Møremegling Grendacupen 2023 vart braksuksess

Postet av Hareid Idrettslag den 29. Des 2023

Kor vidt ei turnering er ein suksess eller ei kjem sjølvsagt an på kven du spør. Dei som uventa ryk ut tidleg vil nok hugse det negative best. Andre igjen er kanskje mest opptekne av om det var rette brus-sortane i kiosken, eller kor mange kjentfolk dei møtte på tribunen i løpet av turneringa.

Men sett frå ein arrangør- og klubbsynsvinkel vil vi absolutt hevde at det Møremegling Grendacupen 2023 vart ein braksuksess, og truleg endå betre enn i fjor – då turneringa gjorde comeback etter tre års korona-dvale.

Det hadde ikkje vore med fleire lag sidan 2015. Det var mange jamt gode lag i dei fleste klassane. Det kom overraskingar og sensasjonar i fleire sluttspelkampar – og minst to av finalane fekk overraskande utfall.

Men kanskje viktigast av alt var det at Møremegling Grendacupen 2023 vart ein stor publikumssuksess.

Vi har ikkje fått fintelt enno, men mykje tyder på at det kan ha vore over 2000 tilskodarar innom dei to dagane. Og då luktar vi på tala frå toppåret 2012.

Rekord eller ei så er det i alle fall mykje som tyder på at mange likte seg så godt i Hareidhallen desse to dagane at dei var til stades lenger enn kva dei eigentleg hadde tenkt – og mange har allereie signalisert at dei kjem tilbake neste år.

Når det gjeld det sportslege skulle det eigentleg ikkje vere ein eigen jenteklasse i år.

Men då to jentelag tapte semifinalane i dameklassen kasta arrangørane og dei to aktuelle jentelaga seg rundt og fekk til ein eigen jentefinale på kort varsel.

Denne var det GoalDiggers som vann med siffera 2-0 mot Best på Benk. Sistnemnde lag kan trøyste seg med at dei vann draktprisen (drakter blant anna med Ishavsmuseet-logo på – her må ein viss Polarstar-guru og bestefar truleg ha vore inne i biletet).

Siri Teige Eiksund frå GoalDiggers vart både beste spelar og toppscorar.

I dameklassen tyda det aller meste heile vegen på at Trines Disipler kom til å vinne turneringa – heilt fram til finalen.

Der møtte dei Holemix.

Dette vart ein ellevill finale (sannsynlegvis den nøytralt sett beste finalen vi har hatt i denne turneringa nokon gong – uavhengig av klasse).

Holemix leia ei stund 4-1, før Trines Dispiler kom tilbake og snudde til 6-4! Men Holemix gav seg ikkje og scora to kjappe. På stillinga 6-6 fekk Holemix straffe, som Vilde Voll Hareide sette sikkert i mål bak Trine Årsbog.

Dermed eit ganske overraskande og i alle fall svært dramatisk gull til Holemix – tydelegvis til stor glede for dei mange holstingane og eksil-holstingane (og sikkert mange som berre følte seg som holstingar) på tribunen.

Trines Disipler kan trøyste seg med at dei fekk både toppscoraren (Hilde Årsbog Bjåstad) og beste spelar (Helena Nygård).

Ungdomsklassen for gutar var spådd å bli svært jamn, og det vart den til og med semifinalen.

Der var det to eittmålssigrar. I finalen såg det derimot ut som at Arnolds Disipler hadde brukt opp kreftene.

Dei tapte 4-0 mot Bisja mi 2.

Og så mykje meir er det vel i grunnen ikkje å seie om den kampen, anna enn at det såg ut som at Bisja mi 2 var eit noko meir fysisk og rutinert lag.

Hans Petter Skarbø vart mestscorande spelar, medan Sander Vike vart kåra til beste spelar.

I herreklassen dukka det opp mange x- og y-ar i løpet av turneringa.

Allereie første dag kom ei lita bombe då SIF + (med blant anna ein 2. divisjonsspelar på laget) rauk ut, men når sant skal seiast hamna dei i ei tøff pulje.

Dag to rauk både Brylkrem, Hjøa og Paracet og Kjekt De allereie i 1/8-finalen. Førstnemnde lag kunne fort gått veldig langt om dei var heldigare med trekninga, medan Kjekt De i grunnen aldri kom skikkeleg i gang. Dei såg dessverre for dei aldri ut som nokon tittelkandidat i år.

Old boys-laget Forræder kom derimot heilt til kvartfinalen etter å ha overraskande slått Hjøa i 1/8-finalen.

Det var ikkje så mange «gamle» lag med i turneringa i år, men Forræder viste (i likskap med til dømes Skeideball) at 30-35 år kan vere ungt i innefotballen.

Med blant anna Hareid 2-guruane Emil Johannes Dahlen Folkestad (i mål), Benjamin Slettebakk (coach) og Kurt Haddal (på topp – kvar elles?) kunne Forræder med litt hell nådd semifinalen.

Men i kvartfinalen vart dei så vidt slått av eit anna overraskingslag: Skal vi danse?

Mange hevde likevel at ein annan av kvartfinalane, Kvil dej mot Startgass, var den «eigentlege» finalen.

Her vann Startgass knapt.

Men Kvil dej kan trøyste seg med at deira målvakt Kevin Aarvik Hestholm vart kåra til turneringas beste keeper denne gongen – etter fleire forrykande kampar i buret.

Då Startgass var forbi dette hinderet trudde nok mange at dei kunne gå strake vegen til gullfatet (semifinalen mot Karanje vart ein rein parademarsj).

Men Urtedram hadde ein eigenskap som mange gode turneringslag har: Dei spelar seg opp i løpet av turneringa.

Eigentleg lukta det ikkje svidd av Urtedram før langt ut på dag 2.

Men dei sparte det beste til slutt og spelte ein knallgod finale mot Startgass – som dei vann 3-2 etter både å ha leia 2-0 og 3-1.

Kjekt for eit lag som i mange år har hevda seg i toppen av turneringa, men aldri vunne før no.

Vi har ikkje på ståande fot oversikt over kven dei har hatt i stallen kvart år, men i alle fall for Gustav Bjørlykke Kløvning, Rikard Johannes Osnes og lagleiar (ikkje spelande i år) Håvard Knudsen Bjåstad må dette ha vore svært etterlengta.

Blant mange brennheite kandidatar vart dette lagets Olai Bjørdal kåra til årets spelar, medan Startgass sin Christian Mork Breivik scora flest i denne klassen.

Andre prisar som ikkje er nemnt så langt:

Fair Play-prisen: Håkon Grimstad Thormodsæter

Tribuneslitaren: Karl Riise Grimstad

Årets mål: Elling Gaasø

(Og så vi kjapt nemne at vi også i år fekk til ein artig showkamp med 9-åringar frå Hareid IL i aksjon.)

Til slutt høyrer det å takke bade spelarar, publikum, dommarar, sponsorar og arrangørar for to strålande dagar i Hareidhallen.

Svært mange har gjort ein kanonjobb for å gjere Møremegling Grendacupen 2023 til ein kjempesuksess.

Det blir kanskje urettferdig å trekke fram enkeltpersonar, men vi må nesten likevel nemne Sindre Breivik, som har vore ein koordinator med stor K. Det er ikkje få bemanningsplanar og andre oversikter han har brukt adventstida til å lage.

Om vi får lov til å nemne ein til så må det bli Ovar Hatløy, som i år som så mange år før (sikkert i minst 10 år?) har hatt kontroll på både måltavla og mykje anna rundt turneringa. Ein viktig kontinuitetsberar og slitar!

Men først og fremst var årets arrangement eit skikkeleg godt lagarbeid som fotballgruppa i Hareid IL Fotball kan vere svært stolte av. Her er det mykje positivt å ta med seg vidare i sesongen 2024.

Sjekk gjerne Facebook-profilen til Hareid IL. Der har vi lagt ut både (mange) bilete, videoar og litt tekst langs med frå turneringa. (Også blant anna kåringa av årets eldsjel i fotballgruppa.) (Vi tippar også vikebladet.no dukkar opp med tekst og foto etter kvart.)

Foto og tekst frå turneringa av: A. H. P. og E. O. T.

(Sistnemnde nyttar samtidig høvet til å takke for seg etter å i (noko sånt som) 18 av dei 20 sesongane vore anten webredaktør, journalist, referent, fotograf eller liveoppdateringsmann for det som til ei kvar tid har vore fotballgruppa sine plattformer. No er det på tide å sleppe til nye krefter. Takk for laget!)

Foto heilt øvst: Osnes, Bjåstad og Co. jublar for siger.

Liveoppdateringar.




Møremegling Grendacupen 2023: Helvig Omdal åleine på topp?

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Des 2023

(Framhald frå artikkelen frå 22. desember)

Dameklassen:

Med ei god blanding av spelarar med fortid eller notid i Hødd og/eller Molde skal det truleg bli vanskeleg å vippe «Trines Disipler» av pinnen.

Vi merkar oss at dei har Martha Helvig Omdal i stallen i år.

Vinn ho i år også tek ho sitt åttande Grendacup-gull – og går i tilfelle forbi André Egset Nupen på den statistikken (sjølvsagt gitt at Nupen ikkje vinn i år, men det kan vi så godt som garantere at han ikkje gjer).

«Holemix» blir truleg nærast utfordrar, medan «Akkurat i siste liten» og «Oppsopet» kanskje kan hevde seg i enkeltkampar.

Dei tre unge laga i dameklassen har vi mindre oversikt over, men vi ser ikkje vekk frå at eitt av dei kan kan overraske – og om dei har vore heldige med trekninga (noko vi ikkje har vurdert her) kan snuse på ein finaleplass.

Ungdom gutar:

Når det gjeld ungdomsklassen hevdar ekspertise vi har snakka med at heile seks av dei sju laga kan kome til finalen. Ingen er spesielt større favorittar enn andre.

Det var heller ikkje seeding i ungdomsklassen, så her kan vi ikkje sjå vekk frå at trekninga har hatt ein del å seie.

For dei hundreinteresserte hadde det sikkert gjort seg med ein finale mellom Bisja mi 1 og Bisja mi 2, men hundar brukar ikkje å like seg så godt i desse rakett-tider, så om vi skal tippe stoppar desse laga i semifinalen.

Så om vi skal tippe vilt, noko som jo er mandatet her, går vi for gull til «Arnolds dispiler», som i motsetning til ein del av dei andre laga har meldt på ein brei tropp.

Biletet over: Martha Helvig Omdal (nummer to frå venstre med etterkomar på fanget) då ho vann Grendacupen for sjuande gong i 2015. Kan ho ta sin åttande tittel åtte år etter?)




Gammal tradisjon tilbake: Herrelaga rangert i Møremegling Grendacupen 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Des 2023

I første del av 2000-talet var det ein tradisjon at Grendacup-laga vart rangerte frå botn til topp med korte kommentarar, utan omsyn til kven som er i gruppe med kven. Berre med omsyn med kven som ser best ut på papiret (og ikkje parketten). Den faste skribenten «Bygdedyret» har som vanleg eit litt tilfeldig forhold til fakta og sånn, men gjer likevel alltid sitt beste når det gjeld sjølve rangeringa.

Desse rangeringane brukte å stå i dei fysisk trykte programma ein fekk i inngangsdøra. Men i år er vi såpass oppe på tå at vi gjer dette digitalt.

(Vi rakk akkurat herrelaga før det vart juleferie her, vi prøver resten av laga ein dag eller to før turneringsstart. God jul!)

20. Benduskhan FC

Sist inn, men først ut av turneringa.

19. O2-snapparane

Skal ha for at dei prøver igjen og igjen, men ut frå årets stall er det nokre seinvakter på Hjellebakken, Biltema og Elkjøp sidan denne gjengen kunne ha vore ein kvartfinale-kandidat.

18. Humlegutta

Lar humla suse, men det betyr ikkje at dei kjem langt i Møremegling Grendacupen 2023 av den grunn.

17. Trygve’s Disipler

Har meldt på ein fyldig gjeng, sjølv om Trygve ikkje har fullt like mange disiplar som Jesus.

16. Siuuu

Har ingen aning om kva dei står for sportsleg, men etter å ha prøvd å melde på laget same dag som turneringa starta i fjor var i alle fall Daniel Jacobs og Co. tidleg på i år. Kan vere eit godt teikn.

15. Forræder

Men sjølv om Benjamin Slettebakk i si tid svikta resten av gjengen og flytta til Ulsteinvik, så har han likevel fått bli med på laget denne gongen også. Sjå opp for at Nikolay Sundgot snart har like mange drag opp Indredalen i haust som han hadde i løpet av ein heil fotballkarriere. Men elles ser det litt tynt ut utan Ruben Kenneth Brandal, som heller prioriterer å spele saman med kompisane sine denne romjula.

14. Skeideball

Torgeir Skeide har faktisk vunne Grendacupen sin herreklasse med to heilt forskjellige lag, men det blir neppe ein tredje gullpokal her. Hadde det vore tremannsfotball, som i Skeidehallen, hadde nok dette laget vore ein kvartfinale-kandidat, men når heile troppen består av høgrebackar blir det tøft.

13. Holemix

Det begynner å bli nokre år sidan Holemix sitt herrelag hevda seg no. Og då snakkar vi sjølvsagt ikkje om det sportslege, men om draktprisen. Men draktlageret Lars Roar Holstad tok med seg heim frå studiane i USA på slutten av 90-talet begynner vel snart å gå tomt no?

12. Skal vi danse?

Gjerne det, men først litt five-a-side-fotball. Laget har semifinale-erfaring frå i fjor (sjå lag 11), og definitivt meir framtid framfor seg enn lag 11, men litt tynn tropp?

11. One Last Dance

Var såpass gode i fjor (sjølv utan Fredrik) at dei vart seeda i år. Men det blir neppe Michael Jordan-takter av denne siste dansen her. Kanskje meir Rotlaus-aktig?

10. Kjellaug

Vi veit ikkje om ho Kjellaug Grimstad var interessert i fotball, men oldebarna har i alle fall blitt det. Kvartfinale-kandidat.

9. Møremegling/SBM

Som hovudsponsar har dei truleg mykje makt i turneringa, men skal det bli topp fire må dei nok kjøpe og betale dommarane også (som sponsar gjer dei kanskje det indirekte likevel?).

8. SIF +

Adolphus «AJ» Jacobs svevar framleis høgt etter å ha gjennomført éi trening og ein halv kamp med SIF i fjor vinter, eit lag som er omtrent 0,2 prosent betre enn Hareid. Men han knytta i alle fall nokre viktige kontaktar på opphaldet over fjorden. Blant anna møtte han Kim Alvestad på Moa på veg heim frå ei trening. Og saman har dei skrapa saman ein gjeng som kan overraske i årets turnering.

7. Kvil dej

Har gjort ein vri og henta nokre lure namn frå Hareid 2-miljøet, men skal dei kome til semifinale i år må Øyvind Hagen ha litt lenger lunte enn i fjor, då han fekk direkte raudt kort for eit raserianfall som skuldast at han ikkje fann mandelen i grauten nokre dagar i førevegen.

6. Hjøa

Delar av laget tok alle Hareid-trimpostane på under eitt døgn, så då burde jo eigentleg ei sosial romjulsturnering bli ein leik!

5. Brylkrem & Paracet

Det vart brått høgt brylkrem-budsjett då Nathaniel Brekke begynt å pendle med stresskoffert og airpods til Ålesund i haust. Kven på laget som er «Paracet» er meir usikkert, men vi går ut frå det er Håvard Øvrelid, som får hovudverk dersom ein garderobe-pep-talk overstig eitt minutt. Lagets attraksjon er uansett verdas eldste katt, Martin Løset, som ifølgje fotball.no har spelt til saman 29 kampar for tre forskjellige lag i år.

4. Kjekt de

Laget som under sterk tvil fekk den siste seedingsplassen. Det trass i at Henrik Hareide Holstad snart har blitt det same for Skafjellet og Risesætra som Dag Harald Moldskred har blitt for gangvegen i Hareidsdalen og Rotary-stien (før 07.00 om morgonane), og at Bastian Rasmussen har levd seg så oppriktig inn i hiphopen siste tida at han nektar å tru at Tupac Shakur er død. Han skal nemleg ha sett han rett utanfor hybelen sin i Oslo ein tidleg morgon i haust.

3. Urtedram

Urtedram er ikkje det sterkaste denne gjengen har drukke siste året. Spesielt ikkje at det skulle feirast at Håvard Knudsen Bjåstad fekk opprykk i Posten i haust, og at Joakim Berge Sæther kom seg meir heilskinna gjennom eit år i militæret i Nord-Norge enn ei halv veke med Kisse sine vintertreningar i fjor. Om Niko Brandal klarer å legge frå seg AC/DC-platesamlinga for nokre dagar i romjula kan Urtedram bli skumle.

2. Karanja

Alltid i toppen. Det store spørsmålsteiknet i år er at det ryktast at Ole Monrad Alme nedprioriterer Møremegling Grendacupen 2023 (sjølv om han nettopp har fått moderskipet deira som arbeidsgjevar), for å selje «Isflaket» frå dør til dør i Indredalen i romjula saman med faren.

Det som talar for at dette laget kan gå til topps i år er at det det begynner å haste for Martin Mork Breivik dersom han skal få tatovert inn Grendacup-trofeet på kroppen, sidan han snart ikkje har meir ledig hud igjen.

1. Startgass

Godt ut i ei forseinka 30-årskrise prøver Ruben Kenneth Brandal å riste liv i proffdraumen igjen, ved å prøve å vinne Grendacupen saman med barndomskameratane Andreas Televik og Isak Gabriel Skotheim.

På papiret er «Startgass» ei klart forsterka utgåve av fjorårets vinnarlag «Hardbarka alkisar FC» (framleis det verste namnet på eit Grendacup-lag nokon gong), sjølv om dei faktisk ikkje har klart å fylle opp utlendingskvota denne gongen – utruleg nok.

Det einaste som talar mot at dette laget vinn turneringa er at det består av ein gjeng som kan vere noko ustabile over tid, frå å slå Herd den eine dagen og tape 5-0 mot Volda 2 den neste. (Og ikkje det at Hødd har vore så stabile heller…) Og at spelande lagleiar Christian Nykrem Korshaug neppe har så mykje flaks igjen som han hadde i romjula i fjor, då han både vann Grendacup-lotteriet og rakk å få nokre sekund på parketten sjølv i løpet av turneringa.




Ulstein Betongindustri forlenger avtalen!

Postet av Hareid Idrettslag den 19. Des 2023

Ulstein Betongindustri forlenger samarbeidsavtalen med Hareid IL, og er klar for å støtte klubben i et år til!

– Ulstein Betongindustri gler seg over å vere ein god støttespelar for lokale idretts- og kulturaktivitetar, sier konsernleder Harald Sætre.

Vi takker for støtten!




Møremegling Grendacupen 2023: Trekninga er unnagjort og kampoppsettet klart

Postet av Hareid Idrettslag den 17. Des 2023

Søndag føremiddag samla fem karar seg fysisk og digitalt for å gjennomføre trekninga til Møremegling Grendacupen 2023.

Som tradisjonen tilseier skal semifinalistane frå herreklassen i fjor seedast. Sidan det er fem grupper i år måtte også eit lag til veljast ut basert på forventa kvalitet.

Her var det ikkje lett å velje ut eitt lag, men basert på at Markus Hareide nettopp har fornya årskortet sitt i klivrehallen – og at Bastian Rasmussen har lada opp med mykje blytung hiphop på stereoanlegget siste tida – så landa dei frammøtte på at «Kjekt de» fekk den siste seedingsplassen.

Alle dei innleiande gruppene ser ein her.

Sånn i farten ser vi inga «dødens gruppe».

Mange håpte nok på ein duell mellom «Forræder» og «Startgass», men det ser ut som Ruben Kenneth Brandal må vente til dag 2 for å finne fram dei største leggskinna han har i boda.

Gruppe E er kanskje det næraste vi kjem ei «dødens gruppe», men så ofte som hurtigbåten og ferja er innstilt for tida treng det ikkje om å vere ein fordel å ha med så mange SIF-spelarar som «SIF +» har.

I fjor var det forresten mellomspel i herreklassen. Tilbakemeldingane på det var så gode at arrangørane prøvde å få til noko liknande i år også.

Men sidan det var fleire påmelde lag enn i fjor fann ein ingen matematisk formel som gjorde eit slikt mellomspel fornuftig i år. Dermed går ein rett på 1/8-finalar dag 2.

Sidan det var så få påmelde jentelag valde arrangørane å slå saman dame- og jenteklassen (men det blir eigne prisar for jentene). Dei blir då sju lag, same som ungdomsklassen for gutar.

I dameklassen vart to lag seeda: Trines Disipler og Holemix.

Fire lag går vidare til semifinale dag 2.

Det same gjeld altså i ungdom gutar.

Her vart ingen lag seeda, men sidan «Bisja mi» melde på to lag, vart desse plasserte i kvar si gruppe.

***

Kampoppsettet finn ein no i sin heilskap her, og det er viktig at alle lagleiarane set seg inn i det i god tid før 28. desember, første kampdag.

(I grunnen er kampoppsettet ganske oversikteleg og greitt i år, sidan ingen grupper har fem lag. 12 minutt per kamp i grupper med fire lag, 15 minutt i grupper med tre lag. 15 minutt for sluttspelskampane dag 2, med unntak av finalane, som varer i 20 minutt.)

Arrangørane sender ikkje ut påminning dagen før. Når laget kjem til hallen må dei melde seg i sekretariatet for å hente «dommarkortet». Her fyller ein ut namna på spelarane på laget, og arket må leverast inn seinast 30 minutt før første kamp. (Det må i same renna også betalast.) Dersom alle 10 rutene er fylt ut kan ein ikkje melde på fleire spelarar i løpet av turneringa.

Skulle ein derimot ha ledige ruter kan ein kome med fleire spelarar undervegs i turneringa, men sjølvsagt berre dersom ein held seg innanfor regelverket med omsyn til utlendingar osv.

***

Når det gjeld hovudbiletet i denne saka, så er kanskje ikkje overskrifta så lett å lese. Men der står «Generajonsskifte».

Det var Vikebladet Vestposten som melde det etter at gjengen på biletet vann herreklassen i 2009, etter at laga til Espen Beiermann, Roy Inge Brandal, André Egset Nupen ++ hadde dominert i fleire år.

Gjengen på biletet vann igjen i 2010, men så dukka faktisk dei nemnde karane opp igjen og vann både i 2011 og 2013.

Året i mellom var det «Familieselskap», med Aursnes-karar fødde både på 70-, og 90-talet, som vann. (Og også i 2015 vann eit slags familielag: «RISK»)

Poenget med dette tilbakeblikket var å lufte spørsmålet om vi i åra som kjem får ei turnering dominert av fjorårssvinnarane «Hardbarka Alkisa FC», i år «Startgass».

Dei var svært gode i fjor, og ser ikkje på papiret spesielt svekka ut i år. Heller snarare tvert imot.

Men så kan det altså skje som sist det vart snakka om generasjonsskifte, at tidlegare vinnarar slår tilbake igjen.

Det kan til dømes vere «Karanja», omtrent same gjengen som vann i 2016 og 2019.

Mindre sannsynleg er det at 2006-vinnarane på «Holemix» går til topps igjen.

Vi har heller ikkje så stor tru på «Forræder», omtrent same gjengen som vann i 2014, all den tid Ruben Kenneth Brandal har hoppa av lasset for å prioritere den nye omgangskretsen sin.

Men det kan også bli endå yngre lag enn «Startgass» som slår til, anten i år eller seinare. Til dømes kan det vere «Hjøa» med mange spennande juniorar i stallen.

Apropos «Holemix» så er det utvilsamt på damesida dei har hevda seg best i nyare tid. Men sist siger kom tilbake i 2018.

Så det er kanskje på tide å tenke på å fylle opp pokalskapet igjen der. Eller blir «Trines disipler» rett og slett for gode?

Spørsmåla er mange. Svara før vi ikkje før 28. og 29. desember. Inntil vidare: god advent og god jul!




Fristen er ute – stor interesse for Møremegling Grendacupen 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 12. Des 2023

Då påmeldingsfristen gjekk ut natt til tysdag var vi oppe i heile 33 lag.

Det er fire fleire enn i fjor. Faktisk har vi ikkje hatt like mange lag sidan 2017 (då var det 34). Og talet på herrelag er det høgaste sidan 2015.

Her er det altså mange gode grunnar for arrangørane til å vere nøgde med interessa for årets turnering.

Tala på lag fordeler seg slik: Herre (20), damer (4), ungdom gutar (6) og ungdom jenter (3).

Som det står i ein post vi har lagt ut på Facebook kan det vere ein aller siste sjanse for eit jentelag til om dei kastar seg rundt kjapt (kjekkare med fire lag enn tre). Les meir om det på Hareid IL sin Facebook-profil.

Det blir Facebook som blir hovudkanalen for informasjon om turneringa også framover. Men etter kvart vrir vi oss over på Mylivescore, der kampoppsettet kjem (nøyaktig når får vi kome tilbake til, men det skal skje i god tid før jul).




Lørdag 2. desember er det klart for andre løp i sesongens Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt.

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Nov 2023

For fire uker siden fikk 41 løpere en flott opplevelse med Hareidlandet badet i høstsol. Nå til helgen er det nok langt mer vinterlige utsikter – i skrivende stund (onsdag kveld) melder værvarslingen temperaturer rundt null grader, noe som nok tilsier at det kan bli glatt i deler av løypa. Kvitholvegen er i skrivende stund ikke strødd, men vi håper det kan ordne seg før helgen; kommunen er spurt pent om de ikke vil strø innover der av hensyn til alle mosjonsløperne som bruker traseen – så får vi se!

Apropos trasé – de som er innom Hareid Stadion av og til, vil ha lagt merke til at de første (og siste, for den saks skyld!) hundre metrene av traseen er gravd opp i øyeblikket. Dette blir ikke fikset til helgen, men vi har målt og kontrollmålt en løype på baksiden av Basishallen som skal være nær sagt på meteren like lang som den ordinære traseen. Denne er merket med merkespray; vi vil også ha ekstra løypevakter ute for å sørge for at alle kommer vel frem.

(I praksis – startstrek dreies 90 grader mot høyre; løperne løper mellom Basishall og Rulleskøytebanen, tar til venstre der denne veien munner ut i veien over Pålhaugen, følger denne opp til krysset der man vanligvis tar ned til undergangen under fylkesvegen. Derfra følges ordinær trasé til man kommer opp igjen til Pålhaugen – hvorpå man løper inn til mål samme vei som man løp ut fra start.

I vedlagte bilde viser blå strek ordinær løype, gul linje ‘omkjøringen’. Den kreative leser vil enkelt forestille seg Basishallen i jordet midt på bildet.

Registrering fra 1315 eller så av; løpsstart 1400.  Startavgift kr. 100 for seniorer, 50kr for juniorer – i tillegg kommer lisens om dette er ditt første løp i Vinterkarusellen. Vi tar kontanter om vi må, men foretrekker Vipps. 

Vel møtt!




Trenarteam for a-lag menn i 2024

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Nov 2023

Hareid IL Fotball er svært glade for å presentere Odd Sverre Urke (biletet) som hovudtrenar for a-lag menn i 2024. Urke har bak seg fleire år som trenar i aldersbestemte klassar i Hødd, før han gjekk inn som hjelpetrenar for a-laget framfor 2023-sesongen.

Vi er også svært glade for at Reidar Vikebakk held fram som hjelpetrenar. Vikebakk har 45 års erfaring som trenar i IL Hødd, i tillegg til sju år i aldersbestemt avdeling i Hareid IL. Også han gjekk inn i trenarteamet før 2023-sesongen.

Ørjan Engen Grimstad, i år spelar- og trenarutviklar, får også ei sportsleg rolle rundt laget. Grimstad er også innstilt som ny sportsleg leiar for seniorfotball menn til det årlege møtet i fotballgruppa som blir gjennomført torsdag kveld. Han vil då eventuelt avløyse Emil Johannes Dahlen Folkestad, som har hatt rolla dei siste to åra. Grimstad skal etter planen også spele sjølv.

– Eg er svært godt nøgd med denne trenarløysinga. Dette er eit kompetent trenarteam med mykje rutine, mykje ungdommeleg pågangsmot – og god kontinuitet. A-laget hadde ein bra haustsesong med gode resultat og ein ganske brei stall. Vi håper no å ha grunnlaget for at a-laget held fram framgangen inn i 2024-sesongen. Men det viktigaste no blir sjølvsagt først og fremst ein god treningsvinter, seier Folkestad i ein kjapp kommentar.

Han takkar samtidig årets hovudtrenar Stig Andor Engen for innsatsen.

Det er ikkje meldt at spesielt mange spelarar sluttar etter årets sesong, samtidig som det allereie skal vere nye spelarar på veg inn. Det blir også viktig å vidareutvikle dei unge og lovande spelarane som allereie er i klubben.

Hareid IL Fotball ønskjer også å takke Emil Johannes Dahlen Folkestad for utrøytteleg innsats som sportsleg leiar dei to siste åra. Han skal ha ein stor del av æra for at laget kom seg på føtene igjen etter koronaperioden.




Sakspapir til årleg møte i fotballgruppa 23. november

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Nov 2023

Finn de her:

(Dokument der alle årsmeldingane til dei ulike laga ligg blir sendt ut etter førespurnad.)

Vedlegg:




Fjord1 er med på laget!

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Nov 2023

Hareid IL har inngått en samarbeidsavtale med Fjord1 som strekker seg i første omgang ut 2024. Vi er veldig takknemlig for at dem vil være med å støtte oss i Hareid IL med å fortsette den gode utviklingen! Fjord1 har fergesamband her på Hareid med ruta Hareid-Sulesund.

Sitat fra Fjord1 om avtalen:

Vi i Fjord1 er glade for å kunne bidra til utvikling og vekst for barne- og ungdomsidretten i Hareid IL. Vi er stolt sponsor, og håpar samarbeidet kan bidra til at klubben tek nye steg i kommande sesong. Vi ønskjer lykke til! 

Vi takker for støtten!




Årleg møte i fotballgruppa torsdag: Dette er valnemnda si innstilling til nytt styre

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Nov 2023

Torsdag 23. november klokka 19.00 er det årleg møte i fotballgruppa.

Som alltid skal det veljast nytt styre. Valnemnda ved Vagn Scheide Mork og Bård Grimstad har jobba svært godt i år, og allereie fått på plass eit fullt styre med 12 namn fem dagar før det årlege møtet. Det foreslåtte styret ser svært spennande ut, med ein god mix mellom nytt og gammalt.

Om innstillinga blir banka gjennom blir det fire nye fjes (nye i styresamanheng) samanlikna med i år: Pravin Selva (biletet), Ørjan Engen Grimstad, Lena Hansen og Vidar Longva.

To personar får andre roller enn i år: Kenneth Nicolaisen (leiar siste to åra) og Georg Rise Gaasø.

Fire personar går ut. I ein tidlegare artikkel takka vi Anders Eidsvik og Emil Johannes Dahlen Folkestad for deira innsats i styret dei siste åra. Så i denne artikkelen får vi takke dei to andre: Kim-Tore Husøy og Einar Orten Trovåg.

Husøy kom inn ei ny rolle som sportsleg leiar i barnefotballen for to år sidan, ei rolle han som alltid har løyst med stort engasjement. Vi håper og trur at denne rolla har gitt eit auka fokus på barnefotballen, og er glad for at rolla blir vidareført i det nye styret. Husøy har gjennom mange år hatt forskjellige verv i Hareid-fotballen, og vi har neppe sett det siste frå han på overordna nivå heller. Men komande sesong blir nok han mest å sjå som trenar i barnefotballen.

Orten Trovåg går av etter totalt 11 år i styret fordelt på tre periodar, der han stort sett har hatt det som er av verv – med unntak av spelarrepresentant for damelaget. Han sa strengt tatt takk for seg før årleg møte i fjor, men vart overtalt til å ta eit år til for å styre på med SoMe og den slags. Denne prøveordninga blir ikkje vidareført, men Orten Trovåg har lovd å hjelpe til med nokre Facebook-oppdateringar om Grendacupen fram mot jul før han gir seg heilt.

Vi takkar begge to for innsatsen i styret!

Her er valnemnda si innstilling til nytt fotballstyre:

Leiar: Pravin Selva

Nestleiar: Georg Rise Gaasø

Økonomi: Kenneth Nicolaisen

Jentefotball: Daniel Teigene

Arrangement/jentefotball: Renate Røyset

Arrangement/jentefotball: Siw Monica Brandal

Anlegg/Material: Sindre Breivik

Kvalitetsklubb: Odd Magne Brandal

Sport 1, Ungdom: Georg Eikrem Olsen

Sport 2, Senior herre: Ørjan Engen Grimstad

Sport 3, Senior dame: Lena Hansen

Sport 4, Barnefotball: Vidar Longva




Avslutning for seniorgjengen!

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Nov 2023

Fredag kveld var seniorgjengen samlet på klubbhuset for sin avslutning på dugnadsåret! Quiz, pizza og noe godt i glasset var på menyen denne kvelden!

Gjengen pleier å møtes omtrent hver tirsdag gjennom sommerhalvåret for å gjøre vedlikeholdsoppgaver rundt på anlegget på Hareid. Hareid IL setter stor pris på og ha en slik dugnadsgjeng! Vi er heldige som har så mange frivillige i og rundt idrettslaget. Klipping av gressvoller, merking av baner og oppheng av plater rundt banen er noe denne gjengen tar på seg! Vi takker igjen for jobben dem gjør for idrettslaget og ønsker dem en god ferie! Så er de klare for nye oppgaver på vårparten igjen!




Napoli Hareid inngår samarbeidsavtale med HIL

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Nov 2023

Napoli Hareid har inngått en samarbeidsavtale med Hareid Idrettslag.

Du finner dem i Kjøpmannsgata 28, Hareid. Gi dem et besøk! Er du medlem i Hareid IL får du 10% rabatt hos dem!

Selv sier Awara Majid, daglig leder hos Napoli Hareid, dette om avtalen:

«Vi er stolt av å være sponsor og samarbeidspartnere med Hareid idrettslag! 

For deres arbeid med fremtidige generasjoner av born og unge innen idrett! «

Hareid IL takker for støtten!




No kan du melde på lag til Grendacupen

Postet av Hareid Idrettslag den 10. Nov 2023

Utesesongen er nettopp over. Det betyr at fokuset er retta over mot innandørssesongen. Høgdepunktet her for dei fleste på desse kantar er Grendacupen, dei Hareid-baserte five a side-turneringa som blir arrangert i Hareidhallen 28. og 29. desember.

Grendacup-komiteen hadde møte torsdag kveld, og allereie i dag (fredag) blir det opna for påmelding:

Reglar og påmelding 2023 – Hareid IL

Grendacupen vart arrangert for første gong i 1994. Dei første åra var det ein Hjørungavåg-basert gjeng som leia turneringa. Hareid IL ved Harald Møller tok over turneringa i 2000 og arrangerte den fram til 2008, då ein gjeng med Kristian Angelsen i spissen tok over. Dei leia turneringa fram til 2016.

Så følgde nokre år med forskjellige Grendacup-styre.

Etter to pauseår grunna korona var turneringa tilbake i fjor. Det meinte mange var ein stor suksess, med fleire seniorlag enn siste året før koronaen (dessverre litt få ungdomslag – men det kan vi få gjort noko med i år) og god stemning i hallen.

Som i fjor er det Sindre Breivik som er Grendacup-general. Han har med seg over 20 medhjelparar. Nokre bidreg i førebuingane til cupen. Andre bidreg under sjølve turneringa – det vere seg i sekretariat, speakerbod, inngangsparti, kioskansvarlege og mykje anna. (Og ein del bidreg sjølvsagt både før, under og sikkert etter cupen også.) I tillegg bidreg seniorspelarane i Hareid IL i ulike viktige roller.

I 1994 var det berre éin klasse. I 1995 kom damene med. I 2000 var det også ein eigen ungdomsklasse. I 2012 kom det også med ein eigen klasse for ungdom jenter.

Alle desse klassane blir med i år også (og kanskje blir det showkamp for dei yngre også…?).

Vi ber om at alle les reglane grundig før dei melder på lag.

Det er gjort nokre mindre justeringar både i kor mange spelarar ein kan melde på, pluss spelereglane under sjølve cupen.

Vi kjem sjølvsagt med mykje meir informasjon, det vere seg mimring eller nyheiter om kven som har meldt seg på, fram mot den absolutte påmeldingsfristen 11. desember (aller, aller siste frist!).

Men alle kan no trygt starte å ringe (eller tekste) rundt og samle inn folk til sine lag.

Hugs at det er viktigare å vere med enn kor godt ein gjer det. Og det blir delt ut fleire premiar enn sjølve gullpokalane…

Vel møtt! Girri, girri!




Adelskalenderen til Hareid 2 (11-ar) er oppdatert

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Nov 2023

Hareid 2 har strengt tatt to adelskalenderar, ein for 11-ar og ein for sjuar (sjølv om sjuarlaget i periodar har vore tredjelaget).

I år har det berre blitt spelt 11-arkampar. Dermed er det denne som har blitt oppdatert.

Adelskalenderen gjeld Hareid 2 etter at andrelaga fekk kome inn i seriesystemet (Hareid 2 var først med i 2000, men det var vel på 90-talet det vart lov med andrelag i seriesystemet), og ikkje det gamle reservelaget/b-laget (ofte kalla Europa-laget).

Ingen av dei fire øvste på lista spelte kampar i år. Så Odd-Magne Brandal (biletet) har med sine 74 kampar på delt femteplass flest av årets spelarar.

(Det er forresten same mann som toppar sjuar-adelskalenden. Ikkje verst når «Oddis» er sjøen 11 av 12 månader i året – i alle fall følest det slik ut.)

Klubbreglane seier at ein får pokal for 50 kampar for Hareid 2, sidan laget har lågare kampaktivitet enn a-laget. To spelarar passerte 50 kampar i år: Ole André Kragset og Emil Johannes Dahlen Folkestad.

Det blir dermed pokal til dei på årsfesten – dersom pokalane kjem fram i tide (lageret er nemleg tomt akkurat no).

Her kan de sjå heile adelskalenderen:




Island Offshore forlenger samarbeidsavtalen!

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Nov 2023

Island Offshore forlenger samarbeidsavtalen med Hareid IL!

Vi setter stor pris på at de vil være med på laget videre, og ser frem mot å fortsette det gode samarbeidet!

Selv sier de dette om avtalen:

«Med mange tilsette frå Hareid er det naturleg og viktig for Island Offshore å støtte lokal idretten i kommunen. Spesielt barne- og ungdomsaktivitetar ligg vårt hjarte nær, og vi håpar at sponsorpengane kjem mange unge krefter til gode! Girri girri!

Vi takker igjen for støtten!




Snakk om stirrpeisar! Aursnes runda 40 år – og fire mann bikka 20

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Nov 2023

På biletet over ser vi Gunnar Aursnes motta heider får dåverande fotballformann Stian Runne Brandal under ein årsfest på Trudvang for noko slikt som åtte år sidan.

Denne hausten blir det meir heider på Aursnes. Han har nemleg nådd 40 år (!) på fotballgruppa sin administrative adelskalender.

Aursnes har hatt stort sett det som er av verv i fotballgruppa: trenar for alle moglege lag, oppmann for a-laget og sikkert fleire andre lag, fotballformann i fleire periodar, kasserar og mykje meir. Etter at Aursnes gav seg som kasserar etter 2016-sesongen har han blant anna vore ein flittig banemerkar på Hareid stadion.

Den administrative adelskalenderen til fotballgruppa er ikkje eksakt vitskap. Ein får ført opp éin sesong dersom ein gjennom store delar av året har vore trenar, lagleiar, materialforvaltar, styremedlem, utvalsmedlem, vore med i arrangementsnemnd eller liknande. Men ein del skjønn er nok inne i biletet også.

Uansett så kan ein ikkje lyge seg unna at det er mange som har stått på beinhardt for fotballgruppa gjennom mange år, og blir heidra for det når ein har nådd 5, 10, 15 år etc.

Bak Aursnes på lista finn vi fleire stirrpeisar:

  • Harald Møller 31 år
  • Odd Brandal 27 år
  • Svein Dag Slettebakk 26 år
  • Bård Grimstad 23 år
  • Knut Helge Hovden 23 år

Og heile fem mann bikkar i år 20 år og får velfortent heider for det på fotballgruppa sitt årlege møte 23. november (sjekk eiga sak her på hareidil.no for innkalling):

Vagn Scheide Mork

Johs Chr. Riise

Kristian Angelsen

Harald Aasen (biletet under til venstre)

Andre som får utdelt heider denne gongen er:

Cecilie Bjørlykke 15 år

Geir Alvestad 10 år (biletet over til høgre)

Steffen Urke 5 år

Daniel Slettebakk 5 år

Andre Egset Nupen 5 år

Tommy Moldskred 5 år

Joachim Moldskred 5 år

Vidar Longva 5 år

Anders Eidsvik 5 år

Så får vi bere krysse fingrane for at vi ikkje har gått tom for heidersbevis sidan sist – for her var det mange som skal ha velfortent heider!

Under finn de heile den administrative adelskalenderen. Tusen takk til Sindre Breivik som har oppdatert denne i år.

Vedlegg:




Velkomen til årleg møte i fotballgruppa

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Nov 2023

Torsdag 23. november er det årleg møte i fotballgruppa. Faste saker og ei matøkt står på programmet.

Les meir her (fleire relevante dokument kjem tidlegare same veka som møtet):

Vedlegg:




Adelskalenderen oppdatert: To mann inne på topp 35

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Nov 2023

Då er adelskalenderen til a-lag menn oppdatert igjen, slik den har blitt gjort etter kvar sesong sidan oppstarten i 1946 (!).

Vagn Scheide Mork tronar framleis på topp, sjølv om ikkje fekk nokon kampar i år heller (det var nære på i august…).

Ingen som fekk kampar i år er inne på topp 30, men Ruben Kenneth Brandal og Nauris Driksna har flytta seg oppover til høvesvis 32. og 34. plass. Som vi ser under har begge gode sjansar til å runde 200 kampar neste år.

Ørjan Engen Grimstad og Gustav Bjørlykke Kløvning har tredje og fjerde flest kampar av dei som var på bana i år.

Femte flest har Martin Nikolai Longva, som no står med 101 kampar. Han kan dermed vente seg ein fin pokal på årsfesten seinare i november (om vi klarer å memorere kvar på klubbhuset vi har gøymt vekk desse pokalane – det er ikkje kvart år dei er framme).

Vi ser også at Ole André Kragset og Kim Alvestad har gode sjansar til å runde 100 kampar neste sesong.

Adelskalenderen er forresten også relevant med omsyn til Grendacupen.

For spelarar som ikkje har budd tre år i kommunen kan ein nemleg bli rekna som hareidsdøling dersom ein anten står registrert i Hareid IL i dag (og har spelt kampar i år) eller har bikka 50 kampar (for anten a-lag, b-lag, c-lag eller til saman).

Men dette må vi nesten kome tilbake til seinare i veka.

Grendacup-komiteen samlast for første gong denne hausten no på torsdag. Og dei har myndigheit til å fastsetje årets reglement før det blir opna for påmelding seinare i november.

Vi takkar forresten Ola Kalvø Vattøy for også i år å ha oppdatert adelskalenderen.

Det blir forresten også jobba med å oppdatere Hareid 2 sin 11-ar-adelskalender. Vi satsar på å kome tilbake til den seinare.

Vedlegg:




Trenarkabalar 2024 – del 1: Mange viktige brikker på plass

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Nov 2023

Under styremøtet i fotballgruppa måndag kveld orienterte dei sportslege medarbeidarane i styret om status for trenarkabalane for komande sesong.

Sjølv om 2023-sesongen berre så vidt er avslutta er mykje på plass.

Her kjem nokre drypp frå det som er klart i senior- og ungdomsfotballen:

Damelaget: Geir Børre Røyset (til venstre på biletet over) tok over som hovudtrenar i sommar – og han går på ein ny sesong. Kven som utgjer resten av støtteapparatet kjem vi tilbake til.

J17: Hareid sitt J15-lag hadde ein veldig bra haustsesong i år. Men jentene blir jo som alle andre eldre, så neste år blir det J17-lag. Trenar her blir Øyvind Rolvsjord (til høgre på biletet over). Geir Børre Røyset skal også hjelpe til. Renate Røyset Lillebø og Siw-Monica Brandal står for god kontinuitet på lagleiarsida.

J13: Her held Ole-Kristian Øvrelid og Daniel Teigene fram som trenarar.

A-lag menn: Her er det klart at årets hovudtrenar Stig Andor Engen (biletet) takkar for seg. Vi takkar Stig så mykje for innsatsen. Han har lagt ned ein enorm innsats og hadde ei høg stjerne i gruppa. Utover i sesongen kom også resultata. Det kjem sikkert også nokre rosande ord på årsfesten seinare i november. Men inntil vidare; takk for innsatsen!

Det ser elles ut som fleire frå årets trenarapparat/støtteapparat held fram, i tillegg til at det kjem inn nye fjes. Men dette kjem vi tilbake til i neste post.

B-lag menn: Her er kontinuiteten god. Eiliv-Tore Howlid går på sin fjerde strake sesong, med Emil Johannes Dahlen Folkestad og Jonas André Brandal som hjelpetrenarar. Kenneth Nicolaisen held fram som lagleiar.

I denne samanhengen kan det vere verdt å nemne at Folkestad (biletet) går på sin sjette strake sesong som hjelpetrenar for Hareid 2. Stirrigt! Folkestad har dessverre varsla at han gir seg i styret etter årsmøtet om dryge to veker. Han har vore sportsleg leiar for herrefotballen dei siste to åra, og sat i sportsleg utval i 2021. Han har gjort ein svært grundig innsats både på sport og andre felt styret held på med. Synd at han gir seg, men på plussida held han fram i andre roller i klubben, som denne. Dessutan er ifølgje rykta ein bra erstattar på gang. Uansett takk for innsatsen til Folkestad!

Junior menn: Vagn Scheide Mork held fram som hovudtrenar. Ein kjem tilbake til resten av apparatet.

G16: Hareid hadde ikkje G16-lag i år, men i staden to G14-lag og eit slags junior/rekrutt-lag. No er G16 tilbake på kartet, som ei gruppe for dei i alderstrinna 14 til 16 år. Her har sportsleg leiar Georg Eikrem Olsen skaffa eit breitt og solid trenarteam. Jacob Jøsokbakke blir hovudtrenar, med Ragnar Røyset, Ingar Hovden, Jan Robin Haraldsvik og Ole André Nevstad Kragset som hjelpetrenarar. Fleire av desse var med i år også, medan andre er nye. Det gjeld Jøsokbakke, som mange kjenner frå Hareid 2 og Hjørungavåg IL. Dei litt eldre vil sikkert også minnest Ragnar Røyset som ein god offensiv spelar for a-laget for ein del år tilbake. Blant anna kom han inn som innbytar då Hareid møtte AaFK i cupen i 2005. Her ser det ut som G16 har fått eit breitt og svært kompetent trenarteam!

G13: Her blir Kim Johansen hovudtrenar. Han hadde fleire trenarroller i klubben i år, men skal neste år konsentere seg om dette laget. Hjelpetrenarar blir Anders Eidsvik, Tommy Moldskred og truleg eit par til.

I denne samanhengen er det verdt å nemne – dessverre – at Eidsvik (biletet) går ut av styret under årsmøtet om dryge to veker. Han har vore nestleiar i heile fire år, etter at han sat i sportsleg utval året i førevegen. Eidsvik har vore ein svært allsidig og offensiv kar som har jobba mykje med fleire ulike felt i fotballstyret. Han vart kåra til årets eldsjel i fjor. Det er synd han gir seg, men bra at han held fram i andre roller i klubben. Uansett; takk for innsatsen som nestleiar, Anders!

Det er som seg hør og bør sikkert fleire også som gir seg, i tillegg til at det er fleire nye som vi ikkje har nemnt i denne artikkelen – anten fordi ting ikkje er heilt klare eller fordi vi ikkje har fått infoen enno.

Vi kjem tilbake med ein ny artikkel med folk inn og ut om ikkje altfor mange dagane, satsar vi på.

Men hovudbiletet er altså at det ser bra ut med omsyn til trenarkabalane. Det har vore nok av sesongar der ein har ringt rundt i desperasjon 22. og 23. desember for å fylle forskjellige roller.

No har vi berre kome til 7. november, og mykje er allereie på plass.

Godt jobba av dei sportslege medarbeidarane!

Og lykke til alle som har tatt på seg verv!




Datoen for Nordvest Maraton 2024 er klar

Postet av Hareid Idrettslag den 1. Nov 2023

Styret i Nordvest Maraton hadde møte tysdag kveld, der både årets løp vart oppsummert – og ein såg vidare framover.

Datoen for den 34. utgåva av Nordvest Maraton er sett til 24. august.

Som dei 33 første åra blir det både halv- og heilmaraton. Som dei fire siste åra blir det også moglegheiter for mosjon utan tid.

Det dukkar dessutan opp ein ny distanse – på tid.

Kondis.no skreiv nemleg etter årets løp at det burde vere ein kortare distanse også inne i arrangementet – på tid, og det ønsket skal dei få innfridd.

Nøyaktig kor lang denne distansen blir må vi kome tilbake til etter at den er kontrollmålt, men vi snakkar truleg om ein tredels halvmaraton – eller deromkring.

Så her er det altså mykje å sjå fram til.

Vi kjem med ei ny oppdatering etter neste styremøte i mars.




Vinterkarusellen Grimstadvatnet Rundt

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Okt 2023

Vinteren er i anmarsj, og med det blir det også (selvsagt!) Vinterkarusell i regi av Hareid IL/Friidrett!

Med unntak av den første koronavinteren har karusellen blitt avholdt hver vinter siden det første løpet i desember 1981. 

Helt siden starten har målet vært at man skal gi folk en ekstra, liten grunn til å snøre på seg joggeskoene i en sesong der dørstokkmila kan være ekstra brutal.

Dette har åpenbart en viss appell – i gjennomsnitt har det vært omtrent 40 startende ved hvert løp de siste årene – og aldersspennet har vært fra sju år til over nitti! Dette er altså et løp for alle!

Løpene avholdes første lørdag i månedene november, desember, januar og februar, så denne sesongen blir det :

4. november

2. desember

6. januar

3. februar

Alle løp har start klokken 1400 fra Hareid Stadion. Målgang samme sted. Registrering fra klokken 1300. Garderober vil også være tilgjengelige før og etter løpet.

Etter siste løp i februar vil det bli en enkel tilstelning med café og premieutdeling.

Startavgift er 100kr for senior (f. 31. desember 2003 eller tidligere) og 50kr for junior (f. 1. januar 2004 eller senere). I tillegg kommer engangslisens for løp utenfor bane for den som ikke har løst helårslisens.

Løyperekorder i den 7700m lange traseen er Ådne Andersens 22:39 (2019) og Amalie Sætens 25:42 (2022) – sistnevnte forøvrig satt med nettopp Ådne Andersen som hare!

Friidrettsgruppa i Hareid IL gleder seg til nok engang å ønske velkommen løpere fra Hareidlandet og omland til et av vinterens vakreste eventyr!




Sesongoppsummering del 2 av 3: Toppscorar for andre år på rad

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Okt 2023

I denne delen oppsummerer vi a-laget for menn sin sesong gjennom å sjå på statistikken.

Vi begynner med toppscorartittelen. Den var det ingen tvil om i år.

James Kenneth Sjåstad scora 15 mål totalt, åtte i serien. Klart flest i begge kategoriar.

Sjåstad vart også toppscorar i fjor. Om vi ser på seriemål, som er det som avgjer kven som vinn toppscorarpokalen (sjølv om det kan vere ein annan som har flest mål totalt, som Georg Eikrem Olsen i 2011 med sine utrulege 32 mål – men Kim-Tore Husøy hadde flest i serien), blir Sjåstad den første som tek pokalen for andre gong sidan 2012. Då gjekk Ronny Jørgensen til topps for andre gong og siste gong (etter at Kim-Tore Husøy tok den i 2009, 2010 og 2011 – og Even Hansrud i 2008).

Toppscorarar sidan då (i serien): 2013: Christer Adrian Mork. 2014: Ola Kalvø Vattøy. 2015: Georg Eikrem Olsen. 2016: Delt mellom Runar Stranden og Thor-Ove Brekke. 2017: Martinus Røyset Bakken. 2018: August J. Brandal. 2019: Ruben Kenneth Brandal. 2021: Petter Haddal Worren. 2022: James Kenneth Sjåstad.

Bak Sjåstad på lista i år finn vi Petter Haddal Worren (7 totalt, 6 i serien) Nikolas Brandal (5, alle i serien) og Olavius Bjåstad Vikebakk (5 totalt, 4 i serien).

I fjor vann Sjåstad også assist-toppen.

Det gjer han ikkje i år.

Denne statistikken, som berre gjeld seriekampar, blir i år toppa av to personar: Olavius Bjåstad Vikebakk (biletet over) og Erlend Skeide (biletet under). Begge hadde fem målgjevande.

Nærmast kom Ruben Kenneth Brandal, Asbjørn Sævik og Petter Haddal Worren med tre kvar.

Grunna den kalde vinteren vart det ikkje spelt spesielt mange treningskampar i år.

Det vart seks i vinter og ein i sommar. Det betyr 29 kampar totalt.

Ingen spelte alle i år.

Nærmast kom Gustav Bjørlykke Kløvning og Erlend Skeide med 26 kampar kvar.

Bak dei finn vi Olavius Bjåstad Vikebakk med 25.

Andre over 20 kampar: Ruben Kenneth Brandal (22), James Kenneth Sjåstad (22), Petter Haddal Worren (21) og Oliver Sulebakk Sylte (20).

39 spelarar kom på bana for Hareid i år. 13 spelarar var debutantar, mot heile 20 i fjor (men der kan nok koronapausen ha spelt inn).

Vi takkar Ola Kalvø Vattøy (under) så mykje for endå ein sesong med god statistikkføring.

Vi blir ikkje overraska om han også oppdaterer adelskalenderen når det lid på.

Mange likar jo å finstudere den når Grendacup-laga skal plukkast ut.

Både toppscorarpokalen og assist-pokalen blir forresten delt ut på årfesten på klubbhuset om ein månads tid.

Det same blir årets spelar- og årets unge spelar-prisane.

Av diverse grunnar er det forresten spelarane sjølve og ikkje styret som skal arrangere årsfesten i år, så det kan bli spennande å sjå korleis programmet blir påverke av det.

Men akkurat desse prisane forsvinn neppe frå programmet…




Hareid i skotet, i alle fall etter kvart – oppsummering av 2023-sesongen del 1 av 3

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Okt 2023

Vi ser for oss at dette blir del 1 av 3 i oppsummeringa av herrelaget sin sesong. Nummer 2 blir spelarstatistikken når den er klar, og så blir nummer 3 årets spelar og anna snacks (den kjem først etter årsfesten i siste halvdel av november).

I denne delen vil vi prøve å kome med ei usminka generell oppsummering frå tribuneplass. Det kan altså vel hende ein spelar eller trenar med betre innsikt vil vurdere ting heilt annleis, men dette er vurderinga frå dei som har sett laget nokre år og vore med på ei rekkje opp- og nedturar.

Først av alt: Kvar legg vi lista?

For vi kan jo verken samanlikne Hareid a-lag med eit 2. divisjonslag eller eit lag i b-sluttspelet i 6. divisjon.

Ut frå storleiken på klubben skulle sikkert a-laget ha vaka mellom 4. og 5. divisjon. Og budsjettet rundt laget er etter alt å døme blant dei aller lågaste i 4. divisjon. Ingen spelarar er betalte, og det er ikkje brukt pengar på treningsleir eller liknande i år. Ingen kan krevje at spelarar tek seg fri frå jobb for å trene eller spele kampar. Spelarane bidreg med inntekter gjennom treningsavgift og dugnad, medan arrangementsnemnda skaffar billettinntekter – og andre folk i klubben bidreg med kiosk på heimekampane og anna tilrettelegging.

Eit mogleg ess i ermet er at Hareid ligg ganske gunstig til geografisk på Sunnmøre. Som alle andre klubbar mistar vi spelarar til skulegang og jobb, men det er også fullt mogleg å bu på Hareid og anten jobbe eller gå på skule både i Ålesund og i Volda/Ørsta-området. Og det gjer jo ein del av spelarane her.

Nærheita til IL Hødd kan slå begge vegar. Ein del spelarar frå Hareid melder overgang dit medan framleis er langt nede i tenåra, noko enkelte synest er altfor tidleg i dei fleste tilfelle. Samtidig kan Hareid få tilgang av spelarar som anten har gitt opp Hødd eller blitt gitt opp av Hødd – og som kan gjere ein god jobb for klubben. Summa summarum får vi truleg vere glade for alle som ønskjer å spele på Hareid, same kva postadresse dei har.

Eit anna pluss – håper vi i alle fall – er at det har vore eit bra miljø rundt laget gjennom fleire år. Vi har sett lag i samanliknbare klubbar rundt oss rakna heilt. Dit har Hareid heldigvis aldri kome, og mykje kan truleg skuldast eit godt internt miljø med bra klubblojalitet. Eit anna pluss er gode treningsforhold.

Konklusjonen her blir at det ikkje er realistisk at Hareid er eit 3. divisjonslag, men det er realistisk at Hareid kan hevde seg godt oppe på tabellen i 4. divisjon.

Så kva skal vi seie om årets sesong, som enda med 7. plass med 29 poeng og 40-54 i målforskjell, mot 8. plass, 27 poeng og 43-47 i målforskjell i fjor?

Vi kan gjere eit forsøk på å dele sesongen inn i plussar og minus.

Det er mange fleire pluss enn minus, men minusane er truleg ganske tunge.

Plussar:

* Framgang i plassering og poeng totalt.

* Klart betre haustsesong enn i 2022, 17 poeng i år mot 11 i fjor.

* Det har vore bra med folk i stallen – så vidt vi kan sjå ikkje problem med å stille ein fyldig tropp til ein einaste seriekamp. Det er lenge sidan sist.

* Det har vore utvikling i det offensive spelet. Laget har hatt fleire strengar å spele på, og ikkje vore så avhengige av enkeltspelarar som til dømes i fjor (les: i fjor var veldig mykje bygd opp rundt Sjåstad og Worren offensivt – noko som for så vidt funka veldig bra, men det var få bak dei i køen. I år har mange fleire spelt i dei offensive posisjonane).

* Laget har prøvd å spele ein positiv og konstruktiv fotball. Det er ikkje alltid fungert like godt, men det var vore kjekkare å sjå på om ein til dømes sende alle mann i forsvar.

* Laget ser også i år ut til å ha hatt eit godt miljø internt, og har hatt ein fin mix i stallen av spelarar i tenåra, 20-åra og 30-åra (dessverre ingen i 40-åra i år, Nerijus).

* Fleire enkeltspelarar har tatt gode steg utover sesongen.

* Solid trenarteam med tre trenarar på svært mange økter. Altså god oppfølging og godt planlagde økter. (Ikkje noko gale med trenarteama dei siste åra, men ein har då måtte improvisert litt ved forfall.)

* Sjølv om det såg ganske håplaust ut spele- og poengmessig ein periode i vårsesongen så gav Hareid aldri opp.

* Solid heimeform utover i sesongen. Fem sigrar og to uavgjorte på dei sju siste.

* Klarte også i år å slå kretsmeisteren Herd i ein av kampane.

* Mista som vanleg ein del spelarar i sommarpausen, men i motsetning til ein del tidlegare sesongar lykkast ein denne gongen med å få inn ein del nye.

Minus:

* Det har i altfor mange kampar vore altfor lett å score på Hareid. Vi har hatt ei kjensle av at det i enkeltkampar ikkje har vore nødvendig for motstandaren å ha særleg med spel, men dei har gjerne scora på dei få sjansane dei har fått. Det er eit kollektivt problem som rett nok vart ein del betre utover i året (ref. at Hareid sleppte inn heile 12 av 54 mål i serierunde 2 og 3), men det er likevel noko som må sjåast grundig på til neste sesong.

* I forlenging av dette sleit Hareid lenge med å avgjere jamne kampar. I vårsesongen spelte ein jamt med både Ørsta og Bergsøy, men klarte ikkje å kjempe marginane på si side. Det same gjaldt også begge kampane mot Aksla. Vi skal ikkje seie at tabellen lyg, for det gjer den aldri, men vi er overbeviste om at Hareid kunne tatt opp mot 10 poeng til med same spelemessig overtak, men med meir presisjon i nokre avgjerande stunder.

* Den tredje minusen er kanskje den som flest er einige om: Det har denne sesongen vore altfor varierande lagoppstillingar frå kamp til kamp. Dette har kanskje sine naturlege grunnar. Ein av dei kan til og med vere uflaks. Men det har vore påfallande kor mange endringar som har vore på laget frå kamp til kamp. Kanskje ligg det noko i at fleire sleit med skadar frå gamlekunstgraset som dei tok med seg utover i sesongen. Kanskje har det vore ekstra mange som har vore opptekne med jobb i år. Vi har ikkje fasiten. Men vi er heilt sikre på at det ville ha løfta laget med meir kontinuitet i 11-arane.

Konklusjon:

Det har på ingen måte vore ein perfekt sesong, men det har totalt sett vore ein godkjent sesong og vel så det. Ser ein på dei siste sesongane, der Hareid var svært nære nedrykk både rett før og rett etter koronapausen, så var både sist sesong og denne sesongen steg i rett retning. Altså oppover. Plussane i år er klart fleire enn minusane, men minusane er betydelege. Vi seier ikkje at ikkje andre lag ikkje slit med det same som Hareid, men vi påstår at det er ting som kan rettast på som kan gi Hareid endå meir rev i segla til neste år.

No er det sikkert for tidleg å seie noko om nøyaktig trenarteam og spelarstall for neste år. Men her ligg i alle fall eit godt grunnlag for dei som vil vere med på ulike måtar neste sesong. Vi skal hugse at det nesten alltid har vore normalen at Hareid har hatt ein bra vår, men at ein har improvisert for å i det heile klare å fullføre sesongen etter ein tung haust. No avsluttar vi med ein positiv haust og ein spennande stall med ei god samansetjing av spelarar med omsyn til alder og posisjonar. Så det er absolutt ingen grunn til å sjå seg tilbake.

Takk for i år til alle involverte (vi får takke alle skikkeleg på årsfesten).

Tusen takk også til heimefansen. Det var ironisk nok langt betre frammøte då Hareid var inne i ein dårleg sirkel i vår enn då resultata kom i haust, men her spelar nok veret også ei rolle.

Samla sportsleg vurdering av sesongen: Terningkast 4

Skrive av EOT med innspel frå andre tribuneslitarar




Vi har ikke glemt av høstens vakreste eventyr!

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Okt 2023

Lørdag 21. oktober klokken 1400 går et av regionens – for ikke å si landets – mest tradisjonsrike mosjonsløp av stabelen for 44. gang; Hareid IL inviterer alle løpsinteresserte til en Snipsøyrdal som med litt flaks ligger badet i vakker høstsol.

Registrering foregår ved Hareid ILs klubbhus fra klokken 1230 av; 1345 stenger registreringen, og løpsstart er som tidligere år på Bigset – der Nessetvegen tar av fra hovedveien opp Hareidsdalen. Traseen går så rundt Snipsøyrvatnet og ender 12190 kontrollmålte meter senere like ved hovedveien på Røysetsiden av vannet.

Utøverne må selv sørge for å komme seg tur/retur mellom klubbhus og løpet – det er en avstand på ca. 3km hver vei, det være seg om man tar det som oppvarming/nedjogg eller benytter bil; det er parkeringsplasser både ved Bigset bedehus og Bigset kulturoase (også kjent som gamleskolen på Bigset) samt ved Bigset skule, alle tre i umiddelbar nærhet av startområdet.

Startavgift er 150kr for seniorer (f. 31.12.2003 eller tidligere), 100kr for juniorer (født 01.01.2004 eller senere). I tillegg kommer engangslisens for løp utenfor bane på kr. 30 (senior) eller 20 (junior) – dette dekker forsikring under løpet mm. Vi oppfordrer til bruk av Vipps, men tar selvsagt også imot kontanter.

Etter vel avviklet løp, vil det bli enkel servering (Igjen: fortrinnsvis Vipps) på Hareid ILs klubbhus, samt premieutdeling samme sted.

Garderober vil være tilgjengelige i klubbhuset både før og etter løpet.

For Hareid IL/Friidrettsgruppa – Odd Erling N. Eriksen – odderi+friidrett@gmail.com




Lerøyleikane

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Sep 2023

Forrige helg gjekk Lerøyleikane av stabelen i Trondheim der 143 ungdommar frå Troms og Finnmark, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal deltok.

Frå Hareid var fem stykker plukka ut av kretsen til å bli med opp til Trondheim:

-Synne Selvåg Larsen

-Tiril Grimstad Kirkebø

-Erle Grimstad Kirkebø

-Emilie Brune Slettebakk

-Gudmund Gryt Grimstad

Stemnet gav fleire gode plasseringar i tillegg til nye personlege rekordar:

  • Synne Selvåg Larsen (J14) kom på fyrsteplass på 200m med 26,78
  • Tiril Grimstad Kirkebø (J13) persa og kom på fyrsteplass i spyd med 25,13m
  • Tiril Grimstad Kirkebø (J13) persa også i slegge med 24,48m

Men, stemnets kanskje viktigaste sigar gjekk Hareidsjenta Emilie Brune Slettebakk av med: ho vart nemleg Årets Gladlaks, ein pris som vert gitt til ein deltaker frå kvar region som gjer ein heilt makelaus innsats som gledesspreiar på laget sitt.

Lerøyleikane handlar mye om å møte andre friidrettsglade ungdomar frå resten av landet, samstundes som dei får konkurrert i øvelsar som dei er godt kjente med og får prøve seg på nye og utfordrande øvingar, som til dømes stavsprang og tresteg.

Det å skulle samarbeide som eit regionalt lag mot dei andre regionane, gjer at ungdomane, som vanlegvis konkurrerer mot kvarandre på lokale stemner, vert lagspelarar og heiagjeng.

Hareid deltok også med fem ungdomsleiarar, Borghild Oline Holstad, Peter Pilskog Bittochi, Malin Husøy Flø og Anna Kostaris, som alle var med på å gjere Lerøyleikane til ein trygg og god oppleving for alle fyrstereis-jenter og gutar.

Møre og Romsdal kom på tredjeplass.




Hadarleikane – ein kjekk og viktig møteplass

Postet av Hareid Idrettslag den 28. Aug 2023

Søndag 20. august gjekk Hadarleikane av stabelen i strålande solskin på Hareid stadion.

106 born og unge frå 6 år og oppover bidro til over 300 startar på dei ulike løps- og tekniske øvelsane som stod på programmet. 

Som siste friidrettsstemne før skulane startar opp igjen etter ferien, har Hadarleikane allereie i sitt 2. år blitt ein kjekk og viktig møteplass for store og små på jakt etter idrettsglede og solgaranti.

For dét vart det masse av på årets leikar: fleire personlege rekordar vart knust, og mellom Anna satt Hareidjentene Anna Maria Kostaris, Anna Pilskog Bitocchi, Malene Nesset og Borghild Holstad ny klubbrekord på 1000m stafett.

Det gror godt i friidrettsrekkene, og mange rekruttar var med på livets fyrste friidrettsstemne. Med glitrande gullmedaljar om halsen smilte dei om kapp med sola. 

Det var over 60 frivillige i full aktivitet med alt frå kiosksal til dommarjobbar. 

Nytt frå i år var også forbedra hoppegroper, der all sanda var blitt bytta ut med ei mjukare og betre sand. I tillegg var sleggeburet reparert og løpetartanen i topp stand etter ei god overhaling i fjor haust.

Vi gler oss allereie til neste års Hadarleikar! For det er få ting som er kjekkare enn born og unge som får oppleve mestring og idrettsglede her på Hareid.

Ref. Hareid IL Friidrett

(Sjekk fleire bilete på Hareid IL sin Facebook-profil)




Nordvest Maraton 2023: Ein kjempedag, men også ein veldig varm dag

Postet av Hareid Idrettslag den 19. Aug 2023

Det er jo ikkje så ofte vi klagar over veret på desse kantar, men det var nok i overkant varmt i dag. I alle fall til å få dei heilt store tidene. Men mange såg ut til å ha det kjekt ute i løypene, og om det inntrykket stemmer er også arrangørane nøgde.

Vinnarane vart:

Heil distanse:

Dominique Pattyn, Belgia – 3.44,38 (toppbiletet)

Siv Grethe Berge Hoff, Bergsøy IL – 4.36,38

Halv distanse:

Håvard Berge, Oslo – 1.21,06 (i lyseblå trøye over)

Jodi Brautaset, Ørsta – 1.41,41

Alle resultat her.

Begge herrevinnarane er så vidt vi veit debutantar i Nordvest Maraton. Dei to kvinnene kjenner vi derimot godt frå før. Brautaset har vunne kvinneklassen fleire gonger før, om vi ikkje tek heilt feil.

Jamt over ser vi at tidene er svakare enn vanleg. Fleire snakka om at ein kanskje tapte både tre, fire og fem minutt på halv distanse. Men sannsynlegvis er det individuelle forskjellar her.

Bortsett frå vinnaren Berge var det stort sett berre kjende namn på topplistene for halvmaraton for menn. Både Stian Nedrelid frå Ørsta og Petter Vattøy Nygjerde frå Hareidlandet Triatlon har prestert veldig godt i Nordvest Maraton tidlegare.

Fjerdemann Henrik Hareide Holstad frå Hareid IL fekk dessverre aldri opp dampen slik han håpte, men var langt framom Longva og Moltu, begge eigentleg frå Gursken, som vart nummer fem og seks.

Bak desse kom det faktisk to karar frå Hareid IL. Einar Orten Trovåg gjorde comeback i løpssirkuset etter tre år ute med skadar, og gjorde det litt betre enn han hadde tenkt. Jan Endre Rise kjende på ein skade i leggen og tok løpet som ei slags treningsøkt.

Vi ser elles at heile fem søsken Røren frå Ulsteinvik fullførte halvmaraton (biletet under). Har noko liknande nokon gong skjedd i lokale løp på desse kantar?

Vi ser elles at Kjell M. Fagerlund frå Hasungot IL fullførte halvmaraton. Med det er han den einaste som har delteke i Nordvest Maraton 33 av 33 gongar.

10 deltakarar på heil distanse (sjølvsagt inkludert legenda Inge Asbjørn Haugen) er vel normalen slik det har vore siste åra.

Vi må fintelje seinare, men det ser ut som 44 fullførte halvmaraton. Då er vi omtrent tilbake på 2018-nivå, året då det så forsiktig begynte å ta av med omsyn til løpets nye popularitet dei siste åra. At det ikkje var endå fleire som deltok på denne distansen kan skuldast kolliderande løpsarrangement, mange festivalar i området i helga, eller kanskje folk rett og slett skygga unna varmen. Ein liten nedtur etter nokre år med veldig god deltaking altså, men så lenge dei som deltok hadde det kjekt så er jo det viktigast.

Det høyrer med å takke alle som bidrog til at arrangementet vart vellukka.

Det er vanskeleg å hugse alle som bidrog med alt frå tidtaking til kioskteneste til drikkestasjonar og fotografering, men vi gjer eit forsøk:

Vidar Vollsæter, Henning Røyset, Bjarte Sunde, Jon Kåre Mork, Kristian Angelsen, Einar Orten Trovåg, Lars Roar Holstad, Cathrin Elvanes, Eiliv-Tore Howlid, Odd Erling Eriksen, Daniel Slettebakk, Ørjan Røyset, Harald Møller, Hans Gisle Holstad, Jon Gjerde, Leiv Arne Grimstad, Øystein Orten, Gunnar Aursnes, Tor Håbakk, Bjørn Håbakk, Mariann Dahle, Bente Teigene, Sindre G. Rise, Olav Sindre Rise.

(Og så skal ikkje vi gløyme den ekstra drikkestasjonen til Hareide Holstad-gjengen fram i Hovden. Den kom godt med!)

Tusen takk for dugnadsinnsatsen!

PS. Vi legg ut mange bilete frå løpet på facebooksida vår utover helga. Sjekk også lokale aviser og kondis.no. Vi kjem tilbake til oppdatering av statistikk og den slags seinare.




Nordvest Maraton: Her kjem resultata

Postet av Hareid Idrettslag den 18. Aug 2023

Vil du følge med på resultata under og etter løpet laurdag så gjer du det her.

Merk at per klokka 11.00 fredag er ikkje alle dei påmelde lagt inn på lista enno.

Vi har også fått tilbakemeldingar frå nokre som trudde dei hadde meldt seg på, men som verken står her eller på dei interne påmeldingslistene.

Gjer då vel i å gi beskjed om dette i sekretariatet laurdag.

For ta det med ro; alle skal få vere med!

Som tidlegare nemnt er det fullt mogleg å melde seg på i sekretariatet laurdag. Møt opp seinast ein halvtime før løpet (heil startar 11.00 og halv 12.45).

Vi kjem også til å ta ein del bilete frå løpet. Desse blir lagt ut på Hareid IL Nordvest Maraton på Facebook.

Vi kjem også med ei oppsummering her på sida i løpet av helga.

Vel møtt og lykke til!




Søndag 20. august går seinsommarens vakraste eventyr, Hadarleikane, av stabelen på Hareid stadion!

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Aug 2023

Ein stor skare Hareids-utøvarar er startklare, og i tillegg forventast storinnrykk frå regionen med tilsaman meir enn 100 born og unge mellom 6-18 år meldt på dei mange øvingane. 

Vi gler oss stort til idrettsglede og kjempestemning på stadion! Ekstra stas er det også å få oppleve vår eigen rykande ferske EM-utøver, Borghild Oline Holstad, i aksjon! 

Det vert kiosksal på klubbhuset med mykje deilig bakst, frukt, smoothie og diverse drikke. I tillegg er det, i år som i fjor, meldt strålande vêr! Vi håpar så mange som mogleg tek turen til Hareid Stadion på søndag for å heie og kose seg. 

Hjartans velkomen! 




Siste info: Dette må du vite før Nordvest Maraton

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Aug 2023

Laurdag førstkomande blir Nordvest Maraton arrangert for 33. gong.

Det meste av relevant informasjon skal ligge her på heimesida. Men vi svarer her likevel ut nokre spørsmål som folk brukar å lure på.

Deltakarpremie: Alle som fullfører får medalje med eit fint lokalt motiv.

Det blir elles 1/3 premiering i alle klassar, inntil topp tre per klasse.

Premieutdeling etter løpet: Det er ikkje klart enno om denne blir inne eller ute. Men det vil ligge informasjon om dette i sekretariatet.

Sekretariat: Opnar klokka 09.30 på løpsdagen.

Her hentar ein «chip» og startnummer.

Deltakarane bør helst møte seinast 30 minutt før start.

Påmelding: Førehandspåmeldinga per internett blir avslutta torsdag 21.00. Etter dette blir det ikkje mogleg å melde seg på digitalt. Men ein kan kome på løpsdagen og melde seg på i sekretariatet. Men ver då obs på eventuell kø.

Betaling skjer på følgjande måte:

Betaling til bankkonto: 3910 57 13774

Du kan også bruke Vipps: 117085

Pris:
350 kroner for heilmaraton
250 kroner for halvmaraton
250 kroner for mosjon utan tid

(NB. Har du heilårslisens kan du trekke frå 50 kr. Opplys om det når du betalar.)

Garderobar: Opnar også 09.30 på løpsdagen.

Vi har dusj til alle.

Toalett: Både i garderobane og på andre sida av klubbhuset (blir merka).

Kiosk: På klubbhuset i andre etasje.

Starten: Som vanleg startar heil 11.00 og halv 12.45. I klassen mosjon utan tid kan ein starte når ein vil, men det vanlege er å starte samtidig med heil klokka 11.00.

Løypa: Er som vanleg merka. Både med skilt kvar kilometer og med piler i asfalten/grusen på punkt der ein skulle vere i tvil. På heilmaraton spring ein to rundar rundt stadion i starten, tre halvvegs og éin til slutt. Halvmaraton startar med to rundar og blir avslutta med éin på stadion. Speaker vil også minne løparane på dette før start.

Drikkestasjonar: Bigset bedehus, Kvammen og Røyset (ca. 5, 10 og 15 kilometer) + inne på stadion (så undervegs i løpet blir det altså tre drikkestasjonar for halv og sju for heil).

Resultatliste: Tidene vil kome på RaceTracker. Det blir også mellomtider. Lenke til listene vil kome her på sida og på Facebook når det nærmar seg.

Dekning: Vi kjem til å legge ut ein del bilete på Facebook-profilen vår, i tillegg til å ha ei lita oppsummering her på sida etter løpet. Om nokon ikkje vil bli fotografert, ta kontakt med oss. Vi reknar også med det kjem reportasjar på kondis.no og diverse lokale aviser etter løpet.

Noko meir folk lurer på?

Send oss gjerne ei melding på Facebook-profilen vår.

Hjartelege velkomne til Hareid laurdag!




Onsdag morgon sprang Borghild Oline Holstad frå Hareid første etappe på det norske 4x400m-stafettlaget som deltok under U20-EM i Jerusalem.

Postet av Hareid Idrettslag den 9. Aug 2023

I dette forsøksheatet før finalen kom sprang hareidsjenta jamt med laga midt i feltet og veksla omlag likt med laga rundt 3.-5. plassen. Ho fekk ei etappetid på ca. 55.20. Dessverre sakka det norske laget akterut etter dette, og vart sist. Noko som gjer at det ikkje vert nokon finale, og at U20-EM er over for denne gong for Borghild.




Eit 20 år gammalt Norway Cup-minne: Til Oslo for å gruse på grus

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Jul 2023

Her ein dag kom vi tilfeldigvis over nokre digitale bilete i ei gammal mappe. Etter å ha sett litt på dei viste det seg at dei var frå Norway Cup 2003. Dette var i den tidlege fasen for digitale kamera. Og heimesida til Hareid IL var enno ikkje i gang (den såg dagens lys hausten som følgde). Men ved å sjå på desse bileta, det offisielle lagbiletet, eit avisutklipp – og å elles bruke hukommelsen etter beste evne – tenkte vi det var verdt å prøve å memorere Hareid sitt guttelag (no kalla G16) sin Norway Cup-tur for nøyaktig 20 år sidan.

Forventingane var i grunnen ganske store. Rett nok hadde vårsesongen i 1. divisjon vore så som så. Eit høgdepunkt var ein klar siger mot AaFK på Hareid-grusen. Men i andre kampar var det så vidt Hareid klarte å stille lag. Stallen var tynn, enkelte var skadeplaga – og i tillegg var det fleire som av og til prioriterte friidrett eller speidarmøte.

Men til Norway Cup var troppen forsterka med to overårige: Kjell Roger «Kjellis» Skarshaug og Joachim «Kjips» Moldskred. Begge hadde spelt i 3. divisjon om våren. Dessutan hadde laget hatt ein bra treningssommar, blant anna med ein innlagt teambuildingstur til Mosvatnet med Odd Brandal i spissen. Dette var på den tida då fjellfiske framleis var ein populær fritidssyssel for Hareid-ungdommen. Og hadde enkelte vore like presise med innsidepasningane som dei var med oter på Mosvatnet kunne historia til Hareid IL sitt annleis ut.

Hovudtrenar for laget var Harald Møller, som hadde følgt 1987-generasjonen i ein god del sesongar tidlegare. Hjelpetrenarar til vanleg var Odd Brandal og Bjørn Vegard Bjåstad. Til Norway Cup var det henta inn eit vassekte a-lag med andre karar som bidrog som hjelpetrenarar eller hjelpte til med andre ting: Bjørn Røyset (ja, han med vogna i Hareid sentrum), Kenneth Moldskred, Tommy Torsvik, Hallvar Møller og Steinar Egset Nupen (sistnemnde er ikkje med på lagbiletet, men er med på andre biletet frå turen).

I mål stod Carsten Grüner, tyskaren som budde så langt opp i Ytredalen du kunne kome deg. Han skulle seinare gjere større suksess som utespelar (blant anna då han vann Grendacupen), men så lenge linsene fungerte var han ein solid keeper (og når dei ikkje fungerte kunne dei raraste ting skje).

Høgreback var Geir Børre Røyset. Han kunne vere livsfarleg både for seg sjølv og andre. Når han kasta seg inn i ein duell snudde både med- og motspelarar seg vekk i frykt for å få sjå blod og knoklar ute av ledd. For den utslitte metaforen «med livet til innsats» var faktisk for beskjeden i tilfellet «GB» Røyset. Det kunne like gjerne vere føtene som hovudet som kom først i duellen, sjølv om den var på bakken. Men det gjekk jo som regel bra til slutt. I ettertid er det lett å tenke at GB berre hadde duell-lyst og ingenting anna, men i og med at både Benjamin Reite og Nicolai Øyehol vart vist til benken denne meisterskapen så må dagens J15-trenar ha hatt ein og anna eigenskap til.

Stopparar: Jonas Pilskog Pedersen og Joachim Moldskred. Førstnemnde kjenner nok mange frå jobben hans i Sunnmøre fotballkrets gjennom ein liten mannsalder. Duellsterk stoppar som var god til å lese spelet, men mangla tempo. Moldskred var allereie den gongen ei potet som kunne spele over alt. Jamt god til det meste. Hadde spelt litt back for a-laget om våren. Og den gongen var det ikkje vanleg at 16-17-åringar spelte i 3. divisjon.

Venstreback: Faktisk Erdal Aydin. Vi hugsar han mest som midtbanespelar, men at Erdal spelte her seier nok oss at ein kunne tillate seg å gå for ein offensiv venstreback når ein hadde ein meir tradisjonell forsvarsspelar på andre sida. Erdal var likevel kanskje lagets beste spelar uansett kvar han spelte. God motor og god nærteknikk. Jobba heile tida. Kanskje litt svake avslutningar, om vi skal trekke for noko. Vart a-spelar allereie året etter.

Midtbana: Henrik Bolstad Banne, Joar Møller, Kjell Roger Skarshaug og Kevin Olsen Seljeseth.

Banne var lagets einaste spelar som var fast på kretslaget. Hadde mykje, men ikkje fart. Eigentleg kunne det same seiast om Møller. Teknisk elegant og godt fotballhovud, men vann ikkje mange løspduellar. Skarshaug hadde i siste a-kamp før sommarferien senka sjølvaste Volda med to scoringar  i 2-0-siger på Hareid stadion. Eit Volda-lag som til slutt rykte opp til 2. divisjon. «Kjellis» såg eigentleg ikkje ut som ein fotballspelar, men på sitt beste var han omtrent umogleg å skubbe seg på i aldersbestemte klassar. Seljeseth var ein bra teknisk angripar som her spelte på venstresida. Ut frå sveisen hans under Norway Cup dette året er vi usikre på om det var Eminem eller Sami Hyypiä som var det store førebiletet. Det kan ha vore begge. Kneip sannsynlegvis denne plassen på laget framfor omtrent jamgode Christer Haddal.

På topp: Som i så mange aldersbestemte sesongar dei næraste naboane Magnus Giske Snipsøyr og Einar Orten Trovåg. Høg fart, kraft og mykje innsats. Sluttproduktet derimot? Varierande. Her kunne det scorast sju mål på fem sjansar – eller null på ti.

Av dei som ikkje er nemnt var både Jon Arild Vatne, Marius Brandal og Jan Arne Leikanger med i troppen, men slik vi hugsar det spelte dei lite eller ingenting grunna skadar eller andre ting. På eitt av bileta ser vi at Vatne, som var ein teknisk bra (men kondissjonssvak) ving, har gipsa handa. Gitarulykke?

På denne tida var det å spele på gras det heile store. Det skjedde nesten aldri at aldersbestemte lag fekk trene på Hareid stadion. I oppkøyringa hadde enkelte av spelarane overnatta i telt ved ungdomsskulen, slik dei uoppdaga kunne trene ei sein økt om kvelden og ei tidleg ei om morgonen.

Å kome til Ekebergsletta og Norway Cup var slik sett himmelen.

Men grunna mykje regn gjekk første kamp i Norway Cup på …. trommevirvel… grus!

Heldigvis var dette ein fordel for Hareid mot eit ganske bra Nordstrand-lag. Hareid spelte ein solid kamp og vann 3-1.

Ferda mot finalen var i gang.

Eller?

Kamp 2 gjekk på gras. Men her hadde laget fått kollektivt solstikk. Bærum vann heile 6-0 etter ein slett prestasjon av eit energitomt Hareid-lag. Erdal Aydin var den einaste som fekk godkjent av trenar Møller.

I ettertid kan ein spekulere i kvifor det gjekk slik. Ein teori kan vere at andre ting tok ein del fokus. Det var jo populært å ha med seg gitar med på Norway Cup-ferda. Hareid-leiren kunne nesten verke som ein omreisande revy. Men det vart drama då nokon hadde tatt seg gjennom vindauget og stole gitaren til Carsten Grüner!

Elles var det mykje syting og klaging blant ein del av karane i støtteapparatet på at det var for lite i mat i aluminiumspakkane ein fekk utdelt til middag i Ekeberghallen. Om kveldane vart det derfor brukt tid og ressursar på å få take away-mat køyrt til skulen.

Og så skal vi hugse at dette var på den tida VHS var i ferd med å bli erstatta av DVD. Mange nytta derfor sjansen til å kjøpe nedrabbaterte VHS-ar på diverse sjapper i Oslo sentrum til prisar ein berre kunne drøyme om heime på Video Vest. Mange brukte derfor mykje tid og energi på å snakke om alle dei gode kjøpa dei hadde gjort. Men hadde vi søkt om desse filmane på IMDb i dag hadde vel ingen av dei hatt over 3,5 i score.

Kamp 3? Den vart aldri spelt. Eit lag frå Zambia dukka aldri opp. Hareid fekk derfor walk-over til første runde i a-sluttspelet. Der heva Hareid seg mange hakk og spelte i grunnen ein bra kamp mot bergenslaget Løv-Ham. Men då kampen låg og bikka på slutten scora Løv-Ham to kjappe. Og Hareid var ute etter berre tre kampar.

Mange følte nok at laget ikkje fekk heilt ut potensialet sitt. Men cup er cup.

Og så kan ein gjerne seie at laget bestod av mange spelarar med fart og mange med god teknikk – men nesten ingen som hadde begge deler.

Men når det er sagt så var dette laget veldig likt Hareid-laget som tok KM-gull inne og KM-bronse ute i 2005.

Då var det med eit par 1989-modellar og nokre ekstra frå 1986-kullet (keeper Stian Myrene, stoppar Svenn Erik «Svenn O.» Warholm og goalgetter Ola Marius Rise må i alle fall nemnast). Men elles var likskapane mange. Bortsett frå at Grüner då var stoppar, Møller og Banne backar, Aydin var flytta opp på midten – og Øyehol og Reite var faste eller i alle fall nesten faste på laget. Seljeseth hadde på si side blitt super-sub. Og om vi ikkje hugsar feil var han matchvinnar i ein viss kamp mot AaFK.

Men som alt anna i denne teksten så kan det hende 20 år og få skriftelege kjelder har spelt oss nokre puss.

Ein fin tur var det heilt sikkert uansett.

(Og tenk om heile turneringa hadde blitt spelt på grus, ja då…)

La oss håpe årets Norway Cup-tropp får det like artig, same kor det går sportsleg.

Lykke til og girri girri!




KLARE FOR NORWAY CUP 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Jul 2023

Hareid IL har stolte tradisjonar med å stille lag i det som blir kalla verdas største fotballturnering. Det er faktisk i år heile 45 år sidan Hareid IL stilte lag for første gang. Det var eit juniorlag, som då sjølvsagt på den tida var under leiing av Einar Elvanes.
I år som i fjor stiller Hareid med tre lag. I år har vi med to SMG14-lag (begge sjuar) og eit J15-lag (11-ar).
På dei vedlagde bileta ser vi ein del av Hareid-spelarane med gåver dei har fått frå sponsoren Sparebanken Møre.

Jentene er (framme frå venstre):
Ida Høgli, Ragnhild Eline Lillebø, Vilde J.Bigset, Isabella Grimstad, Kristine Severine Lillebø, Andrea Nesset Kvalsund, Milla L. Aurvåglid, Malene Auberg Nesset, Signe Knardal, Hedda Tretnes, Sigrid Brandal Drevland, Thanura Premakumar, Pranaya Selva, Julie Sjåstad Kleppe
Ikkje tilstades:
Anna Louise Holstad
Anna Maria Bitocchi
Andrine H.Brekke

Trenarar:
Geir Børre
Øyvind Rolvsjord

Lagleiarar:
Siw-Monica Brandal
Renate Røyset Lillebø

Gutane er:
Framme frå venstre: Simon Jøsokbakke Bigset, Gabriel Røren Kvalsvik, Markus Husby Holstad, Tobias Skeide Bigset, Anusan Esan, Prajiv Selva.
Bak frå venstre: Elias Indreflø Mork, Nathaniel Skeide, Maxmillian Hansen Bjørlykke, Audun Kragset Røyset, Thomas Bakkely, Omar Al-Harake, Elias Kragset Røyset.
(I tillegg til fleire som ikkje er med på biletet.)

Trenarar for karane under Norway Cup blir Jan Robin Haraldsvik, Cecilie Skeide, Lars-Petter Bjørlykke og Ingar Hovden. Rita Dimmen og Evelyn Røren blir med som lagleiarar.

Girri, girri!




Borghild utteken til EM i Jerusalem

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Jul 2023

Norges Friidrettsforbund tok tirsdag ut Borghild Oline Holstad til EM for U20 i Jerusalem i perioden 7. til 10. august.
Grunnlaget for uttaket er naturlegvis den sterke innsatsen til 17-åringen frå Hareid under den nordiske juniorlandskampen på Bislett sist helg. Her var det siger på 400 meter og som ankerkvinner på 4×400 meter stafett.

– Det er heilt sjukt. Det er ubeskriveleg. Eg driv og innser det igjen og igjen. Det er frykteleg gøy, seier ho sjølv til Vikebladet etter uttaket.

Borghild skal løpe både 400 meter individuelt og 4 x 400 meter i Jerusalem.




Nytt kjempeløp av Borghild

Postet av Hareid Idrettslag den 23. Jul 2023

Borghild Oline Holstad leverte nok eit kjempeløp og sprang som ankerkvinne Norge inn til siger på 4 x 400 meter under den nordiske juniorlandskampen på Bislett søndag ettermiddag.
Lagvenninne hennar levert også sterke prestasjonar på dei tre første etappene, slik at Norge leia praktisk talt heile løpet og 17-åringen frå Hareid stod mot presset og heldt unna mot dei nordiske konkurrentane.
Sverige vart nummer to og gjekk over mål nesten to sekund bak Borghild. Medan Finnland kom like bak svenskane.

Stafettsigeren  søndag sett punktum for ein eventyrleg internasjonal debut for Borghild. Laurdag gjekk ho som kjent heilt til topps med ein fantastisk personleg rekord på 55,13 på den individuelle 400 meteren.




Borghild til topps i internasjonal debut

Postet av Hareid Idrettslag den 22. Jul 2023

Borghild Oline Holstad gjekk heilt til topps på 400 meter under den nordiske juniorlandskampen på Bislett laurdag ettermiddag. 17-åringen sanka dermed 9 verdfulle poeng til Norge i nasjonskampen.

 Klokkene stoppa på 55.13  og ho forbetra dermed kraftig sin personlege rekord som skreiv seg frå NM-finalen på Jessheim for to veker sidan og lydde på 55.83.

Borghild er storform akkurat no og søndag etter får no ein ny sjanse til å vise seg fram. Då som deltar på det noske laget på 4x 400 stafett.




Borghild på juniorlandslaget

Postet av Hareid Idrettslag den 21. Jul 2023

Norges Friidrettsforbund har teken ut Borghild Oline Holstad til juniorlandskampen mot Sverige, Finnland og Danmark/Finland på Bislett laurdag og søndag.

17-åringen skal løpe 400 meter individuelt i landslagsdebuten, men ho skal også vere med på det norske laget på 4×400 meter stafett søndag ettermiddag.

Det er sjølvsagt Borghild sin råsterke innsats med finaleplass både på 200m og 400 meter i hovudmeisterskapen for senior for to veker sidan som er bakgrunnen for at ho no får si første representasjonsoppgåve i landslagsdrakt.




Borghild har etablert seg i norgeseliten

Postet av Hareid Idrettslag den 8. Jul 2023

Borghild Oline Holstad vart laurdag ettermiddag nummer seks på 200m etter i hovudmeisterskapen i friidrett på Jessheim.

Med tida 25,01 var ho berre 11 hundredelar bak sin personlege rekord i NM-finalen.

Med sin 5.plass på 400 meter fredag, der ho persa seg med 55,81, kan ein trygt seg fastslå at 17-åringen frå Hareid har etablert seg i norgeseliten både på 200 og 400 meter.

Ein slik innsats i hovudmeiserskapen for senior lovar ikkje minst godt for juniormeistersskapen seinare i sommar.




Borghild klar for to  NM-finalar på Jessheim

Postet av Hareid Idrettslag den 7. Jul 2023

Borghild Oline Holstad har i løpet av fredagen kvalifisert seg til to finalar under hovudmesterskapen i friidrett i Jessheim.

Først greidde kjem ho seg til ein plass mellom dei åtte finalistane på 200 meter med 25,05 og 3. plass i sitt semifinaleheat. Deretter forbetra ho sin personlege rekord med nesten to sekund på 400 meter. 55.86 viste klokka då ho sprang inn som vinnar av sitt heat i forsøket på Jessheim stadion.

Finalen på 400 meter med Borghild på startstreken går klokka 19.43 fredag kveld og kan sjåast direkte på NRK1.

Finalen på 200 meter er sett opp klokka 18.25 laurdag og kan sjåast direkte på NRK2.




Thobias Thon har teke over som dagleg leiar

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Jun 2023

Thobias Thon har teke over etter Ola Kalvø Vattøy som dagleg leiar Hareid Idrettslag.

Skiftet vart markert av hovudstyret med eit kakelag på klubbromet i Basishallen torsdag ettermiddag.

-Du har gjort ein svært god jobb som dagleg leiar i ei tid høg med stor aktivitet i anleggsektoren og omfattande jubileumsmarkering, sa styreleiar Olav Sindre Rise då han overrekte blomster og takka Ola for innsatsen gjennom tre år.

Ola har sin siste arbeidsdag i Hareid Idrettslag fredag og staratar etter ferien i ei stilling som miljøterapeut, men han held sjølvsagt fram som spelar på Hareid 2.

Thobias Thon har no gjennom eit par veker jobba saman med Ola på klubbkontoret for å sette seg inn i dei mange rutinane som fylgjer med denne jobben.

476 32 515 er det nye nummeret til klubbkontoret, men Thobias vil ha av den same e-postadressa som Ola har. Det er desse to kanalane han er tilgjengeleg på.




Klart for løpsfest for 33. gong

Postet av Hareid Idrettslag den 14. Jun 2023

Laurdag 19. august blir Nordvest Maraton på Hareid arrangert for 33. gong. Sunnmøres eldste maraton har fått eit oppsving i interessa siste åra, og arrangørane håper på eit nytt populært arrangement i år.

PRESSEMELDING

Nordvest Maraton har blitt kalla det vakraste løpet i Norge. Og det er ikkje vanskeleg å tenke seg kvifor. Løypa går i naturskjønne omgjevnader i Hareid kommune. Ein skal til dømes springe langs Grimstadvatnet og rundt nesten heile Snipsøyrvatnet, to turistattraksjonar. Og ikkje berre er det mykje flott natur å sjå på. Du får også oppleve ei variert løype med både grus og asfalt (og bittelitt tartan), der det både går mykje bortover og litt opp og ned her og der.

Etter at løypa vart lagt om i 2014 startar ein på Hareid stadion, tek Rotary-stien (grus) fram til Kaldholen, spring deretter rundt det idylliske Snipsøyrvatnet (asfalt) før ein spring Kaldholvegen (grus) ned til Hareid kyrkje, før ein svingar seg tilbake mot Hareid stadion. Dei som spring full distanse skal gjennom denne flotte løypa to gonger. Detaljert løypeskildring finn ein på heimesida.

God deltaking

Nordvest Maraton har hatt sine bølgedalar i deltakinga gjennom 30 år, men har opplevd veldig god framgang dei fire-fem siste åra. I 2020 fullførte 113 deltakarar halvmaraton og 14 på heil – det (127) var ny rekord! I fjor var deltakinga den femte beste nokon gong, og året før den sjette beste nokon gong.

Det blir i år som dei to siste åra også ein trimvariant utan tid – 8 eller 21 kilometer.

Det viktigaste med Nordvest Maraton er jo sjølvsagt å få med seg breidda.

Hafsås i tet

Men ein kjem heller ikkje vekk frå at nokre er meir ambisiøse enn andre.

På heil distanse er det ingen som har vore kjappare enn Helge Hafsås frå Olden, som sprang i mål på tida 2.33.03 i 2006. Det var i den gamle løypetraseen. Løyperekorden for kvinner var det Hareid ILs eiga Therese Falk som sette i 2021. Tida ho fekk laud på 3.08,05.

Berry van den Bosch, Strindheim er beste kvinne på halv distanse. I 1996 fekk ho tida 1.28.08. Beste mann på halv distanse er Oddbjørn Skogen, som i første året løpet var arrangert (1991) slo til med tida 1.09.35.

Men i 2021 var ikkje ørstingen Sjur Haug langt unna å ta den, då han sprang inn på 1.09,50. Kanskje nokon prøver seg på Skogen sin «uslåelege» rekord i år?

Lokale eldsjeler står bak

Nordvest Maraton har sidan starten i 1991 vore leia av mange lokale eldsjeler. Fleire av dei er med framleis. Styret består no av Vidar Vollsæter, Jon Kåre Mork, Bjarte Sunde, Henning Røyset, Kristian Angelsen og Einar Orten Trovåg. I tillegg bidreg ei rekkje andre personar på ulike måtar før og under arrangementet.

I år vender Leiv Arne «Leifen» tilbake som speaker etter ein pause i fjor.

Påmelding

Påmeldinga startar i år onsdag 14. juni. Førehandspåmeldinga stenger klokka 21.00 torsdag 17. august. Det er mogleg å melde seg på i sekretariatet på løpsdagen, men det beste er om flest mogleg melder seg på i god tid.

Anna

Det blir i år som i fjor ei staseleg premieutdeling.

Alle får ein flott deltakarmedalje. I tillegg blir det premiering av topp tre i kvar klasse.

Kor vidt premieutdelinga blir inne på klubbhuset eller ute på stadion kjem vi tilbake til når vi har sett nærare på vêrmeldingane.

For statistikk, rekordar, kart og anna relevant informasjon, så sjekk i menyen her på heimesida.

Heilmaraton startar klokka 11.00, halv klokka 12.45. Dei i mosjonsklassa kan starte når dei sjølv ønskjer det.

Vel møtt!

Biletet: Ein nøgd Aage Falch Gundersen etter målgang på heil distanse.




Sparebank1-leikane i Ørsta søndag 4. juni

Postet av Hareid Idrettslag den 5. Jun 2023

Årets Sparebank1-leikar gjekk av stabelen i solflaum på Ørsta stadion. Hareid IL hadde 17 deltakarar påmeldt. Fleire av dei eldste utøverane våre var på Framoleikane i Bergen mens mange av dei yngre var på turnstemne i Sykkylven.

Det hindra likevel ikkje Hareid frå å ha det nauta kjekt saman og ikkje minst tapetsere premiepallen i fleire øvingar. Trass i litt motvind vart det fleire gode resultat. Hos jenter 10 år, 11 år, 12 år og 13 år hadde Hareid nesten samtlege 1. og 2. plassar. Og hos jenter 11 år tok gjekk Hareid heilt til topps to gongar: i lengde kom Hedda Selvåg Larsen på fyrsteplass, Julia Røyset på andreplass og Sofie Husøy Flø på tredjeplass, og i kule kom Hedda Selvåg Larsen på fyrsteplass, Sofie Husøy Flø på andreplass og Julia Røyset på tredjeplass.

Det gror godt i friidrettsrekkene på Hareid.




Hareid i skotet 2023 – gammal festival tilbake i ny drakt

Postet av Hareid Idrettslag den 26. Mai 2023

Fotballgruppa i Hareid IL slår på stortromma, og inviterer til både kultur, konkurransar og fotball fredag 2. juni. Ronald Øvrelid er blant dei som er med på laget.

– Dette blir årets happening på Hareid stadion. Vi går for ein folkefest for både unge og vaksne, der Hareid stadion blir bygdas store samlingspunkt denne kvelden, er beskjeden frå fotballstyret i Hareid IL.

Mange hugsar kanskje festivalen «Hareid i skotet», som både var ein festival og ein kassett med musikk på 80-talet.

Og også ein CD med blant anna mykje Hareid-musikk i 2011.

No er «Hareid i skotet» tilbake som festival. Det skjer fredag 2. juni, same dag som Hareid tek imot Bergsøy til 4. divisjonskamp for menn.

Alt skjer på Hareid stadion, og det blir lagt opp til ei rekkje festival-aktivitetar. 

Frå klokka 17.30 blir det tverrleggjar-konkurranse for born og unge, der vinnaren stikk av med ein signert matchball sponsa av Sport1 på Hareid. 

Alle betalande tilskodarar, sesongkort-innehavarar og dei som kjem inn gratis (det vil seie born og ungdom under 19 år som har på seg Hareid IL- eller Bergsøy IL-genser) får alle kvar sine lodd i det store lotteriet – der vinnarane blir trekt ut i pausen.

Det er Sport 1 Hareid, T. Riise, Elon, Bunnpris og Pizzabakeren som bidreg med premiar, noko Hareid IL Fotball er svært takknemlege for at dei gjer. 

Det blir også sjanse til å kjøpe ekstra lodd, for dei som vil ha større vinnarsjansar. 

Rosinen i pylsa blir to mini-konsertar med hareidsdølingen Ronald Øvrelid.

Han er blant anna kjent for Hareid-songane «Bygdis» og «H-A-R-E-I-D». Ronald kjem til å spele to songar før kampstart og to i pausen.

Klokka 18.30 er det kampstart i 4. divisjonskampen mellom Hareid og Bergsøy. Det blir ofte heitt og spennande når desse laga møtest, men Hareid har ikkje slått Bergsøy i ein serie- eller NM-kamp sidan 2005. I fjor vann Bergsøy begge dei to jamne kampane mot Hareid.

Alle blir oppmoda om å stille i supporterklede og støtte sitt lag, helst heimelaget. 

Speaker blir Johs Riise. Det blir også mini-utstilling ved multikunstnaren Anders «Slakky» Øiestad.

Det blir sjølvsagt også kiosk.

Andre postar på programmet kan også dukke opp. Det er også lov for kven som helst å melde seg om dei har eit kulturinnslag eller liknande.

– Vi ser fram til ein triveleg kveld på Hareid stadion, både for fotballinteresserte, kulturinteresserte, konkurranseglade og dei som berre vil slå av ein prat med andre frå bygda. Ta deg ein tur då vel, er oppmodinga frå Hareid IL Fotball.

Under: Ronald Øvrelid skal spele under Hareid i skotet 2023.

Under: Johs Riise hos T. Riise er ein av dei som bidreg med gåvekort i lotteriet. Johs blir også speaker under arrangementet.




Dimnaleikane

Postet av Hareid Idrettslag den 15. Mai 2023

I år gjekk dei 48. Dimnaleikane av stabelen i strålande solskinn på Høddvoll Stadion. Hareid hadde 45 born og unge påmeldte i alle klassar. Motvinden satt nok sitt preg på dei korte løpsøvelsane, men dagen var likevel full av nye personlege rekordar. Og ikkje minst var det stor glede over å konkurrere saman på årets fyrste utandørsstemne.

Blant dei minste deltakarane våre var det stor jubel og mykje kjekk meistring, både i hoppegropa og på 60 meter. Det er tydeleg at dei trivst med å vere saman på stemne og er trygg på å konkurrere. Det vart i tillegg satt mange personlege rekordar – på bane og i hoppegrop, så vel som i kioskkøa etterpå.

Blant dei større merittene i dag var m.a. Synne Selvåg Larsen, som med hoppet hennar på 5,19 meter slo den 35-årige klubbrekorden i lengde for jenter 14 år, som Elisabeth Grimstad satt i 1988! Synne er per i dag også den andre raskaste 14-åringen i Noreg på 200 meter.

I tillegg var det veldig kjekt å sjå Idar Noah Åsmo G12 støte 8,39 med 3kg kule – ein særs god prestasjon.

Hareid IL friidrett har i dag eit hundretals aktive born og unge som kvar uke trenar saman og gjennom året drar på stemner i lag. Sjølv på dagar der flotte resultat står i hovudsete er det vel så viktig å løfte fram den utruleg fine og inkluderande stemninga dei skapar ved å heie på kvarandre og løfte kvarandre fram. Det er mykje gru-gleding og spenning ein tek med seg til startstreken. Og sjølv om friidrett i stor grad handlar om individuelle prestasjonar, er ein i dei heilt avgjerande momenta avhengig av dei rundt deg og det ein har klart å bygge som lag.




Ny dagleg leiar i Hareid Idrettslag

Postet av Hareid Idrettslag den 4. Mai 2023

Ny dagleg leiar i Hareid Idrettslag

Thobias Thon (23) er tilsett som ny dagleg leiar i Hareid Idrettslag.

Thon kjem frå Hurdal i Viken og har utdanning i idrettsleiing frå Høgskulen i Molde og er no i ferd med å fullføre ei mastergrad i Sport and Lifestyle management ved Rome Business School i Italia.

Praksis har han frå Norges Fotballforbund.

Vi har stor tru på at Thobias Thon har den rette kompetansen og eigenskapane som skal til for å vidareutvikle Hareid Idrettslag

Olav Sindre Rise i Hareid Idrettslag

Thon overtek som dagleg leiar etter Ola Kalvø Vattøy som sluttar 30. juni for å gå over i ei stilling som miljøterapeut i Hareid kommune. Vattøy har vore dagleg leiar i Hareid Idrettslag sidan juni 2020.




Dagleg leiar i Hareid Idrettslag

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Mar 2023

Vår daglege leiar ynskjer nye utfordringar og har sagt opp stillinga si. Vi søkjer no etter den rette personen til å etterfylgje han.
Har du eit hjarte for idrettsrørsla? Er energisk, arbeidssom og framoverlent? Har du utdanning eller praksis som gjer deg skikka til å handtere laget si personal- og økonomiforvaltning? Då kan du vere den personen vi ser etter.
Hareid Idrettslag er eit breiddeidrettslag med rundt 900 medlemmar. Under HIL finn du gruppene fotball, turn, handball, friidrett, trim, og badminton.

Dagleg leiar er leiar for den daglege verksemda i Hareid Idrettslag (HIL). Dagleg leiar er underlagt HIL sitt Hovudstyre og rapporterer til dette ved styret sin leiar.

Dagleg leiar har ansvar for å sette i verk tiltak som er beskrive som hovudarbeids-oppgåver, med spesiell vekt på utvikling av heile laget og å vedlikehalde og utvikle HIL sitt forhold til samarbeidspartnarar og sponsorar.

Hovudarbeidsoppgåver
• Sørge for at økonomi- og personalforvaltning blir gjennomført etter norsk lov, HIL si lov og organisasjonsplan, styret sine retningsliner og gjeldande budsjett.

• Samarbeide med HIL sine sponsorar, skaffe nye og legge til rette for felles aktivitetar med sponsorane.

• Sørge for forsvarleg og økonomisk drift av idrettsanlegg og klubbhus.

• I samråd med styret å ta vare på samarbeid med Hareid kommune, NIF tilhøyrande særforbund.

• I samarbeid med gruppene innan HIL etablere, vidareutvikle og drifte eksempelvis idrettskule, cupar og andre tilstellingar.

• Utvikle og sette i verk tiltak som styrkar HIL si merksemd i Hareid.

• Delta i styret sine møter og vere sekretær for dette.

• Ivareta og halde oppdatert NIF sine datasystem, vårt medlemsregister
og vår eiga heimeside www.hareidil.no


Ta gjerne kontakt til ei uforpliktande prat. Er du allereie sikker på at du er den rette til denne stillinga, så kan du berre sende inn søknaden.
Søknad og CV må sendast til: olav.sindre.rise@gmail.com innan 11. april.
Spørsmål om stillinga kan rettast til: Styreleiar Olav Sindre Rise mob 90197723.




Saksdokument til årsmøte 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Mar 2023

Vedlagt ligg saksdokument til årsmøte onsdag 22.mars kl. 19.00

Årsmøte blir gjennomført fysisk på Hareid IL sitt klubbhus.

Vedlegg:




Årsmøte 2023

Postet av Hareid Idrettslag den 13. Feb 2023

Det vert med dette innkalla til årsmøte i Hareid Idrettslag onsdag 22. mars kl 19.00 i festsalen i klubbhuset, Myravegen 12, Hareid.

Årsmøtet skal

  1. godkjenne dei som har røysterett
  2. velje dirigent(ar)
  3. velje protokollførar(ar)
  4. velje to medlemmer til å underskrive protokollen
  5. godkjenne innkallinga
  6. godkjenne saklista
  7. godkjenne forretningsordenen
  8. handsame årsmeldinga frå idrettslaget
  9. handsame rekneskapen til idrettslaget, den økonomiske meldinga frå styret, meldinga frå kontrollutvalet [og meldinga frå revisor]
  10. handsame forslag og saker
  11. fastsetje medlemskontingent på minst kr 50, og treningsavgift, eller gje fullmakt til å fastsetje treningsavgifter
  12. vedta budsjettet til idrettslaget
  13. handsame organisasjonsplanen til idrettslaget
  14. gjere følgjande val:

a) styre med leiar, nestleiar, 3-6 styremedlemmer og 2 varamedlemmer

b) kontrollutval med 2 medlemmer og minst 1 varamedlem

c) representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å nemne opp representantane

d) valkomité med leiar, to medlemmer og éin varamedlem

e) eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget

  1. engasjere revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget

Saker som ein ynskjer handsama må vere styret i hende seinast to veker før årsmøtet.

Alle dokumenta som skal behandlast i årsmøtet vert tilgjengeleg på hareidil.no seinast ei veke før møtet.

Styret




Datoar for dei årlege møta i gruppene

Postet av Hareid Idrettslag den 30. Jan 2023

Då er datoane for dei årlege møta i dei forskjellige gruppene klare.

Fotballen hadde sitt årlege møte onsdag 16.november 2022.
Friidretten skal ha sitt årlege møte på i festsalen på klubbhuset 14.februar kl. 19.00.
Trim skal ha sitt årlege møte på møterommet på klubbhuset 16.februar kl. 19.00
Turnen skal ha sitt årlege møte på klubbrommet i Basishallen 16.februar kl. 18.00
Handballen skal ha sitt årlege møte på møterommet på klubbhuset 27.februar kl. 19.00.




FOTBALLSKULE I VINTERFERIEN

Postet av Hareid Idrettslag den 27. Jan 2023

Hareid IL Fotball invitera til fotballskule måndag til onsdag i vinterferien for dei i alderen 6-12 år (f.2017-2011).

Her blir det aktivitet frå kl. 10-14 kvar dag. Det blir servert mat og drikke til lunsj kvar dag.

Vi har kun plass til 60 stk, så det blir første mann til mølla prinsippet.

Pris for alle tre dagane er kr. 850,- Det blir ingen søskenmoderasjon sidan vi kun har 60 plassar tilgjengeleg.

Det blir delt opp i 4 grupper der alle gruppene får være inne i Hadarhallen vertfall ein dag (fleire dagar om det blir dårleg vær).

Påmelding skjer via denne lenka: https://club.spond.com/landing/courses/hareididrettslag/2CE388588A7740F886AFD5A69735C8D3

Kontakperson for fotballskulen er Ørjan Engen Grimstad, sportfotball@hareidil.no




A-lag menn: Dette er treningskampane

Postet av Hareid Idrettslag den 25. Jan 2023

Allereie denne veka startar treningskampane til a-laget. Sjekk oversikt (per no) under:

Søndag 29. januar: Hødd 2 – Hareid, 13.00

Fredag 3. februar: Bergsøy – Hareid

Torsdag 23. februar: Hareid – Ørsta

Torsdag 2. mars: Hareid – Aksla

Fredag 17. mars: Hareid – Volda

Torsdag 13. april: Hareid – Hovdebygda

(Seriestart borte mot Rollon 21. april.)

I tillegg kjem ein kamp mot Langevåg 31. mars, men det er ikkje bestemt enno kven som spelar heime.

Som i fjor blir hareidil.no i liten grad brukt til nyheiter og anna rapportering frå a-laget. Det aller meste blir lagt ut på Facebook (i tillegg til a-laget sin uoffisielle Instragram-profil).

Om det blir liveoppdateringar av 90 prosent av kampane, som i fjor, står igjen å sjå. Men ambisjonen er i alle fall å både skrive noko på Facebook før kamp, under og av og til også etter. Så får vi sjå.

Her er forresten a-laget sitt støtteapparat i år, i tillegg til trenartroikaen:

Materialforvaltar: Knut Helge Hovden

Keepertrening og massasje: Gullvald Kløvning

Lege og medhjelpar: Vidar Vollsæter

FIKS og anna fiksing: Ola Kalvø Vattøy

Bortekampansvarleg: Håvard Knudsen Bjåstad

Diverse tekst og foto + diverse interne tiltak: Gustav Bjørlykke Kløvning

Diverse tekst og foto: Einar Orten Trovåg

Sportsleg leiar: Emil Johannes Dahlen Folkestad

Rådgjevar innan spelarlogistikk: Petter Haddal Worren

I tillegg skal ei eiga arrangementsgruppe for heimekampane på plass før seriestart.




Kontantkassa – Ingen skal hamne utanfor på grunn av økonomi

Postet av Hareid Idrettslag den 16. Jan 2023

Vi i Hareid IL vil at alle skal ha moglegheit til å delta i fritidsaktiviteter som idrettslaget tilbyr. Ingen skal hamne utanfor på grunn av økonomi. Har du høyrt om Kontantkassa som Hareid kommune står i bresjen for? Ordninga gjeld for dei i alderen 6-18 år og du kan få dekt inntil kr. 2400,- per person i året.


Les meir om ordninga og korleis du går fram her: Kontantkassa – tilskot til fritidsaktivitetar – Hareid kommune