-juniorar på laget, ein som har spelt 4. divisjon for Larsnes/Gursken i år – og sonen til Preben Hestad (Grendacup-profil midt på 90-talet). Vi skal ikkje sjå heiiiiilt vekk frå at Trygves disipler kan gi Kvil Dej kamp om tredjeplassen, men Kvil Dej er i snitt omtrent dobbel så gamle som Trygves disipler – og bør kunne tene litt på det.

Sjå opp for: Trygve Schjeldrup. Har aldri høyrt om han, men sidan laget er kalla opp etter han er han sikkert god.

Profilen: Eskil Bjørlykke. Allsidig idrettsmann som også har gjort det skarpt i friidrett. Usikkerheitsmomentet: Manglande rutine.          

Damepulja:

Dameklassen er vanskeleg å spå i år. Med unntak av «Ingen skade, sikkert frispark» ser alle laga ut til å ha bra med vinnarerfaring frå før av. Spelarane frå 2019-vinnarane «Egenverdi» ser ut til å vere spreidd rundt om på forskjellige lag.  Bygdedyret innrømmer at han/ho/hen er på djupt vatn, men gjer likevel eit forsøk på ei rangering.

1. Here for the exercise

Ellen Nerland Aahjem spelte i Toppserien for Lyn denne sesongen, medan søstra Anna spelte på Hødd før koronaen. Det har også fleire andre på laget gjort. Kethleen Lorenzo Alstadsæter frå Hareid har spelt på Skeid i år. Det same har Vilde Sundal og Andrine Nevstad. Cecilia Bakke har spelt for Årvoll. Knapp gullfavoritt.

2. Siste liten

Dette laget har mange spelarar som har spelt for Hødd i år. Blant dei tidenes mestvinnande Grendacup-spelar (likt med André Egset Nupen); Martha Helvig Omdal. Hareids Hilde Årsbog Bjåstad har i haust spelt for Molde FK, der ho vart norgesmeister i J19-klassen. Dette er absolutt eit lag som kan vinne turneringa. Men jamt over litt mindre rutine enn «Here for the exercise»?

3. Holemix

Vi visste at Ole Per Kragset har reist mykje rundt om på Sunnmøre, men ikkje at han hadde ungar fram på Holane! Ser vi vekk frå denne geografiske merkelegheita så ser vi igjen at Holstad klarer å fostre opp mange gode damespelarar. Eva Janne Holstad vart kåra til beste damespelar tilbake i 1996 og er tidenes mestscorande damespelar i dameklassen, men held framleis bra nivå. Tanteungane fram på Grimstad er også bra, og det same med holstingane fram i Hovden. Eit jamt godt lag som kunne ha vunne turneringa dei fleste år, men med så høgt nivå det er i år blir det kanskje vanskeleg?

4. Akkurat i tide

Eit lag som stort sett består av spelarar frå årets damelag på Hareid. Fin mix mellom yngre og eldre. Cecilie Skeide vart toppscorar i dameklassen allereie i 1996 og har framleis mål i seg. Også Victoria Røren har gjennom mange år vist at ho veit kvar målet står. Vi trur uansett dette laget må nøye seg med semifinale-plass i år.

5. Ingen skade, sikkert frispark

Består av dei yngste spelarane på årets Hareid-damelag. Dette er spelarar som vi sikkert får høyre mykje om i åra som kjem, men manglande rutine gjer at vi trur dei får det tøft i år.

**

Og med dette ønskjer Bygdedyret alle involverte lykke til med turneringa! Dei fleste kjem ikkje til å vinne turneringa, men alle kan vinne på loddasalet!




A-lag menn: Slagkraftig trenarteam på plass

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Des 2022

Stig Andor Engen er ny hovudtrenar for Hareid sitt a-lag. Han får med seg Odd Sverre Urke og Reidar Vikebakk som hjelpetrenarar. På biletet over ser vi dei nye trenarane flankert av Kim-Tore Husøy og Emil Johannes Dahlen Folkestad frå sportsleg utval.

– Vi gler oss til å kome i gang. Nøkkelen blir å få danna ei god treningsgruppe, seier trenarane under ein seanse på klubbhuset torsdag ettermiddag.

Som tidlegare meldt gav legendariske Hans Gisle Holstad seg som trenar etter sesongen som var. «Kisse» var ein svært rutinert trenar, men det er ikkje nybegynnarar som tek over heller.

Hovudtrenar Stig Andor Engen har mange år bak seg som trenar for aldersbestemte lag på Hareid, i tillegg til å ha vore hjelpetrenar for a-laget på 90-talet. Engen hadde ein god spelarkarriere, først og fremst som keeper for Hareid, Molde og Hødd (blant anna sist dei spelte i Tippeligaen, i 1995). Men også seinare som spiss og back for Brandal og Hareid 2.

Odd Sverre Urke er den yngste i trenarteamet, men har også fleire sesongar bak seg som trenar for aldersbestemte lag i Hødd. Han var innom Hareid som spelar på slutten av 90-talet.

Reidar Vikebakk har trena lag i Hødd i 45 år, alt frå dei yngste til a-lag. Parallelt med trenaroppdrag i Hødd trena han i sju år også aldersbestemte lag i Hareid. Vikebakk har også trena Koppang frå Stor-Elvdal i det som var 3. divisjon på den tida.

Hareid går inn i sin tiande strake sesong i det som no heiter 4. divisjon, den øvste kretsserien. Etter ein utfordrande (avkorta) 2021-sesong der ein så vidt heldt plassen enda laget på 8.-plass i år. Men noko resultatmål for 2023-sesongen er det ikkje snakk om å setje seg no. Her skal det altså først og fremst byggast treningskultur.

Emil Johannes Dahlen Folkestad, sportsleg leiar for herrefotball i klubben, seier seg godt nøgd med den nye trenarløysinga.

– Vi har fått alt vi kunne ønske oss, eit fagleg sterkt og rutinert trenarteam med stor interesse for å trene denne gruppa på best mogleg måte, seier Folkestad.

Dei fleste spelarane skal truleg bruke romjula til å spele Grendacup. Første trening med det nye trenarteamet går tysdag 3. januar.

PS. Sportsleg utval tek no ein velfortent juleferie, etter nokre hektiske dagar der ein har landa både trenarteam for a-laget og spelar- og trenarutviklar. Som ein kuriositet kan det nemnast at Stig Andor Engen er onkel til spelar- og trenarutviklar Ørjan Engen Grimstad. Stig sin far og Ørjan sin bestefar Andor Engen var forresten ein av storspelarane dei første åra Hareid hadde fotballag, det vil seie åra etter krigen. Andor Engen scora 71 mål på 70 kampar, den einaste som med ei viss mengde kampar i føtene har eit scoringssnitt på meir enn 1,0 per kamp.




Generell info Grendacupen 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Des 2022

Då nærmar det seg endeleg Grendacupen igjen. Håper alle har sakna det og er spenna klar for å måle krefter på parketten igjen 29. og 30.desember!

Alle laga skal betale påmeldingsavgifta med ein gong dei kjem inn i hallen. Det blir betaling med Vipps og seniorlaga skal betale kr. 1000,- mens ungdomslaga skal betale kr. 800,-

Alle deltakande lag må huske å møte opp sekretariatet 30 min før sin første kamp.
Elles blir det også tatt inngangsbillettar rett innanfor hovudinngangen. Der er prisane 50kr for vaksen og 30kr for barn/honnør.
Det blir også mogleg å betale for dag 2. Der får du rabattert pris om du kjøper dette på dag 1 (80,- for vaksen og 50,- for barn/honnør).

Det blir også loddsal under turneringa. Der har vi fått inn flotte premiar frå Fredrik Aursnes som kom med ei Benficadrakt som er signert av heile laget. 2 stk Big Hot Brush frå Art Frisør. Gåvekort frå Biltema på kr. 1000,- og poleringsvask frå Circle K Hareid.
Kvart lodd vil koste kr. 20,-

Det blir lagt ut bilete fortløpande under dag 1 av turneringa på Hareid IL sin Facebookprofil. På kvelden kjem det ei oppsumering på heimesida vår hareidil.no

Kampoppsett og reglar finn du under her:

Kampoppsett og resultater fra Grendacupen 2022 – Din turnering med resultater og livescore (mylivescore.no)

Reglar og påmelding 2022 – Hareid IL




Maximillian Hansen Bjørlykke tatt ut i kretslagstroppa for G13 våren 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 19. Des 2022

For ei veke sidan kom kretslagstroppa for G13 for våren 2023 ut.
Der kan vi med glede lese at Hareidspelar Maximillian Hansen Bjørlykke er teken ut.

Maximillian, eller Pepsi som han blir kalla, har mykje fotball i seg og har tatt store steg den siste tida. Vi gler oss til fortsettelsen og ønskjer Maximillian lykke til på samling i 2023. Girri Girri!!

Her er heile troppa: G13 – Norges Fotballforbund




Grendacupen: Mange påmelde siste dagane, no startar spurten

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Des 2022

Trass i ein ufrivillig treårspause ser det ut som interessa for å delta i den tradisjonsrike Grendacupen er større enn på lenge. Gjennom helga har det kome inn mange nye (og gamle) lag.

Påmeldingsfristen går ut tysdag kveld klokka 23.59. Dryge to døgn før fristen hadde 25 lag meldt seg på.

  • I herreklassen er allereie 16 lag klare. Det er eitt meir enn talet på deltakande lag i 2019. Målet no er å kome opp i 20 lag. Skjer det blir det første gong sidan 2015 at ein klarer 20 lag eller fleire. Kor vidt det blir old boys-klasse eller ikkje er ikkje klart enno. Men etter ønskje frå ein del potensielle lag kan det bli lagt opp til at laga med høg gjennomsnittsalder får møte kvarandre dag 1.
  • I dameklassen er fire lag klare. I 2019 deltok seks lag. Målet i år må vere å kome opp i seks eller åtte lag.
  • Det har vore stor spenning til interessa for ungdomsklassane, sidan dei færraste potensielle spelarane i år har eit forhold til cupen frå tidlegare. Så langt er det tre påmelde gutelag, fem færre enn i 2019. I tillegg er to jentelag klare. Her var det berre med tre lag i 2019. Men vi har fått signal om at fleire jentelag er på veg inn, så vi satsar på at det her blir minst fire lag. Så då blir sannsynlegvis det store spørsmålet om vi klarer minst fire gutelag? Ein skal her hugse at det ikkje er utlendingsregel i desse klassane (gjeld berre herreklassen), så det kan kanskje vere håp om at eit gutelag eller to utanfrå vil melde seg på?

Påmeldingsskjema her. (Lister over påmelde lag så langt blir oppdatert måndag.)

Vi kan også melde at det for første gong på ein del år blir showkamp under dag 2 av Grendacupen i år. Her får aldersbestemte spelarar i fotballgruppa sjansen til å spele for eit stort publikum.

Vi kan også nemne at ei av gåvene i årets Grendacup-lotteri er ei signert Benfica-drakt. Så godt som heile stallen har signert. Og som vi veit er to svært ferske verdsmeistrar med der, i tillegg til blant andre Fredrik Aursnes frå Torkelvegen.

Så det skal altså ikkje mangle grunnar til å stikke innom Hareidhallen 29. og 30. desember i år.

Men først gjer vi oss altså klare for innspurten av årets påmeldingsprosess!




Engen Grimstad ny spelar- og trenarutviklar i Hareid IL Fotball

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Des 2022

Fotballgruppa i Hareid IL har i dag tilsett Ørjan Engen Grimstad (32) som ny spelar- og trenarutviklar.

– Dette er vi svært godt nøgde med. Ørjan blir ei viktig brikke i vår ambisjon om å ta nye steg, seier Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik, høvesvis leiar og nestleiar i fotballgruppa.

Det har vore ein omfattande tilsetjingsprosess med mange sterke kandidatar. Søkaren som fekk jobben er ein som kjenner Hareid IL veldig godt frå før.

Ørjan vaks opp i Grimstadgeilane og dreiv både med fotball og friidrett i Hareid IL i yngre år. Etter kvart vende han fokuset mot fotballen. Han vart kretsmeister innandørs med G15 i 2005 og debuterte på a-laget året etter. Etter å ha vore ei viktig brikke i 2007 og 2008, to sesongar der Hareid kjempa i toppen av 3. divisjon, gjekk Ørjan til Hødd framfor sesongen 2009. Her spelte han i fire år, og var blant anna ein del av troppen som vart norgesmeistrar i 2012.

Han flytta etter kvart til Trondheim, men både før og etter opphaldet der oppe har han spelt for moderklubben. I to sesongar nyleg var Ørjan hjelpetrenar både på herrelaget og damelaget. Då han var tidleg i 20-åra trena han smågute- og gutelag i Hareid IL i tre sesongar. Han har også trena damelag i Trondheim. Han er no undervegs i eit utdanningsløp som trenar. Den nye spelar- og trenarutviklaren har altså solid fartstid både frå breidde- og toppfotballen.

Ørjan Engen Grimstad startar i jobben på Hareid 2. januar. Stillinga er på 80 prosent. Ein kan grovt sagt seie at jobben er tredelt. Den eine delen går på å vere med på å utvikle trenarane i Hareid IL Fotball vidare. Den andre delen går på å arrangere ekstratreningar, og den tredje på å ha fellestreningar. Store delar av jobben går på å trene spelarar i ungdomsfotballen, men også til ein viss grad i barnefotballen. Spelar- og trenarutviklaren har eit spesielt ansvar for jentefotballen.

Men som leiarduoen i fotballgruppa seier skal denne stillinga gagne alle i Hareid-fotballen.

– No gler vi oss til at Ørjan kjem i gang. Samtidig ønskjer vi å takke vår generalsponsor Sparebanken Møre for å ha støtta denne stillinga. Utan dei hadde ikkje dette vore mogleg, seier Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik.

Ørjan Engen Grimstad seier sjølv at han er spenna klar og gler seg til å kome i gang. Når han startar 2. januar treng han nokre dagar til planlegging og å setje seg inn i arbeidskvardagen. Deretter blir det kalla inn til eit informasjonsmøte om arbeidet hans.




Kva er tidenes Grendacup-lagnamn?

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Des 2022

Mange lag som aldri har konkurrert om å vinne Grendacupen kan ha markert seg på andre måtar, til dømes ved å ha funne på lagnamn som blir hugsa den dag i dag.

Men kva er eigentleg det meste lagnamnet nokon gong, sidan oppstarten i 1994?

BordEllen frå 2008, som vi ser på biletet over, vart nemnt som ein utfordrar i ei liknande kåring i 2013. Denne typen namn er eit ordspel der ein involverer namnet på ein av spelarane, eventuelt andre i omgangskretsen.

Men det er mange måtar å finne gode namn på. Det kan vere denne typen ordspel, det kan vere meir tidsaktuelle namn, det kan vere gode geografiske namn – eller det kan vere namn som ikkje er spektakulære, men som har vore så gode at dei har festa seg.

La oss begynne med dei tidsaktulle. Eit namn som skil seg ut her er Fucking Småmål frå 1999. Dei som ikkje hugsar 90-talet vil kanskje tenke at dette berre er ein måte å irritere seg på små innandørsmål på. Men dette spelar på filmen Fucking Åmål frå 1998, ein film som var svært populær.

Andre slike namn som kan nemnast er Yeboahs Vitner frå 1996. Dette er ikkje ei feilskriving av Jehova, men rett og slett ein veldig god spiss om Leeds hadde på 90-talet. Eit anna juleaktuelt namn er Dolly Partonkirchen frå 1998. Denne tek nok dei fleste. Mæchmed Valgte Laget var nok eit namn spesielt ungdommane kunne flire av i 2019. TyrannoSuarez Rex kunne også ha vore nemnt. Nokre vil nemleg hugse at Suarez var god til meir å score mål for nokre år sidan. Han var også over snittet god til å bite! David Beckham og uttrykket «Bend it like Beckham» vil nok mange også hugse. Men i Hareidhallen romjula 2002 var det derimot kampanjen «Bend it like Bobo» som gjaldt!

Fleire som har spelt på namn på spelarar på eige lag er Vagnsgutane frå 1994 (dei vann faktisk turneringa, sjølv om det skal leggast til at det gjekk heile 23 år før Vagn gjorde det igjen!), The Very Best of the Pogues minus Oddbjørnatoren (2006) (som vi ser på biletet under) og Are og sildestimen (2013). Gjennom mange år lurte også mange på Carro e?

Så var det dei gode geografiske namna. Bjåstadgeilane Flyers var ein klassikar i mange år før dei la ned laget. ØvreLeeds og NedreLeeds vil vi nok ikkje gløyme. Grimsby med berre grimstingar på 90-talet var ein klassikar. Holemix må også nemnast. Så langt i år har dei berre meldt seg på i dameklassen. Klarer dei å mønstre eit lag også i herreklassen blir dei einaste lag som har klart det alle år turneringa har blitt arrangert sidan 2003 (!) – og det altså med same lagnamn. Vi kan dessverre ikkje reklamere for sjølve produktet Holemix i denne spalta. Men det var visst nok noko dei dyrka på markane på Holane før i tida (neppe Kisse si mark), og som dei over 18 år no kan få kjøpt i butikken.

Andre gode namn som har festa seg og blitt nytta gjennom mange år er Z (som vi ser ein versjon av frå 2007 over), HUS, Krædene, O2-snapparane, Bizim Takim, Kvil dej og Fast Inventar.

Så har vi dei som opp til fleire lag har nytta seg opp gjennom åra, som Systembolaget, Nederlaget, Liggeunderlaget, Gylne Tider, Goldplay og fleire til.

Og så har vi dei litt meir obskure, som Folk å minnjast, Halen frå Holen og No skal mot spele mot.

Og ikkje minst klassikarar som Tam IL (utan tamilar) og Kim Jong IL (utan nordkoreanarar).

Så har vi sikkert gløymt nokre gode. Andre har vore for interne til at vi har forstått dei. Eventuelt at vi ikkje er glupe nok til å forstå dei! Vi oppmodar alle om å liste opp sitt favoritt-lagnamn i kommentarfeltet på Facebook!

NB. Vi minner elles om den endelege påmeldingsfristen 20. desember. Denne gongen blir ikkje fristen utsett. Meld deg på her.

(Bileta under: Versjonar av ØvreLeeds frå 2008 og Geilane IL frå 2007.)




Den perfekte julegåva – «Idrettsglede gjennom 100 år»

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Des 2022

Om du enda ikkje har kjøpt inn alle julegåvene, so har Hareid IL den perfekte gåva. Nemleg Hareid IL si jubileumsbok «Idrettsglede gjennom 100 år».

I boka er det mange bilete av både aktive, trenarar, støtteapparat og frivillige. Sjølvsagt også spelarar/utøvarar som har våre med i tidlegare år. Masse kjekt lesestoff ein kan kose seg med i jula 🙂

Boka får du kjøpt på Hareid IL sitt klubbhus, T-Riise, Elon, Top Fix Hareid folkebibliotek, Sport1 Hareid og på Hareid Rør og interiør. Boka kostar 400kr og du betalar med Vipps. Går sjølvsagt også an å betala med kontantar.

Om det er spørsmål kring boka kan de ta kontakt med Ola Kalvø Vattøy (47362493)




Gladnyheit: Nytt kunstgras i 2023!

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Des 2022

Det har på mange måtar vore eit aktivt og positivt år for fotballgruppa, og på tampen av året kan vi presentere ei nyheit som garantert gir ny giv inn ein ny sesong.

I 2023 skal det nemleg leggast nytt kunstgras på Hareidsmyrane stadion. Kunstgrasbana vart opna i 2007, og fekk etter kvart namnet Hareidsmyrane stadion. Det seier seg sjølv at det har blitt mykje slitasje på dekket gjennom 15 og eit halvt år med høg aktivitet.

Men no har Hareid kommune bekrefta at det er løyvd pengar til å legge nytt dekke i 2023. Nyheita vart stadfesta av konstituert kommunalsjef Ruben Kenneth Brandal tysdag kveld.

Det er allereie i dag kalla inn til møte mellom Hareid IL og Hareid kommune for vidare framdrift.

Om alt går etter planen, er det intensjon om at nytt kunstgras kan leggast i løpet av sommar/tidleg haust 2023.

Ei stor takk til anleggsansvarleg i Hareid IL Fotball, Sindre Breivik, for å ha jobba fram nytt dekke på kunstgrasbana.




Vinnie Jones, Ole Rolfsrud og knuste briller i Hareidhallen – og snart er det cup igjen

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Des 2022

Mange vart skuffa då det ikkje vart noko av den tradisjonsrike Grendacupen verken i 2020 eller 2021. Så kvifor ikkje ha det litt ekstra kjekt i år? Og før ein kjem så lang på ein mimre litt.

Vi skal lade opp til årets etterlengta turnering med nokre artiklar her på hareidil.no, og vi startar altså rett og slett med eit tilbakeblikk.

Om vi ser litt stort på det kan vi dele inn Grendacupen si forhistorie så langt i tre. Frå 1994 til 1999 var turneringa styrt av ein Hjørungavåg-basert gjeng. I 1994 var det berre ein klasse, så kom damene inn i 1995. Turneringa markerte seg fort som ein storhappening for bygdefolket 28. og 29. desember. Første året kunne kvart lag ha fire «utlendingar» på laget. Dette vart redusert til tre året etter (og har sidan variert mellom tre og fire).

I 2000 tok Hareid IL over turneringa og lanserte samtidig både ein eigen ungdomsklasse (som første året vart spelt med seks spelarar på kvart lag samtidig) og ei rekkje nye prisar. Fram til toppåret 2012 vaks turneringa stort og var den desidert største av sitt slag på Nordvestlandet. I 2012 kom det også inn ein eigen ungdomsklasse for jenter. Inkludert to showlag var det med heile 45 lag i 2012. Det vart vanskeleg å presse inn alle kampane, og det vart seriøst vurdert å utvida turneringa til tre dagar.

Men heldigvis, får ein seie, gjekk det ikkje slik. Perioden frå 2013 til 2019 kan vi kalle ein slags normaliseringsperiode. Framleis god deltaking totalt sett, men talet på herrelag seig med jamt tempo ned frå 25 i 2012 til 15 i 2019.

I år må vi sjølvsagt prøve å få det talet opp igjen. Men la oss først gå tilbake i tid og sjå på Grendacupen i år 2000. Det er ikkje tilfeldig at vi startar der, for dette er det første året vi har noko lunde skikkeleg bildemateriale frå.

Laget vi ser over her er heller ikkje tilfeldig utplukka. Det var nemleg det store overraskingslaget i 2000. Ein gjeng 17-åringar som kalla seg Reino/Bra Henrik overraska og gjekk heilt til finalen. Fleire av spelarane skulle prege turneringa i mange år framover. André Egset Nupen vann mellom 2003 og 2013 cupen heile sju gonger, flest av alle. I 2000 måtte han nøye seg med sølv og å bli kåra til årets spelar, noko han også vart i 2005. Mange gull skulle det også bli på Espen Beiermann, Peter Paus og Roy-Inge Brandal. Kristian Angelsen fekk sin eige siger i 2003, men utmerka seg i staden som Grendacup-general frå 2009 til 2006 (og som medhjelpar mange år før det).

Ved første augekast kan det forresten vere vanskeleg å sjå kven keeperen på biletet er. Men jo, det er Kim-Tore Husøy. Mange vil hevde at han er ein av dei beste utespelarane Hareid IL har hatt, ja kanskje den jamt over beste på 2000-talet. Men dei to einaste gongane han har nådd finalen i Grendacupen var som keeper. I 2000 vart det finaletap, i 2008 siger. Men ingen kunne ta Husøy på innsatsen heller i 2000, som vi ser på biletet under.

Vinnarar av herreklassen i 2000 vart ikkje uventa laget Z (biletet under), som dominerte turneringa i mange år. Dei hadde mange spelarar som både då og tidlegare (men spesielt tidlegare) hadde dominert på Hødd og Hareid. Toppscorar vart for tredje gong Harald Åsland Riise. Han skulle ende (gitt at han ikkje gjer eit uventa comeback snart) på fire toppscorar-pokalar. Men han har sidan blitt tatt igjen både av André Skotheim og Morten Moldskred på toppscorarlista gjennom tidene.

Dameklassen var det eit Ålesund-basert lag som vann dette året. Ein gjeng aldersbestemte spelarar frå Hareid IL vart dei aller første vinnarane av ungdomsklassen. Ein stor triumf ikkje minst for lagets spelande trenar Svenn Erik «Svenn O.» Warholm, som inviterte til spelarmøte på Bankers/Mix midt i romjula for at laget skulle vere så klare som mogleg.

Det var ikkje berre ungdomsklassen som var ny i 2000. Det same var ei rekkje nye prisar. «Driblefanten» heitte ein av dei. Ein annan var «Vinnie Jones-prisen». Ein slik pris står vel i sterk kontrast til Fair Play-prisane som skulle kome nokre år seinare, men prisen var neppe vondt meint. Smerter var det derimot på prisvinnaren, som vi ser på utklippet under.

Kva elles er verdt å trekke fram frå år 2000? Vi kan blant anna trekke fram at NRK-profilen Ole Rolfsrud framleis var aktiv. Men sjølv om Rolfsrud bidrog med viktige scoringar i gruppespelet, så måtte laget hans Hønebrød sjå seg slått av overraskingslaget Reino/Bra Henrik i kvartfinalen.

Då kvartfinalane var i gang hadde enkelte andre lag for lengst reist heim (eller i kiosken). Eitt av dei var Sjuende Forsøk. Dei to måla Åge Karlsen (til venstre under) scora i gruppespelet var dei einaste forsøka frå dette laget som gjekk i mål. Eitt poeng og tidleg exit på denne gjengen.

Rune Holstad (til høgre) kom ikkje på scoringslista på parketten denne romjula, men nokre månader etter dette biletet vart tatt vart sonen hans Henrik fødd.

Henrik står oppført i stallen til det første laget som melde seg på til årets turnering, eit lag som kallar seg Gyazo. Henrik har vel satsa mest på springing dei siste åra, medan søskenbarnet Markus har vore mest oppteken av strøsand-problematikken i bygda. Men laget har også spelarar som har vore aktive på både Hødd og Brattvåg i år. Truleg eit lag å rekne med.

Vi ser elles ein stor variasjon blant dei andre påmelde laga. Den tidlegare nemnde Kim-Tore Husøy har meldt på eit lag saman med resten av trenargruppa til Hareid G2015. Fotballformann Kenneth Nicolaisen har meldt seg på saman med kameratane sine frå Stavanger (og dalstrøka nordaførr). Vi har eit godt gammaldags Grendacup-lag i Kvil Dej, som tidlegare har vore tapande finalistar og som alltid har den aldri kvilande Kevin Aarvik Hestholm som målvakt.

I dameklassen er det tre påmelde lag så langt. Så vidt vi kan sjå har alle laga vunne cupen tidlegare, heilt eller delvis. Martha Helvig Omdal, som er påmeldt Siste Liten, er den mestvinnande damespelaren i Grendacupen si historie. I likskap med André Egset Nupen har ho sju gull.

Felles for alle klassane er at det trengst fleire lag. Sjølv om det er åtte dagar til fristen er ute ber vi alle om å melde seg på så fort dei kan, slik at dei som sit i turneringsnemnda slepp å bruke julaftan til å lage kampoppsett.

Vi kjem tilbake med meir her på sida etter kvart som laga melder seg på.

Og som den gode gamle ordtaket seier: «Alt er lov i krig, kjærleik, firkant på Hareid-oppvarming og i Grendacup-spådommar».

Snakkast!

(Bileta under:

Karl Johan Fjelle har mange år bak seg som Grendacup-keeper. Ingenting å seie på antrekket hans i 2000 heller. Ser vi han i mål på Krædene i år også?

Eva Janne Holstad lykkast ikkje med å vinne Grendacupen med Charlie’s Angels i 2000. I år er ho påmeldt Holemix, som siste åra har hatt meir suksess som damelag enn som herrelag. I 2018 vann damene deira sist cupen. Karane har ikkje vunne sidan 2006.)




Utsatt påmeldingsfrist til Grendacupen 2022!!

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Des 2022

Den opprinnelege påmeldingsfristen var satt til 10.desember, men den har vi no utsett til tysdag 20.desember.

Det er med andre ord ei god stund før fristen går ut, men vi ønskjer at laga melder seg på so fort dei kan.

Der vi ønskjer fleire lag er spesielt i ungdomsklassa (begge kjønn) og dameklassa!

Ber alle om å spørje nokon i vennekrinsen om å melde på lag.
NB! Der er ingen utlendingsregel i ungdomsklassene og dameklassa.

Påmeldingsskjema finn du her: Påmelding Grendacupen 2022 (google.com)




VINN SIGNERT BENFICADRAKT UNDER GRENDACUPEN 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 6. Des 2022

Under årets Grendacup har du moglegheita til å stikke av med ei Benficadrakt som er signert av alle spelarane. Dette vil foregå gjennom loddsal under cupen.
I tillegg kan du vinne «Big hot brush» frå Art Frisør. Det vil kome mange andre flotte premiar etterkvart, so her gjelde det å ta turen innom Grendacupen som går av stabelen 29. og 30.desember👏⚽️

Vi vil også oppmode folk til å melde på lag til årets turnering! Vi har følgande klasser: Seniorklasse herre og dame, ungdomsklasse (f. 2007-2010) og Old boys klasse (35+).
Snakk med folk rundt deg og hiv dokke med på romjuslmorro i Hareidhallen!😁

Påmeldingsskjema finn du her: https://docs.google.com/…/1FAIpQLSfY9SkI…/viewform

Påmeldte lag og reglar finn du her: https://www.hareidil.no/pameldte-lag-2022/




Opning av Basishallen

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Des 2022

Opningsfest av basishall, og du er invitert!

Hareid IL har gleden av å invitere til fest. Og du kan no sikre deg billett til den dagen som høver best. Arrangementet er gratis, men plassen er avgrensa, så her vert det førstemann til mølla. Frist for påmelding er 20.desember.

Vi startar 28.12 kl. 15.00-16:30 med ei formell opning med snorklipping, talar, og turnoppvisning av turnarar på eit høgt nasjonalt nivå, våre eigne konkurranseturnarar vil også opptre, før vi avslutter festen med foredraget: «Glød, gull og ære, alle har vi noe å lære» av den tidlegare Olympiatopplegen, Lars Kolsrud. Billett til offisiell opning sikrar du deg her:

https://checkout.ebillett.no/146/events/14434/purchase

Den 29.12 kl 12:15-17:00 vil vi halde open hall slik at barn og unge kan få lov til å prøve ut den nye hallen, uavhengig om du er medlem eller ei. Det vil verte sett opp ulike tidspunkt avhengig av alder, sjå påmeldingsskjema. I andre etasje vil det verte enkel kiosk og moglegheiter for vaksne å sitte. Her kan du melde deg på open dag: https://forms.gle/AUmeZzQtHUwWjXSy6

Vi gleder oss veldig og håper du vil vere med på festen!




Runde 2 av Vinterkarusellen blir gjennomført i morgon

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Des 2022

I morgon er det klart for andre runde av Vinterkarusellen «Grimstadvatnet rundt»

Det er meldt gode forhold med opphold og lite vind. Alt ligge til rette for gode tider.

Det er mogleg å registrere seg frå kl. 12.30 på klubbhuset. Løpsstart er kl. 14.00.

Vel møtt til vinterens vakraste eventyr 😀

Resultata kjem her: Grimstadvatnet Rundt – Karuselløp 2022/2023, 2022-11-05 : : my.race|result (raceresult.com) (my.raceresult.com/224849)




FREDRIK HAR SIGNERT PÅ HAREID!

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Des 2022


Fredrik Aursnes har vore innom heimbygda denne veka. Han nytta høvet til å inspirere anleggssituasjonen på Hareid, ei utvikling som han synest er interessant, og ei utvikling som blant anna skyldast Fredrik sin sportslege suksess med overgangar til store klubbar i Europa👏👏

Fredrik nytta høve til å signere skilta som vart hengt opp sist veke.
Han kunne melde om ein skadefri kropp som er klar til dyst igjen.

Takk for besøket, Fredrik! Og lykke til med del to av sesongen i Benfica😁




Meir statistikk: «Oddis» framleis med god luke på topp

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Nov 2022

Adelskalenderen til sjuarfotballen i Hareid IL er oppdatert. Dette gjeld sjuarfotball same om laget har heitt Hareid 2 eller Hareid 3, men kampar frå året med samarbeidslaget Hjørungavåg 2/Hareid 3 er ikkje med.

Oppdateringa viser at nyvalt styremedlem Odd-Magne «Oddis» Brandal framleis har ei solid leiing. Han står med 34 kampar og 17 mål (noko som må seiast å ikkje vere så dårleg for ein som stort sett anten er keeper eller forsvarsspelar).

Men det kan bli kamp om førsteplassen på denne adelskalenderen etter kvart. For alle dei fire andre på topp fem-lista fekk registrert kampar i år. Det gjeld Emil Johannes Dahlen Folkestad (24), Kurt Haddal (23), Fredrik Fagerli Abrahamsen (22) og Benjamin Slettebakk (20).

Abrahamsen var den med flest mål for sjuarlaget etter 2021-sesongen, men Kurt Haddal (som vi skreiv om i går) har no sikra seg ein solid førsteplass. Haddal har 53 mål, medan Abrahamsen står med 35. Når det er sagt er vel Haddal noko slikt som 25 år eldre enn Abrahamsen, så dersom Haddal gir seg om 6-7 sesongar kan det bli kamp om førsteplassen ein gong i framtida.

Sidan Hareid 2 ikkje har spelt 11-arkampar sidan veka før koronautbrotet i 2020 er som seg hør og bør den adelskalenderen ikkje oppdatert. Men om vi legg saman alle b- og c-kampar, både 11 og sjuar, så er det tett i toppen. Einar Orten Trovåg mista heile denne sesongen med skade, og står dermed bom fast på 141 kampar. Men næraste utfordrar Benjamin Slettebakk vart også skadd i år, og rakk berre éin kamp. Dermed står han med 138 kampar totalt.

Etter sist sesong stod Thanusan Tharumalingam med 99 kampar totalt. Men han har ikkje vore aktiv i år, i alle fall ikkje i Hareid IL. Så ny mann på tredjeplass er tidlegare nemnde Odd-Magne Brandal med no 101 kampar totalt.




Passerte 100 kampar

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Nov 2022

Vi melde tidlegare i dag at adelskalenderen for a-laget for menn blir oppdatert om ikkje så lenge. Det viste seg derimot at den allereie vart oppdatert for eit par veker sidan, før det heile hadde gått i gløymeboka.

Det var berre ein spelar som passerte eit rundt tal kampar i år. Det var årets kaptein Gustav Bjørlykke Kløvning, som med god margin passerte 100 kampar. Han er no oppe i 123 kampar. Dette er fleire enn til dømes årets Hareid-trenar Hans Gisle Holstad, som Gustav står saman med på biletet i toppen av denne saka.

123 kampar er forresten femte flest av dei som kom på bana for Hareid i år. Flest har Nauris Driksna (173), følgt av Ruben Kenneth Brandal (164), Lars Roar Holstad (152) og Ørjan Engen Grimstad (146).

Elles ser vi at Ole André Nevstad Kragset står med 90 kampar, og får han orden på skuldra si bør han klare 100 neste sesong. Martin Nikolai Longva spelte ikkje haustsesongen i år. Men om han gjer comeback neste år bør han kunne klare 100 kampar, for han står no med 88.

Dei som fekk sine a-lagsdebutar for Hareid i år var Bam Hide, Eskil Bjørlykke Naustenget, Mulu Berihu og Mahad Ushey (alle står med 1 kamp), Nidal Shahoud, Arsene Simbi og Isak Sundgot (alle 2 kampar), Stian Roset og Estifanos Michael (3), Andreas Knardal (6), Tobias Pettersen Hatløy (7), Laurits Dimmen Riise (8), Arnold Origi (9), Andreas Ulfstein (11), Joakim Berge Sæther (12), Kristoffer Stranden (13), Erlend Skeide (20), Oliver Sulebakk Sylte (23), Nerijus Marcinkevcius (27) og James Kenneth Sjåstad (28). Gratulerer til alle 20 (!). (20 debutantar på eitt år må vere ein eller annan rekord?)

Dei som vil fordjupe seg vidare i adelskalenderen, som har blitt oppdatert kvart år sidan oppstarten i 1946, kan finne den her.




Meir statistikk: Ny toppscorar for niande sesong på rad

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Nov 2022

I dei åtte sesongane mellom 2005 og 2012 var det alltid anten Even Hansrud, Ronny Jørgensen eller Kim-Tore Husøy som vart toppscorar for Hareid sitt a-lag for menn, og før det igjen var Remi Helleseth toppscorar i tre sesongar (02-04) og Bjørge Worren dei tre åra før det (99-01).

Frå 2013 av har Hareid derimot fått ny toppscorar kvar einaste sesong:

2013: Christer Adrian Mork. 2014: Ola Kalvø Vattøy. 2015: Georg Eikrem Olsen. 2016: Delt mellom Runar Stranden og Thor-Ove Brekke. 2017: Martinus Røyset Bakken. 2018: August J. Brandal. 2019: Ruben Kenneth Brandal. 2021: Petter Haddal Worren.

Og denne sesongen vart det endå ein ny toppscorar.

James Kenneth Sjåstad vart nemleg Hareids mestscorande med 12 mål. Totalt inkludert treningskampar scora han 18. Når Hareid sin toppscorarpokal skal delast ut er det derimot serie- og cup-mål som tel (med mindre det er likt). Mål i treningskampar og turneringar tel derimot på adelskalenderen. (Dette forklarer kvifor Georg Eikrem Olsen ikkje vart Hareid sin offisielle toppscorar i 2011, sjølv om han scora elleville 32 mål totalt. Kim-Tore Husøy hadde fleire i serien.)

Nærast Sjåstad på målstatistikken i år var fjorårets toppscorar Petter Haddal Worren, som scora ni mål – alle i serien. (Det var forresten også Worren som var nærast Sjåstad på assist-toppen.)

Vidare scora Kristoffer Stranden sju mål (fem i serien) og Ørjan Engen Grimstad fire (to i serien).

Flest kampar i år hadde kaptein Gustav Bjørlykke Kløvning og James Kenneth Sjåstad, med 28 kvar. Nerijus Marcinkevcius hadde 27, Ørjan Engen Grimstad og Petter Haddal Worren 24, Oliver Sulebakk Sylte 23 og Erlend Skeide 20. Så vidt vi veit er ikkje adelskalenderen oppdatert enno, men vi reknar med den blir det etter kvart. Vi kjem tilbake med info då om nokon har passert 100, 200 kampar osv.

A-laget har uansett ein fyldig statistikkdel i si årsmelding. Det blir ikkje lista opp kor mange treningar den enkelte har vore på, men Gustav Bjørlykke Kløvning, James Kenneth Sjåstad, Oliver Sulebakk Sylte og Håvard Knudsen Bjåstad hadde flest – i den rekkefølgja.

Karane er no forresten inne i ein roleg periode med opplading til Grendacupen. Oppkøyringa til ny sesong startar like etter nyttår. Ein satsar på at eit nytt trenarteam er presentert i god tid før det.




Kurt (snart 57) toppscorar for andre år på rad

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Nov 2022

Vi køyrer på med ein ny runde med statistikk frå årsmeldingane til fotballgruppa, og her ser vi litt på Hareid 2 sin sesong.

Etter KM-gullet hausten 2021 følgde laget opp med å vinne sjuarserien i vår. Men i haustsesongen vart Folkestad/Volda 4 for sterke, og Hareid vart nummer to i sluttspelet – og tok dermed eit heiderleg KM-sølv.

Toppscorar i år som i fjor vart Kurt Haddal. Han enda opp med 36 mål på 11 kampar, altså godt over tre mål i snitt per kamp. Haddal gjekk faktisk inn i ei lita måltørke etter at Sunnmørsposten slo opp at han var Sunnmøres toppscorar med 35 mål på 10 kampar, for i siste runde scora han berre eitt mål. Kan presset ha blitt for stort på den snart 57 år gamle målsniken? Eller ligg han på lading til neste sesong?

Det var også fleire på Hareid 2 som visste kvar målet stod i 2022. Gregorz Janiak scora 13 mål på 11 kampar, medan Ola Kalvø Vattøy scora 10 mål på ni kampar. Men nokon reell konkurranse om toppscorartittelen kan det ikkje seiast å ha vore på dette laget i år.

Hareid 2 melder elles i årsmeldinga at det var lurt å stille sjuarlag i 2022, sjølv om også 11-arlaget vart diskutert ei stund. Laget har på det jamne hatt mellom 10 og 14 spelarar på trening. Ein god stamme møter på kvar økt. Tilbodet er bra og noko vi må satse vidare på, er konklusjonen i årsmeldinga.




Litt statistikk frå damelaget sin sesong

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Nov 2022

Det er nokre veker sidan sesongen var ferdigspelt, det er tre veker sidan årsfesten til seniorfotballen – og det er ei og ei halv veke sidan det årlege møtet til fotballgruppa. Men sjølv om vi no snart nærmar oss ei ny oppkøyring, så er vi ikkje heilt ferdige med å oppsummere 2022-sesongen heilt enno.

Fredag la vi ut ei oppdatering frå den administrative adelskalenderen på Hareid IL sin Facebook-profil. Og dei neste dagane kjem vi med litt statistikk frå årsmeldingane til nokre av laga våre.

Vi startar med damelaget. Det var Andrea Holstad Grimstad (biletet) som fekk toppscorar-pokalen der i år, og som det vart forklart på årsfesten var dette inkludert både seriekampar og andre kampar.

Ser vi derimot berre på seriekampane, som står oppført i årsmeldinga, så var det Helene Sjåstad Kleppe som scora flest med 10 mål på 11 kampar. Andrea Holstad Grimstad scora 8 seriemål. Andre målfarlege spelarar var Victoria Røren (7) og Trude Håkonsholm Lunaas (6).

Damelaget spelte 12 seriekampar i år. Andrea Holstad Grimstad og Ragna Riise Grimstad var dei einaste som spelte alle. Arnhild Åsmo Bigset, Helene Sjåstad Kleppe, Oline Røyset og Sarah Garnes spelte alle 11 kampar. Totalt nytta laget heile 28 spelarar i serien. Av desse var fire i J15-alder.




FREDRIK FRÅ HAREID SOM TEMMET RAMOS, VERATTI, MESSI OG CO PÅ DEN STORE SCENE!!

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Nov 2022


Vi heidra Fredrik Aursnes som hadde sine første spark og sine djupe løp på Hareidsmyrane stadion.
Han debuterte på seniornivå som 14-åring i 3.div med scoring mot Stranda⚽️👏
Ved hjelp av Fredrik sin suksess har vi oppgradert vårt anlegg slik at unge og håpefulle får trene i ein innandørs varmhall året rundt!!

Girri Girri!!
Takk, Fredrik!!


Med god hjelp frå Fredrik har fått inn 16 Benficadrakter med Aursnes 8 på. Dei er i str 8 til 11 år (140-152).
Om du vil ha ei drakt må du skunde deg, det er første mann til mølla!
Ta kontakt med dagleg leiar (47362493) for å sikre deg ein av desse godbitane. Ein sikker vinnar til jul.
Pris per drakt er kr. 750,-




Oversikt over kvar du kan skaffe deg jubileumsboka til Hareid IL, Idrettsglede gjennom 100 år

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Nov 2022

Det nærmar seg jul og Hareid idrettslag har eit godt tips til julegåvehandelen.

Jubileumsboka til HIL er eit perfekt tips. Der får du lese om blant anna mange artige historie, aktiviteten gjennom desse hundre åra og mykje statistikk.

Du får kjøpt boka på desse plassane:

  • HIL sitt klubbhus (Myravagen 12).
  • Sport 1 Hareid
  • T.Riise
  • Hareid folkebibliotek
  • Elon
  • Top Fix
  • Hareid rør og interiør

Boka kostar 400kr og kan kjøpast via Vipps.
Vippsplakat ligg på salsplassane.




Aktivt styreår avslutta – går inn i ein ny sesong med mykje entusiasme

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Nov 2022

Fotballgruppa hadde sitt årlege møte på klubbhuset onsdag kveld. Frammøtet kunne tyde på at ein del prioriterte å sjå handball denne kvelden, men dei som var til stades fekk i alle fall høyre mykje nytt og spennande frå eit svært offensivt fotballstyre. Det gjaldt både sportslege, administrative og anleggsmessige planar. Vi skal kome tilbake med fleire detaljar i seinare saker, men kan kjapt røpe at det blir jobba med kvalitetsklubb-søknad og at det kan bli tilsett spelar- og trenarutviklar om ikkje altfor lenge.

Til glede for mange tok Kenneth Nicolaisen å leie fotballgruppa også i 2023. Han vart valt med applaus. Nestleiar Anders Eidsvik stod ikkje på val.

Av dei sportslege medarbeidarane i 2022 stod ikkje Kim-Tore Husøy (sport born) og Emil Johanes Dahlen Folkestad (menn senior) på val. Einar Orten Trovåg (sport ungdom) takka nei til attval og vart erstatta av ein nykomar, den tidlegare lynkjappe angriparen Georg Eikrem Olsen. Velkomen til han! Orten Trovåg takka på si side ja til ei mindre rolle knytt til informasjon/SoMe.

På økonomi kom det inn to nykomarar: Georg Rise Gaasø og Daniel Teigene. Gaasø flytta heim tidlegare i år etter nokre år i Oslo, men mange hugsar han i si tid som ein taklingssterk midtbaneslitar. Teigene har i det siste vist stort engasjement som trenar i jentefotballen. Velkomen til begge!

Sindre Breivik, som nærmar seg 15 års fartstid i styret om ein reknar både det gamle yngres-styret og fotballstyret, takka heldigvis ja til ein ny periode på anleggsfronten. Ein viktig mann å ha med vidare! Ny kvalitetsklubbansvarleg er Odd-Magne Brandal, tidlegare Hareid 2-kaptein og still going strong. Ei god signering!

På varaplass stod ikkje Håvard Knudsen Bjåstad på val, medan vara-spesialisten Evelyn Røren gledeleg nok takka ja til ein ny periode.

Då trur vi at vi har hugsa alle – og fekk med korrekte roller på alle. Om ikkje skal vi ta det med i ei seinare oppdatering.

Det var ikkje så mange som skulle takkast av i kveld, men Silja Øvrelid går ut av styret etter tre år i forskjellige roller. Vi takkar henne så mykje for innsatsen og håper å sjå ho igjen i andre roller i Hareid-fotballen.

Vagn Scheide Mork og Eiliv-Tore Howlid held fram i valnemnda, medan Benjamin Slettebakk vart erstatta av Bård Grimstad.

Mykje meir kunne sikkert vore nemnt frå møtet, men det begynner å bli seint – så i denne omgang takkar vi det avtroppande styret for innsatsen og ønskjer det nye lykke til!

Girri, girri!

PS. På biletet under ser vi Breivik, Nicolaisen og Eidsvik i full konsentrasjon under møtet. På hovudbiletet ser vi store delar av det nye fotballstyret.




Hareid Group er med vidare som hovudsponsor!!

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Nov 2022

HAREID GROUP ER MED VIDARE SOM HOVUDSPONSOR!!

«At Hareid er ein god og attraktiv plass å bu er viktig for oss i Hareid Group.
Hareid IL skaper mangfaldig aktivitet, tilhøyregheit og trivsel i lokalsamfunnet vårt, og vi er stolte og glade for å framleis kunne bidra som hovudsponsor til idrettslaget!
«Hareid IL står for verdiar som vi i Hareid Group identifiserer oss med, og innsatsen som vert lagt ned i idrettslaget er viktig for å skape ei berekraftig framtid både for Hareid-samfunnet og for oss som driv næringsverksemd her, seier konsernsjef Olav Haug Vikebakk.
Vi i Hareid Idrettslag er svært godt fornøgd med at Hareid Group blir med vidare som hovudsponsor.
Støtta frå dei gjer slik at vi får lagt til rette for eit godt idrettstilbod for alle. Vi takkar so mykje for støtta og gler oss til samarbeidet framover😄👏




Tradisjonell årsfest – med ekstra fokus på trenarlegende

Postet av Hareid Idrettslag den 6. Nov 2022

Laurdag kveld var det duka for årsfest for dei eldste laga i fotballgruppa + styret og andre medhjelparar. Det var ein fest etter same lest som fotballgruppa hadde stor tradisjon for på 2010-talet, altså før koronaen kom. Det vil seie prisutdelingar, talar, underhaldning, pizza og musikk.

I år vart det sett eit ekstra fokus på å heidre ei ekte trenarlegende. Hans Gisle «Kisse» Holstad gav seg nemleg som a-trenar etter denne sesongen. Med det avslutta han (truleg) ein trenarkarriere som har vart til og frå i 50 år. I det høvet vart det delt ut måleri og sagt velvalte ord av Anders «Slakky» Øiestad (multikunstnar) og eit bilete + velvalte ord frå Ruben Kenneth Brandal (a-spelar).

Sidan det ikkje er kvar dag ei trenarlegende av Kisse sin kapasitet gir seg valde også ordførar Bernt Brandal å ta turen innom for å seie nokre år og dele ut blomster. Brandal fortalde om Kisse sin innhaldsrike trenarkarriere. Han sa at han også hadde hatt moglegheiter til å bli trenar for topplag i Norge, men at han då eventuelt måtte ha flytta vekk. Men Kisse har alltid hatt ei sterk dragning mot heimbygda. Så derfor har han heldt seg her, og blant anna vore skulesjef og ordførar, i tillegg til verv i kor og idrett. Då inkludert å ha trena Hareid sitt a-lag i fleire periodar. Kisse fekk også seie nokre ord sjølv. Han sa det hadde vore ein kjekk sesong, men meinte også at det er forbetringspotensial. Så det kan bli kjekt for den som tek over laget til neste sesong.

Elles på programmet hadde begge a-laga quizar. Damelaget ved Caroline Nykrem Korshaug hadde ein sjokolade-quiz, og litt overraskande var det her eit svært rutinert lag med blant andre nemnde Kisse, Vidar Vollsæter og Sindre Breivik som stakk av med sigeren. Herrelaget ved Gustav Bjørlykke Kløvning og Oliver Sulebakk Sylte hadde musikkquiz, men her stridast truleg dei lærde framleis om kven som eigentleg stakk av med sigeren. Tidleg på kvelden hadde medprogramleiar «Slakky» eit musikalsk innslag på keyboard, men i del to av årsfesten var det sjølvaste Ronald Øvrelid som stod for det musikalske. Han spelte ei god blanding av Hareid-låtar (både dei han har skrive sjølv + andre) og meir internasjonalt kjende låtar. Ronald fortalde også nokre gode historier frå Hareid-fotballen i gamle dagar mellom Hareid-songane. Alltid god stemning når Ronald er på plass!

Det vart også delt ut ei rekkje prisar denne kvelden. Spelarprisane vart samla på relativt få hender denne gongen:

Årets spelar, toppscorar og assist-konge a-lag menn: James Kenneth Sjåstad

Årets spelar a-lag kvinner: Helene Sjåstad Kleppe

Årets unge spelar a-lag kvinner + toppscorar: Andrea Holstad Grimstad

Årets unge spelar a-lag menn: Gabriel Olav Peterson

Toppscorar + årets spelar Hareid 2: Kurt Haddal (ikkje til stades – på treningsleir?)

Det vart også høve til å heidre ei rekkje andre støttespelarar denne kvelden, som fekk ei lita påskjønning frå fotballgruppa. Det gjaldt:

Hjelpetrenar a-lag menn: Vidar Vollsæter

Dagleg leiar og lagleiar a-lag menn: Ola Kalvø Vattøy

DJ på heimekampane og diverse kunstneriske oppgåver: Anders Hjelle Øiestad

Trenarar a-lag kvinner: Cecilie Skeide og Silja Øvrelid

Støttespelar a-lag kvinner: Marita Myrvågnes

Trenar i aldersbestemt avdeling og diverse rundt a-lag menn: Gustav Bjørlykke Kløving

Fleire trenaroppgåver i aldersbestemt avdeling: Adolphus Jacobs

Trenar G16 i vinter og vår: Oliver Sulebakk Sylte

Varamedlem i styret, trenar aldersbestemt avdeling og uoffisiell tredjetrenar på a-lag menn: Håvard Knudsen Bjåstad

Sportsleg administrasjon: Petter Haddal Worren

Styremedlem og hjelpetrenar Hareid 2: Emil Johannes Dahlen Folkestad

Andre styremedlemmar: Sindre Breivik og Einar Orten Trovåg

Årets eldsjel Hareid 2: Jonas Brandal

Det vart elles gjort poeng av at Ørjan Engen Grimstad og Nerijus Marcinkevicius har pendla langt og lenge for å spele på a-laget i år, med gode sportslege resultat. Sistnemnde fekk eit bilete med tittelen «The beast from the east».

Dette var då berre dei som var til stades. Det er sjølvsagt mange andre som hadde vore heidra om dei hadde vore der. Men det vart gitt mykje skryt frå talarplass til den jobben Kenneth Nicolaisen og Anders Eidsvik har gjort som høvesvis leiar og nestleiar i fotballgruppa i år. Duoen har stått i spissen for ei rekkje gode nysatsningar denne sesongen, både innan økonomi og sportsleg aktivitet. Dei har vel vore det ein på fotballspråket kan kalle «på ballen» gjennom heile denne sesongen, som altså er den første fulle sidan koronaen kom. Tusen takk til innsatsen til Kenneth og Anders!

Vel, vi får berre på førehand unnskylde om vi gløymde å nemnde noko viktig eller nokon viktige. No blir det ein roleg periode for spelarane fram til oppkøyringa startar i starten av januar. Det betyr derimot ikkje at det skjer viktige ting i fotballgruppa framover. 16. november klokka 19.00 blir det årleg møte på klubbhuset. Dette er fotballgruppa sitt høgaste organ. I tillegg til vanlege årsmøtesaker blir møtet i ein slags kombinasjon med ein haustfest, for å kunne diskutere fortid og framtid over ein bit pizza eller to. Vel møtt!

Og takk for i år! Girri, girri!

PS. Vi legg ut mange fleire bilete frå årsfesten på Facebook-sida til Hareid IL. Prisutdelarar på dei fleste bileta er Bernt Brandal og Emil Johannes Dahlen Folkestad.




Grimstadvatnet rundt – resultatliste

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Nov 2022

Grimstadvatnet Rundt – Karuselløp 2022/2023, 2022-11-05 : : my.race|result (raceresult.com)

Linken over vil ta deg til ei side som blir oppdatert med resultat frå alle fire løpa etterkvart som dei foreligg.




Vinterens vakraste eventyr – Grimstadvatnet rundt

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Okt 2022

Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt startar laurdag 5. november kl. 1400 frå klubbhuset til Hareid IL. Garderober og registrering frå 1230 av. Påfølgande løp avholdast 3. desember, 7. januar og 4. februar, alle med løpsstart klokken 1400. Løypa er 7.7km lang.

Etter siste løp blir det premiering og enkel servering på klubbhuset. Denne samlingen vil starte ca. klokken 1500 laurdag 4. februar.

Som for Snipsøyrvatnet Rundt oppfordrar vi sterkt til bruk av Vipps til all betaling – løpsavgift her er som tidlegare år 100kr/løp for senior, 50kr/løp for junior, pluss eventuell engangslisens. Denne krevjast inn for heile karusellen ved første deltakelse, og er 40kr for senior og 30kr for junior.

1/3 premiering etter aldersklasser. For å kvalifisere for premiering må ein utøvar ha deltatt i minst tre av dei fire løpa.

Rundt Grimstadvatnet er det Ådne Andersen som held løyperekorden på 22:39.

Ved eventuelle spørsmål, vennligst kontakt Odd Erling N. Eriksen i Hareid ILs Friidrettsgruppe – odderi@gmail.com / 909 41 263.




Hareid-spelaren Anna Maria Kostaris er ei av 23 jenter som er tatt ut til samling på Vestnes

Postet av Hareid Idrettslag den 19. Okt 2022

Kostaris er tatt ut på ei såkalla utfordrar-RLM-samling i handball, der RLM står for Regionalt Landslagsmiljø. Det blir gjennomført tre slike utfordrarsamlingar i Region Nord. Det er jenter fødde i 2006 og 2007 som er aktuelle for denne samlinga.

Ifølgje innkallinga frå Region Nord er dette samlingar for spelarar som er tett opp mot å bli kalla inn på RLM-samlingar. På Vestnes er det spelarar frå Møre og Romsdal som er kalla inn. Samlinga går føre seg i Vestneshallen 26. oktober og spelarane skal gjennom to økter, der fokuset skal ligge på pasningar, pådrag og vidarespel.

Kostaris har tidlegare vore inne på ei regional talentsamling gjennomført på Orkanger i juni, og har også vore med på regional landslagssamling i beach-handball. Der var også Villemo Johansen Rise frå Hareid og Ingrid Ulstein frå Hødd med.

Til vanleg spelar ho på Hareid sitt J16-lag. Dei har i år eit samarbeid med Hødd og stiller felleslag i J16-serien. Laget har ikkje kome i gang med seriekampar heilt endå, men gjekk heilt til topps under Rem-cup i Fosnavåg tidlegare i haust.

Hareid-jente tatt ut til utfordrarsamling – vikebladet.no




Legendarisk trenar takkar av fredag

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Okt 2022

Vi veit vi har meldt det same for nokre år sidan også, så det spørst om vi skulle tatt eit bittelite atterhald.

Men i denne omgang leiar i alle fall Hans Gisle «Kisse» Holstad a-laget til Hareid for siste gong fredag, når Blindheim kjem på besøk.

Etter nokre års pause kom Kisse inn som trenar framfor denne sesongen. Målet om å halde plassen vart nådd fleire rundar før slutt. Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore ein varierande og til dels frusterande sesong. Hareid har spelt som eit topplag på sitt beste og eit botnlag på sitt verste. Ei rekkje endringar i stallen både rett før sesongstart og i sommar har nok gjort at laget har slite med å prestere stabilt.

Men uansett korleis det skulle gå mot Blindheim blir dette den beste Hareid-sesongen på fem år. Og den første sesongen på fleire år at laget ikkje er avhengig av at avdelingsvinnaren i 4. divisjon vinn kvaliken for at Hareid skal unngå nedrykk. Og Kisse har utvilsamt vore ein godt likt trenar som har nytt stor respekt i spelargruppa.

Han har lagt eit grunlag som vi trur vil vere ei bra plattform å bygge vidare på for den som tek over laget. Trass i varierande resultat i haust har det på enkelttreningar vore over 20 spelarar den siste tida. Det er ikkje ofte Hareid har hatt på denne tida av året. Så det er mange grunnar til å sjå optimistisk på framhaldet.

Men no gir altså Kisse seg som a-trenar. Og vi må vel berre forstå at den snart 78 år gamle kultur- og idrettspersonlegheita vel å prioritere annleis framover.

Kisse har trena a-laget til Hareid i til saman 10 år. Han har også trena Hødd, Bergsøy, Kongsvinger, Volda og aldersbestemte landslaget. I tillegg kjem ei rekkje andre leiaroppgåver i Hareid IL opp gjennom åra.

Vi takkar Kisse så mykje for innsatsen! Så håper vi at mange tek turen til Hareidsmyrane fredag for å få med seg avskjedskampen hans! Vel møtt!

PS. I november og desember blir det laget opp til «sosiale» a-lagstreningar innandørs i november og desember. Så vil etter planen ei ny oppkøyring med ein ny trenar starte rett over nyttår.




Datoen for Nordvest Maraton 2023 er klar

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Okt 2022

Styringsgruppa til Hareid IL Nordvest Maraton hadde nyleg møte der ein evaluerte årets arrangement.

Mykje var bra. Tilbakemeldingane frå deltakarane var stort sett veldig positive. Deltakinga var forresten også på den femte beste nokon gong. Men så er det alltids nokre ting som kunne ha vore gjort betre og som blir tatt tak i til neste løp.

Og neste løp går laurdag 19. august, vart det bestemt. Som vanleg blir det heil og halv distanse. Som dei siste åra blir det også mosjon utan tid.

Løpet i 2023 blir det 33. sidan oppstarten i 1991. Ingen maratonløp på Sunnmøre kan vise til liknande stabilitet.




Tussa er hovudsponsor for Hareid IL i tre nye år!!

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Okt 2022


Tussa og Hareid IL har forlenga samarbeidet og signert sponsoravtale for tre nye år. Tussa har i ei årrekkje støtta idrettslaget på Hareid, som har 766 aktive medlemmar fordelt på fotball, handball, friidrett og turn.

  • Vi har eit godt samarbeid med Hareid IL og er glade for å kunne støtte opp under aktiviteten til eit av dei største idrettslaga på søre Sunnmøre. Hareid IL sin visjon om å vere stolt av Hareid, å vere inkluderande og skape eit trygt og godt fellesskap og oppvekstmiljø, går godt saman med Tussa sin visjon og mål. Tussa ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet og trivsel i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, seier Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa.

    Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid Idrettslag, er svært nøgd med å forlenge avtalen med Tussa.
  • Vi er svært godt nøgd med at Tussa vil være med på laget i tre nye år. Støtta vi får frå dei er heilt avgjerande for at vi kan gi barn og unge eit godt idrettstilbod her på Hareid.

Tussa har gjennom mange år vore ein støttespelar for barn- og ungdomsaktivitet på søre Sunnmøre, både innanfor kultur, musikk og idrett. Dei siste åra har over 100 lag og organisasjonar fått sponsorstøtte frå Tussa. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre.




Annonse spelar- og trenarutviklar 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Sep 2022

Hareid IL Fotball ønskjer å auke satsinga vår på barne- og ungdomsfotballen. Vi ønskjer også å auke kompetansen blant dei frivillige i organisasjonen vår. Derfor søker vi ein spelar- og trenarutviklar i 80 prosent stilling – med moglegheiter for meir.

Les meir om stillinga i dokumentet under.

Vedlegg:




Libra-Plast AS er med vidare som hovudsponsor i 3 nye år!!

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Sep 2022

Nokon har kanskje ein «blåmåndag», andre har kanskje ein god måndag. Hareid Idrettslag har vertfall ein veldig god måndag!😄

Hareid IL kan med stor glede meddele at Libra-Plast AS er med vidare som hovudsponsor i 3 nye år😄👏

Libra-Plast AS har dette å seie om samarbeidet med HIL og kvifor dei blir med i 3 nye år:

«Vi er stolte av å kunne fortsette som ein av hovudsponsorane til Hareid IL.
Dei ansatte og ikkje minst dei frivillige foreldra gjer ein fantastisk jobb og saman skaper dei eit rikt tilbod av varierte aktivitetar i kommunen vår.
Barn og ungdom er framtida, og dei som er aktive og veks opp i Hareid har monge flotte alternativ å velje mellom takket være Hareid IL.»

Idrettslaget sjølv er veldig takksam for at Libra-Plast AS er med i 3 nye år. Dei har våre med i mange år og vi set stor pris på at dei blir med vidare. Støtta vi får frå Libra-Plast AS er uvurderleg!👏




16-åring frå Hareid med oppsiktsvekkande framgang: Sprang raskare enn Warholm

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Sep 2022

OL-, VM- og EM-mester Warholm var et talent i en rekke friidrettsøvelser som ung, blant annet europamester i mangekamp som 18-åring. Som kjent valgte han 400 meter hekk og historien videre er kjent for de aller fleste friidrettsinteresserte med Dimna-utøveren nå som en av verdens aller største profiler uansett gren.

11,05 løp en fotrapp Warholm som 16-åring på 100 meter. Søndag ble denne tiden slått av en fra nabobygda Hareid. For Peter Olav Pilskog Bitocchi har gjort oppsiktsvekkende framgang i år på nettopp den nevnte distansen.

– Jeg hadde ei tid på 11,80 før denne sesongen tok til. Nå ble det 11,03. Det er jeg veldig fornøyd med, sa en smilende 16-åring fra Hareid etter knalltida under Akslaleikane. Det var glimrende forhold. Behagelig høstvarme og pluss 1,2 sekundmeter i ryggen passet ypperlig da unggutten fra 100-årsjubilant Hareid IL suste inn til ei tid som var beste prestasjon på Aksla stadion. Hele 1113 poeng på den velkjente Tyrvingtabellen (over 1000 poeng er meget bra) ga Pilskog Bitocchis sprintresultat.

Under ungdoms-NM nylig tok han sølv og bronse på 100 og 200 meter. Hans klubbkollega Borghild Oline Holstad hadde søndagens tredje beste resultat, også på det 100 meter. Hun «perset» til 12,51 som ga 1038 Tyrving-poeng. Mellom de to hareidsdølene kom Sigve Holten, Surnadal, med 47.12 meter i slegge for 14-åringer; 1061 poeng ga det på nevnte tabell.

Borghild Oline Holstad under Akslaleikane søndag 11.september



Jr NM i Bærum i helga!

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Aug 2022

Jr NM i Bærum går av stabelen i helga og startar allereie i dag kl. 11.30.

Hareid IL Friidrett har med 3 utøvarar. Det er Anna Maria Kostaris, Borghild Oline Bakke Holstad og Peter Olav Pilskog Bitocchi.

Ein kan følgje med Jr NM her: JRNM 2022 – Livestreaming (google.com)

Vi ønskjer dei tre masse lykke til!! 😀




Bestilling av jubileumsgensar!

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Aug 2022

Då har Hummel fått inn jubileumsgensarane på lager.
Vi tek imot bindande bestilling, med eit forbehold om at Hummel klarer å levere alle. Her gjeld først til mølla.
Størrelsane som er tilgjengeleg er følgande:

Unisex: M, L, XL, XXL, XXXL

Dame: XS, S, M, XXL
Barn 116 til 176

Pris: Voksen 499, Barn 449,-Betaling ved henting.

OBS: Om du vil ha fleire av ein størrelse må du sende inn fleire skjema.

Send inn bestilling i skjemaet under.
Bestillingsfrist: Tirsdag 30.08 klokka 23.59

Jubileumsgensar Hareid IL (google.com)




Andelsbrev i turnhallen – støtte som gir skattefrådrag

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Aug 2022

UTSTYR TIL TURN/BASISHALLEN I HAREID 🤸��‍♀️
Hallen tek raskt form og turngruppa må bestille utstyr allereie no, til nyopninga i desember❄️
Turngruppa treng totalt 298 andelar for å kjøpe ei trampolinebane som alle i idrettslaget kan nytte seg av!
Vi manglar berre 150 andelar for å finansiere denne.


❗️Utfordring ❗️
Kor mange andelar klarar vi å få inn før fristen for bestillinga går ut 30. august ?
Vil du bidra, eller kjøpe ei tidleg julegåve?
VIPPS 500kr til 139595 og send mail med namn og telefonnummer til turnhallen@hareidil.no

Elles har vi oppretta brukar på Solidus, som gjer at dei som vil gi ei gåve får skattefrådrag.

Berre å ta kontakt med dagleg leiar på mail: daglegleiar@hareidil.no om dette er ønskjeleg.




Takk for i år, Nordvest Maraton!

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Aug 2022

Då ser det ut som vi kan setje strek for Nordvest Maraton for denne gong.

Det tok litt tid før resultata kom på plass, men dei ligg alle ute her no: https://racetracker.no/events/2022/nordvest-maraton/#0_93346F (Unntaket er Inge Asbjørn Haugen, som hadde tidlegstart. Han fekk tida 5.25.36)

Vi har også oppdatert statistikk etter årets løp (du finn den ved å trykke på Nordvest Maraton i menyen over her). I og med det vart så varmt var det ikkje så mange rekordar å melde om som dei par siste åra. Men vi merkar oss at Oda Synnøve Riste si maraton-tid var den fjerde beste nokon gong, og at Anne-Marit Brautaset si halvmaraton-tid vart den femte beste nokon gong.

På topp 10-lista for kvinner halvmaraton 17-34 år vart det heile fire nyregistreringar. Det seier oss mykje om at damene er på frammarsj i joggebølga!

Dei færraste av kanonene på halvmaraton for menn persa denne gongen. Vinnar Kjell Magnar Berli si tid vart den 27. beste nokon gong (men med omsyn til at løpet er arrangert 32 gongar er ikkje det så verst). Men vi merkar oss at både Karl Idar Vik og Sverre Hoggen persa, sistnemnde rett nok berre med åtte sekund.

På topp 10-listene for menn halvmaraton vart det nye folk på niande- og tiandeplass for menn 40-44 år (inkludert nemnde Vik). Evigunge Bjørn Ole Vassbotn (onkel til nemnde Hoggen) frå Volda gjekk like greitt til topps i klassa 55-59 år. Gratulerer! Bård Aune gjekk inn på fjerdeplass på topp 10-lista for menn 60-64 år (noko som gjorde at sjølvaste Jon Kåre Mork sklei ut av lista).

Elles er det berre å bla gjennom statistikken for dei som ønskjer det. Om nokon ser feil, så berre send oss ei melding på Hareid IL Nordvest Maraton sin Facebook-profil.

Til slutt står det igjen å takke alle som sørgja for at årets løp kom i hamn. Vi kan ikkje love at vi får med namna på alle som har bidrege i større eller mindre grad, men vi sender i alle fall ei takk til Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Henning Røyset, Bjarte Sunde, Kristian Angelsen, Einar Orten Trovåg, Espen Beiermann, Jon Gjerde, Hans Gisle Holstad, Harald Møller, Tor Håbakk, Bjørn Håbakk, Gunnar Aursnes, Olav Sindre Rise, Øystein Orten, Bente Teigene, Ola Kalvø Vattøy, Odd Erling Eriksen og diverse medhjelparar i RaceTracker.

Vi viser elles til flotte reportasjar frå løpet på kondis.no og i Vestlandsnytt. Så håper vi at vi får lese om løpet i andre medium etter kvart. Hugs også fotomappene våre på Facebook.

Vi håper alle hadde det kjekt under årets løp. Ikkje verst å ha 100 deltakarar på startstreken med så mykje anna som skjedde på Sunnmøre denne helga.

Takk for i år og velkomen igjen neste år!




Ørsta IL-dominans i KM

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Aug 2022

Innlagt i årets Nordvest Maraton var også kretsmeisterskap for Møre og Romsdal, både for heil- og halvmaraton.

Ørsta IL vart med god margin beste klubb med heile fire av 11 KM-gull på kontoen. Dei tok også fem andre medaljar og dermed nesten halvparten av alle medaljar totalt.

Elles tok Ålesund FIK to gull, medan Åndalsnes IF, Hareid IL, Syvde IL, Velledalen IL og Bergsøy IL tok eitt kvar.

Vi merkar oss også at ein liten klubb som Valldal IL fekk med seg ei medalje.

Nordmøre hadde også klubbar med representasjon i KM, men dei nådde dessverre ikkje opp denne gongen.

Kretsmeistrar:

Heilmaraton:

Kvinner 35-39 år: Lillian Auflem Øye, Ørsta IL

Menn 35-39 år: Sverre Kjerpeset, Åndalsnes IF

Menn 70-74 år: Helge Fuglseth, Ålesund FIK

Halvmaraton:

Kvinner 40-44 år: Ingunn Barmen Melbø, Ørsta IL

Kvinner 50-54 år: Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL

Menn 17-34 år: Are Bjørgum, Ørsta IL (Sølv: Vegard Riksheim Tandstad, Velledalen IL og bronse: Jørn Strømmegjerde, Velledalen IL) (I denne klassa var det ikkje premiering på stadion – medaljane blir ettersendt)

Menn 35-39 år: Hallvard Yksnøy Bergmann, Ørsta IL (sølv: Sverre Hoggen, Ørsta IL)

Menn 40-44 år: Karl Idar Vik, Syvde IL (sølv: Stian Nedrelid, Ørsta IL og bronse: Kenneth Holsæker, Ørsta IL)

Menn 45-49 år: Jan Endre Rise, Hareid IL (sølv: Frode Mauren, Velledalen IL og bronse: Frode Fuglehaug, Ørsta IL)

Menn 55-59 år: Fridtjof Aure Fredriksen, Velledalen IL

Menn 65-69 år: Knut Skaar, Ålesund FIK (sølv: Odd Jarle Døving, Valldal IL og bronse: Arild Stokke, Ørsta IL)




Vellukka og varm utgåve av Nordvest Maraton

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Aug 2022

Varmen gjorde nok sitt til at det ikkje vart så mange rekordar verken på heil- eller halvmaraton, men dei fleste gav uttrykk for at dei hadde hatt ein kjekk dag på Hareid. Og då seier også arrangørane seg nøgde.

Det var 81 deltakarar som fullførte halvmaraton, 11 heilmaraton og seks mosjon utan tid. I tillegg var det både dei som ikkje møtte og dei som braut. Så vi får finrekne seinare på det endelege deltakartalet, men det vart uansett den femte beste deltakinga i Nordvest Maraton si 32 år lange historie.

Stian Skretting (Langevåg/Stavanger) gjekk for første gong til topps på heilmaraton. Sverre Kjerpeset (Åndalsnes IF) vart nest beste mann. Oda Synnøve Riste (Volda) vart beste kvinne framfor tidlegare vinnar Louise Skak.

På halvmaraton var det Kjell Magnar Berli frå Velledalen IL som gjekk til topps på 1.21,51. Fjorårets vinnar på heilmaraton, Karl Idar Vik frå Syvde IL, vart nummer to framfor Ørsta-duoen Stian Nedrelid og Hallvard Yksnøy Bergmann. Jan Endre Rise vart bestemann frå Hareid IL med sin femteplass. Han var nok ein av mange som truleg hadde gjort det litt skarpare om det var litt kjøligare. Men i år som i fjor vart Rise kretsmeister i sin klasse.

Det var heile 25 kvinner som kom i mål på halvmaraton i år. Av dei var det to blad Brautaset på topp. Anne-Marit fekk tida 1,34,36. Jodi vart nummer to på 1.41,24. Siv Grethe Berge Hoff frå Bergsøy IL vart nummer tre framfor Silje Kulen frå Ulsteinvik.

Vi tek også med at to jenter under 16 år fullførte halvmaraton. Knallsterkt!

Hasundgot IL-duoen Per Arne Pedersen og Kjell Mindor Fagerlund fullførte Nordvest Maraton for 32. gong av 32 moglege. Krutsterkt!

I det klokka nærmar seg 18.00 har vi framleis ikkje fått ut dei offisielle tidene for heilmaraton. Det blir jobba med saka. Tidene for halvmaraton er klare. Vi kjem også med ei oversikt over KM-medaljar seinare. Foto finn de haugevis av på Hareid IL Nordvest sin Facebook-profil.

Så her er det berre å følgje med. Inntil vidare: God helg!

(På biletet ser vi ein heftig spurtduell mellom Andreas Eikrem Røren og Thomas Andersson, to karar som har delteke i Nordvest Maraton ei rekkje gonger.)

https://racetracker.no/events/2022/nordvest-maraton/#0_FCB2DC




Siste info før Nordvest Maraton

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Aug 2022

Fristen for førehandspåmelding gjekk ut torsdag klokka 21.00 (eller det vil seie, Knut Vikebakk var nokre minutt over fristen – men skjemaet låg framleis ute – så det får vere greitt).

96 personar har meldt seg på. Dei fordeler seg på 78 på halvmaraton, 12 på heilmaraton og 6 i mosjon utan tid.

No er det jo framleis opna for at folk kan melde seg på i sekretariatet på løpsdagen (men kom ikkje mindre enn 30 mindre minutt før start, helst – det kan vere kø). Og det kan jo også skje som i fjor at nokon får strekk på oppvarminga og ikkje kjem seg til startstreken.

Men dersom det blir 96 deltakarar blir det den femte beste deltakinga i Nordvest Maraton si 32 år lange historie, delt med i fjor.

Då tek vi berre med heilmaraton og halvmaraton, sidan dette er dei einaste distansane som har vore med alle 32 åra.

I fjor var det nemleg også 78 deltakarar på halvmaraton og 12 på heil (men då berre tre på mosjon utan tid).

Uansett kor mange som kjem seg til startsstreken slår vi fast at vi er inne i ei løpebølgje. Ser vi vekk frå det spesielle koronaåret 2020 ligg det an til at vi får den beste deltakinga sidan 1994 (!).

***

Vel, over til det som skal skje på løpdagen:

Det meste av relevant informasjon finn de frå før i menyen over. Men det som ikkje vart avklart før denne veka får de vite her og no:

  • Vermeldingane er veldig gode, så premieutdelinga skjer i år som i fjor utandørs. Alle deltakarar får deltakarmedalje. Det blir elles 1/3 premiering inntil topp tre i kvar klasse. Det blir elles delt ut gull, sølv og bronse på både heil- og halvmaraton i alle klassar i KM (sjå klasseinndeling her).
  • Det blir kiosk innandørs i andre etasje på klubbhuset (inngang mot stadion). Det er same plass ein hentar startnummer og RaceTracker-brikke (kor lenge før løpet du møter opp her bestemmer du sjølv). Garderobane finn ein i første etasje (inngang mot ungdomsskulen).
  • Starten både på heil- og halvmaraton blir på litt andre punkt på stadion enn dei siste åra. Det blir sett opp skilt på stadion. For sikkerheits skuld kjem speaker også til å opplyse om det fem minutt før start på både heil- og halvmaraton, i tilfelle nokon er usikre. Det er inga endring av sjølve traseen, anna enn det som er inne på stadion.
  • Dei i klassen mosjon utan tid kan starte når dei vil. Men i fjor starta alle i denne klassa samtidig klokka 11.00, og om det er ønskjeleg kan dei gjere det i år også.

***

Under kjem oversikt over dei førehandspåmelde. Vi merkar oss at ingen av vinnarane på heil- og halvmaraton for menn og kvinner er påmeldt same distanse i år. Men fjorårets vinnar på heilmaraton, Karl Idar Vik frå Syvde IL, er påmeldt halv i år.

Vik skal som vi ser kjempe om KM-gull med blant andre Velledalen IL sin nysignerte løpar Hilmar Kråkenes, som vart tredjemann på halvmaraton totalt i 2020. Dei er to av fem KM-deltakarar i klasse 40-44 år.

Som seg hør og bør varierer KM-deltakinga frå klasse til klasse. Det er i veteranklassane på halvmaraton for menn deltakinga er best her. Til dømes får vi saftige duellar i nemnde menn 40-44 år, menn 45-49 år, menn 55-59 år og menn 65-69 år.

Om vi ser på konkurransen totalt sett og ikkje berre KM er det best deltaking i klasse 17-34 år for menn, halvmaraton. Her er det 14 påmelde.

Men også i enkelte kvinneklassar på halvmaraton er det veldig bra deltaking. Til dømes er det åtte deltakarar i klasse 17-34 år (til ei samanlikning var det berre fire kvinner med i Nordvest Maraton i 2017, totalt for heil- og halvmaraton). Vi merkar oss også at dei to einaste deltakarane under 16 år i årets løp er kvinner.

Då står det berre igjen å ønskje vel møtt laurdag! Og lykke til!

Deltakarliste (same liste kjem også i RaceTracker fredag ettermiddag – der finn ein resultata både live og til slutt laurdag):

Heilmaraton:

Kvinner 17-34 år:

Oda Riste, Volda

Kvinner 35-39 år:

Lillian Auflem Øye, Ørsta

Kvinner 45-49 år:

Louise Skak

Menn 17-34 år:

Tormod Lausund Relling, Team Ryfylke

Menn 35-39 år:

Sverre Kjerpeset, Åndalsnes IF (KM)

Menn 40-44 år:

Lesniak Slawomir, Valldal

Menn 45-49 år:

Bertil Andreassen, Ålesund

Stian Skretting, Langevåg/Stavanger

Menn 55-59 år:

Bjørn Aase Dimmen, ÅKP DigiCat

Odd Gunnar Tveit, Birkenes IL

Menn 65-69 år:

Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL

Menn 70-74 år:

Helge Fuglseth, Ålesund FIK (KM)

Halvmaraton:

Kvinner 0-16 år:

Seline Kvalheim-Tømmerstøl, Volda

Elida Øvrelid Breivik, Hareid IL

Kvinner 17-34 år:

Marita Hagen Kvalsvik

Malin Berge, Ålesund

Katrine Thomassen, Molde

Marlen Djupvik, Volda

Marianne Göncz

Lena Due-Sørensen, Volda sjukehus ikringtreningsteam

Monica Andreassen Lynge, Ulsteinvik

Anne-Marit Brautaset, Ørsta

Kvinner 35-39 år:

Cathrin Elvanes, Hareid IL

Sunniva Røyset, Ulsteinvik

Kvinner 40-44 år:

Margaretha Hasund Auberg, Oslo

Marie Hasle Sørensen, OPIL

Ingunn Barmen Melbø, Ørsta IL/Team Joggis (KM)

Silje Hagen Thorsen, Måløy IF

Kvinner 45-49 år:

Sissel Kleven, Hasundgot

Camilla Røren, Team Røren

Jodi Brautaset

Kvinner 50-54 år:

Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL (KM)

Tove Nygård, Ålesund

Kvinner 55-59 år

Marit Lillestøl, Gjerdsvika

Menn 17-34 år:

Lars Jørgen Reitan Skarpnes, Kristiansund

Alexander Hagen, Hareid

Iben-André Øvrelid Breivik, Hjørungavåg

Nicolas Berg

Remi Andre Nymoen Hauge, Søre Luten Løpegruppe

Stian Vargas

Kristoffer Valderhaug Sundet, Aalesunds Roklubb

Peter Vattøy Nygjerde, Hareidlandet Triatlon / Ulsteinvik

Jørn Strømme, Velledalen IL (KM)

Vegard Tandstad, Velledalen IL (KM)

Webjørn Y. Bergmann, Ørsta

Matias Mørkedal, Vern om Sula

Henrik Vikebakk Sandstad, Ulsteinvik

Marius Søvik, Tartanmandag

Menn 35-39 år:

Kim-Thomas Lyster, Grytastranda

Andreas Eikrem Røren, Team Røren

Steffen André Kråkenes, Søvika

Martin Hauge-Nilsen, Kondis/Fjellføraren

Sverre Hoggen, Ørsta IL (KM)

Steffen Moltu, Gurskøy IL

Steinar Thorsen, Måløy IF

Eirik Silden, Måløy idrettslag

Hallvard Bergmann, Ørsta IL/Tartanmandag (KM)

Knut Vikebakk, Hareidlandet Triatlon

Menn 40-44 år:

Stian Longva, Gursken

Jan Ove Breivik, Hjørungavåg

Hilmar Kråkenes, Velledalen IL (KM)

Karl Idar Vik, Syvde IL (KM)

Stian Nedrelid, Tartanmandag

Runar Dahl Røsand, Averøy løpeklubb (KM)

Mads Egseth Melbø, Ørsta idrettslag/Team Joggis (KM)

Kenneth Holsæker, Ørsta IL/Tartanmandag (KM)

Roger Oldeide

Menn 45-49 år:

Ludvig With, Kondis Ålesund

Marcus Vedeler, Nordfjordeid

Jan Endre Rise, Hareid IL (KM)

Frode Fuglehaug, Ørsta IL (KM)

Frode Mauren, Velledalen IL (KM)

Menn 50-54 år:

Bernt Bergheim, Sogndal IL

Jørn-Åge Longva, Blindheim IL

Bent Ingebrigtsen, Hornindal legekontor

Bjørn Ole Vassbotn, Volda Turn og IL

Menn 55-59 år:

Thomas Andersson, Gursken IL

Ulf-Magne Eikås, Stryn Turn og Idrettslag

Alf Petter Bøe, Velledalen IL (KM)

Fridtjof Aure Fredriksen, Velledalen IL (KM)

Frode Hoprekstad, Velledalen IL (KM)

Helge Kroken, Workshop M&R

Menn 60-64 år:

Bård Aune, Møre og Romsdal

Odd Arne Langset, Fannefjord Sykkelklubb

Menn 65-69 år:

Dag Snipsøyr, Hareid IL (KM)

Odd Jarle Døving, Valldal IL (KM)

Knut Skaar, Ålesund FIK

Egil Arne Standal, Volda Løpelag

Arild Stokke, Ørsta IL/Tartanmandag (KM)

Menn 70-74 år:

Kjell Mindor Fagerlund, Hasundgot IL

Mosjon utan tid:

Tommas Prozenko, Fiskå IL

Magnar Nilsen, Senadrott motbakkelag Søre Sunnmøre

Kjetil Magnar Guddal

Anders Hjelle Øiestad, Hareid IL

Kåre R. Haugen, Monkehåkjen GT

Terje Moltu, Moltu




Deltakarlista klar for Hadarleikane

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Aug 2022

Søndag føremiddag er det igjen klart for Hadarleikar på Hareid stadion. Denne gongen som ein del av Hareid Il si jubileumsmarkering. No er deltakarlista klar og i løpet av fredagen kjem tidsskjemaet for konkurransen.

Vedlegg:




Deltakarliste Nordvest Maraton, ca. to og eit halvt døgn før fristen

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Aug 2022

Per klokka 11.30 tysdag er vi oppe i 68 påmeldingar (51 halvmaraton, 12 heil, 5 mosjon utan tid).

Til ei samanlikning var det i fjor 93 deltakarar (78 halvmaraton, 12 heil, 3 mosjon utan tid).

Under kjem den førebelse deltakarlista. Vi har også begynt å merke av dei som skal delta i KM for Møre og Romsdal. I tillegg til dei som er merka av har nokre meldt seg på gjennom klubbar som ikkje er medlemmar i friidrettskretsen (desse har vi sendt mail). Om nokon som er påmelde frå før og vil vere med i KM, utan å ha meldt seg på der så langt, så kontakt oss på Hareid IL Nordvest Maraton sin Facebook-profil på innboks.

Vi ser uansett allereie no at det blir nokre herlege duellar om KM-medaljane i ein del klassar, ikkje minst i nokre av veteranklassane for menn, med knallhard konkurranse mellom deltakarar frå Hareid IL, Ørsta IL og Velledalen IL. Og enno reknar vi med det kjem fleire deltakarar akkurat i desse klassane, ikkje minst frå Ørsta IL og Syvde IL.

Men det viktigaste er som alltid å delta!

Då minner vi berre om fristen for førehandspåmelding (skjema finn du i menyen over her) torsdag 21.00. Det blir ikkje høve til å melde seg på via internett etter det. Eventuelle etternølarar kan møte opp i sekretariatet på løpsdagen, men då kan det vere litt kø.

Heilmaraton:

Kvinner 35-39 år:

Lillian Auflem Øye, Ørsta

Kvinner 45-49 år:

Louise Skak

Menn 17-34 år:

Tormod Lausund Relling, Team Ryfylke

Menn 35-39 år:

Sverre Kjerpeset, Åndalsnes IF (KM)

Menn 40-44 år:

Mads Egseth Melbø, Ørsta idrettslag/Team Joggis (KM)

Lesniak Slawomir, Valldal

Menn 45-49 år:

Bertil Andreassen, Ålesund

Stian Skretting, Langevåg/Stavanger

Menn 55-59 år:

Bjørn Aase Dimmen, ÅKP DigiCat

Odd Gunnar Tveit, Birkenes IL

Menn 65-69 år:

Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL

Menn 70-74 år:

Helge Fuglseth, Ålesund FIK (KM)

Halvmaraton:

Kvinner 0-16 år:

Seline Kvalheim-Tømmerstøl, Volda

Elida Øvrelid Breivik, Hareid IL

Kvinner 17-34 år:

Marita Hagen Kvalsvik

Cathrin Elvanes, Hareid IL

Malin Berge, Ålesund

Katrine Thomassen, Molde

Marlen Djupvik, Volda

Marianne Göncz

Lena Due-Sørensen, Volda sjukehus ikringtreningsteam

Kvinner 40-44 år:

Margaretha Hasund Auberg, Oslo

Marie Hasle Sørensen, OPIL

Ingunn Barmen Melbø, Team Joggis

Kvinner 45-49 år:

Sissel Kleven, Hasundgot

Camilla Røren, Team Røren

Kvinner 50-54 år:

Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL (KM)

Kvinner 55-59 år

Marit Lillestøl, Gjerdsvika

Menn 17-34 år:

Lars Jørgen Reitan Skarpnes, Kristiansund

Alexander Hagen, Hareid

Iben-André Øvrelid Breivik, Hjørungavåg

Nicolas Berg

Remi Andre Nymoen Hauge, Søre Luten Løpegruppe

Stian Vargas

Kristoffer Valderhaug Sundet, Aalesunds Roklubb

Peter Vattøy Nygjerde, Hareidlandet Triatlon / Ulsteinvik

Jørn Strømme, Velledalen IL (KM)

Vegard Tandstad, Velledalen IL (KM)

Menn 35-39 år:

Kim-Thomas Lyster, Grytastranda

Andreas Eikrem Røren, Team Røren

Steffen André Kråkenes, Søvika

Martin Hauge-Nilsen, Kondis/Fjellføraren

Menn 40-44 år:

Stian Longva, Gursken

Jan Ove Breivik, Hjørungavåg

Hilmar Kråkenes, Velledalen IL (KM)

Stian Nedrelid, Tartanmandag

Menn 45-49 år:

Ludvig With, Kondis Ålesund

Marcus Vedeler, Nordfjordeid

Jan Endre Rise, Hareid IL (KM)

Frode Fuglehaug, Ørsta IL (KM)

Frode Mauren, Velledalen IL (KM)

Menn 50-54 år:

Bernt Bergheim, Sogndal IL

Menn 55-59 år:

Thomas Andersson, Gursken IL

Ulf-Magne Eikås, Stryn Turn og Idrettslag

Alf Petter Bøe, Velledalen IL (KM)

Fridtjof Aure Fredriksen, Velledalen IL (KM)

Frode Hoprekstad, Velledalen IL (KM)

Menn 60-64 år:

Bård Aune, Møre og Romsdal

Odd Arne Langset, Fannefjord Sykkelklubb

Menn 65-69 år:

Dag Snipsøyr, Hareid IL (KM)

Odd Jarle Døving, Valldal IL (KM)

Knut Skaar, Ålesund FIK

Menn 70-74 år:

Kjell Mindor Fagerlund, Hasundgot IL

Mosjon utan tid:

Tommas Prozenko, Fiskå IL

Magnar Nilsen, Senadrott motbakkelag Søre Sunnmøre

Kjetil Magnar Guddal

Anders Hjelle Øiestad, Hareid IL

Kåre R. Haugen, Monkehåkjen GT




Førebels deltakarliste Nordvest Maraton 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Aug 2022

Per søndag kveld klokka 21.30 er det 52 påmelde (40 halv, 8 heil, 4 mosjon utan tid). Fristen for førehandspåmelding går ut torsdag klokka 21.00. Det er ikkje krav om førehandspåmelding, men det er lurt for å sleppe kø på løpsdagen. Sjekk elles info i menyen på toppen av sida her.

Påmelde per no:

Heilmaraton:

Kvinner 45-49 år:

Louise Skak

Menn 17-34 år:

Tormod Lausund Relling, Team Ryfylke

Menn 45-49 år:

Bertil Andreassen, Ålesund

Stian Skretting, Langevåg/Stavanger

Menn 55-59 år:

Bjørn Aase Dimmen, ÅKP DigiCat

Odd Gunnar Tveit, Birkenes IL

Menn 65-69 år:

Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL

Menn 70-74 år:

Helge Fuglseth, Ålesund FIK

Halvmaraton:

Kvinner 0-16 år:

Seline Kvalheim-Tømmerstøl, Volda

Elida Øvrelid Breivik, Hareid IL

Kvinner 17-34 år:

Marita Hagen Kvalsvik

Cathrin Elvanes, Hareid IL

Malin Berge, Ålesund

Katrine Thomassen, Molde

Marlen Djupvik, Volda

Marianne Göncz

Lena Due-Sørensen, Volda sjukehus ikringtreningsteam

Kvinner 40-44 år:

Margaretha Hasund Auberg, Oslo

Marie Hasle Sørensen, OPIL

Kvinner 45-49 år:

Sissel Kleven, Hasundgot

Camilla Røren, Team Røren

Kvinner 50-54 år:

Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL

Kvinner 55-59 år

Marit Lillestøl, Gjerdsvika

Menn 17-34 år:

Lars Jørgen Reitan Skarpnes, Kristiansund

Alexander Hagen, Hareid

Iben-André Øvrelid Breivik, Hjørungavåg

Nicolas Berg

Remi Andre Nymoen Hauge, Søre Luten Løpegruppe

Stian Vargas

Kristoffer Valderhaug Sundet, Aalesunds Roklubb

Peter Vattøy Nygjerde, Hareidlandet Triatlon / Ulsteinvik

Menn 35-39 år:

Kim-Thomas Lyster, Grytastranda

Andreas Eikrem Røren, Team Røren

Steffen André Kråkenes, Søvika

Martin Hauge-Nilsen, Kondis/Fjellføraren

Menn 40-44 år:

Stian Longva, Gursken

Jan Ove Breivik, Hjørungavåg

Menn 45-49 år:

Ludvig With, Kondis Ålesund

Marcus Vedeler, Nordfjordeid

Jan Endre Rise, Hareid IL

Frode Fuglehaug, Ørsta IL

Menn 50-54 år:

Bernt Bergheim, Sogndal IL

Menn 55-59 år:

Thomas Andersson, Gursken IL

Ulf-Magne Eikås, Stryn Turn og Idrettslag

Menn 60-64 år:

Bård Aune, Møre og Romsdal

Odd Arne Langset, Fannefjord Sykkelklubb

Menn 65-69 år:

Dag Snipsøyr, Hareid IL

Knut Skaar, Ålesund FIK

Mosjon utan tid:

Tommas Prozenko, Fiskå IL

Magnar Nilsen, Senadrott motbakkelag Søre Sunnmøre

Kjetil Magnar Guddal

Anders Hjelle Øiestad, Hareid IL

PS. I KM er det andre aldersinndelingar for dei yngste klassane.

PS 2. Vi kjem tilbake til kven som også er KM-deltakarar. Vi har sendt mail til to deltakarar som har meldt seg på KM, men ikkje for klubbar som er med i friidrettskretsen.




Hadarleikane 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 10. Aug 2022

Innbyding til Hadarleikane 2022
Jubileumsstemne – Hareid IL er 100 år
Hareid Idrettslag har igjen gleda av å innby til Hadarleikane på Hareid stadion søndag 21. august kl 11.00. Stemnet er i år også eit jubileumsstemne i samband med at Hareid IL i år markerer at det er 100 år sidan stiftinga av laget.

Tidsskjema og deltakarlister vert lagt ut på vår heimeside hareidil.no/hadarleikane når dei er klare
Øvingar:
Rekrutt: 60 m og lengde
10 år: 60 m, 600m, lengde og liten ball
11-12 år: 60 m, 200m, 600 m, lengde og kule.
13 og 14 år: 60m, 200m, 600 m, lengde, høgde og kule.
15 til 19 år: 100m, 200m, 800m, lengde, høgde, kule og spyd.
Menn/kvinner: 100m, 200m, 800m, lengde høgde kule og spyd.


Påmelding:
Påmelding via MinIdrett eller Sportsadmin. Påmeldingsfristen er sett til onsdag 17. august kl 23.59. Då blir påmeldingssystemet automatisk stengt. Eventuelle etterpåmeldingar (mot dobbel startkontingent) kan sendast på epost til: paamelding@hareidil.no. Vi kan ikkje garantere at du får plass om du melder deg på etter påmeldingsfristen. Det blir ikkje mogleg å melde seg på stemnedagen.


Startkontingent:
Rekrutt: kr 60 for alle øvingane. 10 år: kr 100 for alle øvingane. 11 år og eldre: kr 100 pr. start. Det vert sendt faktura til laget på den startkontingenten som skal betalast. Alle som er 13 år eller eldre må ha betalt heilårslisens for å kunne delta.


Premiering:
Det vert medaljar til dei tre beste i menn/kvinner, gute- og jenteklassene. I rekrutt og 10 års klasse vert det premiar til alle.
Annan informasjon:
Ved stor påmelding kan talet på forsøk i klassane opp til 13 år bli redusert til fire i tekniske øvingar. 14 år og eldre får seks forsøk i dei tekniske øvingane. Tid vert avgjerande i alle løp, slik at det ikkje vert finalar.

Spørsmål om arrangementet elles kan rettast til: Geir Sæther mob 419 27 718

Vel møtt på Hareid.




Mange kvinner har meldt seg på så langt – hugs påmeldingsfristen til Nordvest Maraton!

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Aug 2022

Vi minner om at fristen for førehandspåmelding til Nordvest Maraton går ut torsdag 18. august klokka 21.00.

Det er ikkje eit krav om førehandspåmelding i år, men det kan vere lurt for å sleppe kø på løpsdagen 20. august.

Sidan det ikkje er krav om førehandspåmelding er det vanskeleg å seie kor populært arrangementet vårt er i år.

I 2020 hadde vi inkludert mosjon utan tid 137 deltakarar (beste nokon gong), i fjor 93 (femte beste nokon gong).

Per 9. august (om morgonen) er det 42 påmelde (34 halvmaraton, 6 heilmaraton, 2 mosjon utan tid).

Det mest spesielle er at heile 14 kvinner har meldt seg på halvmaraton. Det er 41 prosent av alle på denne distansen (og 33 prosent for arrangementet totalt sett).

Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut. Men då skal ein hugse at det så seint som i 2017 berre var fire kvinner som deltok totalt sett. I 2020 var 13 prosent av deltakarane kvinner, og i fjor 19 prosent. Så vi snakkar nok definitivt om ei kvinnebølgje!

Men vi ventar ein god del påmeldingar også frå menn den neste tida. Dei to siste åra har det til dømes vore store kontingentar med deltakarar frå både Ørsta/Hovdebygda og Velledalen. Ingen har meldt seg på derifrå så langt. Det er heller ikkje spesielt mange frå Hareid og Ulstein som har meldt seg på. Så kanskje tyder dette på eit rush av påmeldingar fram mot 18. august?

Uansett: Vel møtt!




Spennande haustsesong i vente for a-lag menn

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Aug 2022

Hareid gjorde ein bra vårsesong, men det er som alltid om hausten ting blir avgjort.

Haustsesongen opnar med bortekamp mot Rollon fredag. Det er usikker kor store forventingar vi skal ha til den kampen. Ikkje alle spelarane har kome heim frå ferie enno, men kjem utover denne veka. Rollon er då også i ein annan situasjon enn Hareid, sidan dei kjempar om opprykk. Så vi kan kanskje kalle dette ein «bonuskamp» før det ventar ein del kampar med større press på Hareid. Men som kjent kan ein ta like mange poeng i bonuskampar som i andre kampar.

Hareid har allereie takka av ein del spelarar etter god innsats i vår. I tillegg til det vi tidlegare har meldt er det lite truleg at fjorårets beste spelar Martin N. Longva får bidrege særleg i haust, grunna hans jobbsituasjon.

På plussida er det ikkje så mange nysigneringar å melde om, men det er håp og grunn til å tru at ein del som bidrog lite i vår får vere med meir i haust.

I treningskampen mot Hasundgot sist veke (5-2-siger, sjekk referat på Facebook) fekk Arsene Simbi sin debut på venstrebacken, ein debut han krona med eit fint mål. Det kan vere ein nyttig spelar i haust. Det same kan Andreas Ulfstein bli. Han fekk sin debut mot Ørsta i vår, men måtte gå av med skade i same kamp. Og spelte deretter ikkje før treningskampen mot Hasundgot.

Elles er det grunn til å tru at Erlend Skeide, som fekk med seg halve vårsesongen, no får med seg heile haustsesongen. Og kanskje også at Ørjan Engen Grimstad og Ruben Kenneth Brandal får bidra meir jamt no i haust. Begge var skadeplaga i vår. Grimstad bur framleis i Ålesund. Dit skal etter planen også Håvard Knudsen Bjåstad flytte no, grunna jobb. Men det ser ut som begge i alle fall blir med på ei trening og ein kamp per veke. Juniortrenar Fredrik Andresen har no også meldt seg til teneste som spelar, etter eit år på sidelinja. I tillegg blir det nok meir speletid på ein del av dei yngre spelarane i klubben, både dei som har vore med i heile år og dei som nyleg har begynt å trene med a-laget. Så lag skal det nok bli i haust også, sjølv om Hareid truleg blir meir ein slags underdog i mange kampar enn kva tilfellet var i vår.

Spennande blir det i alle fall. I verste fall rykkjer fire lag ned frå 4. divisjon. I tilfelle ligg Hareid berre fem poeng over streken. Skulle tre lag rykke ned ligg Hareid seks poeng over streken. Og om berre to lag rykkjer ned er Hareid sju poeng over streken. Men skulle det skje at Hareid til dømes vinn to-tre kampar av dei fire-fem første i haust, så kan det like gjerne skje at Hareid kan begynne å sjå seg oppover på tabellen.

Men først ventar altså ein tøff bortekamp mot Rollon. Det har skjedd større senasjonar enn at Hareid skulle få med seg noko herifrå, så vi seier berre: Girri girri og lykke til!

(På biletet: Målscorarane mot Hasundgot sist veke: Simbi, Sjåstad og Skeide.)

PS. Som i vår legg vi ut førehandsomtalar, referat og ofte liveoppdateringar på Hareid IL sin Facebook-profil. Heimesida blir mest brukt til nokre statusrapportar – som denne.




Dette er Hareid-toppscoraren så langt

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Jul 2022

Det var neppe nokon som hadde tippa det då oppkøyringa starta, men toppscorar for a-laget ved halvspelt sesong er James Kenneth Sjåstad. Ikkje verst for ein tidlegare Hasundgot-reserve. Men det viser berre at ein kjem langt med godt treningsframmøte og ei god innstilling.

Når toppscorarpokalen skal delast ut i oktober/november er det seriekampar som gjeld. Treningskampar kjem berre inn om det står likt mellom to eller fleire.

Uansett leiar Sjåstad begge statistikkane så langt. Han har sju mål i serien og 11 totalt.

Bak han finn vi Kristoffer Stranden (fem i serien, sju totalt), Petter Worren (fire i serien) og Ørjan Engen Grimstad (to i serien og to i treningskampane).

Kanskje litt overraskande at Engen Grimstad har vore såpass scoringsivrig frå sin stopparposisjon. Utan at vi har dobbeltsjekka må han ha vore meir målfarleg no enn då han var spiss ein periode i 2014 (fordi Hareid mangla spiss, og duoen Longva-Wingsternes uansett held stand i midtforsvaret).

Det begynner forresten å bli ei stund sidan Hareid hadde ein verkeleg storscorar, nokon vi var bortskjemde med tidlegare på 2000-talet (Bjørge Worren, Ronny Jørgensen, Kim-Tore Husøy osv.). Christer Adrian Mork hadde 14 seriemål i 2013 og Kim-Tore Husøy 18 i 2011. Elles finn vi ingen toppscorar etter dette som har meir enn ti seriemål. Så då har altså James Kenneth Sjåstad noko å strekke seg etter i haust…

Vi kan elles ta med at desse har scora to mål for Hareid så langt i år: Gustav Bjørlykke Kløvning (1 serie, 1 treningskamp), Oliver Sulebakk Sylte (begge serie), Tobias Hatløy Pettersen (begge serie), William Valde Bigset (begge treningskamp) og Natnael Belay (begge treningskamp).

Arnold Origi, Andreas Nesset jr. og Gabriel Olav Peterson har scora kvar sitt i serien. Bam Hide (prøvespelar), Joakim Berge Sæther, Andreas Knardal, Christian Nykrem Korshaug og Isak Sundgot scora eitt mål kvar i treningskampane.

Som i dei to siste artiklane skal vi også her takke av nokre spelarar som forsvinn:

Den eine er keeperen Herman Heimland. Han har vore ein svært viktig mann i a-lagsmiljøet. I serien spelte han tre kampar i vår. Ikkje minst har Herman også gjort ein kanonjobb som trenar for Hareid sitt G16-lag. Denne karen vil bli sakna. Lykke til med studiane!

Vi takkar også av Johannes Knardal, som skal i det militære. Etter å ha spelt seg fast inn på a-laget i fjor haust kom aldri Johannes på bana i serien i vår – grunna skadar (eller dvs., han stod ein kamp i mål for juniorlaget). Synd for både oss og Johannes at han ikkje fekk utvikle seg vidare i år. Men det kjem heilt sikkert sjansar seinare også. Lykke til i forsvaret!




Hareid stiller tre lag på Norway Cup i år

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Jul 2022

Norway Cup er tilbake etter eit tre års opphald. Hareid IL har rike tradisjonar for å stille i denne turneringa, og er då sjølvsagt med når det heile er i gang igjen. I år stiller Hareid med tre lag.

J15 skal spele 11-arfotball og har hamna i gruppe med Strindheim, Otta/Lom/Fron og Osterøy.

G14 skal spele sjuarfotball. Dei er i gruppe med Sund, Smøla og Hakadal.

G13 skal spele niarfotball. Dei møter Øvrevoll Hosle 2, Sauda og Veitvet.

Det heile startar søndag. For detaljert kampoppsett sjekk her.

Vil du følge med så kan du også sjekke Hareid IL sin facebookprofil under turneringa.

Kvelden i forkant blir det lagt ut ein tråd med informasjon om Hareid sine kampar neste dag.

I denne tråden blir trenarar, lagleiarar og eventuelle andre oppmoda om å legge ut informasjon og bilete frå laga sine kampar. Kanskje blir nokre kampar også oppdatert live.

Følg med!

Vi ønskjer alle våre aktørar i Oslo lykke til! Girri, girri!




Meir statistikk: Worren på assist-toppen

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Jul 2022

Her kjem runde to av tre med statistikk frå vårsesongen (inkludert takk til spelarar som forsvinn litt lenger ned i saka).

I denne saka ser vi på kven som har flest assistar. Her gjeld berre assistar i serien.

Oversikta viser at Petter Worren (biletet) har flest i vår (5).

I fjor vart Worren toppscorar. Kanskje går han for å bli assist-konge i år? Uansett ein god vårsesong av Worren i ei ny rolle som ein av to spissar. (Vi kjem tilbake til toppscoraroversikt i neste artikkel.)

Bak Worren på lista følgjer Kristoffer Stranden (4), James Sjåstad (3), Christian Korshaug (2), Tobias Pettersen Hatløy (2), Oliver Sulebakk Sylte (2) og Arnold Origi (1).

Fleire av desse spelarane må vi no dessverre takke av.

Christian Korshaug har vore ei positiv overrasking på vårens Hareid-lag. Han har vore med i a-stallen fleire år før, men det var først i år han fekk sitt gjennombrot. «Kors» har stort sett spelt fast på venstresida. No flyttar han dessverre for oss til Trondheim. Vi takkar for laget og ønskjer han lykke til!

Tobias Pettersen Hatløy melde seg inn i Hareid like etter seriestart og debuterte i andre serierunde. I fjerde runde mot LGFK fekk han ein skade som spolerte stort sett resten av vårsesongen for han. Sjølv om det ikkje vart mange minutta på Hatløy på bana, så har han gjort det veldig bra når han først har spelt – noko blant anna to assistar vitnar om. No flyttar Hatløy til Bergen. Vi takkar for laget og ønskjer han lykke til!

Same veg forsvinn også Oliver Sulebakk Sylte. Han hadde ikkje spelt fotball på ei stund då han melde seg inn i Hareid då oppkøyringa starta. Sist han spelte fotball var for Gjerdsvika i 6. divisjon nokre år tidlegare. At Sylte har vore så god han har vore i vår har derfor kanskje vore vårsesongens store overrasking. Lysluggen har levert varene same om han har spelt stoppar, back eller sentral midt. Vi må dessutan legge til at Sylte har gjort ein framifrå jobb som trenar for Hareid sitt G16-lag. Plussar vi på framføringane hans av diverse norske 80-talssvisker etter at Hareid har tatt tre poeng, så kan vi med rette kalle dette ei kinderegg-signering. Det blir derfor på mange måtar eit stort tap å miste Sylte. Uansett ønskjer vi han lykke til vidare!

Scoringsstatistikk og litt fleire nyheiter kjem etter planen tysdag kveld.




Han vart vårens spelar på a-laget – no må vi takke han av!

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Jul 2022

Kristoffer Stranden (til venstre på biletet) vart vårens spelar for herrelaget. Det er klart etter at nettredaksjonen så vidt har vakna etter sommardvalen – og har begynt å telje stjernene frå vårsesongen.

Stranden enda opp med 14 stjerner. Det er ingen tvil om at vanylvingen har levert varene og vel så det denne våren. Ein god boks til boks-spelar med god fotballforståing, god teknikk, eit hardt skot og ein god motor. Det halvåret han har lagt bak seg her kan få andre vise til i Hareid-drakt dei siste 10 åra. Og det trass i at Stranden i periodar har vore ute med skadar. Han spelte faktisk ingen av kampane då Hareid vann tre på rad frå runde 3 til 5.

Dessverre for oss flyttar Kristoffer Stranden til Bergen. Vi takkar han derfor så mykje for innsatsen. Kom gjerne igjen ved eit seinare høve! Tek vi med treningskampar enda Stranden på 13 Hareid-kampar. Han scora sju mål, to av dei i treningskampar (nest flest både totalt og i serien). Han enda også på fire assistar (her har vi berre statistikk for serien). Også det nest flest.

James Kenneth Sjåstad enda forresten vårsesongen med nest flest stjerner (12). Av dei som er aktuelle for å bli årets spelar ligg han derfor best an. For å bli årets spelar må ein nemleg ha spelt 70 prosent av seriekampane, og så vidt vi veit skal ikkje Sjåstad studere i Bergen i haust.

Tredje flest stjerner hadde Martin Nikolai Longva (9). Longva har blitt årets spelar både i 2014, 2018 og 2021. Kor vidt han kan vere aktuell for å bli det i år også kjem nok an på kor mykje vekkreist han blir med jobb i haust. Longva mista andre del av vårsesongen grunna jobb i utlandet.

Andre årets spelar-kandidatar kan vere Nerijus Marcinkevcius (7), Ørjan Engen Grimstad (6) og Petter Worren (4). Det kan sjølvsagt også bli nokon heilt andre.

Om alt går etter planen presenterer vi toppscorarlista og assist-toppen i morgon.

Vi skal også (dessverre) takke av nokre andre spelarar enn Kristoffer Stranden. Følg med!




Påmeldinga til Nordvest Maraton har starta

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Jul 2022

Trykk under «påmelding» i menyen over eller trykk deg inn direkte her.




Slik gjekk det i vår i ungdoms- og seniorfotballen

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Jul 2022

I går presenterte vi ei oppsummering av a-laget for menn sin vårsesong. Om andre lag vil kome med sine oppsummeringar, så berre skrik ut. Men her er ei samla oppsummering for laga våre i ungdoms- og seniorfotballen.

Seniorlaga har relativt sett klart seg best i sine avdelingar. Herrelaget ligg som tidlegare meldt midt på tabellen i øvste krinsserie. Damelaget ligg på si side midt på treet i nest øvste krinsserie (4. divisjon) – dersom vi ser på poeng (2 sigrar, 2 uavgjorte, 2 tap). Med omsyn til tabellen ligg likevel laget heilt oppe på andreplass. No ser det nok i tøffaste laget ut å ta igjen Åheim/Selje, som ikkje har avgitt poeng enno. Men å kjempe om ein andreplass utover hausten vil uansett vere ein god prestasjon av Hareid.

Hareid har forresten både scora nest flest og hatt nest færrast baklengs. Toppscorar for damene så langt er Helene Sjåstad Kleppe og Victoria Røren med sju mål kvar.

Hareid 2, som også i år stiller i sjuarserien, hadde verken tapt ein sjuar- eller 11-arkamp sidan 2019 før dei tapte borte mot Hano 2 i vår. Men dette er også det einaste poengtapet laget har i vår. Med 18 poeng av 21 moglege vann Hareid vårserien framfor nettopp HaNo 2. No skal dei fire beste av laga i vår gjere opp om KM-tittelen i ein eigen serie i haust. Det betyr altså dobbel serie med Hareid 2, HaNo 2, Folkestad/Volda og Hjørungavåg. Hareid 2 vart kretsmeistrar i fjor. Det skal bli spennande å sjå om dei kan følgje opp i år. Stortalentet Kurt Haddal har scora 26 mål i vår, og gjer han noko liknande i haust bør sjansane for ei god plassering i alle fall vere gode.

I G16 2. divisjon tok Hareid ni poeng. Ikkje verst av eit lag som knapt hadde spelarar då oppkøyringa starta. No har dei ei større gruppe og har også spelt 11-arfotball ein del kampar. Men Hareid fekk ikkje god utteljing tabellmessig for poenga dei tok. Dei vart nemleg nummer 9, berre tre poeng bak fjerdeplassen.

Juniorlaget tapte alle sine kampar, først og fremst fordi dei har hatt store problem med å score mål (tre på sju kampar). For laget har vore involvert i fleire jamne kampar. Laget har også hatt ein del skadar, så vi håper dei både får folk og målteften tilbake til haustsesongen.

J15-laget har på si side vore ei positiv overrasking. Dei hadde ein tøff vinter, men vart i vår nummer to i si 3. divisjonsavdeling med fem sigrar, éin uavgjort og to tap. Om vi les reglane rett betyr det opprykk til hausten. Gratulerer!

Same treningsgruppe har også stilt eit sjuarlag i J13-serien. Dei gjorde det heilt greitt ved å bli nummer fire av seks lag.

Vidare har Hareid stilt to lag i G14-seriane, sjølv om det har vore fleirtal av 13-åringar i gruppa. Det har betydd ein del resultatmessig motgang, men sikkert samtidig mykje god læring. Førstelaget vart sist i 1. divisjon på målforskjell bak Ørsta/Hovdebygda. Om vi forstår det rett blir det likevel 1. divisjonsspel på Hareid i haust, sidan dei tre øvste laga skal spele i ein fylkesserie – og resten i ein kretsserie. Andrelaget i 2. divisjon fekk det tøft, men hadde nokre positive kampar på slutten av vårsesongen som kan vere gode å ha med seg inn i hausten.

Før den tid skal også nokre av laga vi nemnde delta i Norway Cup. Vi reknar med å få høyre meir om det etter kvart.

Girri, girri!

Ei utgåve av G16.



Ei berg- og dalbane som ikkje sklei av skinnene: Historia om Hareid sitt herrelag våren 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Jul 2022

Halvtårsoppsummering i tekst (og ikkje tal) – Hareid a-lag, menn

Du kan seie mykje om Hareid a-lag vinteren og våren 2022. Men kjedeleg har dei i alle fall ikkje vore å følgje dei!

Statistikken (toppscorar, assistar, stjerner osv) kjem vi tilbake til når lagleiaren har kome heim frå Syden. I denne omgang presenterer vi historia om Hareid a-lag vinteren og våren 2022 i tekstform.

La oss rett og slett starte med ei oppsummering:

22. oktober 2021 gjorde a-laget eit krafttak og slo Valder 3-1 i siste serierunde i 4. divisjon. Først ut i november vart det klart at Hareid heldt seg oppe i 4. divisjon, etter at Hødd 2 slo Tomrefjord i kvaliken. Då Hans Gisle «Kisse» Holstad vart presentert som Hareid-trenar 23. oktober (i det som blir hans tiande sesong som a-trenar på Hareid sidan 1979, om vi har sett rett) var det altså ikkje klart kva divisjon Hareid skulle spele i denne sesongen.

Sjølv om laget heldt seg litt i form i november og desember skjedde det først lite på spelarfronten. Her kom det først ei mobilisering etter nyttår. I tillegg til styre og stell hjelpte også spelarar som Petter Haddal Worren og Gustav Bjørlykke Kløvning til med å sondere marknaden. For alle forstod at stallen Hareid hadde hausten 2021 var altfor tynn.

Utover vinteren fekk Hareid på plass fleire nye spelarar: Oliver Sulebakk Sylte (Gjerdsvika), James Kenneth Sjåstad (Hasundgot), Kristoffer Stranden (Vanylven/Hødd), Isak Sundgot (Hasundgot), Joakim Berge Sæther (Hødd) og spelarutviklar Arnold Origi. Ein skulle kanskje tru at sistnemnde gjekk inn i stallen som keeper, spesielt sidan det hadde blitt klart at Rikard J. Osnes skulle stå for Sæbø denne våren. Men Origi ville i staden satse som utespelar, så superveteranen Nerijus Marcinkevcius (Bergsøy) vart henta inn for å danne keeperduoen saman med Herman Heimland. Elles var Natnael Belay tilbake etter skade, og det vart tatt opp ein del hospitantar.

Rundt 1. mars såg det ut som Hareid hadde ein stor og god stall (om vi ikkje hugsar feil over 25 mann inkl. hospitantar), men det var omtrent då problema begynte å melde seg. Mange vart smitta av korona og sleit med det i fleire veker. Andre vart skadde. Enkelte spelarar forsvann også. Isak Sundgot gjekk tilbake til Hasundgot (no er han i LGG) etter to treningskampar. Natnael Belay var banens beste i ein treningskamp mot Hødd 2, men har vore skadd sidan. Sebastian Bjørlykke gjekk etter kvart til Hødd. Og Kim Alvestad gjekk til Herd.

Utover i mars og april var det til tider svært få på trening og i beste fall varierande resultat i treningskampane (den kanskje mest typiske treningskampen var eit 11-4-tap mot Hødd 2, der Hødd stilte eitt lag i 1. omgang og eit anna i 2. omgang, medan Hareid knappast nok hadde 11 mann). På plussida fekk i alle fall dei som var skadefrie spele mykje.

Hareid kan ikkje seiast å ha vore klare til seriestart og forventingane var svært små før opningskampen mot Rollon. Men lag skulle det jo stillast, sjølv om Ruben Kenneth Brandal starta utan å ha spelt eit minutt i treningskampane. Det gjekk i grunnen ikkje så verst. Hareid tapte fortent 3-2, men dumma seg ikkje ut. Eit nytt 3-2-tap borte mot Langevåg følgde, der Hareid låg under 3-0 og faktisk hadde fortent poeng på slutten. Denne kampen var forresten debuten til Tobias Pettersen Hatløy. På dette tidspunktet hadde vi sett at det budde ein del i dette Hareid-laget. Laget prøvde å spele hurtig fotball langs bakken, og når det fungerte var det rett og slett kjekt å sjå på. Ville det losne snart?

Det ville det, og det losna det skikkeleg også. Hareid vann deretter nemleg tre kampar på rad, utan å sleppe inn mål. Ikkje det at alt gjekk etter boka. Både Ørjan Engen Grimstad og Tobias Pettersen Hatløy vart langtidsskadde i fjerde runde mot LGG, og profilen Kristoffer Stranden var ute alle desse tre kampane. Men Hareid stod no fram som eit robust lag med god innsats og fleire alternativ på nokre posisjonar.

Forma skulle likevel ikkje vekse inn i himmelen, i alle fall ikkje poengmessig. Hareid gjorde på mange måtar ein god bortekamp mot SIF/Hessa, men då Nerijus Marcinkevcius vart utvist på stillinga 2-2 20 minutt før slutt vart det vanskeleg. For tredje gong tapte Hareid 3-2.

Resten av vårsesongen gjekk i rykk og napp: 3-1-tap heime mot Herd etter å ha vore best i 1. omgang, 2-1-siger heime mot Norborg/Brattvåg etter overtidsscoring av Arnold Origi, 5-3-siger borte mot Ørsta etter ein enorm kamp av James Kenneth Sjåstad, 3-2-tap heime mot Bergsøy etter uheldige omstende vi skal kome tilbake til – og til slutt 2-2 borte mot Blindheim etter overtidsscoring av Ørjan Engen Grimstad. Status: 5 sigrar, 1 uavgjort og 5 tap.

Dette gir 16 poeng. Det er beste vårsesong sidan 2017 (ja, vi veit det har vore nokre år utan vårsesong). Også då vart det tatt 16 poeng. Det året tok Hareid 10 poeng på hausten og tok ein rimeleg trygg sjuandeplass.

I 2016, det siste året før den siste spissinga av 4. divisjon, tok Hareid heile 19 poeng om våren. Det året tok også Hareid 10 poeng om hausten, men den gongen låg Hareid an til nedrykk 20 minutt før slutt i siste runde (då Kim-Tore Husøy kom inn og scora…).

Poenget vårt var at det er om hausten ting blir avgjort. Ein god vårsesong betyr ikkje ein gong haust, eller omvendt (det passar vel å sitere tidlegare Hareid-trenar Bjørge Worren, som mang ein gong i 2011 starta ei setning med «det he rånne mykje vatn i havet sidan…»). I 2011 tok Hareid forresten 18 poeng om våren, men heile 30 om hausten – og rykte opp med god margin.

Utgangspunktet for hausten no er i alle fall veldig ope. Skulle til dømes både Hødd 2 og Volda rykke ned frå 3. divisjon, kan det blir fire lag som rykkjer ned frå 4. divisjon. I tilfelle ligg Hareid fem poeng over streken. Og om det berre er to lag som rykkjer ned, så er avstanden ned sju poeng. Samtidig er det berre fem poeng opp til Bergsøy på bronseplass (som rett nok har ein kamp til gode). Kort oppsummert er det aller meste ope, bortsett frå at det verkar sannsynleg at Herd, Rollon og Bergsøy gjer opp om dei tre øvste plassane. Det såg ei stund ut som LGG og Hovdebygda skulle bli hekta av i botnen, men begge har fått opp dampen inn mot sommarpausen.

Men la oss sjå på kva som kunne gått betre og kva som har gått bra for Hareid i vinter og vår, punkt for punkt.

På minussida:

* Stor ustabilitet i troppen, også frå kamp til kamp. No har ikkje Hareid hatt 120 spelarar på tre år, slik Aksla nyleg hevda å ha hatt. Men mange av spelarane i stallen har vore ofte ute med skadar. Til dømes har Arnold Origi, Ørjan Engen Grimstad, Ruben Kenneth Brandal, Kristoffer Stranden, Tobias Pettersen Hatløy og Martin Nikolai Longva (også grunna jobb) hatt lange periodar ute denne våren. Joakim Berge Sæther har nesten ikkje vore på bana i det heile. Andreas Ulfstein rakk éin kamp før han vart skadd. Natnael Belay har ikkje spelt i serien i det heile tatt.
* I tillegg har vi dei som forsvann. I tillegg dei som er nemnde lenger oppe i teksten rakk vel William Valde Bigset éin seriekamp før han etter kvart gjekk til Hjørungavåg IL. Bigset var i kjempeform rundt 1. mars og herja til dømes mot 3. divisjonslaget Spjelkavik. Det var synd vi ikkje fekk sett han særleg i 4. divisjon denne våren. Men sånn er det. No flyttar Bigset vekk for å studere, og vi ønskjer han lykke til (og velkomen heim seinare!).
* Og så har vi dei som KUNNE blitt med. Bam Hide trena med Hareid og spelte treningskampen mot Spjelkavik. For Hareid sin del burde han kanskje blitt heime. For etter kampen vart han plukka opp av nettopp Spjelkavik.
* Vi kunne også nemnt skadar på ein del av dei yngre spelarane. Ingen av Knardal-brørne har kome å bana i serien. Andreas såg lovande ut i treningskampane, og vi håper å sjå han på bana i haust. Johannes spelte tidvis fast hausten 2021. Han reiser no vekk i det militære. Vi ønskjer han lykke til!
* Og så har vi den stygge smellen til Andreas Nesset jr. etter tre minutt mot Bergsøy. Heldigvis går det etter forholda bra med han.
* På minussida høyrer det også med at Hareid har slite tidvis kraftig i starten av kampane, for så å heller kome sterkare tilbake seinare (men ofte for seint). Heldigvis har dette betra seg utover i sesongen. Men ein kan berre spekulere i korleis det hadde gått mot Langevåg med litt meir konsentrasjon i starten.
* Fire 3-2-tap er også noko som vil bli hugsa. I 3-1-tapet mot Herd var Hareid best i 1. omgang, men slokna litt då Herd gjekk opp i 2-1 etter pause. Men det hadde ikkje vore urettvist om det i i alle fall i to av tapa enda med eitt poeng.

På plussida:

* Det har vore spelarar dei færraste rekna med som har slått til. Det beste eksempelet er James Kenneth Sjåstad, som nesten ingen hadde høyrt om før han kom på trening i januar. Han har ei fortid som innbytar på Hasundgot. I vår har han vore blant dei beste angriparane i 4. divisjon og er ein årets spelar-kandidat på Hareid. Eit anna døme er Oliver Sulebakk Sylte, som ikkje såg ut til å vere i kjempeform då oppkøyringa starta. Han har trena knallbra, og denne våren gjort ein god figur både som back, stoppar og sentralt på midten. I tillegg høyrer det med å nemne at Sylte og Herman Heimland har gjort ein kjempejobb som trenarar for Hareid si G16-gruppe. Med andre ord ei skikkeleg kinderegg-signering!
* Nerijus Marcinkevcius viste seg å vere ei smart signering, og er også ein årets spelar-kandidat.
* Christian Nykrem Korshaug fekk sitt gjennombrot på venstrevingen denne våren. Det hadde nok få rekna med. På den andre vingen har Erlend Skeide gjort ein god jobb etter at han kom frå Batnfjord IL nokre dagar før 17. mai (var rett nok med her delar av oppkøyringa).
* Hareid mista som nemnt mange angriparar, men dei to som har figurert på topp har levert varene og vel så det, altså James Kenneth Sjåstad og Petter Haddal Worren. Dei har vore som ein slags Kane og Son-duo, med tett samarbeid og fleire målgjevande pasningar til kvarandre. Vi får sjå nærare på tala når dei kjem inn. Worren spelte forresten sentral midtbane i fjor, men har vore klart betre som ein av to spissar i år – og om han held oppe trykket utover hausten er han ein årets spelar-kandidat.
* Kristoffer Stranden kom seint i gang grunna skadar og anna, men har i siste del av vårsesongen vist seg å vere ein spelar som høyrer heime i høgare divisjonar enn 4. divisjon. (Kanskje ser vi han i ein 2. eller 3. divisjonsklubb i Bergen til hausten?)
* Ganske bra stabilitet på backane, der løpssterke Gustav Bjørlykke Kløvning og Nauris Driksna har figurert.
* Ørjan Engen Grimstad har før og etter skaden vist betre form enn på mange år. Martin Nikolai Longva viste god gammal klasse frå litt etter han gjorde comeback etter skade i vår og fram til han reiste vekk på jobb. (Men når får vi sjå desse spele saman?)
* Unge spelarar som Gabriel Olav Peterson og Daniel Pilskog har kome sterkt utover våren og vist at dei blir viktige i haust. Det kan også fleire av dei unge i stallen bli.
* Spelestilen har vore sjeldan offensiv og spelande til Hareid å vere. Kjekt for publikum, sjølv om enkelte av frispelingane bakfrå har sett litt risky ut. Men Hareid prøver i alle fall å spele god fotball langs bakken. Det er bra!
* Berre to lag i divisjonen har scora fleire enn Hareid sine 27. Og det er faktisk berre tre lag som har sleppt inn færre (enn 21, men kanskje seier det meir om dei andre laga – for nesten to baklengs per kamp er jo ein del).
* Nesten ingen lag har klart å spele ut Hareid denne våren. Då Hareid sleit mest var faktisk i starten av 2. omgang mot Ørsta, men den kampen vann Hareid til slutt.
* Vi synest også det er verdt å nemne at det er ein godt samansveisa gjeng som har spelt på Hareid i vår. Og sjølv om utfordringane har vore mange har karane heldt oppe humøret i tunge tider.

Vel, vel. Det er sikkert mykje anna som kunne ha vore nemnt også. Vi kan ikkje garantere for at ikkje viktige enkeltpersonar eller enkelthendingar er gløymde. Men dette var i alle fall eit forsøk på ei slags oppsummering. Vi kjem som sagt tilbake med statistikken seinare. Og så skal vi få takka skikkeleg av Christian Nykrem Korshaug, Kristoffer Stranden og andre som flyttar på seg i sommar meir offisielt ved eit seinare høve. Nyheiter om nye spelarar kan det også bli.

God sommar enn så lenge!

Glede etter bortesiger mot LGG.



Nordvest Maraton vil surfe vidare på joggebølga – satsar på ny folkefest i løp nummer 32

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Jun 2022

Laurdag 20. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 32. gong. Sunnmøres eldste maraton har fått eit oppsving i interessa siste åra, og håper på eit nytt populært arrangement i år.

PRESSEMELDING

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 30 år, men har opplevd veldig god framgang dei tre-fire siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det var ny rekord! I fjor var deltakinga den femte beste nokon gong.

Det blir i år som dei to siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Det viktigaste med Nordvest Maraton er sjølvsagt å få med seg breidda.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av topp tre i kvar klasse.

Hafsås i tet

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i fjor. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i fjor var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje prøver Haug igjen i år?

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Styret består no av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kristian Angelsen og Einar Orten Trovåg. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

Kretsmeisterskap

Nytt i 2021 var at Nordvest Maraton også er KM for Møre og Romsdal i halvmaraton og heilmaraton. Dette vart ein såpass stor suksess at Hareid IL har fått dette arrangementet også i år.

Dette hindrar sjølvsagt ikkje deltakarar som ikkje soknar til fylket frå å vere med, men er ei ekstra gulrot til dei frå Møre og Romsdal. Ein må vere medlem i ein klubb i fylket for å vere med i KM (og klubben må ha betalt medlemsavgifta til friidrettskretsen – ta kontakt om du er usikker på status for din klubb).

I halvmaraton kan ein vinne gull, sølv eller bronse i KM i desse klassane: 15 år, 16 år, 17 år, 18-19 år (U20), junior 20-22 år (U23), senior, 35-39 år, 40-44 år, 45-49 år, 50-54 år, 54-59 år, 60-64 år, 65-70 år og så vidare heilt opp til 90 år og eldre.

For maraton er aldersgrensa 18 år. Yngste klasse her blir derfor U20 (18-19 år).

Påmelding

Påmeldinga startar i år éin månad før løpet. Dei siste par åra har vi stressa litt med å få inn påmeldingane tidleg, grunna restriksjonar knytt til korona. I år kan ein slappe meir av slik sett, men vi håper likevel fleire melder seg på i rimeleg god tid.

Når påmeldinga opnar vil det kome informasjon på hareidil.no og Facebook.

I utgangspunktet stengjer påmeldinga torsdag 19. august klokka 21.00, men eventuelle etternølarar kan også melde seg på løpsdagen.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling. Kor vidt denne blir inne på klubbhuset eller ute på stadion kjem vi tilbake til når vi har sett nærare på vêrmeldingane.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Nordvest Maraton har også kasta seg på bølgja med å få seg ambassadørar. Her trong vi ikkje leite utanfor eigen klubb. Dette er nemleg Therese Falk og Henrik Hareide Holstad. Falk er i verdstoppen i ultraløp. Hareide Holstad sette ny kretsrekord på halvmaraton i sin klasse i fjor. Kanskje får vi høyre meir frå dei to i sosiale media etter kvart.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det.

Vel møtt!




Sparebanken Møre fotballskule 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Jun 2022

Hareid IL fotball har gleda av å invitere til Sparebanken Møre fotballskule 2022 for dei i alderen 6-12 år (2010-2016).

Fotballskulen skal gå føre seg siste veka før skulestart, det vil sei frå 15.-18.august.
Det vil være aktivitet frå kl. 10-14 kvar dag.
Lunsj vil være frå kl. 11.30.
Frukt frå Bunnpris vil deltakarane også få.

Alle deltakarar vil få ein goodiebag frå Sparebanken Møre med forskjellige overraskelsar i.

Påmelding:
Frist:
Onsdag 10.august
Pris: 1000,- inkl. lunsj, frukt og goodiebag.
Pris søskenmoderasjon (barn 2,3,4): 500,-

Påmelding og betaling direkte via Spond:

Spond Club




Hareid IL 100 år

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Jun 2022

Program:




EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Jun 2022

Det vert med dette kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Hareid Idrettslag onsdag 15. juni kl 20.00 i festsalen på klubbhuset – Myravegen 12.

Til handsaming ligg føre ei sak:

Val av revisor

Saka har samanheng med lovpålagt overgang til ekstern revisjon.

Styret




Nye spennande kampar denne veka

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Mai 2022

Aktiviteten på anlegget er høg og det er vi svært glade for.

Det blir mykje aktivitet denne veka også.

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Tysdag 18.30 Hareid kvit Hasundgot Hadarhallen G9
Tysdag 18.30 Hareid Hødd KGB G14
Onsdag 18.30 Hareid raud Ørsta Gras J9
Onsdag 18.30 Hareid kvit Sæbø Hadarhallen J9
Onsdag 18.30 Hareid raud Vartdal KGB G9
Torsdag 14.00 Hareid blå Volda Hadarhallen G9
Laurdag 14.00 Hareid Blindheim KGB G16
Søndag 18.00 Hareid2 Folkestad/Volda Gras 7 ar menn



Andreas Nesset tilbake i Hareidsfargar!

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Mai 2022

Nesset resignerte i kveld for Hareid IL.

Andreas har spelt mesteparten av si fotballkarriere i Hareid, men har sidan i fjor haust spelt på Djerv SK.

Tross sin unge alder står Andreas med over 50 kampar for Hareid, og fleire blir det då han i dag resignerte for moderklubben.

Vi ønskjer Andreas velkommen tilbake og gler oss til å sjå han i aksjon på bana. Det kan allereie skje førstkomande fredag då laget skal spele bortekamp mot LGFK/Gjerdsvika på River Plate kl. 18.30.




Kampar på anlegget veke 18

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Mai 2022

Som vi alle kanskje veit er fotballsesongen godt i gang, og det blir mykje aktivitet på anlegget også denne veka.

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Måndag 18.30 Hareid Hovdebygda/Mork Hadarhallen 7ar G10
Måndag 18.30 Hareid raud MSIL grønn Hareid kgb 9ar G12
Tysdag 18.30 Hareid raud Bergsøy kvit Hareid kgb 7ar G10
Onsdag 18.30 Hareid Valder/Vigra/Ellingsøy 2 Hareid kgb J15 3.div
Torsdag 18.30 Hareid raud Ørsta kvit Hadarhallen 7ar G11
Torsdag 18.30 Hareid Blindheim 2 Hareid kgb 9ar G16 2.div
Fredag 18.30 Hareid Hovdebygda Hareid kgb 4.div



Dobbelsignering for Hareid IL!

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Apr 2022

Det jobbast i kulissene på Hareidsmyrane og no kan vi meddele at Tobias Pettersen Hatløy og Arsene Gitego Simbi er klar for Hareid IL!

Tobias var ein viktig brikke i Hødd2 laget som rykte opp til 3.div i fjor.
Hans Gisle Holstad er veldig fornøygd med signeringa og seier at Tobias er ei solid forsterkning til eit Hareidlag som begynde å ta form. Hatløy er mest sannsynleg med i troppa når Hareid tek turen over fjorden for å møte Langevåg førstkomande fredag.

Arsene var på trening med Hareid tidlegare i år, men fekk seg ei skade litt ut på nyåret som har haldt han på sidelinja i nesten 2 månadar. Han er no tilbake for fullt og er klar for å gi alt for å sikre Hareid 3 poengarar framover.

Dette er to gode signeringar som vi gler oss til å sjå i aksjon. Ta gjerne turen over fjorden på fredag for å støtte karane i jakta på 3 poeng! Girri Girri!!

Arsene Gitego Simbi




FJELLORIENTERINGA 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Apr 2022

Storfjorden sett frå Signalhornlia.

Karta til den 33. utgåva av fjellorienteringa blir lagt ut for sal hjå Sportssenteret på Hareid og på Intersport Blåhuset i Ulsteinvik komande fredag 29. april. prisen er kroner 100, betal helst med VIPPS.

Velkomne til ein ny sesong med fine turopplevingar til fjells!




Kampar på anlegget denne veka

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Apr 2022

Endeleg er serien i gang for dei fleste laga i fotballen.

Under ser du oversikta over kampar på anlegget denne veka.
Ta turen og støtt laga som skal i aksjon.

Dag Tid Heimelag Bortelag Bane Turnering
Måndag 18.30 Hareid Sæbø/Vartdal/Åmdal KGB G19 2.div
Tysdag 18.30 Hareid Raud Hjørungavåg Hadarhallen J09
Tysdag 18.30 Hareid Raud Volda Grøn Hadarhallen G08
Tysdag 18.30 Hareid Aksla KGB G14 1.div
Onsdag 18.30 Hareid 2 9ar Blindheim 2 KGB G14 2.div
Fredag 18.30 Hareid Blå Bergsøy KGB G11



Opplev nye Hareid

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Apr 2022

Fredag 22. april skjer det. Då skal «nye Hareid» for første gong ut i offisiell kamp. Det skjer i 4. divisjonsopninga heime mot Rollon. Og vi håper sjølvsagt du og alle dine venner og kjende er på plass til kampstart klokka 18.30.

Hovudtrenaren er ikkje ny. Hans Gisle «Kisse» Holstad var også trenar ved serieopninga i 1979, 1994 og 2014, for å ta nokre døme på sesongar han har trena Hareid. Men elles er det mykje nytt på Hareid. Såpass at vi tør kalle mannskapet som tek imot Rollon «nye Hareid» (og det er ikkje for å konkurrere med facebookgruppa med same namn).

Det har vore ei svært vanskeleg oppkøyring for Hareid. Såpass må vi berre innrømme. Og vi kan ikkje snakke oss vekk frå at Hareid blir tippa som ein dumpekandidat også i år. Men håpet er sjølvsagt at laget kan spele seg varme utover i sesongen. Og kanskje også overraske i enkeltkampar før det. Det har skjedd før!

Eigentleg såg det veldig bra ut for Hareid i månadsskiftet februar/mars, med mykje folk på trening og gode tendensar i treningskampar. Men etter det har vinteren vore prega av skadar, sjukdom, skadar, mange baklengs i treningskampane, sjukdom, endå fleire baklengs i treningskampane og atter skadar.

Det betyr at vi neppe får sjå Martin Nikolai Longva i aksjon mot Rollon. Den solide midtstopparen har aldri fullført ein sesong for Hareid utan å bli årets spelar. Stoppartalentet Gabriel Olav Peterson har også stort sett mista heile oppkøyringa og er framleis ute. Ein annan stoppar, Håvard Knudsen Bjåstad, er så vidt tilbake i trening igjen. Men seriestarten kjem nok for tidleg på han. Det same gjer det nok for storspelaren Ruben Kenneth Brandal. Men ut i mai ein gong bør vel han vere klar igjen? Kanskje kjem også seriestarten for tidleg på Lars Roar Holstad, Oskar Solvang (ny frå Hareid 2) og Johannes Knardal, men vi håper desse karane også snart er i sving igjen.

Men la oss kik på dei karane vi sannsynlegvis ser i aksjon mot Rollon. Dei som vi er rimeleg sikre på startar er James K. Sjåstad (ny frå Hasundgot) og Joakim Berge Sæther (ny frå Hødd 2) på topp (i alle fall om det blir 4-4-2, formasjon har variert litt i vinter). Tre av dei fire midtbaneplassane går nok til William Valde Bigset, Kristoffer Stranden (ny frå Hødd 2) og fjorårstoppscorar Petter Haddal Worren. Ørjan Engen Grimstad og Oliver Sulebakk Sylte (ny frå Gjerdsvika) kjem nok til å danne stopparduoen. Gustav Bjørlykke Kløvning er heilt sikkert også inne i 11-aren, men det spørst om det blir som back eller midtbanespelar. Blir han back opnar det for ein av dei mange juniorane som har spelt i vinter på den eine kanten. Blir han midtbanespelar ligg det an til at veteranene Nauris Driksna og Ole André Kragset (comeback) kjempar om høgrebackplassen og ungfolane Daniel Pilskog og Christian Nykrem Korshaug om den venstre. Eventuelt at Driksna spelar på venstrebacken, som han har gjort mykje før. På keeperplass har det i vinter vore omtrent daudt løp mellom Herman Heimland og Nerijus Marcinkevcius (ny frå Bergsøy). Kven som blir førstekeeper verkar ope, om det ikkje framleis blir slik at dei skal spele ein omgang kvar.

Som de ser blir det uansett eit ungt og spennande Hareid-lag vi kjem til å få sjå i år. Treningskampane har vist at laget ikkje er heilt samspelt enno. Men det losna veldig i sluttfasen mot Hasundgot. Og held Hareid fram der kan det bli mykje underhaldande fotball på Hareidsmyrane stadion og Hareid stadion i år.

Til slutt ønskjer vi alle våre publikummarar vel møtt. Kjøp gjerne sesongkort når du kjem til første kamp. Det gjeld både til herre- og damekampane.

Vel møtt og girri, girri!




Hareid – Herd fredag 18.30

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Apr 2022

Oppkøyringa til Hareid sitt herrelag nærmar seg slutten. Fredagens kamp mot Herd blir ikkje generalprøve. Det står nemleg igjen ein kamp mot Hasundgot måndag også. Men det blir siste – og faktisk berre ein av to kampar denne vinteren – mot ein 4. divisjonskollega.

Derfor kan vi kanskje få eit godt innblikk i korleis Hareid står akkurat no i denne kampen.

For Hareid sin del har det vore ei berg- og dalbane-oppkøyring. For ein god månad sidan såg det retteleg bra ut med enkelte treningar med over 20 deltakarar og ein uttatt stall inkludert hospitantar på over 25 mann.

Men dei siste vekene har det hangla. Mot Hødd 2 sist veke mangla heile 15 spelarar. Og nesten alle var anten sjuke eller skadde. Sjølv dei som har vore med laget i fleire tiår kan ikkje hugse så mange samtidige forfall.

Men dei som har vore med lenge veit også at det svingar i fotballen. Det er urealistisk å tru at 15 mann er tilbake til seriestarten om to veker. Men håpet må vere at i alle fall nokre av dei er det. Og slik vi forstår det er både Kristoffer Stranden (skadeplaga) og Joakim Sæter (skuletur) aktuelle til Herd-kampen.

På plussida må det også seiast at mange unge spelarar har nytta sjansen til å vise seg fram på ein positiv måte dei siste kampane. Andreas Knardal er ein av dei, og vi ser han på det vedlagte biletet saman med Ørjan Engen Grimstad og James Sjåstad. Knardal hadde både mål og målgjevande i stortapet mot Hødd 2 sist veke. La oss håpe Andreas held fram framgangen, og også at den skadeplaga storebroren Johannes snart er tilbake på bana.

Vel møtt til ein interessant treningskamp på Hareidsmyrane stadion fredag! Girri, girri!

Treningskampresultat så langt:

Spjelkavik – Hareid 6-1

Aksla – Hareid 2-1

Hødd II – Hareid 1-3

Hareid – Åmdal 2-0

Emblem – Hareid 4-2

Hødd II – Hareid 11-4




Årsoversikt jubileumsåret 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Mar 2022

Då har vi gleda av å offentleggjere årsoversikta over arrangementa for jubileumsåret 2022.

Her er det berre å skrive ned datoane, for dette blir litt av nokre arrangement!

11.juni startar det heile med turnstemne etterfølgt av ulike innslag frå Odin Kalvø. Kvelden avsluttast med rockekonsert med Howlin Sun.

Jubileumsåret avsluttast med opninga av turnhallen og konsert med Holy Ghost band!




Vellukka våroppvisning

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Mar 2022

Endeleg fekk vi samla alle gymnastane til Hareid IL til ei felles oppvisning. Dette har ikkje vi kunna gjort sida 2019. Det var mange spente gymnastar som ikkje har delteke på oppvisning tidlegare, og ein del gymnastar som ikkje har fått vist seg fram på lenge, så dette var kjekt for både liten og stor.

Alle gruppene fekk vise fram sine program som dei har øvd på dei siste vekene. Til slutt framførte dei Blimed dansen ilag heile gjengen før det heilt til slutt vart medalje til alle som deltok.




Årsmøte 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Mar 2022

Årsmøte i Hareid idrettslag blei gjennomført forrige onsdag på klubbhuset.

Der fekk blant anna Bernhard Harkjerr pins for 10 år som administrativ/sportsleg arbeid. Takk til Bernhard for den solide innsatsen han har lagt ned for idrettslaget.

Elles ser det nye hovudstyret slik ut:

Styreleiar: Olav Sindre Rise
Nestleiar: Jeanette Teigene
Styremedlemmar: Harald Møller
Ina Flø Nesset
Kenneth Nicolaisen
Vivian Johansen
Cecilie Bjørlykke
Vara: Evelyn Røren
Leiar Friidrett

Protokollen er lagt ut under fana til Hovudstyret på heimesida.

Vi gir også ein stor takk til Vegard Gjerde som har våre styreleiar i 6 år. Gjennom dei 6 åra har han lagt ned ein enorm innsats for idrettslaget.

Utdeling av pins for 10 år som administrativ/sportsleg arbeid. Vidar Vollsæter (til høgre) delar ut pins til Bernhard Harkjerr (til venstre).



Halvvegs i vanskeleg oppkøyring

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Mar 2022

Torsdag spelar Hareid a-lag for menn sin femte av åtte planlagte treningskampar. Det kan derfor passe med ein liten statusrapport.

Av dei fire kampane så langt har det blitt to sigrar (mot Hødd 2 og Åmdal) og to tap (Spjelkavik og Aksla). Hareid har scora sju mål på desse kampane. Natnael Belay er den einaste som har scora meir enn eitt (spelemål + straffemål mot Hødd). Eitt av dei andre sju måla har blitt scora av ein spelar som seinare har signert for Hasundgot (Isak Sundgot), medan eit anna har blitt scora av ein prøvespelar som neppe blir Hareid-spelar i denne omgang (Bam Hide).

Torsdagens bortekamp går mot Emblem (kampstart 20.00). Det blir første gong i år Hareid møter ein 4. divisjonskollega.

Oppkøyringa til Hareid har mildt sagt vore ei berg- og dalbane. I periodar har det blitt trena godt. I andre periodar har det vore få spelarar tilgjengelege. Det heng mellom anna saman med at mange spelarar har vore ute med kovid og enkelte også ute med seinverknader.

Dessutan er skadesituasjonen per no ikkje god. Fjorårets beste spelar Martin Nikolai Longva har vore lenge ute med ein kneskade og blir nok ute ei stund til. Midtbane-strateg og fjorårstoppscorar Petter Haddal Worren (biletet) slit med ankelen og er heller ikkje kampklar med det første. Som vi har lese på Facebook har den frå før av skadeplaga Gabriel Olav Peterson brote handa, noko som gjer at han også blir ute ei stund. Skada er også Kristoffer Thue Stranden, som signerte for Hareid i vinter. Kvar han ligg i løypa er litt usikkert, men han spelar i alle fall ikkje mot Emblem. Det gjer heller ikkje Håvard Knudsen Bjåstad, som opna oppkøyringa bra før han fekk både kovid og ein kneskade. Men det er ikkje sikkert det er altfor lenge til bjåstingen er tilbake på bana.

At nokre er ute betyr derimot at andre får sjansen. Mot Åmdal sist veke starta Hareid med fire hospitantar, og ein del av dei ser vi nok også i aksjon mot Emblem. Oskar Fevang er også med i troppen. Han spelte litt på Hareid 2 i fjor, og er i likskap med Ole André «Lensmannen» Kragset politimann. Og som vi veit politibetentane her på øya å vere gode fotballspelarar.

På plussida er det også nokre travarar som ser ut til å ha hatt ei bra oppkøyring. Kaptein og klubbslitar Gustav Bjørlykke Kløvning til dømes har trena bra i år og vart nummer to på a-lagets Cooper-test i går. Litt mindre lovande (for laget sin del) var det kanskje at det var ein frå støtteapparatet – Gustav sin onkel Lars Petter Bjørlykke – som vann same Cooper-test.

Andre spelarar som har trena jamt og godt er (i utval) William Valde Bigset, Oliver Sylte og James Sjåstad. Så sjølv om det har vore problem i oppkøyringa og skadesituasjonen framleis er lite god, så betyr ikkje det at alt er heilsvart.

Som vi kunne lese i Vikebladet Vestposten sist veke har heller ikkje Ruben Kenneth Brandal gitt opp sesongen, sjølv om han knapt nok har trena med laget så langt i år.

Vel, vel. Vi tek ein kamp om gongen. Som vanleg er det håp om oppdateringar frå Emblem på Facebook, utan at vi kan love noko.

Uansett: Girri, girri!




Joakim Berge Sæther er Hareid-spelar!

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Mar 2022

Etter nokre veker med prøvespel er endeleg Berge Sæther Hareid-spelar.

Han har deltatt på både kampar og treningar dei siste vekene, men signerte ikkje før i går.

Angrepsspelaren var med å sende Hødd2 opp i 3.divisjon i fjor, og var ein svært sentral spelar gjennom heile sesongen.

Vi kan endeleg meddele at Joakim er Hareid-spelar!!

Første «offisielle» kamp etter at overgangen er i boks er borte mot Emblem i morgon, 24.mars, kl. 20.00.

Girri Girri!!




Bli betre kjent med Hareid-spelarane

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Mar 2022

Den neste tida bør du følgje godt med på Hareid IL sin Facebook-profil. Der kjem vi nemleg til å presentere ei rekkje spelarar i Hareid-fotballen. Vi startar med a-laget for menn, og håper å få med både damene og kanskje nokre av dei andre eldste laga etter kvart.

Her kan du finne ut kva til dømes Adolphus Jacobs (biletet) likar å ete til middag, kven han har som favorittlag og om han i det heile tatt ser på TV.

Lik og del!




Hareid IL 100 år!!!

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Mar 2022

Som kanskje mange er klar over er dette året Hareid Idrettslag fyller 100 år.

Det skal feirast gjennom heile året og vi startar det heile i juni.

Oversikta over alt som skal skje i juni og september ser du i oversikta.

Hald av datoane, dette vil du ikkje gå glipp av!!




KM i friidrett innandørs i Ulsteinhallen!

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Mar 2022

Hareid stilte 42 deltakarar i helgas KM i friidrett innandørs i Ulsteinhallen. I tillegg stilte foreldre opp som funksjonærar begge dagane i både lengde og hekk. Som vanleg kom utøvarane tilbake med ein haug medaljar og kretsmestertitlar:

Idar Noah Åsmo i kule G-11, Maximillian Hansen Bjørlykke på 60m G-12, Peter Olav Pilskog Bitocchi på 60m og 200m G-16, Eskil Bjørlykke Naustenget på 800m og 1500m G-16, Emilie Brune Slettebakk på 200m J-12 , Synne Selvåg Larsen på 60m, lengde og 200m J-13, Borghild Oline Holstad på 60m, 200m og lengde J-16, Leander Jonsrud Rise i lengde G-12, Anna Maria Kostaris på 200m og i tresteg J-15, og Ane Rise Brandal i høgde J-15.

I tillegg er det svært stas at vi hadde med ein veterandeltakar for første gang på mange år. Øystein Orten sprang 60m på imponerande 9,55 i eit år han fyller 60. Fleire personlege rekordar vart det og. Mellom andre Synne Selvåg Larsen som passerte den magiske 1000-poengsgrensa på Tyrvingtabellen med sin pers på spesialdistansen 200m. Ane Rise Brandal flytta vidare på klubbrekorden i høgde og er no berre nokre cm frå NM-kravet.




Årlege møter

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Mar 2022




Interesseskjema aktivitetsordning

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Mar 2022

Hareid IL har sendt ut eit interesseskjema til alle skulane i distriktet, i aldersgruppa – 3. og 4. klasse.

Vi hadde satt pris på om så mange som mogleg kunne svart på dette.

Legger ved link til skjema under: Interesseskjema for oppstart av aktivitetsordning Hareid IL – Google Skjemaer

Hareid IL ser på moglegheita for å starte opp med aktivitetsordning ved skulestart 2022. Denne aktivitetsordninga vil bestå av alle gruppene i idrettslaget. Gruppene er turn, fotball, handball og friidrett.

Aktivitetane vil bli gjennomført på heile anlegget til Hareid IL.

For å kunne fortsette vidare arbeid sender vi ut eit interesseskjema og håper flest mogleg kan svare på dette. Dette vil bidra stort i forbindelse med planlegging og gjennomføring.

Tidspunkt er noko uklart, men vi ser for oss etter skuleslutt til 16.30/16.45.
Vi ønskjer også å kunne tilby henting på skulane, leksetid, og måltid.




Saksdokument til årsmøte 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Mar 2022

Vedlagt ligg saksdokument til årsmøte onsdag 23.mars kl. 19.

Årsmøte vil bli gjennomført fysisk på klubbhuset.

Vedlegg:




Måltips er tilbake – med betre premiar enn nokon gong før

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Mar 2022

Mange hugsar kanskje «Måltips», ein konkurranse Hareid-fotballen har hatt mange sesongar tidlegare. Men det er nokre år sidan sist no.

Den store forskjellen denne gongen er at premiane er langt betre og fleire enn før. Frå 2-3 premiar tidlegare er det i år heile 12 premiar å kjempe om. Dette har vi det lokale næringslivet å takke for.

Tusen takk til Kokkn Roll, T. Riise, Elon, Sport 1 Hareid, Floriss Hareid, Drømmekjøkken, Hadarhus, Top Fix, Byggern og Circle K.

Kva dei ulike premiane er står det meir å lese om på Måltips-arka, men det er til dømes gåvekort, poleringsvask, skrumaskinar, fiskestong og Bluetooth-høgtalarar. Ikkje verst! I tillegg kjem blant anna Hareid IL sin eigen Hareid-pakke med hue og flaske.

Kva er så Måltips? Jau, det går ut på at du skal tippe kor mange mål Hareid scorar i år. I år gjeld det begge a-laga våre. Altså tippar du til dømes at karane scorar 30 mål og damene 40, til saman 70 mål. Den som kjem nærast vinn 1. premien, den nest næraste 2. premie osv. For å vere med i konkurransen forpliktar støttespelarane våre seg til å betale eit valfritt beløp per mål Hareid scorar.

Så her kan du altså både vere med i ein kjekk tippekonkurranse, støtte klubben og vinne ei rekkje fine premiar frå lokalmiljøet!

Det er a-spelarane i Hareid som sel måltipsa. Er det ingen som tek kontakt med meg, så ta gjerne kontakt med ein av spelarane – same kven! (På biletet ser vi fire av a-spelarane våre i år. Frå venstre: Håvard Knudsen Bjåstad, Helene Sjåstad Kleppe, Andrine Øvrelid, Gustav Bjørlykke Kløvning)

Vi minner samtidig om at det blir høve til å kjøpe sesongkort til heimekampane til a-laga i år. For vaksne kostar eit sesongkort 500 kroner. Då får du sjå heile 18 kampar (11 med herrelaget og 7 med damelaget) eller så mange du vil. For born/honnør er prisen 300 kroner.

Sesongkorta kan kjøpast på klubbhuset eller i inngangen under dei første heimekampane i år.

Kort oppsummert er det mykje å sjå fram til utover våren. Girri, girri!




Begge a-laga har heimekamp denne veka

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Mar 2022

Damelaget har fått alle sine planlagde kampar så langt i år avlyste grunna eit visst virus. Onsdag prøver dei igjen.

Då er det Ørsta som tek turen. Kampen startar klokka 18.30 og går på Hareidsmyrane stadion, altså kunstgras.

Torsdag klokka 19.00 er det karane som skal i aksjon. Dei tek imot Åmdal.

Hareid har spelt tre treningskampar i år, alle borte. Det har enda med to tap og éin siger.

Vi kjem neppe til å legge ut referat her på sida for kvar kamp (kanskje heller nokre statusoppdateringar no og då – som denne), men vi prøver å få til liveoppdateringar og oppsummeringar på Hareid IL sin Facebook-profil. Ideelt sett håper vi å få til dette for alle kampane i ungdoms- og seniorfotballen.

Tek du turen til Facebook kan du blant anna sjå at Natnael Belay scora to mål i 3-1-sigeren mot Hødd 2 laurdag, og at 16 år gamle Laurits Dimmen Riise fekk sin a-lagsdebut.

Vi har også takka Isak Sundgot for innsatsen i Hareid. Det vart dessverre berre med to kampar og eitt mål, men slik vi forstår det passar det ryggen hans betre å spele i 6. divisjon med Hasundgot. Så då ønskjer vi han lykke til der!

Om det kjem fleire endringar i stallen som vart offentleggjort i slutten av februar – anten det gjeld spelarar inn eller ut – veit vi kanskje meir om i løpet av dei neste dagane…




Arnold er Hareid IL Fotball sin nye spelar- og trenarutviklar

Postet av Hareid Idrettslag den 10. Mar 2022

Hareid IL har gleda av å kunne ønskje Arnold Origi (38) velkomen som spelar- og trenarutviklar i fotballgruppa.

Han går inn i ei 30 prosent-stilling som varer til 1. november. Arnold startar i jobben allereie måndag og vi legg opp til eit velkomstmøte for trenarar og andre klokka 17.30 tysdag.

Når ting har fått sett seg blir det gruppetreningar for satsande spelarar både i barne- og ungdomsfotballen, i tillegg til keepertreningar.

Arnold skal også ha ansvar for hospitering og vere trenarutviklar. Ein del av stillinga går ut på å følgje opp trenarar og spelarar under og etter kampar.

Hareid IL er svært nøgde med å få ein kapasitet som Arnold på plass. Han har nettopp trappa ned som fotballspelar og satsar no som trenar. Han har landets nest høgaste trenarutdanning både som keepertrenar og vanleg trenar.

Som keeper slo Arnold gjennom for Mathare United i heimlandet Kenya. Seinare har han spelt for ei rekkje klubbar, mellom anna norske klubbar som Lillestrøm og Moss. I fjor spelte han for Hødd.

Arnold har 45 landskampar for Kenya.

I Hareid IL kjem Arnold til å jobbe tett saman med fotballstyret, som også blir arbeidsgjevaren hans.

Hareid IL Fotball ønskjer Arnold hjarteleg velkomen til oss! Vi gler oss!

Les også meir i Vikebladet Vestposten: https://www.vikebladet.no/sport/i/47JjR9/hentar-origi-til-hareid-il




Nerijus Marcinkevcius klar for Hareid IL!

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Mar 2022

I går skreiv den tidlegare Bergsøykeeperen under for Hareid IL.

Det har våre klart ganske lenge at Hareid A-lag herre har ønskja ein keeper nr. 2, sidan det kun har våre Herman Heimland som har stått i A-stallen.

No kan vi endeleg meddele at Nerijus er klar for Hareid.
Nerijus spelte ein omgang mot Aksla forrige tysdag og vil være med i troppa når Hareid møter Hødd2 på Høddvoll laurdag kl. 14.00.

Vi ønskjer Marcinkevcius velkomen til Hareid!
Girri Girii!!




Slå til på Hareidspakken!

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Mar 2022

Som vi har gått ut med før, so sel Hareid IL fotball reflekshuer og drikkeflasker.

Desse produkta er mogleg å få kjøpt på Hareid IL sitt klubbhus i Myravegen 12 eller på Sport1.

Prisen for Hareidspakken er kr. 350,-
Då får du hue og drikkeflaske. Om du vil kjøpe kun hue kostar den kr. 250,- mens drikkeflaska kostar kr. 150,-.

Vi vil no gå ut med eit ekstra tilbod der du får to huer og to drikkeflasker til den nette sum av kr. 600,-

Vil du kjøpe produkta på klubbhuset kan du ta kontakt med dagleg leiar på telefon (47362493) eller mail (daglegleiar@hareidil.no) for å avtale tid.




Dugnaden i Hareid IL fortsette

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Feb 2022

Tusen takk for at de tek så godt imot utøvarane våre under idrettslaget sin dugnad❤️
Mange fortel om svært godt sal av mikrofiberklutane, noko som varmar idrettshjarta våre❤️
Dugnaden held fram ei kort periode til, så om du ikkje har bestilt er det framleis mogeleg å skaffe seg høgkvalitets mikrofiberklutar i flotte gåvepakningar.

Takk for at du støttar HAREID IL🙌��👏

Prisen er kr. 200.- for ein pakke med 10 klutar.

Vi leverar på døra eller i postkassa 🚗
Håpar de vil vere med å støtte oss i Hareid IL- når våre utøvarar tek kontakt❤️

Del gjerne innlegget for å hjelpe oss å selje mest mogeleg av dugnadsprodukta
for HAREID IL��




Tap i første treningskamp (og litt info om årets stall)

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Feb 2022

Eit par timar etter lunsj tysdag fekk Hareid sitt a-lag for menn tilbod tilbod om å kome til Color Line Stadion og spele treningskamp mot Spjelkavik klokka 20.00. Hareid takka ja og raska saman 16 tilgjengelege spelarar. (Ei god løysing både for Vika, som fekk avlyst sin oppsette kamp – og for Hareid, som har mista oppsette kampar både mot Bergsøy og LGFK).

Av desse var heile åtte debutantar, herunder fire nysignerte spelarar, tre prøvespelarar og ein juniorkeeper.

På biletet over ser vi prøvespelar Joakim Berge Sæter, debutant Oliver Sylte og debutant Isak Sundgot.

Hareid stilte dette laget: Herman Heimland – Gustav Bjørlykke Kløvning (K), Ørjan Engen Grimstad, Håvard Knudsen Bjåstad, Christian Korshaug – William Valde Bigset, Oliver Sylte (debutant), Kristoffer Stranden (debutant), James Sjåstad (debutant) – Joakim Berge Sæter (prøvespelar), Isak Sundgot (debutant).

Inn frå benken kom Stian Roset (som vi under her ser på bilete saman med Gullvald Kløvning i støtteapparatet), Christoffer Ottesen, Bam Hide (prøvespelar), Sebastian Bjørlykke og Mahad Abdi Ushey (prøvespelar).

Hareid mangla nokre spelarar, mellom anna grunna eit visst virus, men det gjorde ikkje noko, sidan andre fekk verdifull kamptrening. Og aktuelle spelarar som per no ikkje har signert fekk vist seg fram.

Spjelkavik vann 6-1 etter å ha leia 2-0 til pause. Det var heilt fortent at Hareid tapte mot dette gode 3. divisjonslaget, men Hareid skjemde seg på ingen måte vekk. Spesielt i 1. omgang lykkast Hareid tidvis med eit spelemønster som det knapt nok er trena på så langt. Med litt hell kunne Isak Sundgot scora på ein frekk chipp og/eller at Håvard Knudsen Bjåstad sette i mål ei av dei to headingane sine frå kort hald. Mål skulle det likevel bli då Bam Hide scora på eit fint raid i 2. omgang.

Vi kårar William Valde Bigset til Hareid beste spelar denne gongen. I si rolle på venstresida var han ikkje god å få has på for Vika-spelarane.

***

Denne veka vart det også banka ein a-lagsstall. Som våre lesarar hugsar hadde Hareid ein tynn a-stall i fjor haust, og sidan den gong har mange spelarar forsvunne (i tillegg til det vi har meldt tidlegare ønskjer vi Kim «Sa la bim» Alvestad lykke til i Herd!).

Men i vinter har det blitt jobba godt med å få på føtene både interne og eksterne spelarar. Både trenarar, lagleiar/administrasjon, styre/sportsleg utval og enkelte spelarar har jobba med stallen (ikkje minst ei stor takk til Petter Worren!).

I kjølvatnet av dette arbeidet har trenar Hans Gisle Holstad (biletet) tatt ut denne a-stallen:

Herman Heimland
Ny keeper, eventuelt intern løysing
Martin Longva
Ørjan Engen Grimstad
Lars Roar Holstad
Gabriel Peterson (junior)
Nauris Driksna
Håvard Bjåstad
Daniel Pilskog (junior)
Christian Korshaug
Ole Andre Kragset (comeback)
Petter Worren
Gustav Bjørlykke Kløvning
Johannes Knardal (junior)
Adolphus Jacobs
Oliver Sylte (ny)
Kristoffer Stranden (ny)
Natnael Belay (comeback etter skade)
Ruben Kenneth Brandal
William Valde Bigset
Sebastian Bjørlykke (junior)
Isak Sundgot (ny)
James Sjåstad (ny)

Hospitantar frå G16/junior: Nidal Shahoud (ny), Christoffer Ottesen, Bartek Balawender, Andreas Knardal og Laurits Dimmen Riise (ny).

Som vi ser utgjer dette eit høgare tal spelarar enn i fjor haust, men så er det vel neppe nokon som vinn fotballkampar på grunn av nokre namn på ei liste i februar. Frammøtet på treningane i det siste speglar ikkje talet på spelarar her, men her spelar nok både juniorkvaliken og eit visst verdsomfattande virus inn.

Som vi såg høgare opp i saka har Hareid også hatt prøvespelarar på besøk i det siste som per no ikkje er medlemmar i Hareid IL. Om ein eller fleire av desse er aktuelle for ein overgang veit vi truleg ikkje før eit stykke ut i neste veke.

Før den tid skal Hareid spele borte mot Aksla tysdag 1. mars.

Girri, girri!




Utsetting av årsmøte 2022

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Feb 2022

Årsmøte i idrettslaget 2022 blir utsett til onsdag 23.mars kl. 19.00.

Det var eigentleg satt opp 9.mars, men blir no utsett til 23.mars.




Dugnadstid i Hareid IL

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Feb 2022

Dei neste 14 dagane sel medlemmane våre høgkvalitets mikrofiberklutar til inntekt for klubben��

Med disse klutane vaskar du utan bruk av reingjeringsmidlar, dei kjem i tidsriktige fargar i flotte gåveesker��
Det står på kvar klut kor den skal brukast – utruleg praktisk! I kvar eske ligg det 10 klutar.

Prisen er kr. 200.-
Vi leverar på døra eller i postkassa 🚗

Håper dokke er med og støttar oss i Hareid IL- når våre utøvarar tek kontakt❤️
Del gjerne innlegget for å hjelpe oss å selje mest mogleg dugnadsprodukter
for Hareid IL🙌��




Avlyste kampar mot Bergsøy

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Feb 2022

I kveld skulle damelaget ha spelt årets første treningskamp heime mot Bergsøy. Denne kampen er avlyst.

Fredag skulle a-laget for menn ha spelt sin første treningskamp for året – borte mot Bergsøy. Også denne kampen går ut.

Hareid ved lagleiar Ola Kalvø Vattøy prøver no å finne ein ny motstandar for a-laget fredag.

For det kan bli skrint med kampar framover. Neste veke er a-laget sett opp med heimekamp mot LGFK. Men som vi har sett i media siste dagane er det usikkert om dei i det heile tatt klarer å stille lag i år.

Neste «sikre» treningskamp er sett opp heime mot Aksla 3. mars.

Også Hareid har for så vidt hatt litt rusk i maskineriet i form av korona denne veka. På plussida har både Ruben-Kenneth Brandal og Ørjan Engen Grimstad (biletet) begynt å røre på seg.

Om begge desse karane skulle kome seg i form etter kvart, og skaden til Martin Nikolai Longva ikkje er altfor alvorleg, skal vi neppe kunne klage på rutina i laget i år. Men vi får ta éin (MR) om gongen…

Ein kamp som derimot blir spelt er juniorlaget sin bortekamp mot Ørsta i kveld. Om Hareid skal ta seg til 1. divisjon må dei sannsynlegvis vinne med eit par mål, men det er noko usikkert – sidan heller ikkje Langevåg og Rollon er ferdigspelte.

Om Hareid taper eller spelar uavgjort blir det uansett spel i 2. divisjon.

Girri, girri!




Ny Stranden klar for Hareid

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Feb 2022

Hareid sitt a-lag for menn gjorde måndag kveld si fjerde signering for vinteren.

Før spelarmøtet signerte nemleg Kristoffer Thue Stranden papira som gjer han til Hareid-spelar i år.

Stranden er ein allsidig midtbanespelar som gjorde ein svært god figur då Hødd 2 rykte opp frå 4. divisjon i fjor haust. Tidlegare har han spelt for Vanylven i 6. divisjon og Skavøypoll i 4. divisjon. Han har spelt aldersbestemt fotball for Åheim og Måløy.

Stranden held framleis junioralder, men som vi ser er dette ein junior som har opplevd mykje. Og la oss håpe han får meir å glede seg over på fotballbana i raudt og blått utover vinteren og våren.

Velkomen skal du i alle fall vere, Kristoffer!

Vi kan elles melde at Kristoffer er søskenbarn til intet mindre enn to tidlegare Hareid-spelarar. På eine sida slektar han til Jon André Thue, som var ein god midtbanespelar for Hareid i 2015 og 2016.

På den andre sida slektar han til Runar Stranden, som var ein svært sentral offensiv spelar på Hareid mellom 2013 og 2017.

I 2016 var han både årets spelar og toppscorar (delt med Thor-Ove Brekke).

*

Kristoffer blir altså en fjerde eksterne signeringa for Hareid i vinter – etter Isak Sundgot, James Sjåstad og Oliver Sylte. I tillegg har Ole André Nevstad Kragset gjort comeback. Fem spelarar inn hjelper på, sjølv om det er dramatisk å ha mista heile 15 spelarar sidan i fjor sommar (11 av dei var på bana i haust).

*

Det har elles vore ein litt spesiell periode for Hareid a-lag i det siste. For det første har fleire spelarar vore ute med korona eller diverse karantene-situasjonar. For det andre har junior-kvalifiseringa blitt prioritert for dei i junioralder. Og for det tredje er nokre spelarar skadeplaga. Det betyr at treningsframmøtet har vore så som så.

Men fredag brakar det laus med årets første treningskamp. Den går borte mot Bergsøy. Då er det meininga at spelarane i senioralder blir prioriterte, medan nokre juniorar kanskje blir med på benken. Juniorlaget avsluttar nemleg kvaliken med ein utsett kamp mot Ørsta onsdag.

Martin Nikolai Longva er skadd i kneet, så årets spelar frå i fjor blir neppe med. Ruben-Kenneth Brandal begynte så vidt å trene sist veke, men er neppe kampklar på ei stund. Ørjan Engen Grimstad har ikkje vore i trening sidan før jul.

Elles er det ikkje så mykje nytt rundt stallen. Men det blir nok åkke som tatt ut ein offisiell stall i løpet av ei vekes tid.

Det største spørsmålsteiknet no er rundt keepersituasjonen. Det kan vere at mannen som toppar Hareid IL sin adelskalender, Vagn Scheide Mork, blir nøydd til å gjere comeback for å bli back-up-keeper for Herman Heimland.

Men Scheide Mork, som også er hjelpetrenar i år, har signalisert at han meir enn gjerne klarer seg med den rolla om det dukkar opp ein annan keeper.

Under måndagens trening observerte vi forresten hovudtrenar Hans Gisle «Kisse» Holstad som keeper under ei oppvarmingsøving.

Den tidlegare Hødd-midtstopparen var smidig og klarte seg overraskande godt i buret (sjuarmål, vel å merke), men det er vel neppe så gale at vi ser han mellom stengene på Hareid stadion til våren.

Eller…?




Hareid IL slår eit slag for trafikksikkerheit – lanserar nye reflekshuer

Postet av Hareid Idrettslag den 11. Feb 2022

Berre fire av ti brukar refleks, noko som er eit stort problem for trafikksikkerheita.
Dette har Hareid IL og to samarbeidspartnarar no tenkt å gjere noko med.
Fotballgruppa lanserer derfor i desse dagar heilt nye reflekshuer som vi sel på klubbhuset.
Som du ser på dei vedlagde bileta lyser desse godt opp i vintermørket. Vi har huer i storleikar til både born og unge. Hua har Hareid IL-logoen i front.
I tillegg til å lyse opp utandørs held hua deg også varm rundt øyrene gjennom vinteren og våren. Hua passar perfekt til både kulde og nordavind.
Huene har blitt ein realitet gjennom samarbeid med Rotevatn Trafikkskule og Egset Ventilasjon.
Hareid IL Fotball takkar så mykje for støtta til dette prosjektet.
I denne saka i Vikebladet Vestposten kan du lese meir om kva Rotevatn Trafikkskule, Egset Ventilasjon og Hareid IL seier om huene: Får Volda-hjelp til å lyse opp Hareid – Vikebladet

Samtidig med huene lanserer vi også drikkeflasker, som vi veit mange har etterspurt.
Kjøper du på flaske og drikkeflaske får du ein billegare deal, den såkalla Hareidspakken. Sjekk elles prisane på plakaten.
Framover sel vi Hareidspakken på klubbhuset.
Vi har ope i desse tidsromma:
Måndag: 11-19.30 (veke 7) elles 11-17
Tysdag: 08.30-15.30
Onsdag: 08.30-15.30
Torsdag: 08.30-15.30
Fredag: 08.30-14.30

Vel møtt til ein god og trafikksikker handel! Girri, girri!




Grimstadvatnet rundt over for denne gong

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Feb 2022

Det fjerde løpet i den 40. utgåva av Grimstadvatnet rundt vart avvikla laurdag.

Knappe 30 deltakarar var med, noko som var bra med omsyn til koronasituasjonen i området, dårlegare forhold på vegane – og at det er NM i Ulsteinhallen denne helga.

Vi merkar oss særleg at Benjamin Blålid frå Måløy IL – med faren som hare – sprang inn på tida 51.27. Benjamin er enno ikkje fylt sju år!

Når det gjeld kampen om sigeren vart det som så mange gonger før dramatisk. Denne gongen fordi han som leia løpet heile vegen, Daniel Aasen Arnevåg frå Romsdal Randonee, sprang feil på slutten. Han vann nok litt tid på det, men arrangørane bestemte å gi han ei straffetid i staden for å diske han.

Uansett så var det Arnevåg som vann løpet, på den justerte tida 27,32!

Peter Vattøy Nygjerde sikra seg ein ny pallplass og vart nummer to framfor Torje Klevmo frå Nordea Bil. Jan Endre Rise frå Hareid IL hadde ikkje dagen og vart nummer fire.

Blant kvinnene gjekk May Nesheim frå Velledalen IL endeleg til topps – etter andre pallplassar i alle løpa tidlegare i vinter. At tida vart 35,07 på ho i dag seier nok ein del om dei vanskelege forholda.

Det var også mange andre sterke kvinner med i dag. Olaug Vikebakk Sandstad frå Ulsteinvik vart nummer to.

Etter løpet var det duka for den tradisjonelle premieutdelinga på klubbhuset.

Cathrin Elvanes frå Hareid IL (biletet) var ein av dei som fekk pokal.

Det fekk også faren hennar Odd. Det er kanskje han som også har flest samanlagtsigrar i Grimstadvatnet rundt opp gjennom åra?

I alle tilfelle diskuterte fleire i dag kven det er som eigentleg har delteke i flest av dei 160 utgåvene av dette løpet så langt.

Ein førebels konklusjon er at Kjell Mindor Fagerlund har flest med 130. Odd Elvanes har eitt eller to løp færre. Ikkje verst!

Fullstendig resultat både for dagens løp + samanlagtsigrane i vinter legg vi straks ut på Hareid IL sin Facebook-profil.

Då står det berre igjen å takke alle deltakarar, publikum og arrangørar for god innsats i vinter. Det har vore ein kjekk karusell, trass i skiftande korona-reglar frå gong til gong.

Ei spesiell takk til radarparet Odd Erling N. Eriksen og Sindre Grønmyr Rise, som styrer med påmelding, tidtaking og resultat løp inn og løp ut.

Neste løp Hareid IL Friidrett arrangerer er truleg Snipsøyrvatnet rundt i oktober. Men før den tid er det mellom anna Nordvest Maraton i august. Vel møtt!

Til slutt topp 20-listene etter dei 40 første åra med Grimstadvatnet rundt:

1. Ådne Andersen, 22.39

2. Marius Bakken, 22.50

3. Jan Magne Breivik, 25.00

4. Jørn Helge Egset, 25.03

5. Robert I. Kleppe, 25.21

6. Petter Nørve, 25.24

7. Terje Gautvik, 25.34

8. Kristian Nedregård, 25.37

9. Joachim Brandal Tranvåg, 25.41

10. Arnfinn Oksavik, 25.44

11. Frank Otto Meinseth, 25.48

12. Olger B. Pedersen, 25.50

13. Jan Ove Pilskog, 25.55

14. Kamal Talil, 25.56

15. André Hammerø Løseth, 26.01

16. Thomas Molnes, 26.02

17. Odd Elvanes, 26.17

18. Andreas Vangsnes, 26.18

19. Knut Innselset, 26.19

19. Ole Per Måløy, 26.19

1 Ragnhild Kvarberg 26.51

2 Trine Pilskog 27.05

3. Ingrid Festø 28.59

4. Jenny Stokevåg Berg 30.29

5. Veslemøy Hausken 30.34

6. Karete Nasset 31.23

7. Maria Ringstad 31.39

7. Louise Skak 31.39

9. Kristine Engeset 31.40

10. Audhild Bakken Rognstad 31.41

11. Hege Holstad 31.49

11. Ingrid Holstad 31.49

13. Ingunn Eikrem Olsen 31.58

14. Vendel Snipsøyr 32.11

15. Astrid Bratthaug Sørset 32.16

16. Kathrine Rørtveit 32.18

17. Oda Renate Midtflø 32.19

18. Norunn Dimmen 32.26

19. Jodi Brautaset 32.33

20. Bente Årflot 33.03




Osnes avslører neste trekk – men avviser ikkje Hareid-comeback til sommaren

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Feb 2022

❤️⚽️

Rikard J. Osnes kom til Hareid frå juniorlaget til Hødd for fem år sidan. I starten var han reservekeeper bak Sigve Overå Hide, men etter kvart vart Osnes førstekeeper. Og ikkje berre det. Han utvikla seg til å bli ein av dei beste keeperane i 4. divisjon. Mange vil sikkert hugse at Osnes gjekk halve haustsesongen 2019 utan å sleppe inn eit einaste mål – og det for eit lag som måtte ha hjelp frå Volda til å halde seg i divisjonen.

Men denne våren skal ikkje Osnes spele på Hareid. I dag annonserte han på sosiale medium at han skal spele på Sæbø i 6. divisjon i vår.

  • – Takk for 4 fine år, @hareidilfotball ❤️❤️⚽️⚽️ Dei kjekkaste åra ej he hatt med fotballen! Fått venna for livet, rett og slett! Men sann situasjonen e med jobb og skule no, kan ikkje ej spele på Hareid fram til sommar iallefall. No går turen over til Sæbø, for å hjelpe dei mot et opprykk. Men vi sjåast snart igjen, Hareid! #girrigirri

Dette skreiv Osnes sjølv. Med andre ord avviser han ikkje at det blir Hareid-comeback til sommaren.

Vi takkar uansett Osnes for enorm innsats siste åra og ønskjer han lykke til i Sæbø i vinter og vår.

I mellomtida bør Hareid helst finne ein keeper til, om ikkje anna på treningane. For per no er Herman Heimland einaste seniorkeeper i a-stallen.




Treningskampar for Hareid A-lag

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Feb 2022

Oppkøyringa er godt i gang for Hareid sitt A-lag og det er snart klart for treningskampar.

Dei treningskampane som no er bekrefta er som følgjer:

Bergsøy-Hareid 18.februar kl. 18.30
Hareid-LGFK 24.februar kl. 19.30
Aksla-Hareid 3.mars (tidspunkt ikkje klart)
Hareid-Vannylven 10.mars kl. 19.30
Hareid-Åmdal 17.mars kl. 19.00
Emblem-Hareid 24.mars (tidspunkt ikkje klart)
Hødd-Hareid 1.april kl. 19.00
Hareid-Herd 8.april (denne er ikkje 100% bekrefta).

Sett av datoane om du vil sjå korleis laget ser ut før serien startar.

Første seriekamp er 22.april kl. 18.30 heime mot Rollon!




Klart for siste løp i vinterkarusellen – no er nesten alt ved det normale

Postet av Hareid Idrettslag den 3. Feb 2022

Trass i koronasituasjonen har Hareid IL (med nokre justeringar sånn og slik) fått avvikla dei tre første løpa i vinterens Grimstadvatnet rundt på dei oppsette datoane.

Laurdag er det klart for løp fire av fire. I og med at det er 40-årsjubileum i år klarer kanskje nokre å rekne seg fram til at dette er løp nummer 160. Det må vi seie er eit ganske godt tal!

I motsetning til sist blir det ikkje puljestart denne gongen, opplyser Odd Erling N. Eriksen, leiar i friidrettsgruppa.

Det blir også premieutdeling på klubbhuset etter løpet. Den startar så fort som mogleg etter at løparane har kome seg i mål (og helst ha fått dusja også).

På klubbhuset blir det høve til å kjøpe kaffi, saft og kanskje ein kakebit.

Det einaste som framleis ikkje er heilt normalt er at ein må halde éin meter avstand på klubbhuset (om ein ikkje kjem frå same husstand). Om dette ikkje er mogleg så må det nyttast munnbind.

Samlinga på klubbhuset er for alle, same om du berre deltek laurdag eller har vore med alle gongane.

Kven som kan kjempe om premiar kan du lese om her.

Vel møtt til alle frå fjern og nær!




Dette er Hareid-laga i ungdoms- og seniorfotballen i år

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Feb 2022

A-laget for menn er for lengst klare for å spele i 4. divisjon i år, sjølv om det skjedde på dramatisk vis.

A-laget for damer skal som vi skreiv i går også spele i 4. divisjon i år. Sunnmøre fotballkrets melder i dag at det ligg an til to avdelingar i 4. divisjon, der den eine består av Hareid, Bergsøy, Hornindal, Åheim/Selje og Hødd 2. Laga skal møte kvarandre tre eller fire gonger.

Hareid 2 hadde i fjor haust eit håp om å stille 11-arlag i år, men slik gjekk det ikkje. Dei satsar i staden på å stille eit sjuarlag. Der har ikkje fristen gått ut enno.

Juniorlaget skal som nemnt i går vere med i vinterkvalifiseringa i år. Den avgjer kva divisjon dei spelar i denne sesongen.

Vidare har G16 meldt seg på i niarserien. Der ser det ut som kretsen legg opp til heile fire divisjonar. Hareid er meldt på nivå to av fire.

G14-gruppa består i år av både 13- og 14-åringar. Dei har både meldt på eit 11-arlag (1. divisjon) og eit niarlag (3. divisjon).

På jentesida har Hareid meldt på 11-arlag i J15-klassen og eit sjuarlag i J13-klassen (begge 3. divisjon).

Totalt sett ser det ut som Hareid har normalt mange lag påmeldt i ungdoms- og seniorfotballen i år. Ingen rekord verken i eine eller andre retninga. Det er også ei jamn fordeling med omsyn kva nivå laga er påmeldt.

Det er lenge til seriestart for dei fleste laga. Men vi kjenner allereie no at vi gler oss.

Girri, girri!

Oversikt over alle påmelde lag så langt.




Likevel ikkje juniorkamp…

Postet av Hareid Idrettslag den 2. Feb 2022

Juniorlaget skulle ha starta vinterkvalifiseringa borte mot Ørsta i dag. Men kampen blir ikkje noko av. Grunnen er etter det vi erfarer eit koronautbrot i Ørsta-leiren.

Dermed ser det ut som neste kamp for Anders H. Pilskog (biletet) sitt mannskap blir mot Langevåg i Sunnmørshallen søndag.




Skeide ny hovudtrenar for damelaget

Postet av Hareid Idrettslag den 1. Feb 2022

Seint, men godt. Tysdag kveld vart det klart at Cecilie Skeide er ny trenar for a-laget for damer, for enkelheits skuld kalla damelaget. Ho tek over etter Bård Grimstad, som gav seg i fjor haust etter å ha leia laget i fleire år.

Skeide har ei lang fartstid som trenar for aldersbestemte lag i Hareid. Ho har også spelt aktivt for Hareid, Hødd og Hasundgot – og også spelt handball for to av desse klubbane.

Hareid IL Fotball seier seg svært godt nøgde med at Skeide tek på seg å bli hovudtrenar for Hareid i år.

Heile støtteapparatet er ikkje klart enno, men det er i alle fall klart at Silja Øvrelid blir ein av hjelpetrenarane.

Ho har tidlegare trena damelaget til Hasundgot, og alderbestemte lag både i Hareid og Hasundgot. Øvrelid har også spelt aktivt for Hødd og Hasundgot (for Hareid har ho berre spelt handball).

Damelaget er i år som i fjor påmeldt 4. divisjon. Stallen er akkurat no ikkje den aller største, men det er håp om at fleire spelarar kan knyte seg til laget no det er avklara kven som blir trenarar.

Fotballstyret seier seg godt nøgd med løysinga, og som nemnt kjem det også på plass andre brikkar i støtteapparatet etter kvart.

Damene trenar tysdagar, torsdagar og søndagar. Nye spelarar må gjerne ta kontakt.

Girri, girri!




Onsdag startar alvoret!

Postet av Hareid Idrettslag den 1. Feb 2022

For dei fleste laga i breiddefotballen blir det ikkje spelt om poeng før godt ut i april.

Nokre må derimot satse på ei tidleg formspissing.

For første gong på fem år skal i år juniorlaget ut i vinterkvalifisering.

Første kamp går borte mot Ørsta onsdag. Ørsta har allereie opna kvalifiseringa med ein sterk 3-1-siger mot Bergsøy.

Det er fem lag i avdelinga. Dei tre beste går til 1. divisjon. Sjå meir detaljert oppsett her.

Hareid har levert to gode sesongar i 2. divisjon under leiing av Anders H. Pilskog. Laget har trena bra i vinter, men har etter det vi erfarer nokre sentrale spelarar ute med skade. Uansett veit vi at det aller meste kan skje i ei slik kvalifisering.

Det fekk Hareid IL mellom anna erfare sist dei gjekk til 1. divisjon – for 11 år sidan.

Hareid måtte vinne mot Spjelkavik i Sunnmørshallen for å nå 1. divisjon. Det starta bra med at Håkon Orten Trovåg sende Hareid i leiinga. Så vart keeper Sjur Gjerde utvist. Spjelkavik utlikna – noko lunde samtidig som Hareid i tur og orden fekk utvist to trenarar.

Men på tampen kom Ådne Andersen inn frå benken og sikra Hareid 2-1-siger og spel i 1. divisjon. Jubelen etter kampen ser du på biletet over.

Seks år seinare måtte Hareid faktisk ut i omspel mot nettopp Spjelkavik om ein plass i 1. divisjon. Hareid hadde fått ein glimrande start på kvaliken, mot tapte så det song etter i omspelet…

Tradisjonen med vinterkvalifisering for først junior og deretter også G16 starta for nærare 20 år sidan.

På juniorsida var Hareid i ein del år eit fast innslag i 1. divisjon, men utover 2010-talet har ikkje Hareid ein gong greidd å stille juniorlag i det heile alle år.

No ser ting betre ut, men i selskap med Ørsta, Bergsøy, Langevåg og Rollon er nok mannskapet til Anders H. Pilskog og Johs Riise i ein klar utfordrarposisjon.

Uansett: Lykke til og girri, girri!




Fotballcamp J13/J15

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Jan 2022


J13 og J15 arrangerte fotballcamp 29. januar 10:00 – 14:00
22 jenter frå årskulla 07-08-09-10 møtte opp til fotballcamp arrangert av trenarane og lagleiarane til J13 og J15.
Starta dagen med ferdigheitstrening i 1 ½ time før vi gjekk inn på klubbhuset for å spise felles lunsj som foreldra til fleire av jentene hadde laget klart til oss.

Etter lunsj så hadde vi eit lagsmøte der vi gjekk gjennom reglar vi skulle ha for laget, når det gjeld trening og kamp og ein gjennomgang av opplegget som vi legger opp til denne sesongen. Vi fekk også litt tid til å gå gjennom litt taktisk trening som vi skal øve på framover mot sesongen.

Vi hadde i utgangspunktet lagt opp til ein treningskamp ute på KGB mot Bergsøy, men på grunn av store nedbørsmengder og vind så måtte vi avlyse denne. Vi tok derfor siste timen inne i Hadarhallen med internkamp, der vi prøvde ut ein del vi hadde snakka om inne på klubbhuset.
Trenarane og jentene var veldig fornøgd med dagen og vi legger opp til eit liknande arrangement i nær framtid.
J15 skal spele OBOS cup mot Blindheim, Guard og Volda. Guard er heimekamp onsdag 2 mars. Vi gler oss til det!

Girri Girii!!




Foreldremøte for jenter fødd 2015-2011

Postet av Hareid Idrettslag den 31. Jan 2022

Det blir foreldremøte førstkomande torsdag kl. 18-19 på klubbhuset.

Det blir vanleg vanleg trening først, så blir det foreldremøte etter treninga (ca. klokka 18.00).
Foreldremøtet blir på klubbhuset.
På agendaen er trenarsituasjon, treningstider, påmelding serie/miniturnering, organisering av aldersgruppene og eventuelt andre ting de som foreldre ønskjer å ta opp. Vi tek sikte på å bli ferdig innan ein time.

Vel møtt!




Påminning om frist!

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Jan 2022

Minner om søknadsfristen til spelar- og trenarutviklar stillinga som går ut tysdag 01.02.22.

Vil du ha meir info om stillinga kan du lese det her:

Vedlegg:




Borghild Oline Bakke Holstad skal delta under NM i Ulsteinhallen neste helg!!

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Jan 2022

Borghild skal delta på 200m, so det hadde våre veldig kjekt med ein heiagjeng på tribuna.

Billettar kan ein få kjøpt her: NM 2021 – Siste nytt om NM 2022 (nmdimna.no)

NRK vil streame heile arrangementet, men ekstra kjekt med ein samla heiagjeng på tribuna 😀

Borghild spring forsøk laurdag.

Masse lykke til Borghild! Vi er ekstremt stolte!




Årsmøte og årlege møte

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Jan 2022

Årsmøte og årlege møte i Hareid Idrettslag

Som nemnt i annonsa i Vikebladet i dag tysdag blir årsmøte i Hareid Idrettslag avvikla onsdag 9.mars 2022 kl. 19.00 i festsalen på klubbhuset.

Til behandling: Vanlege årsmøtesaker

Forslag til saker som skal behandlast må kome inn innan 23.februar.  

Fullstendig sakliste med alle sakspapir blir lagt ut på www.hareidil.no ei veke før årsmøte.

Årleg møte i handballgruppa vert avvikla måndag 7.februar.

Årleg møte i turngruppa vert avvikla onsdag 9.februar.

Årleg møte i friidrettsgruppa vert avvikla onsdag 23. februar.

Årleg møte i trimgruppa vert avvikla torsdag 10.februar.

Velkommen til årsmøte.

Styret




Offensiv spelar klar for Hareid

Postet av Hareid Idrettslag den 24. Jan 2022

Måndag kveld signerte Isak Sundgot for Hareid IL.

Sundgot har erfaring frå Hasundgot a-lag og aldersbestemte lag i IL Hødd. Han blir rekna som ein allsidig og god spiss.

Det er ein type spelar Hareid ikkje har hatt for mange av siste åra. Så vi håper og trur dette blir ei solid signering.

Velkomen til Hareid skal du vere, Isak! (På biletet ser vi han saman med lagleiar Ola Kalvø Vattøy)

Isak Sundgot blir den tredje eksterne spelaren Hareid a-lag hentar denne oppkøyringa, i tillegg til at Ole André Nevstad Kragset har gjort comeback.

Det trengst, for det har forsvunne mange sidan seriespelet vart avslutta.

Vi melde i ein rapport for 12 dagar sidan at Hareid hadde mista 10 spelarar sidan i fjor haust. Det må vi rette, for det korrekte talet er 11. Vi gløymde sist nemleg å nemne Natnael Belay. Vi takkar også han for innsatsen i Hareid-trøya.

Uansett har det vore greitt frammøte og god stemning på treningane utover i januar.

Frå tid til anna er nokre spelarar vekke grunna karantene, men det gjeld vel alle lag no. Litt skadetrøbbel er det også i leiren, men nokre studentar som vanlegvis bur andre stader i landet har hjeplt til med å halde båten flytande på treningane.

Stallen begynner uansett å nærme seg å sjå ferdig ut, men på keeperplass ser det tynt ut akkurat no.

Herman Heimland er einaste keeper i senioralder på trening no om dagen. Det hadde gjort seg med ein til.




Hareid IL i 100!!

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Jan 2022

Hareid idrettslag fyller 100 år! 😀


28.12.22 er dagen der Hareid IL fyller heile 100 år!

Vi slår på stortromma når det gjeld feiring av jubilanten!
Vi skal markere jubileet gjennom heile 2022!
Vi publisera no vår jubileumsprofil. Program for resten av jubileumsåret vil kome litt etter litt.

2022 er også frivilligheita sitt år og er det noko som verkeleg representera ryggmargen i eit idrettslag er det frivilligheita.
Utan den hadde vi aldri kunne hatt idrettsglede gjennom heile 100 år på Hareid!
Så 2022 blir litt av eit jubileumsår for frivilligheita og alle engasjerte i Hareid Idrettslag! 😀

Girri girri Heia Hareid!! 😀 <3




Arkiv for artikler om Fjellorienteringa.

Postet av Hareid Idrettslag den 20. Jan 2022

Her finn ein tips om korleis ein finn fram til postar.




Den nakne sannheita om Hareid a-lag 2022 – så langt

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Jan 2022

Mange har etterlyst ein rapport om korleis det eigentleg går med a-laget for tida. Og det skal vi fortelje dykk:

A-laget, under leiing av comeback-trenar Hans Gisle «Kisse» Holstad, har hatt fire treningar i år. To av desse har vore testar, medan to har vore vanlege fotballtreningar.

Som vi melde i helga var junioren Johannes Knardal kjappast på den såkalla beep-testen. Då det stod ein god gammaldags Bigset-test på programmet tysdag kveld var det guttespelaren Laurits Dimmen Riise som kom først i mål, med junioren Christoffer Ottesen og veteranen Nauris Driksna på dei neste plassane.

Av spelarane som var med i seriespelet hausten 2021 så er det 10 spelarar vi ikkje kan rekne med å sjå i Hareid-drakt igjen med det første.

Den botnsolide keeperen Rikard J. Osnes blir ikkje med på denne sommaren grunna ei endring i jobbsituasjonen. Kim A. Alvestad har flytta til Ålesund. Junioren Benjamin Riise Erdal ser ut til å bli mykje opptatt med sin praksisplass på sjøen. Lars Roar Holstad, son til trenaren, ser heller ikkje ut til å bli med.

Av dei som spelte siste serierunde i fjor blir heller ikkje Bastian Rasmussen og Håkon Grimstad Thormodsæter med i denne omgang, sidan dei studerer andre plassar i landet.

Som tidlegare nemnt skal Ola Kalvø Vattøy denne sesongen vere lagleiar i staden for å spele sjølv.

Av dei som var på bana i større eller mindre grad i fjor haust har også Joar Møller, Kristen Haddal Røssevoll og Iver Myrene Skeide forsvunne.

Takk for følgjet så langt til alle desse. Vi sjåast sikkert igjen – i ein eller annan samanheng!

10 spelarar ut er ganske mykje, ikkje minst med tanke på at Hareid også mista nesten heile sin gode 2001-generasjon sommaren i førevegen – slik at Hareid reelt sett har mista over 15 spelarar på eit halvt år.

Men med spelarar ut opnar det seg alltids moglegheiter for andre. Vi har sett tre nye fjes på trening så langt denne oppkøyringa:

  • Oliver Sylte, med fortid i Hødd si aldersbestemte avdeling og Gjerdsvika. Ein solid kar som også er med i trenarteamet til Hareid G16. Velkomen skal du vere!
  • James Sjåstad kom også på plass denne veka. Ein god angripar som har fortid i Hødd og Hasundgot. Velkomen skal du også vere!
  • Ole André Nevstad Kragset har også vore med i år. For mange er han eit kjent ansikt i Hareid-drakt, sidan han spelte på a-laget frå 2011 til 2016. Sidan den gong har han med unntak av eit opphald i Vanylven for det meste heldt seg i form på Hareid 2. I fjor var han årets spelar der. Velkomen tilbake!

Stallen ser elles ikkje ut til å bli kjempestor, men sidan det veks bra i yngres avdeling er den heller ikkje kritisk liten. Det har vore eit tosifra tal spelarar på alle treningar så langt i år, for å seie det slik.

I tillegg til dei som har vore på feltet i januar er det håp om at både Ørjan Engen Grimstad og Ruben Kenneth Brandal – to av dei aller mest sentrale spelarane på laget – er tilbake i trening i februar.

Første treningskamp går borte mot Bergsøy 18. februar.

Følg med vidare.

Og girri, girri!

(På biletet ser vi nemnde Nevstad Kragset, her i ein halvnaken versjon. Bilete av dei to andre nysigneringane ligg på Facebook og Instagram.)




Ungdommeleg utgåve av Grimstadvatnet rundt – same vinnarar som sist

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Jan 2022

Laurdag vart vinterens tredje utgåve av Grimstadvatnet Rundt arrangert. 50 personar deltok – flest så langt i vinter.

I likskap med i desember-løpet var det snø og ikkje heilt ideelle forhold. Vinnarane vart også dei same – noko som vi straks skal kome tilbake til.

Men ein del anna var ulikt.

For grunna koronasituasjonen vart deltakarane sendt ut i puljer a ca. 15 personar – med to eller tre minutt mellom puljene.

Løpet fekk derfor ein ekstra spennande dimensjon, a la ein jakstart i ein vinteridrett.

Unge Odin Bakke-Hareide (Hareid IL), som mange kjenner som ein lovande fotballspelar i Hareid IL og IL Hødd – sprang eit kjempeløp og kom først i mål på tida 30,10.

Men det ville det halde til siger? Det kom an på om førstemann i pulje 2 kom mindre enn tre minutt etter Bakke-Hareide i mål.

Og det skjedde.

Som i desember-løpet var det Knut Vikebakk frå Hareidlandet Triatlon som vart løpets vinnar.

Denne gongen fekk han tida 28.34, faktisk ei forbetring sidan sist.

På dei neste plassane kom Peter Vattøy Nygjerde frå Ulsteinvik (29,06) og Jan Endre Rise frå Hareid IL (29,24).

Mange hugsar nok at Rise hadde ein kjempesesong i 2021, men grunna skadar har han ikkje fått trena skikkeleg den siste månaden.

Bakke-Hareide si tid heldt til ein solid fjerdeplass blant karane. Ein anna ungfule frå Hareid IL vart nummer fem på 30,40: Sondre A. Holstad.

I dameklassen var det også status quo.

Louise Skak frå Idrett uten alkohol/Kondis vann på tida 32,30.

May Nesheim frå Velledalen IL fekk si tredje pallplassering denne vinteren då ho vart nummer to med tida 34,00, ei lita forbetring frå sist.

Som i herreklassen var det Hareid IL som tok tredje- og fjerdeplassen. Det sørga Oda Renate T. Midtflø og Cathrin Elvanes for.

Men det kanskje aller kjekkaste med laurdagens løp var dei mange borna og ungdommane som deltok, ikkje minst frå Hareid IL si friidrettsgruppe.

Mange av dei yngste, pluss trenarane deira, deltok i den tredje pulja.

Og her var som seg hør og bør tida ikkje det viktigaste.

Alt i alt ein kjekk dag for store og små. No står det berre igjen å lade opp til det fjerde og siste løpet i 40-årsjubileums-karusellen. Det går laurdag 5. februar.

Om koronasituasjonen tillet den tradisjonelle samlinga på klubbhuset etterpå får vi kome tilbake til.

Mange bilete og fullstendig resultatliste på Hareid IL sin Facebook-profil.

PS. På det vedlagde biletet ser vi Jonathan Hansen Bjørlykke i spurtduell med storebror og hare Sebastian Hansen Bjørlykke.




Dei fleste laga godt i gang – trass i koronasituasjonen

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Jan 2022

Ikkje alt er lov enno, men mange av laga i fotballgruppa starta denne veka opp igjen treningane etter nyttår – med ein del restriksjonar.

Både a-laget for menn og juniorlaget fekk på plass sine støtteapparat i god tid før jul. Desse laga hadde begge test torsdag kveld. Og det var ikkje kva som helst slags test, men sjølvaste beep-testen.

(Dei for nokre plagsame) beep-lydane vart spelt over den gode gamle CD- og kassettspelaren til a-trenar Hans Gisle «Kisse» Holstad.

Det første heatet vart vunne av Johannes Knardal, som debuterte på a-laget og fekk ein god del speletid i fjor haust.

Det andre vart vunne av junioren Estifanos Micael (biletet).

Juniorlaget – under leiinga til Anders H. Pilskog og Johs Chr. Riise – skal forresten om ikkje alt for lenge ut i vinterkvalifisering.

Kampoppsettet deira kan du sjå her. Tre av dei fem laga går til 1. divisjon.

Damelaget hadde også trening torsdag. Trenarteamet er ikkje heilt komplett enno der. Men dei er i alle fall i gang med treningane. Torsdag var 12 damer i sving. Og dei har plass til fleire.

G16 har hatt sine to første treningar under leiing av dei nye trenarane Herman Heimland og Oliver Sulebakk Sylte. Ikkje den aller største gruppa i utgangspunktet, men det har vore bra frammøte og god stemning på begge øktene til no. Christian Åsmo er også i trenarteamet, men teamet er ikkje heilt komplett enno.

Også SMG14 og J15 har starta treningane. Dette er to store grupper.

Vi ønskjer både dei nemnde laga og alle andre lykke til vidare med oppkøyringa!




Annonse – Hareid IL Fotball søker spelar- og trenarutviklar

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Jan 2022

Hareid IL fotball ønskjer å auke satsinga på unge spelarar i klubben i tillegg til å auke kompetansen blant våre trenarar. Vi søker difor etter ein spelar- og trenarutviklar i 30 prosent stilling 😀

Meir info rundt stillinga kan du lese i dokumentet som er vedlagt 🙂

Søknadsfrist er satt til 01.02.2022

Vedlegg: